St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

9 Oppgjersordning for kjøp av tenester ved statleg finansierte opplærings- og butilbod

9.1 Oppgjersordninga for opplæring og butilbod ved statlege og statleg finansierte senter i dag

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet får midlar til skoledrift på kap. 243 i statsbudsjettet. Sidan elevar som går på statlege og private skolar er ujamt fordelte mellom kommunar og fylkeskommunar, er det innført ei korreksjonsordning i inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar. Kommunar og fylkeskommunar blir trekte i rammetilskottet for skole- og butilbod som varer 12 veker eller meir per elev per skoleår. Med eit stabilt elevtal eller nedgang i elevtalet er denne ordninga ei omfordeling mellom kommunar og mellom fylkeskommunar innanfor rammene. Dei summane som blir trekte inn, blir fordelte ut att på alle kommunane eller fylkeskommunane på grunnlag av kor mange barn i alderen 6-15 år kommunen har, og kor mange unge i alderen 16-18 år fylket har.

Trekksatsane i 2003 er

-for opplæring:180 300 kr. per elev
-for butilbod:190 900 kr. per elev

For skoletilbod i 12-22 veker nyttar ein halv trekksats.

Trekksatsane vart justerte i 2003 etter å ha stått uendra sidan 1992. Desse satsane er lågare enn den antatte gjennomsnittskostnaden for eit tilsvarande tilbod både i kommunane og ved kompetansesentra.

Kommunane og fylkeskommunane har direkte utgifter til

  • heimreiser utover sju, som skolen dekkjer

  • fagpersonar frå heimstaden som skal delta på møte på sentra

  • eventuell støttekontakt

  • eventuelle styrkingstiltak i skole og bustad for elevar med spesielle vanskar

Fylkeskommunen dekkjer daglege skyssutgifter til elevar som ikkje har butilbod ved senteret.

Korreksjonsordninga omfattar ikkje følgjande tilbod:

  • opplæringstilbod til barn under skolepliktig alder

  • vaksenopplæring

  • tilrettelagde butilbod for elevar som bur nær senteret, men der kommunen av ulike grunnar søkjer om butilbod til eleven

9.2 Forslag frå Sunnanåutvalet

Sunnanåutvalet innstilte på at ein held oppe korreksjonsordninga, men at ein oppjusterer trekksatsane så dei kjem nærmare dei reelle gjennomsnittsutgiftene for tilboda. Utvalet tilrådde også at ein justerer satsane årleg i takt med konsumprisindeksen.

Utvalet la vekt på at brukarorganisasjonane gjekk inn for korreksjonsordninga, med oppjustering av satsane.

Utvalet ville ikkje foreslå nokon annan sats for elevar ved AKS som er meir ressurskrevjande.

9.3 Utgreiing frå ei tverrdepartemental arbeidsgruppe om framtidig betaling for statlege og statleg finansierte tenester

9.3.1 Mandat og alternative forslag

I St.prp. nr. 64 (2001-2002), Kommuneproposisjonen, vart det informert om at departementet ville setje ned ei arbeidsgruppe for å vurdere den gjeldande oppgjersordninga. I tillegg til representantar frå Utdannings- og forskingsdepartementet var Finansdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Kommunenes Sentralforbund representerte i gruppa.

Mandatet var:

«Arbeidsgruppa skal vurdere nåværende oppgjørsordning for de kommuner og fylkeskommuner som benytter statlig/statlig finansiert tilbud om skolegang og boopphald for hørselshemmede og døvblinde samt utrede, vurdere og foreslå aktuelle oppgjørsordninger.»

Arbeidsgruppa leverte rapporten i februar 2003.

Arbeidsgruppa tok som utgangspunkt at oppgjersordninga skulle omfatte det same som ho gjer i dag.

I samband med presentasjonen av forslaga skriv arbeidsgruppa:

«Arbeidsgruppa vil innledningsvis uttale at dagens korreksjonsordning har vært et godt virkemiddel for å realisere de politiske målene om et skoletilbud for hørselshemmede. Dersom en skal endre dagens ordning, må det være tungtveiende grunner til for å gjøre det.»

