Forslag til vedtak om Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering
I
Stortinget vedtek at følgjande vassdrag vert tatt inn i Verneplan for vassdrag i det omfang som er framstilt i proposisjonen:
Objekt | Fylke | Vassdrag |
---|---|---|
020/3 | Aust-Agder/ Vest-Agder | Tovdalsvassdraget nedanfor Heresfossfjorden |
151/2 | Nordland | Vefsna, utan Gluggvasselva, Fiskelauselva og Elsvasselva |
II
Stortinget samtykker i at det i regionalt planprosjekt innan samla vassforvaltning for Vefsna, vert opna for små vasskraftverk utan nærare avgrensingar i storleiken på installert effekt dersom disse ikkje på nokon måte er i strid med verneverdiane.
III
Stortinget samtykker i konsesjonshandsaming av kombinert skredsikrings- og vasskraftutbyggingsprosjekt i Aurland kommune. Saka vert lagt fram for Stortinget for avgjerd.