St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

3 Planlegging i verna vassdrag

3.1 Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag (RPRVV)

Med heimel i plan- og bygningslova § 17-1, er det utarbeida Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag (RPRVV). Retningslinene gjeld det arealet av vassdragsbeltet som er vassdekka ved 10-års flaumar med tillegg av ei sone på inntil 100 m. Retningslinene gjeld også andre delar av nedbørsfeltet som har verdi for vassdraget.

Ved handsaminga av supplering av Verneplan for vassdrag, jf. Innst.S. nr. 116 (2004-2005), oppmoda Stortinget Regjeringa om:

«å foreta en evaluering av de rikspolitiske retningslinjene for vernede vassdrag og bruken av disse med sikte på en klarere presisering i forhold til vernets hensikt.»

RPRVV presiserer at det er viktig å ta omsyn til verna vassdrag og at kommunane må ta omsyn til verna vassdrag i sin planlegging og verksemd. Sektorstyresmaktene har også eit ansvar for å ta omsyn til verna vassdrag gjennom handsaming etter sektorlovverket.

RPRVV legg opp til at vassdraget og areala nærmast dette, bør forvaltast med omsyn til kva for verneverdiar som er tilstades, og kva status areala har (arealtilstand). Retningslina seier og kva for generelle omsyn som er viktig å legge vekt på i forvaltninga av vassdraga.

RPRVV opnar for at kommunane i arealplanlegginga kan legge opp til ein differensiert forvaltning i verna vassdrag. I arealplanlegginga bør kommunane avgrense eit vassdragsbelte langs vassdraga og dele beltet inn i klasser, avhengig av om det er i by- og tettstadsnære område, område med spreidd busetnad, eller område som er lite påverka av menneskeleg aktivitet. For kvar klasse bør kommunen gje retningsliner for forvaltninga av vassdragsbeltet.

Differensiert forvaltning og planlegging på lokalt nivå var eit hovudmål med RPRVV. Slik planlegging har enno ikkje fått det venta gjennomslaget. Manglande kommunale planar for differensiert forvaltning til bruk i vidare planlegging og enkeltsakshandsaming, krev meir oppfølging frå statlege miljø- og vassdragsstyresmakter enn det RPRVV legg opp til.

Rikspolitiske retningsliner gjev generelle mål og rammer. Dei gjev ikkje klare svar på korleis den einskilde plan skal utformast. Det er opp til kommunen å vurdere arealtilstand og verneverdiar opp mot trongen for areal ved utarbeiding av planar.

Departementet meiner at RPRVV gjev stort handlingsrom for kommunal planlegging dersom kommunane nyttar den fleksibilitet som ligg i ei differensiert forvaltning av dei verna vassdraga. Departementet er av den oppfatning at det er for tidleg å gjennomføre ei større evaluering av RPRVV no. Departementet vil no sjå på tiltak slik at kommunane i større grad tek i bruk dei verkemidla som finst. I samråd med Miljøverndepartementet vil Olje- og energidepartementet derfor arbeide for å auke kunnskapen hos dei lokale styresmaktene om RPRVV og om differensiert forvaltning. Departementet vil mellom anna vurdere å lage rettleiingsmateriell.

Det er også naudsynt å sjå den framtidige bruken av RPRVV i samanheng med EUs rammedirektiv for vatn og den planlegginga som gjennomføringa av direktivet legg opp til, sjå pkt. 3.2. Departementet vil seinare kome attende til Stortinget med ei evaluering.

3.2 Vassdirektivet

EUs rammedirektiv for vatn vart gjennomført av forskrift om rammer for vassforvaltninga ved kgl. res. av 15. desember 2006.

Formålet med vassdirektivet er å sikre ein samla og økosystembasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn i Noreg. Samla forvaltningsplanar skal være med på å verje om, og om naudsynt forbetre, tilhøva i ferskvatn, grunnvatn og kystnære områder.

Forskrifta legg til rette for samarbeid mellom aktørane innan norsk vassforvaltning for å sikre ein heilskapeleg vassforvaltning. Forskrifta legg stor vekt på aktiv medverking og deltaking frå ålmenta.

