Dei nasjonale forskningsetiske komiteane

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er det viktigaste fagorganet for forskings­etikk. Dei skal bidra til at forsking i offentlig og privat regi skjer i henhold til anerkjente etiske normer.

FEK er eit forvaltningsorgan for forskingsetiske spørsmål på alle fagområder, og omfattar dei nasjonale komiteane og utvala som er oppretta med heimel i forskings­etikklova, og administrasjonen som også er sekretariat for komitear og utval.

FEK blei etablert for å styrke forskingsetikkarbeidet gjennom eitt felles fagorgan og godt samarbeid mellom komiteane og mellom komiteane og administrasjonen. Komiteane og utvala er fagleg uavhengige, sjå forskingsetikkloven § 3.

FEK skal fremme etisk god og ansvarleg forsking, og har som mål at

  1. Forskarar og forskingsinstitusjonar fremmer etisk god og ansvarleg forsking
  2. Andre aktørar tar omsyn til forskingsetikk i sitt arbeid
  3. Samfunnet har tillit til forsking

Forskingsetikklova (lov om organisering av forskingsetisk arbeid av 28. april 2017 nr 23) slår fast at det skal vere eit Granskingsutval og nasjonale forskingsetiske komitear (§ 9) som til saman dekker alle fagområde. Departementet har fastsett slike ansvarsområde for dei tre nasjonale komiteane:

  • Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) med ansvarsområde den forskingsetiske verksemda innanfor samfunnsvitskap og humaniora, medrekna jus og teologi.
  • Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi (NENT) med ansvarsområde den forskingsetiske verksemda innanfor naturvitskap og teknologi, industri-, landbruks- og fiskeriforsking og dei delane av bio- og genteknologisk forsking som ikkje blir omfatta av medisinsk forsking.
  • Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag (NEM) med ansvarsområde den forskingsetiske verksemda innanfor det medisinske og helsefaglege fagområdet.

Dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane er rådgivande organ for forskararar, for forskingsinstitusjonar og for offentlege myndigheiter, og utarbeider forskingsetiske retningslinjer.

Granskingsutvalet er klageinstans for fråsegner frå forskingsinstitusjonar i dei mest alvorlege sakene, dvs der det blir konkludert med at ein forskar har opptredd vitskapleg uredeleg. Utvalet kan også behandle saker på eige initiativ. Granskingsutvalet skal også rettleie institusjonane om behandling av mulege brott på forskingsetiske normer.

Kunnskapsdepartementet oppnemner komiteane og Granskingsutvalet.

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet.

Forskningsetikklova

Årsrapport

Nettside: http://www.etikkom.no/

Nettside: http://www.etikkom.no/

Til toppen