§ 1 - Vurdering av endringar i knockoutforskrifta opp mot reglane i knockoutlova

Brevdato: 23.06.2016


Vurdering av endringar i knockoutforskrifta opp mot reglane i knockoutlova      


Vi viser til brev 10. juni 2016, der Kulturdepartementet (KUD) ber om ei vurdering av om enkelte føreslegne endringar i forskrift 31. august 2001 nr. 1013 (etter dette omtala som knockoutforskrifta) harmonerer med lov 15. juni 2001 nr. 73 om organisert kampaktivitet som tillater knockout (knockoutlova).

Det mest sentrale framlegget til endring i forskrifta går ut på at utøving av kampar skal avgrensast til ei maksimal effektiv kamptid for ein utøvar innanfor eit døger på 36 minutt, i staden for 12 minutt som i dag. Som ein konsekvens av dette, blir det òg gjort framlegg om at maksimal kamptid for ein utøvar innanfor eit døger skal vera på 36 minutt òg når ein utøvar går fleire kampar innanfor eit døger. Vidare blir det gjort framlegg om å heve den øvre aldersgrensa for utøvarar i forskrifta § 10 til 40 år, og det blir gjort framlegg om ei karantenetid på minst fire veker for utøvarar som er med på kampar som varar i minst 12 minutt eller meir når det gjeld effektiv kamptid. Det ligg òg føre eit framlegg om å gå over frå CT-røntgen til MR-røntgen. Dette er grunna i faren for stråleskadar, og vi går ikkje nærare inn på det her. 

Spørsmålet om føreslegne endringar i knockoutforskrifta harmonerer med knockoutlova har vore lagt fram for Lovavdelinga ein gong tidlegare. I brev 26. september 2014 vart det uttala at det eventuelt var knockoutlova § 1 andre ledd som dei føreslegne endringane i forskrifta kunne tenkjast å kome i strid med. Dette gjeld tilsvarande no. I denne føresegna heiter det:

«I vurderingen av om godkjenning skal gis, skal det blant annet legges vekt på om kampaktiviteten i tilstrekkelig grad tar hensyn til utøverens helse og sikkerhet.»

Det heiter vidare i brevet:

«Det følgjer av denne føresegna at ein i vurderinga av om det skal gjevast godkjenning, «blant annet» skal leggja vekt på om kampaktiviteten i tilstrekkeleg grad tek omsyn til helsa og tryggleiken til utøvarane. Etter ordlyden er dette såleis eit element i ei heilskapleg vurdering der òg andre moment kan vera omfatta. Det er i liten grad sagt noko i førearbeida om kva som nærare ligg i dette vilkåret, men i Ot. prp. nr. 75 (2000-2001) er det i punkt 6 om departementet sine vurderingar sagt på side 6 og 7 at det i fyrste rekkje er reglementet og tilhøyrande tryggleiksføresegner innanfor den enkelte aktiviteten som reduserer skaderisikoen og graden av vald. Dette skapar eit skilje mellom kampsport som blir utøvd etter forsvarlege tryggleiksføresegner, og annan kampaktivitet. Vidare heiter det på side 7:

«Godkjenningsordningen innebærer at kampaktiviteter som tillater knockout kan godkjennes dersom et gitt sett av sikkerhetsbestemmelser, hjemlet i egen forskrift, blir ivaretatt.

Det vil alltid være en viss risiko forbundet med deltakelse i organisert kampaktivitet som tillater knockout. Grunnlag for godkjenning av organisert kampaktivitet vil bygge på at aktiviteten i tilstrekkelig grad tar hensyn til utøverens helse og sikkerhet. Sikkerhetsbestemmelsene foreslås medisinsk begrunnet.

I arbeidet med sikkerhetsbestemmelser vil departementet legge til grunn det medisinske kontrollarbeidet som Norges Bokseforbunds regelverk og utøvelse er tuftet på.»        

Ut frå dette er omsynet til helsa og tryggleiken til utøvarane det sentrale momentet i vurderinga av om ein aktivitet som tillet knockout, skal godkjennast. Det verkar såleis å vera meint at dette omsynet skal ha ein meir sentral plass i vurderinga enn det ordlyden i knockoutlova § 1 andre ledd kunne tilseie.»

Dette utgangspunktet vil vera det same for vurderinga her. Framlegget om å heva aldersgrensa til 40 år var oppe òg i 2014, medan den viktigaste skilnaden mellom framlegget frå 2014 og det noverande framlegget er at det no blir opna for vesentleg lengre kampar.

KUD har i utkastet til høyringsnotat gjort greie for korleis sjansen for knockout aukar med utvida kamplengd, og at dette medfører ei klar auke i riskoen for skadar. Vi viser her til punkt 4 andre avsnitt i utkastet til notat. Dette kan isolert sett tilseia at det er tvilsamt om ei slik auke i lovleg kamplengd som framlegget går ut på, vil vera i samsvar med kravet om at det i tilstrekkeleg grad skal takast omsyn til «utøverens helse og sikkerhet».