I alle vassførekomstar skal ein oppretthalde eller oppnå «god tilstand» eller «godt potensial» i tråd med særskilde kriterier. «Godt potensial» er eit miljømål som gjeld for vassførekomstar i kategorien «sterkt modifiserte vassførekomstar» og inneber reduserte krav til økologisk tilstand. Eit vassdrag som er utbygd til vasskraftformål vil være eit typisk eksempel på ein vassførekomst som kan falle inn under denne kategorien. Dersom arbeidet skulle vise at det vil være umogleg eller uforholdsmessig kostnadskrevjande å nå målet om god tilstand eller godt potensial, gjev direktivet og forskrifta høve til å utsette måloppnåinga eller vedta mindre strenge miljømål.

Sektorstyresmakter, fylkeskommunar og kommunar har innanfor eige ansvarsområde, ansvar for å utgreie forslag til tiltak, og å legge grunnlag for fastsetting av miljømål.

Planlegging etter forskrifta skal omfatte alle vassdrag i Noreg, også vassdrag i Verneplan for vassdrag.

Departementet meiner det bør utgreiast nærare korleis forvaltningsplanlegging i verna vassdrag, koordinert med forvaltningsplanlegging etter forskrift om vassforvaltninga, kan medverke til å sikre nasjonale verneverdiar og gi mest mogleg kunnskap på førehand for kommunar og andre aktørar. Departementet meiner det i denne samanhengen bør gjennomførast eit prøveprosjekt med heilskapleg planlegging i Vefsnavassdraget, sjå pkt. 3.3.

3.3 Planlegging i Vefsna

Regjeringa tilrår vern av Vefsna. Sidegreina Svenningdalselva vart verna gjennom handsaminga til Stortinget av St.prp. nr. 118 (1991-92), jf. Innst.S. nr. 116 (1992-93). Tilrådinga inneber at eit vassdrag med stor geografisk utstrekning vert tatt inn i Verneplan for vassdrag. Nedbørsfeltet er meir enn 3500 kvadratkilometer og omfattar fire kommunar.

Verneverdiane i vassdraget er til dels komplekse og ujamt fordelt. Mellom anna er det variasjonar i kor urørt og teknisk påverka vassdraget er, og trongen for differensiert forvaltning er tilsvarande stort.

Departementet foreslår at det vert etablert eit prøveprosjekt med samla vassdragsforvaltning i Vefsna. Planlegginga må følgje rammene i vassdirektivforskrifta og må sjåast i lys av Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag, vernevedtaket for Vefsna, og Vefsna som nasjonalt laksevassdrag.

Planlegging etter vassdirektivet følgjer rammene for fylkesdelsplanar, og krev monaleg regional og lokal medverknad.

Ei omfattande kartlegging av Vefsnas nedbørsfelt vil gje betre kunnskap om verneverdiane i dei ulike delane av vassdraget. Auka kunnskap vil gje betre grunnlag for å ta vare på verneverdiane der desse er særleg til stades. Tilsvarande vil kunnskap om kor verneverdiane ikkje er sterke opne for fleksibilitet i forvaltninga av vassdraget. Denne kunnskapen er sentral for forvaltninga av vassdraget. Planen blir vedtatt regionalt som fylkesdelplan, med aktiv deltaking både frå lokale styresmakter og sektorstyresmakter. Planlegginga bør også omfatte sidegreina Svenningdalselva.

Ei samla planlegging i vassdraget kan legge til rette for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje i nokon grad er i strid med verneverdiane. Ei slik planlegging vil gje større tryggleik for verneverdiane og påreknelege rammer for dei ulike brukarinteressene. Alle aktuelle prosjekter skal konsesjons­handsamast. Ingen prosjekt vil bli handsama før planen er godkjent.

Departementet meiner at ei eventuell konsesjonshandsaming kan fristillast frå tidlegare føresetnader om 1 MW som maksimal utbygging i verna vassdrag, av di ein føresetnad er at det nye regimet skal gje tilsvarande tryggleik for verneverdiane. Departementet meiner dette er tilhøve som bør utgreiast nærare som ledd i eit prøveprosjekt med samla planlegging i vassdraget.

Det presiserast at potensialet for mindre kraftverk i Vefsna må reknast som lite av di nedbørsfeltet til Vefsna inneheld store urørte område og verneverdiar knytt til desse.

Ramma for eit prøveprosjekt med heilskapleg forvaltning i Vefsnavassdraget vert forma av miljø- og vassdragsstyresmaktene i samråd med lokale og regionale styresmakter. Arbeidet bør starte med ein gong eit vernevedtak føreligg