Utgreiing om seksuallovbrot og samtykke frå Straffelovrådet på høyring

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Straffelovrådet føreslår ei ny føresegn om seksuell omgang utan samtykke og ei rekke andre endringar i straffelovens kapittel om seksuallovbrot. Forslaget blir no sendt på høyring.

Den 19. desember 2022 overleverte leiar av Straffelovrådet, jussprofessor Linda Gröning, NOU 2022: 21 «Strafferettslig vern av den seksuelle selvbestemmelsesretten». I utgreiinga tilrår rådet at dagens valdtektsstraffebod vert erstatta av ei ny føresegn om seksuell omgang utan samtykke.

 – Seksuell omgang skal alltid vere frivillig. Regjeringa vil legge fram forslag til ei samtykkelov. Å endre straffelovas føresegner om seksuallovbrot må gjerast etter eit grundig lovarbeid. No vil vi sende forslaga frå Straffelovrådet på høyring, før vi tek stilling til korleis ei ny føresegn skal sjå ut, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). 

Rådet har gått gjennom heile kapittelet om seksuallovbrot i straffeloven, og foreslår ei rekke endringar. Rådet foreslår mellom anna å styrke vernet mot seksuell utnytting av born under 18 år i ein særleg sårbar situasjon.

– Eg har registrert at det har vore stort engasjement  og debatt rundt framlegga i straffelovrådets utgreiing. Regjeringa har ikkje tatt stilling til forslaga. No ser eg fram til å ta imot alle innspel i ei opa høyring. Når høyringssvara ligg føre vil regjeringa ta standpunkt til kva endringar som bør gjerast i straffelovas kapittel om seksuallovbrot, og fremje eit lovforslag for Stortinget, seier Mehl.

Høyringa har frist 13. april 2023.

Straffelovrådet vart oppretta 14. juni 2019. Rådet skal greie ut og legge fram forslag om endringar i straffelovgjevinga etter nærmare oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.