St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

4 Gyrobehandling av Vefsna

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart påvist i Vefsna i 1978. Det er rekna at parasitten gjev eit årleg tap på om lag 50–60 millionar kroner i Vefsnregionen. Laksen er rekna som utrydda i vassdraget, men bestanden er bevart levande i genbank og det er og tatt vare på genetisk materiale med tanke på framtidig nyetablering.

Vefsna blei nasjonalt laksevassdrag i 2007 med bakgrunn i vassdragets store potensial for lakseproduksjon.

Vefsna er Nordlands største vassdrag, med eit stort nedbørsfelt og stor vassføring. Kjemisk behandling av vassdraget vil difor vere komplisert og sette særs store krav til planlegging og praktisk gjennomføring. Detaljkartlegging, hydrologiske undersøkingar og simulert behandling vil ein gjennomføre i 2009 med sikte på rotenonbehandling i 2010 og 2011. Som del av behandlinga vil ein styrke kapasiteten for å ta vare på laksestammer i regionen.