St.meld. nr. 3 (1997-98)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1997.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1997 var 440,2 mrd kroner medan utgiftene var 373,4 mrd kroner. Statsbudsjettets netto inntekter frå petroleumsverksemd var 86,8 mrd kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskott på 20,1 mrd kroner. Det vart i samband med nysalderinga av 1997 budsjettet vedteke at 22, 8 mrd kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen blir dermed gjort opp med eit overskott på 2,7 mrd kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 64,0 mrd kroner vart avsett i Statens petroleumsfond.

I denne meldinga blir det og gjort greie for inntekter og utgifter i Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for fondet 3,3 mrd kroner i renteinntekter. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskott på 67,4 mrd kroner for 1997.

Samla sett blir statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskott på 70,1 mrd kroner.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapen for dei offentlege fonda.

I meldinga blir det gjort greie for løyvde beløp på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det blir òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. Avvik mellom hovudtala i budsjett og rekneskap blir nærare kommentert i kapittel 1.4. I kapittel 2 blir det gitt ei oversikt over inntektene, medan utgiftene er omtala i kapittel 3. I kapittel 4 er det gitt nærare omtale av særskilde satsingsområde i 1997-budsjettet. I kapittel 5 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda, medan finanspostar og kapitalrekneskapen er tema for kapittel 6. I kapittel 7 blir det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

1.2 Budsjettpolitikken

Budsjettpolitikken må brukast aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og styrkje sysselsettinga på lengre sikt. Budsjettutviklinga må samstundes vere forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.

Ein viser elles til omtalen av budsjettutviklinga gjennom 1997 i Revidert nasjonalbudsjett 1997 og Nasjonalbudsjettet 1998.

Tabell 1.1 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (Tal i mill kroner)

19931994199519961997
1. Statsbudsjettet
 A Inntekter i alt321 723344 521372 357406 147440 189
 A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda44 63044 01850 18461 11069 824
 A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter277 093300 503322 173345 037370 365
 B Utgifter i alt365 596373 444368 283358 991373 449
 B.1 Utgifter til petroleumsverksemda16 60718 44211 674-8 776-16 984
 B.2 Utgifter utan petroleumsverksemda348 989355 002356 609367 767390 433
 Statsbudsjettets oljekorrigerte overskott (A.2-B.2)-71 896-54 499-34 436-22 730-20 068
 + Overført frå Statens petroleumsfond28 02325 57636 52925 67322 789
 = Statsbudsjettets overskott før lånetransaksjonar-43 873-28 9232 0932 9432 721
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverk- semda (A.1-B.1) blir overført til Statens petroleumsfond28 02325 57638 51069 88686 808
 – Overført til statsbudsjettet28 02325 57636 52925 67322 789
 + Renteinntekter i fondet000813 343
 = Overskott i Statens petroleumsfond00198144 29467 362
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
 Overskott-43 873- 28 9234 07447 23770 083

Tabell 1.2 Lånetransaksjonar og finansieringbehov (Tal i mill kroner)

19931994199519961997
Utlån, aksjeteikning m.v.11 86546 23427 08952 74749 327
 – Tilbakebetalingar14 71150 16742 11954 78946 131
 – Statsbudsjettets overskott-43 873-28 9232 0932 9432 721
 = Netto finansieringsbehov41 02724 990-17 123-4 985476
 + Gjeldsavdrag25 7277 59412 80646 25326 500
 = Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov66 75432 584-4 31741 26826 976

Samanlikna med 1996 har inntekter utanom lånetransaksjoner og inntekter frå petroleumsverksemd gått opp med 25,3 mrd kroner eller 7,3 prosent. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemd har auka med 22,7 mrd kroner som utgjer 6,2 prosent. Det oljekorrigerte underskottet er dermed redusert med 2,7 mrd kroner frå 1996 til 1997. Samstundes har netto oljeinntekter gått opp med 16,9 mrd kroner. Til saman gjer dette at overskottet før avsetjing i Statens petroleumsfond har auka med 19,6 mrd kroner. Ein auke i Statens petroleumsfonds renteinntekter på 3,3 mrd kroner i tillegg gjev ein samla auking på 22,8 mrd kroner i statsbudsjettets og Statens petroleumsfonds overskott.

Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov var vesentleg lågare i 1997 enn i 1996. Hovudårsaka er 19,8 mrd kroner lågare avdrag på uteståande gjeld. I tillegg blei netto utlån redusert med 5,2 mrd kroner.

1.3 Nærare om utviklinga av budsjettet for 1997 gjennom budsjettåret

Tabell 1.3 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskottet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1997, medan tabell 1.4 viser utviklinga i statskassens finansieringsbehov.

Tabell 1.3 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (Tal i mill kroner)

Vedteke budsjett (S III)Nysaldert budsjettAnslag på rekneskap ved nysalderingRekneskap 1997
1. Statsbudsjettet
 A Inntekter i alt429 979435 173435 173440 189
 A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda69 10068 95068 95069 824
 A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter360 879366 223366 223370 365
 B Utgifter i alt375 393372 190372 990373 449
 B.1 Utgifter til petroleumsverksemda- 8 591-16 021- 16 021-16 984
 B.2 Utgifter utan petroleumsverksemda383 984388 211389 011390 433
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskott (A.2-B.2)-23 106-21 989-22 789-20 068
 + Overført frå Statens petroleumsfond23 10622 78922 78922 789
 = Statsbudsjettets overskott før lånetransaksjonar080002 721
2. Statens petroleumsfond
 Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleums verksemda (A.1-B.1) blir overført til Statens  petroleumsfond77 69184 97184 97186 808
– Overført til statsbudsjettet23 10622 78922 78922 789
+ Renteinntekter i fondet2 7703 3003 3003 343
= Overskott i Statens petroleumsfond57 35565 48265 48267 362
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskott57 35566 28265 48270 083

