Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

5 Regelverket innan EU

Den 14. februar 1994 vedtok EU-Rådet eit direktiv (Rdir 94/5/EF) om felles særreglar for brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Målet med reglane er å unngå at det oppstår dobbel avgiftsbelastning eller kumulativ effekt ved omsetning av desse varene. Etter reglane skal vidareforhandlarar på visse vilkår berre betale avgift av avansen i motsetning til det fulle salsvederlaget.

Reglane er obligatoriske for medlemslanda. Vidareforhandlarar kan likevel velje anten avansesystemet eller dei ordinære reglane for utrekning av avgifta. Ovanfor nemnte direktiv inneheld og reglar om lågare sats eller utrekningsgrunnlag ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar, og reglar om lågare sats eller utrekningsgrunnlag ved kunstnaren si omsetning av eigne kunstverk. Desse reglane om lågare sats eller utrekningsgrunnlag kan medlemslanda velje om dei vil innføre eller ikkje.

Skattar og avgifter er ikkje omfatta av EØS-avtalen, jf artikkel 1 nr 2 i avtalen. Direktivet nemnt ovanfor er gitt med heimel i artikkel 99 i Romatraktaten, som ikkje inngår i EØS-avtalen.

Til forsiden