Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

8 Avgrensingsforskrifter mv og særskilde rekneskaps- og fakturareglar mv

8.1 Avgrensingsforskrift mv

Det er ovanfor i kap 7.3.6 nemnt at den nærmare definisjonen av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar bør gjerast i forskrift.

Det vil i tillegg vere behov for å endre fleire eksisterande forskrifter som følgje av framlegget til lovendring. Nedanfor blir det gitt ein kort oversikt over enkelte hovudpunkt i dette forskriftsarbeidet. Forskriftene vil på vanleg måte bli sendt på høyring.

8.2 Krav til inngåande faktura og føring av protokoll

Skattedirektoratet har vurdert behovet for særskilde rekneskaps- og fakturareglar som følgje av departementet sitt framlegg om utrekning av avgifta på grunnlag av avansen ved omsetning av brukte varer mv. Etter direktoratet si oppfatning er det behov for fleire nye rekneskaps- og fakturareglar.

Når utgåande avgift skal reknast ut på grunnlag av avansen, vil innkjøpsprisen på vara få direkte innverknad på fastsetjinga av grunnlaget for utgåande avgift. Det er av denne grunn viktig at det blir fastsett reglar som sikrar at innkjøpsverdien blir dokumentert på ein forsvarleg måte. Dette blir særleg viktig sidan reglane i meirverdiavgiftslova om krav til utferding av salsdokument, ikkje gjeld for privatpersonar, som er ei stor gruppe av dei som kan levere brukte varer mv avgiftsfritt til vidareforhandlarar.

Skattedirektoratet meiner vidare at det i forskrift bør setjast krav om at vidareforhandlar skal sjå til at det blir utarbeidd salsdokument også når vara blir skaffa frå ein ikkje-avgiftspliktig næringsdrivande eller frå ein privatperson. Salsdokument i denne samanheng vil kunne vere avrekning eller kvittering som vidareforhandlaren utsteder. Direktoratet meiner vidare det bør stillast bestemte krav til innhaldet i salsdokumentet, og at salsdokumentet og bør signerast av den som avhender vara.

Departementet sitt framlegg inneber at det er avansen av den enkelte vara som skal vere grunnlaget for utrekninga av avgifta. Dette inneber at vidareforhandlaren må halde oversikt over den enkelte vara sin kjøps- og salspris. Skattedirektoratet meiner derfor at det i forskrift fastsett med heimel i meirverdiavgiftslova bør stillast krav om føring av protokoll. Fleire av dei opplysningane som må framgå av ein slik protokoll, er opplysningar som og skal førast etter forskrift fastsett ved Kronprinsregenten sin resolusjon, fremma av Næringsdepartementet 28. april 1989 om handel med brukte og kasserte ting mv. Etter Skattedirektoratet si oppfatning vil føring av ein felles protokoll kunne sikra dei krav som må stillast av omsyn til utrekninga av avgifta.

8.3 Rekneskapsreglar

Slik Skattedirektoratet ser det, vil utrekninga av avgifta på grunnlag av avansen av den enkelte vara ikkje medføre behov for oppretting av særskilde konti i rekneskapen.

Skattedirektoratet legg til grunn at regelen om samla terminvis avanse inneber at det må stillast krav om at det blir oppretta eigen hjelpekonto i rekneskapen, eller at det blir ført oversikt på annan måte, der det til ei kvar tid framgår kva for beløp som kan førast over til etterfølgjande termin.

Dersom samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege delen av omsetninga i terminen, skal reglane om samla terminvis avanse etter framlegget og kunne nyttast for enkeltvarer der kjøps- og salsprisen let seg fastsetje. Skattedirektoratet meiner denne regelen vil føre til dei største problema i den praktiske rekneskapsføringa. For vidareforhandlarar som nyttar denne regelen, meiner Skattedirektoratet at det bør stillast krav om at det blir oppretta eigne konti i rekneskapen, eller utarbeidd oversiktar som viser korleis kjøp og sal er fordelt på samla og enkeltståande kjøp og sal.

Finansdepartementet har etter meirverdiavgiftslova § 45 kompetanse til å fastsetje nærmare forskrifter om krav til rekneskap og innhald i salsdokument.

Forskrifter som nemnt i dette kapittelet må vere fastsette før endringane etter framlegget kan ta til å gjelde. Det må vidare utarbeidast informasjonsmateriell om endringane. Etter departementet si vurdering er det og ønskjeleg at vidareforhandlarane blir gitt tid til å sette seg inn i regelverket før det tek til å gjelde.

Til dokumentets forside