Utviklingsministeren deltek på eit høgnivåmøte om klimatilpassing i Afrika
Kalenderhending | Anne Beathe Tvinnereim
Stad: Rotterdam, Nederland
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Det globale senteret for klimatilpassing (Global Center on Adaptation – GCA) sitt høgnivåmøte, «Africa Adaptation Summit: Friends of GCA High-Level Dialogue for COP27”, for å setje søkelys på klimatilpassing i Afrika.
Møtet vert arrangert av GCA i samarbeid med Den afrikanske unionen (AU), Afrikabanken (AfDB), Det internasjonale pengefondet (IMF) og Forumet for klimasårbare land (CVF). Sjå eigen presseinformasjon.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02