St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

6 Olje- og energidepartementet sitt forslag til avsluttande supplering av Verneplan for vassdrag

6.1 Generelle opplysningar

Når det gjeld bruk av namn på vassdraga, er Statens kartverks serie N50 lagt til grunn. Objekta sitt nedbørsfelt er oppgjeve i km2 , og det er opplyst om kva fylke og kommune dei enkelte objekta ligg i. Det er også gjeve opplysningar om kraftressursane i vassdraget for kvart einskild objekt. Kraftpotensialet er oppgjeve som midlare årsproduksjon. I tillegg til oppgitt kraftpotensial kjem potensial for mindre kraftverk som ikkje er ein del av Samla plan.

I omtalen av dei einskilde vassdraga er det opplyst om kor stor del av vassdragets nedbørfelt som ligg i inngrepsfrie naturområde. Det er her tatt utgangspunkt i DNs database over «Inngrepsfrie naturområde i Noreg», INON. Det er vidare oppgjeve om vassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag.

Dei vassdraga som er vurdert i samband med supplering av verneplanen, har eit samla utbyggingspotensial på om lag 2,2 TWh.

6.2 Tabell over objekta som er vurdert i verneplansuppleringa med Regjeringa sitt forslag

ObjektFylkeVassdragAreal (km2 )GWh*   Regjeringas forslag
052/3HordalandØystese4545Vernast ikkje. Vern kan vurderast på ny dersom ei konsesjonshandsaming syner at utbygging ikkje er aktuelt i vassdraget
020/3Aust-Agder, Vest-AgderTovdalsvassdraget nedanfor Heresfossfj.319350Vern, Dikeelva vernast ikkje
121/2Sør-TrøndelagLangvella4521Vernast ikkje
151/2NordlandVefsna35621791Vern, Gluggvasselva, Fiskelauselva og Elsvasselva vernast ikkje

* Kraftpotensialet i tabellen er eit omtrentleg anslag basert på Samla plan- prosjekt og eventuelle andre planar.