St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

5 Tiltak for å redusere skredfare i Aurland/Flåm

5.1 Bakgrunn

Det er dokumentert at eit stort fjellparti i Aurland kommune i området Stampa er i rørsle mot Aurlandsfjorden og Flåm. Kommunen har med stønad frå Statens Naturskadefond fått utført geologiske undersøkingar i området, kartlagt sprekkesystem og rørsle. Fjellpartiet er ustabilt, og det er fare for fjellskred. Det ustabile fjellpartiet er eit av dei største som er kartlagt i Noreg. Eit fjellskred frå Stampaområdet kan gje store øydeleggingar i Flåm og føre til ei øydeleggjande flodbølgje i Sognefjorden med særs store negative konsekvensar for mange kommunar langs fjorden.

Aurland kommune og E-Co Vannkraft har saman med geotekniske ekspertar greia ut moglege tiltak som kan redusere skredfaren. Vasstrykket i fjellet er avgjerande for stabiliteten i fjellpartiet. Ved å drenere overflatevatn vekk frå fjellområdet vert grunnvassnivået og vasstrykket i fjellet redusert, og den generelle stabiliteten vil auke. Faren for fjellskred med påfølgjande flodbølgje vert dermed redusert. Ved å overføre vatnet frå fjellområda Joasete, Stampa og Gudmedalen over til Viddalsmagasinet gjennom ein fjelltunnel vil vatnet kunne nyttast til å auke kraftproduksjonen i Aurlandsverka med om lag 60 GWh/år.

Gudmedøla er eit sidevassdrag til Flåmsvassdraget som er verna gjennom Verneplan III for vassdrag. Prosjektet kan styresmaktene difor ikkje konsesjonshandsama utan samtykke frå Stortinget. Aurland kommune og E-Co vannkraft har bede departementet om å gjere det som er naudsynt for at prosjektet kan konsesjonshandsamast.

Aurland kommune og E-Co vannkraft ønskjer i tillegg konsesjonshandsaming av ei overføring frå Vindedalselva, ei anna sideelv til Flåmsvassdraget, til Viddalsmagasinet. Overføringa ville kunne bidra til å redusere flaumfaren i Flåmsvassdraget, og auke kraftproduksjonen i Aurlandsverka med ytterlegare 65 GWh/år. Ved ei ombygging av kraftstasjonen kan overføringa også gje ein større auke i installert effekt.

Vassdraget har høge naturfaglege og kulturfaglege verneverdiar. Flåmselva har stor verdi for friluftsliv og turisme. Flåmsvassdraget er eit av dei få større attverande vassdrag i indre Sogn som ikkje er sterkt prega av vasskraftutbygging, men det er to mindre kraftverk i elva.

5.2 Departementet si vurdering

Risikoen for fjellskred i Flåm med etterfølgjande flodbølgje i Sognefjorden er samfunnsmessige særs alvorleg. Styresmaktene må difor sette i verk tiltak som kan redusere skredfaren. I følgje utgreiingane som ligg føre, vil dei konkrete forslaga om dreneringstiltak senke grunnvassnivået, forbetre stabiliteten generelt og redusere rørsle i dei utstabile områda. Drenering synest difor å vera eit reelt tiltak som kan redusere faren for skred. Alternativet til drenering er å etablere eit system med overvaking, varsling og evakueringsberedskap. Eit slikt system kan redusere faren for tap av menneskeliv, men vil ikkje redusere skredfaren og dei særs store følgjene eit skred og ei flodbølgje kan ha for miljøet og materielle verdiar. Dette talar sterkt for at dreneringsalternativet i Stampa bør greiast ut i detalj.

Det er ikkje kjent kva for verknad ei fråføring av vatn frå sidevassdraget Gudmedøla vil ha for verneverdiane i Flåmsvassdraget. Det er naudsynt å dokumentere verknadene før det eventuelt kan bli aktuelt å gje løyve til ei overføring. Ei konsesjonshandsaming med konsekvensutgreiingar kan syte for slik dokumentasjon.

Samfunnsnytta av å redusere skredfaren er vurdert å vere betydeleg, samstundes som det gjev eit krafttilskot på 60 GWh/år. Departementet fremjar på denne bakgrunn forslag om å opne for konsesjonshandsaming av Stampaprosjektet som omfattar Gudmedøla.

Å opne for konsesjonshandsaming er ikkje eit samtykke til at prosjektet vert realisert, men berre eit samtykke til å utgreie prosjektet vidare. Prosjektet vert lagt fram for Stortinget på nytt når konsesjonssøknaden er ferdig handsama. Det vil i den samanhengen verte klargjort kva for verknad tiltaket vil ha for å stabilisere fjellpartiet, i kor stor grad vassdragets verneverdiar vert påverka og kva for følgjer dette vil ha for vernestatusen til sidevassdraget.

Ei overføring frå Vindedalselva til Viddalsmagasinet kan bidra til å redusere dei største flaumane i vassdraget og kan gje eit verdifullt bidrag til kraftoppdekning. Konsekvensane av flaum i Flåmsvassdraget er i stor grad knytt til skader på materielle verdiar, slik tilfellet er med omsyn til flaum i andre vassdrag. Det flaumdempande prosjektet har ikkje like høg samfunnsnytte som Stampaprosjektet. Departementet viser og til at ei overføring av vatn i denne delen av vassdraget vil påverke heile vassdraget nedstraums overføringa, og såleis røre ved verneverdiane. Departementet meiner det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å tilrå at det opnast for konsesjonshandsaming av Vindedalselva.