Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

1 Samandrag

NATO var i 2010 prega av operasjonen i Afghanistan og førebuingane til og gjennomføringa av toppmøtet i Lisboa 19. og 20. november 2010.

NATO-toppmøtet vedtok å starte overføringa av ansvaret for tryggleiken i Afghanistan til afghanske styresmakter i 2011. Dette markerer innleiinga på ein ny fase for den NATO-leidde internasjonale stabiliseringsstyrken (ISAF) i Afghanistan. Toppmøtet slutta seg òg til målsetjinga til den afghanske presidenten om at afghanske styresmakter skal ha ansvaret for tryggleiken i heile landet innan utgangen av 2014. Oppfølginga av desse vedtaka vil prege tilnærminga NATO har til Afghanistan i 2011 og dei neste åra.

Overføringa av tryggingsansvaret vil verte ein gradvis prosess der provinsar og distrikt vert overførte etter kvart som dei vert funne klare til dette. Det har vore semje om at situasjonen på bakken må vere avgjerande når ein skal vurdere ansvarsoverføring for eit område.

Det er på det reine at NATO vil vere i Afghanistan òg etter 2014, men med ei anna rolle. Under toppmøtet i Lisboa signerte president Karzai og generalsekretær Fogh Rasmussen ei erklæring som skisserte rammene for eit langsiktig og ikkje-operasjonelt samarbeid mellom NATO og Afghanistan.

Avgjerda om å utvikle eit nytt strategisk konsept for alliansen vart teken på NATO-toppmøtet i Strasbourg/Kehl 3.–4. april 2009. Arbeidet starta hausten 2009 og varte heilt fram til Lisboa-toppmøtet. I motsetning til arbeidet med det førre strategiske konseptet frå 1999, som gjekk føre seg i lukka forhandlingar mellom dei allierte, vart arbeidet denne gongen lagt opp for å sikre brei fagleg og politisk deltaking frå ei rekkje land, i og utanfor alliansen.

Det nye konseptet slår fast at hovudpilarane i NATO-samarbeidet står støtt. Solidariteten allierte imellom, slik han er nedfelt i artikkel 5 i Atlanterhavspakta, er sjølve kjernen i samarbeidet. Verdigrunnlaget til NATO og forankringa i FN-charteret ligg fast. Døra inn til NATO står framleis open for europeiske land med demokratisk styresett som oppfyller krava til medlemskap.

I det nye konseptet er hovudoppgåvene til alliansen definerte som:

  • kollektivt forsvar

  • krisehandtering

  • tryggleik gjennom samarbeid med partnarar

I arbeidet med nytt strategisk konsept har Regjeringa hatt tre prioriterte område: 1) ei tydeliggjering av balansen mellom NATOs kjerneoppgåver og operasjonar langt borte, 2) nedrusting og 3) samarbeidet med Russland. Regjeringa har allereie frå hausten 2009 og heile vegen fram til toppmøtet delteke aktivt i prosessen med å utforme alliansens nye strategiske konsept.

Det norske nærområdeinitiativet har vore Regjeringas viktigaste prioritering i arbeidet med nytt strategisk konsept. Og i arbeidet med å utvikle det nye konseptet vaks det fram ei forståing blant øvrige allierte av at operasjonar langt borte ikkje må gå ut over NATOs første hovudoppgåve, nemleg kollektivt forsvar. Kjernefunksjonane og nærområda til NATO må takast vare på, og oppslutninga om alliansen må vere solid forankra i eiga befolkning.

Konseptet gjev stor merksemd til såkalla nye truslar, mellom anna digitale angrep, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og terrorisme. Også slike angrep kan i visse situasjonar utløyse forpliktingane i artikkel 5 om kollektivt forsvar. Omstillinga til å kunne møte også nye truslar er viktig for å sikre at alliansen bevarar truverdet sitt og forsvarsevna si.

Regjeringa har arbeidd målretta for at nedrustingsspørsmål skal kome høgare på dagsordenen i alliansen og er nøgd med at desse spørsmåla har fått ein sentral plass i det nye konseptet. NATO forpliktar seg med dette for første gong til å arbeide for ei verd utan atomvåpen. Det strategiske konseptet og toppmøteerklæringa legg opp til ein gjennomgang av forsvars- og avskrekkingspolitikken til NATO fram mot neste toppmøte, i USA våren 2012. Frå norsk side har ein mellom anna lagt vekk på behovet for gjensidig openheit mellom NATO og Russland med omsyn til kortrekkjande kjernevåpen. Noreg og Polen har tatt eit felles initiativ om dette, og det har fått brei støtte.

Med bakgrunn i trusselen frå spreiing av masseøydeleggingsvåpen og ballistiske missil vedtok alliansen på toppmøtet å etablere eit territorialt missilforsvar. NATO vil søkje samarbeid med Russland og andre partnarland i dette arbeidet. Regjeringa har lagt stor vekt på at NATO samarbeider med Russland på dette området.

Utgangspunktet for samarbeidet i NATO-Russland-rådet (NRC) er ei gjensidig erkjenning av at NATO og Russland deler mange praktiske utfordringar som best kan løysast i fellesskap. Regjeringa har arbeidd aktivt for å styrkje samarbeidet og den tillitsskapande funksjonen NRC har.

NRC-toppmøtet i Lisboa vart eit viktig vegskilje i samarbeidet med Russland, og for første gong sidan 2002 lukkast det òg stats- og regjeringssjefane i NRC å verte samde om ei felles fråsegn frå toppmøtet. Erklæringa slår fast at NATO og Russland ikkje utgjer truslar for kvarandre, men snarare står overfor ei rekkje av dei same tryggingsutfordringane. Vedtaket om å starte konkrete drøftingar om eit mogeleg samarbeid om missilforsvar i Europa var eit viktig skritt vidare, sjølv om det her er mange spørsmål som vil krevje nærare avklaring.

Arbeidet med reform av alliansen stod sentralt i 2010. Ei samla pakke med reformtiltak var ei hovudsak på NATO-toppmøtet i Lisboa, og dette temaet vil stå sentralt på dagsordenen i NATO også i 2011.

Eit viktig tiltak i reformarbeidet er innsatsen for å etablere ein ny militær kommandostruktur. Hausten 2010 slutta forsvarsministrane seg til ein ny overordna modell for kommandostrukturen som inneber færre hovudkvarter og ein vesentleg reduksjon i talet på stillingar (frå over 13 000 til under 9 000). Samtidig er det lagt opp til at den reviderte strukturen vil få ei betre evne til å utplassere hovudkvarter for å leie militære operasjonar.

Vidare har arbeidet med å reformere komitéstrukturen og dei interne arbeidsprosessane i NATO halde fram gjennom 2010. Det er gjennomført ei omfattande rasjonalisering i komitéstrukturen. Vidare er det sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje arbeidet med ressursplanlegging og ressursstyring i alliansen.