§ 1 - Vurdering av endringar i knockoutforskrifta - samanhengen med knockoutlova

Saksnr.: 14/4999 EO OKL
Dato: 26.09.2014

 

Vurdering av endringar i knockoutforskrifta - samanhengen med knockoutlova


Vi viser til brev 25. juli 2014, der Kulturdepartementet (KUD) ber om ei vurdering av om nokre føreslegne endringar i knockoutforskrifta harmonerer med knockoutlova. Brevet har ikkje vorte registrert hjå Justis- og beredskapsdepartementet før KUD tok opp saka i e-post 5. september 2014, så det har truleg kome bort.

Kulturdepartementet sende 9. april 2014 på høyring eit framlegg som mellom anna går ut på å endre knockoutforskrifta på visse punkt. Dette går meir konkret ut på å fastsetja nærare i forskrifta § 8 andre ledd kor lange kampar det kan gjevast samtykke til å arrangere, heve den øvre aldersgrensa i § 10 frå 34 til 40 år, og å fjerne kravet i § 11 om at det er obligatorisk med hjelm som verneutstyr.

Knockoutlova § 1 fyrste ledd fyrste punktum slår fast at konkurransar, oppvising og treningskampar der det er tillate med knockout, berre kan finne stad etter godkjenning frå Kongen. Etter tredje ledd kan Kongen «fastsette nærmere sikkerhetsbestemmelser som en godkjent kampaktivitet må følge». I andre ledd heiter det:

«I vurderingen av om godkjenning skal gis, skal det blant annet legges vekt på om kampaktiviteten i tilstrekkelig grad tar hensyn til utøverens helse og sikkerhet.»

Vi kan ikkje sjå nokon andre føresegner i knockoutlova som endringane i knockout­forskrifta kan tenkjast å koma i strid med, og vurderinga vår vil difor knyte seg til § 1 andre ledd.

Det følgjer av denne føresegna at ein i vurderinga av om det skal gjevast godkjenning, «blant annet» skal leggja vekt på om kampaktiviteten i tilstrekkeleg grad tek omsyn til helsa og tryggleiken til utøvarane. Etter ordlyden er dette såleis eit element i ei heilskapleg vurdering der òg andre moment kan vera omfatta. Det er i liten grad sagt noko i førearbeida om kva som nærare ligg i dette vilkåret, men i Ot. prp. nr. 75 (2000-2001) er det i punkt 6 om departementet sine vurderingar sagt på side 6 og 7 at det i fyrste rekkje er reglementet og tilhøyrande tryggleiksføresegner innanfor den enkelte aktiviteten som reduserer skaderisikoen og graden av vald. Dette skapar eit skilje mellom kampsport som blir utøvd etter forsvarlege tryggleiksføresegner, og annan kampaktivitet. Vidare heiter det på side 7:

«Godkjenningsordningen innebærer at kampaktiviteter som tillater knockout kan godkjennes dersom et gitt sett av sikkerhetsbestemmelser, hjemlet i egen forskrift, blir ivaretatt.

Det vil alltid være en viss risiko forbundet med deltakelse i organisert kampaktivitet som tillater knockout. Grunnlag for godkjenning av organisert kampaktivitet vil bygge på at aktiviteten i tilstrekkelig grad tar hensyn til utøverens helse og sikkerhet. Sikkerhetsbestemmelsene foreslås medisinsk begrunnet.

I arbeidet med sikkerhetsbestemmelser vil departementet legge til grunn det medisinske kontrollarbeidet som Norges Bokseforbunds regelverk og utøvelse er tuftet på.»        

Ut frå dette er omsynet til helsa og tryggleiken til utøvarane det sentrale momentet i vurderinga av om ein aktivitet som tillet knockout, skal godkjennast. Det verkar såleis å vera meint at dette omsynet skal ha ein meir sentral plass i vurderinga enn det ordlyden i knockoutlova § 1 andre ledd kunne tilseie.

Spørsmålet om ein aktivitet «i tilstrekkelig grad tar hensyn til utøverens helse og sikkerhet», er likevel sterkt prega av skjøn. Korkje lova eller forarbeida seier mykje om kva risiko som er akseptabel med omsyn til helse og tryggleik. Som det er slått fast i proposisjonen, vil det alltid følgje ein viss risiko med å vera med på kampsport­aktivitetar som opnar for knockout. Ut frå systemet i knockoutlova og knockout­forskrifta er det tryggleiksføresegnene i knockoutforskrifta som skal fastsetja minstekrav til kva som er ein akseptabel risiko. Føresetnadene i førearbeida om medisinsk grunngjeving set truleg likevel visse ytre rammer for kva som kan godtakast.

Dei føreslegne endringane i knockoutforskrifta inneber at det framleis skal vera klare rammer for godkjenning av aktivitet som tillet knockout, sjølv om det vil skje ei viss oppmjuking. Vi nemner at det til dømes ikkje er tale om å svekkje dei medisinske krava i det einskilde tilfellet for å kunne vera med i slik aktivitet, krava til at medisinsk personell skal vera til stades under kampar, eller liknande direkte helserelaterte moment.

På denne bakgrunnen kan vi vanskeleg sjå at dei føreslegne endringane i tryggleiks­føresegnene i knockoutforskrifta ligg utanfor det skjønet som knockoutlova tillet.