Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Revidert nasjonalbudsjett 2021 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har verknad for provenyet for 2021:

  • Å forlengje mellombels reduksjon i låg sats for meirverdiavgift til 1. oktober 2021. Pandemien i saman med strenge smitteverntiltak har gjeve kraftig redusert omsetjing for verksemder i reiselivet og persontransporten. Når samfunnet gradvis opnar meir opp, kan forlenga redusert meirverdiavgiftssats gje slike verksemder eit ekstra lyft. Samstundes må dei økonomiske tiltaka vere tilpassa den nye situasjonen, noko som tilseier at òg dette tiltaket vert fasa ut. Tapet av proveny er rekna til om lag 450 mill. kroner netto påløpt og bokført i 2021.

  • Å innføre avgift på viltlevande marine ressursar. Dette følgjer opp oppmodingsvedtak nr. 554 (2019–2020), jf. Meld. St. 32 (2018–2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping – En fremtidsrettet fiskerinæring og tilhøyrande Innst. 243 S (2019–2020). Framlegget inneber ei fiskal særavgift på fyrstehandsomsetjing av viltlevande marine ressursar. Avgift skal betalast med 0,42 pst. av avgiftsgrunnlaget, som er brutto salsbeløp minus sektoravgift som skal betalast til fiskesalslaget. Framlegget vil auke det årlege provenyet med om lag 100 mill. kroner. Ved iverksetjing 1. juli, vil provenyet auke med om lag 50 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført i 2021.

  • Å auke satsen for minstefrådraget i pensjon frå 32 til 37 pst. Føremålet er at einslege minstepensjonistar med pensjon som einaste inntekt framleis ikkje skal betale inntektsskatt etter at minste pensjonsnivå vert auka. Provenytapet er rekna til om lag 315 mill. kroner påløpt og 160 mill. kroner bokført i 2021.

  • Å vidareføre unntaket frå meirverdiavgift for akupunktur, naprapati og osteopati fram til 1. januar 2022. Ei eventuell lovendring for å autorisere akupunktørar, naprapatar og osteopatar som helsepersonell, vil ikkje kunne verte vedteken innan 1. juli 2021. Tapet av proveny er rekna til om lag 9 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2021.

  • Å leggje ein strategi for å avvikle den mellombelse ordninga med betalingsutsetjing for skattar og avgifter som aukar høvet for fleire til å handtere dei utsette beløpa. Departementet foreslår at ordninga vert fasa ut for alle nye krav frå og med 30. juni 2021. Samstundes foreslår departementet å forskyve oppstart av innbetaling av utsette krav til 31. oktober 2021, og å auke avdragsperioden frå 6 til 12 månader. På usikkert grunnlag anslår departementet at framlegget gjev eit provenytap på om lag 150 mill. kroner i 2021. Forslaget vil òg kunne føre til at innbetaling av 4,5 mrd. kroner i ordninga vert utsett til 2022. Ei slik forskyving mellom år påverkar ikkje det strukturelle skattenivået, og endrar ikkje skatteinntektene når ein ser 2021 og 2022 samla.

I tillegg gjev utsett innføring av avgift på forbrenning av avfall som følgje av ein uavklart prosess med ESA, eit provenytap på 120 mill. kroner påløpt og 110 mill. kroner bokført i 2021 samanlikna med saldert budsjett for 2021. Denne endringa og dei nye framlegga i dette reviderte budsjettet vil samla redusere skatte- og avgiftsinntektene med om lag 1 mrd. kroner påløpt og knapt 0,9 mrd. kroner bokført i 2021 samanlikna med saldert budsjett for 2021. Av dette er 0,6 mrd. kroner knytt til mellombelse tiltak i handteringa av pandemien. Heilårsverknaden av lettane er vel 0,1 mrd. kroner.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Endre reglane om bruk av sparemidlar i bustadsparing for ungdom (BSU), slik at midlar på konto for BSU òg kan brukast til å koste på og vedlikehalde eigen bustad

  • Innføre avgift på nye nikotinvarer, som e-sigarettar

  • Enkelte justeringar av, og tillegg til, reglane om kjeldeskatt på renter og royalty m.m., mellom anna for å avverje dobbeltskattlegging for norske NOKUS-deltakarar

  • Endre reglane for registrering av britiske avgiftssubjekt i Merverdiavgiftsregisteret. Endringane gjev avgiftssubjekt heimehøyrande i Storbritannia høve til å registrere seg i Merverdiavgiftsregisteret utan å nytte representant.

  • Fastsetje ein regel om skattefritak på vilkår for erstatning utmåle etter ekspropriasjonserstatningslova i samband med forbodet mot hald av pelsdyr

  • Oppheve føresegna i skattebetalingsloven § 16-12 om fullmektigars ansvar

Vidare foreslår regjeringa enkelte endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:

  • Endring i folkeregisterloven, kontaktopplysningar for dødsbu

  • Forlenging av ordninga med tilskot ved avbroten permittering

  • Endring i lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall etter august 2020

I tillegg er følgjande saker omtala:

  • Høyring av framlegg til ny opsjonsskatteordning for selskap i ein oppstarts- og vekstfase

  • CO2-avgift på naturgass og LPG til kjemisk reduksjon m.m.

  • Høyring av framlegg om endring i solkraftfritaket i elavgifta

  • Avgift på alkoholfrie drikkevarer

  • Eingongsavgift på bubilar

  • Utsett betaling av frekvensavgift

  • Ordninga med frivillig retting på skatteområdet (skatteamnesti)

Det vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 5 i Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett 2021:

  • 350-kronersgrensa for innførsel av varer

  • Regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 144, 146 og 147 (2020–2021) om mellom anna skattlegging av vindkraft og lokal kompensasjon

  • Meirverdiavgiftskompensasjon for private verksemder

  • Skattlegging av reiarlag

  • Regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 658 (2020–2021) om straumutgifter

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i eigedomsskattelova

  • lov om endring i Svalbardskatteloven

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endring i merverdiavgiftskompensasjonsloven

  • lov om endringar i skattebetalingsloven

  • lov om endringar i merverdiavgiftsloven

  • lov om endringar i skatteforvaltningsloven

  • lov om endring i folkeregisterloven

  • lov om endringar i lov om tilskudd ved avbrutt permittering

  • lov om endring i lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall etter august 2020

  • lov om endringar i lov 21. desember 2020 nr. 164 om endringer i skatteloven

  • lov om endring i lov 21. desember 2020 nr. 168 om endringer i merverdiavgiftsloven

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om merverdiavgift

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om avgift på tobakksvarer mv.

  • vedtak om avgift på viltlevende marine ressurser

Til forsida