I innstillinga til Odelstinget om knockoutlova, Innst. O. nr. 98 (2000-2001), registrerer fleirtalet i familie-, kultur og administrasjonskomiteen at kampaktivitetar der slag mot hovudet er vesentlege moment, fører til omfattande skadar mellom utøvarane, og ein finn på bakgrunn av dette «et klart behov for reguleringer av slike idretter for å minimere disse skadene». Dette er òg eit moment som kan tilseia at det er tvilsamt om det er i samsvar med knockoutlova å opne for så lange kampar som det er tale om her.

På den andre sida vil det, som uttala i brevet 26. september 2014, alltid vera sterkt prega av skjøn om ein aktivitet «i tilstrekkelig grad tar hensyn til utøverens helse og sikkerhet». Korkje lova eller forarbeida seier mykje om kva som er den akseptable risikoen når det gjeld omsyn til helse og tryggleik i slike samanhengar, og det vil, som det er slått fast i proposisjonen, alltid følgje ein viss risiko med å vera med på kampsport­aktivitetar som opnar for knockout.

I samsvar med vurderinga frå 2014 legg vi til grunn at det er tryggleiksføresegnene i knockoutforskrifta som skal fastsetja minstekrav til kva som er ein akseptabel risiko, men at føresetnadane i førearbeida om medisinsk grunngjeving likevel set visse ytre rammer for kva som kan godtakast.

Dei føreslegne endringane om maksimal kamplengd er i samsvar med dei reglane som gjeld internasjonalt for kampar i profesjonell boksing. Såleis er det ikkje tale om noko særskilt frislepp her, og norske boksarar vil kunne gå tilsvarande lange kampar i andre land. Vidare vil dette dreie seg om få kampar. Som KUD har nemnt, er det berre dei beste og typisk mest erfarne boksarane som går så lange kampar. Ein del fleire kampar vil nok strekkje seg over meir enn dei tolv minutta effektiv kamptid forskrifta opnar for i dag, men dette vil såleis dreie seg om mindre utvidingar.

Det er òg grunn til å leggja vekt på at då den tidlegare lova om forbod mot proffboksing i Noreg vart oppheva ved lov 23. januar 2015 nr. 5, var det eit uttrykt mål å leggje til rette for at profesjonell boksing kan utøvast i Noreg innanfor same regelverk som annan organisert kampaktivitet som tillet knockout. Vi viser her til Prop. 2 L (2014-2015) punkt 2 og 5. Ei tilpassing til dei reglane som gjeld elles i Europa for slik boksing, vil såleis vera ei naturleg oppfølging av dette.

I den påfølgjande innstillinga til Stortinget, Innst. 113 L (2014-2015), har fleirtalet i familie- og kulturkomiteen på side 3 uttala at regelverket til The European Boxing Union (EBU) er av dei strengaste i verda, at skadeomfanget i Europa er svært lågt samanlikna med omfanget utanfor Europa, og at dette regelverket vil sikre at helsa og tryggleiken til utøvarane blir vareteke. Representanten Sveinung Rotevatn frå Venstre ga under debatten i Stortinget 16. desember 2014 uttrykk for det same, og Venstre sikra i den påfølgjande avrøystinga fleirtal for å oppheve lova om forbod mot proffboksing. Samstundes var ein i komiteen klar over argumenta mot å tillate profesjonell boksing. Etter det vi har fått opplyst frå KUD, vil regelverket til EBU gjelde ved boksekampar i Europa, uavhengig av kva for internasjonalt forbund som arrangerer kampen. Ved kampar i Noreg vil regelverket til EBU gjelde med norske tilpassingar gjennom knockoutforskrifta. Reglane i forskrifta medfører endå strengare tiltak for å vareta helsa og tryggleiken til utøvarane enn det som blir kravd i regelverket til EBU. Mellom anna følgjer det av knockoutforskrifta § 4 tredje ledd at kamplegen kan stoppe ein kamp ved fare for skade, medan det i regelverket til EBU i utgangspunktet berre er dommaren som kan stoppe kampen. Desse tiltaka vil stå ved lag òg dersom dei no føreslegne endringane blir gjennomførte.

Knockoutforskrifta medfører såleis at det ligg føre meir omfattande tiltak for å vareta helsa og tryggleiken til utøvarane enn det fleirtalet på Stortinget la til grunn som premiss for å oppheve forbodet mot proffboksing. Vi legg difor til grunn at òg dei føreslegne endringane i knockoutforskrifta ligg innanfor føresetnadane frå Stortinget. Det er ein slik samanheng mellom lova om oppheving av lova om forbod mot proffboksing og knockoutlova at vi finn grunn til å leggje vekt på Stortingets handsaming her ved tolkinga av knockoutlova.

Vidare er det grunn til å leggja vekt på at utøvarar som går lange kampar, etter framlegget vil få ei automatisk karantenetid på minst fire veker til neste kamp. Dette tiltaket vil iallfall til ein viss grad medverke til at helsa til utøvarane blir teke vare på.

Når det gjeld framlegget om å auke aldersgrensa til 40 år, viser vi til at det er relativt vanleg at boksarar er aktive lenge, og fleire verdsmeistrar og andre topputøvarar innanfor profesjonell boksing har passert 40 år. Ei heva aldersgrense her er såleis i tråd med kva som er vanleg internasjonalt.  

Konklusjonen er at dei føreslegne endringane i  knockoutforskrifta vil liggje innanfor det skjønet som knockoutlova tillet.

Til toppen