Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet fremjer i denne proposisjonen forslag til endringar i verjemålslova, lov om forsvunne personar og visse andre lover.

Eit av formåla med endringsforslaga er å regulere høvet til bevisføring frå oppnemnde verjer om tilhøve som er omfatta av den teieplikta verja har etter verjemålslova, jf. punkt 3. Verjemålslovgivinga reflekterer eit behov for eit særleg lovvern til dei som i liten grad kan verne seg sjølve. Verjemålet skal sikre personar som treng det, støtte og bistand til å gjere rettslege disposisjonar og til å råde over midlane sine. Det å leggje til rette for at personen som har fått oppnemnt verje, og verja kan ha eit tillitsfullt og fortruleg forhold, er ein viktig føresetnad for at ordninga kan fungere etter formålet.

Departementet foreslår ein hovudregel om at det ikkje kan førast bevis frå ei oppnemnd verje som krenkjer teieplikta verja har etter verjemålslova, jf. punkt 3.5.1. Forbodet vil ikkje gjelde dersom den som har krav på teiing, samtykkjer til bevisføring.

I saker der personen med verje er mindreårig, blir det foreslått visse særreglar om samtykke, jf. punkt 3.5.2.

Vaksne personar med oppnemnd verje kan ha ulikt fungeringsnivå. Høvet til å tillate at det blir ført bevis frå den oppnemnde verja, bør ikkje vere avskoren i tilfelle der personen reint faktisk ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber. I punkt 3.5.3 blir det foreslått at retten i slike tilfelle får kompetanse til å ta vare på interessene til personen i spørsmålet. Kva det vil seie for samtykkekompetansen at personen med verje er fråteken rettsleg handleevne, er behandla i punkt 3.5.4.

Det blir ikkje foreslått særreglar om bevisføring frå verja i saker om fråtaking av rettsleg handleevne, jf. punkt 3.5.5. Reglane om kven som har kompetanse til å reise sak om verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna, blir òg foreslått endra slik at verja ikkje lenger sjølv kan reise sak om dette. Meiner verja at det er behov for verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna, kan verja ta dette opp med fylkesmannen.

Eit anna formål med endringsforslaga i proposisjonen er å gjere visse justeringar i reglane om unntak frå teieplikta for oppnemnde verjer og for verjemålsstyresmakta, jf. punkt 4.1. Det blir foreslått å tydeleggjere at unntaka ikkje berre gjeld for vaksne med oppnemnd verje, men òg for barn med oppnemnd verje, jf. punkt 4.1.4. I same punkt blir det foreslått visse justeringar for å få til ei noko betre tilpassing mellom unntaka frå teieplikta og omsyna som ligg til grunn for dei. Det følgjer av § 46 andre ledd og § 65 i gjeldande verjemålslov at opplysninga om at ein person er sett under verjemål, ikkje er omfatta av teieplikta for den oppnemnde verja og verjemålsstyresmakta. For teieplikta for den oppnemnde verja gjeld det same for opplysninga om kven som er oppnemnd som verje, og opplysningar om rammene for verjeoppdraget. Det blir foreslått at unntaket frå teieplikta blir endra slik at dei nemnde opplysningane om verjemålet kan gjerast kjende for andre så langt det er nødvendig av omsyn til personen sjølv, eller for å sikre at verja kan utføre oppdraget sitt på ein god måte. Unntaka frå teieplikta for verja og verjemålsstyresmakta blir òg foreslått harmoniserte.

I proposisjonen blir det òg foreslått at brot på teieplikta skal straffesanksjonerast for faste verjer, jf. punkt 4.2.

Det blir i punkt 5 foreslått ei endring av regelen om dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at ein person er død, jf. lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar § 8. Formålet med dette forslaget er å leggje til rette for ei formålstenleg behandling av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan godtakast for å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret.

I proposisjonen blir det foreslått ein del opprettingar av inkuriar i lover på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område. Dei blir bare omtalt i merknadene til dei einskilde føresegnene, jf. punkt 7.5.

Til forsida