Det blir også vist til at hørselshemma elevar utgjer berre 10 % av alle som fell inn under korreksjonsordninga.

9.3.2 Forslag frå arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa foreslår at same kva oppgjersordning ein vel, bør ein ikkje velje ei ordning som gjer det vanskeleg for døve elevar med tilleggsvanskar, og døvblinde elevar, å velje det best moglege alternativet.

9.3.2.1 Kurs og deltidsopplæring

Arbeidsgruppa innstiller på at det ikkje blir endringar for deltidsopplæring og kurs-/korttidsopphald. Desse tilboda blir gitt utan trekk til kommunar og fylkeskommunar.

9.3.2.2 Butilbod

Når det gjeld oppgjersordninga for butilbod ved senteret, ber arbeidsgruppa om at departementet vurderer nærmare om ein bør fjerne ordninga. Grunnen til forslaget er at dette er ei ekstra belastning for kommunar og fylke som ligg langt frå senteret. Det gjeld berre om lag 50 elevar, og talet på elevar som bur på senteret, vil mest sannsynleg minke i åra som kjem.

9.3.2.3 Heiltidsopplæring

Arbeidsgruppa ser to alternativ til oppgjersordning for opplæringstilbod over 12 veker, men tek ikkje stilling til kva for alternativ som bør veljast:

  1. Korreksjonsordning med trekksatser gradvis økende mot tilnærmet gjennomsnittskostnader for kommunale/fylkeskommunale opplæringstilbud for hørselshemmede (som Sunnanåutvalets forslag)

  2. Direkte betaling av en sats tilnærmet gjennomsnittskostnader for kommunalt/fylkeskommunalt opplæringstilbud for hørselshemmede.»

9.4 Departementet sine vurderingar av og konklusjonar om den framtidige betalingsordninga for statlege og statleg finansierte tenester

9.4.1 Døve elevar med tilleggsvanskar og døvblinde elevar

Desse elevane får i hovudsak tilbod om opplæring ved Andebu kompetanse- og skolesenter, AKS, og ved skolen for døvblinde ved Skådalen kompetansesenter. Det er i alt om lag 25 elevar som er svært kostnadskrevjande. Departementet vurderer det slik at desse elevane framleis må få opplæringstilbod til den same satsen som vil gjelde hørselshemma elevar utan funksjonsvanskar.

9.4.2 Betaling for kort- og deltidstilbod

Departementet ser ikkje nokon grunn til å endre ordninga med tilbod om kurs og korttidsopphald for hørselshemma elevar eller deltidsopphald for teiknspråklege elevar. Desse tilboda bør framleis givast utan at kommunane og fylkeskommunane får eigendel eller trekk.

9.4.3 Oppgjersordning for butilbod og heiltids opplæringstilbod

Departementet legg i vurderinga vekt på følgjande:

  • Korreksjonsordninga har fungert tilfredsstillande, ho er oversiktleg og lite byråkratisk.

  • Arbeidsgruppa som vurderte oppgjersordninga, understreka at korreksjonsordninga hadde fungert tilfredsstillande, og at det skulle gode grunnar til for å endre ordninga, men at satsane burde aukast.

  • Brukarorganisasjonane ønskjer og å halde korreksjonsordninga oppe.

  • Det gjeld ei lita gruppe elevar, og talet vil minke.

  • Det ser ikkje ut til at ordninga har ført til overforbruk av det statlege tilbodet, sidan tendensen er minkande elevtal.

  • Det er nokre elevar med tilleggsvanskar og døvblinde som er svært kostnadskrevjande, og som det er riktig at staten medverkar til å finansiere.

  • Sunnanåutvalet innstilte på at den noverande korreksjonsordninga blir halden oppe, men at satsane blir oppjusterte.

Departementet går inn for at dagens korreksjonsordning for butilbod og heiltids opplæringstilbod blir ført vidare, men at satsane blir justerte.

Departementet vil også vurdere å gjere trekkordninga meir fleksibel, slik at storleiken på trekket vil vere avhengig av kor stor del av skoleåret eleven er ved ein senterskole.

Til forsida