Prop. 143 L (2015–2016)

Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover (reform av jernbanesektoren)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram lovendringar som er naudsynte ved gjennomføringa av Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor – Reform av jernbanesektoren (meldinga). Endringane er etter departementets syn føremålstenlege i ein reformert sektor av omsyn til tryggleik, konkurranse og den nasjonale samfunnstryggleiken og vernebuinga. Det er òg gjort greie for departementets vurderingar der det ikkje er funnet naudsynt med lovendringar, men der høvet til andre lover vert påverka av reforma. Dette gjeld særleg plan- og bygningslova, forvaltningslova, offentleglova, mållova og arkivlova.

Departementet gjer framlegg om endringar i jernbanelova som går ut på å presisere kven som har ansvaret for å ta vare på tryggleiken, stille opp krav om likeverdige vilkår for konkurranse, styrke lovheimlane for tilsynsmyndigheiten, verne om dei som varslar om moglege brot på jernbanelova og for å trygge den nasjonale vernebuinga. Det vert òg gjort framlegg om endringar i pantelova, tinglysingslova og matrikkellova for å syte for at dei nye einingane som vert oppretta med jernbanereforma får effektive og gode prosessar, særleg knytt til erverv av grunn.

Endringar i lov knytt til skatte- og avgiftshøve vert lagt fram av Finansdepartementet.

Departementet tek sikte på at dei framlagde endringane skal gjelde frå 1. januar 2017.