Tabell 1.4 Lånetransaksjonar og finansieringbehov 1997 (Tal i mill kroner)

Vedteke budsjett (S III)Nysaldert budsjettAnslag på rekneskap ved nysalderingRekneskap 1997
Utlån, aksjeteikning m.v.42 88650 72750 72749 327
- Tilbakebetalingar31 02146 60446 60446 131
- Statsbudsjettets overskott080002 721
= Netto finansieringsbehov11 8643 3234 123476
+ Gjeldsavdrag27 17226 49526 49526 500
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov39 03629 81830 61826 976

I 1997 har løyvingane av inntekter utanom lånetransaksjonar auka med 5,2 mrd. kroner frå 430,0 mrd kroner i vedteke budsjett (S III) til 435,2 mrd kroner i nysaldert budsjett.

Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar vart reduserte med 3,2 mrd kroner frå 375,4 mrd kroner i vedteke budsjett til 372,2 mrd kroner i nysaldert budsjett. Denne reduksjonen må sjåast i samanhang med at driftsresultatet frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda auka med 8,5 mrd kroner. Da denne verksemda er nettobudsjettert med eit negativt driftsresultat under utgiftene på statsbudsjettet, fører dette til at utgiftene i statsbudsjettet blir redusert tilsvarande.

Nysaldert budsjett gav eit oljekorrigert underskott på 22,0 mrd kroner som er 1,1 mrd kroner lågare enn i vedteke budsjett. Oljeinntekter og netto inntekter frå oljeverksemda vart 7,3 mrd kroner større enn i vedteke budsjett. Samla sett innebar dette ei betring i budsjettbalansen på 8,4 mrd kroner. I tillegg blei anslaget for renteinntekter i Statens petroleumsfond auka med 0,6 mrd kroner.

I vedteke budsjett for 1997 vart løyvingane til Forsvarsdepartementet reduserte med 800 mill kroner på grunn av store overførte løyvingar frå 1996 til 1997. Det var forutsett at denne reduksjonen i løyvingane ikkje skulle gi lågare utgifter i 1997 men reduserte overførte løyvingar frå 1997 til 1998. Både anslag på rekneskap ut frå vedteke budsjett (S III) og ut frå nysaldert budsjett synte derfor 800 mill kroner høgare oljekorrigert underskott enn dei vedtekne budsjetta. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgiften ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 800 mill kroner utover det som var naudsynt for å dekke det budsjetterte oljekorrigerte underskottet.

Ei samla oversikt over løyvingsendringar gjennom 1997 er gjeve i St prp nr 25 (1997-98) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 1997.

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 1997 samanlikna med nysaldert budsjett

I statsrekneskapen for 1997 er oljekorrigert underskott 2,7 mrd kroner lågare enn lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett, for å dekkje det oljekorrigerte underskottet som då vart forutsatt. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 1997 gjort opp med eit overskott på 2,7 mrd kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskottet mellom anslag på rekneskap i nysalderingsproposisjonen og rekneskapen.

Rekneskapen for 1997 syner eit lånebehov på 27,0 mrd kroner som er 3,6 mrd kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga av 1997-budsjettet.

1.4.1 Auka inntekter

Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 4 143 mill kroner i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill kroner):

Skatt på formue og inntekt-53
Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift-108
Tollinntekter-61
Meirverdiavgift2 151
Avgifter på alkohol-205
Avgifter på tobakk88
Avgifter på motorvogner-325
Elektrisitetsavgift-183
Dokumentavgift348
Andre avgifter-82
Sum skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg1 572
Renter og aksjeutbytte74
Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta204
Departementa sine inntekter2 293
Samla meirinntekt4 143

Inntektene under departementa vart 2 293 mill kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket 405 mill kroner høgare enn budsjettert. Elles omfattar desse meirinntektene ei rekke gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m.m.

Rekneskapen vil normalt syne meirinntektar for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet og meirinntekt ved oppdragsverksemd og anna tenesteyting. Meirinntekter som medfører tilsvarande meirutgifter utgjer samla sett om lag 1,5 mrd kroner for 1997.

Dei samla meirinntektene på 1,5 mrd kroner som fører med seg tilsvarande meirutgifter inneber ikkje ei styrking av budsjettbalansen. Det er den resterande auken i inntekter som fører til heile betringa i budsjettbalansen på 2,7 mrd kroner. 1,6 mrd kroner i auka skatte- og avgiftsinntekter er da medrekna.

1.4.2 Reduserte utgifter

I dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl. lånetransaksjonar) vore (Tal i mill kroner):

Overført løyvingAuke/Nedgang (-)
1992-9310 5222 351
1993-949 617-905
1994-959 089-528
1995-9611 7602 671
1996-9711 454-306
1997-989 810-1 643

Det vart i nysaldert budsjett lagt til grunn at overførte løyvingar til neste budsjettår ville bli redusert frå 1996 til 1997. Hovudårsaka var ei forventa reduksjon på om lag 800 mill kroner i lågare overførte beløp under Forsvarsdepartementet. Rekneskapen viser at reduksjonen under Forsvarsdepartementet vart på 1 178 mill kroner.

Nedgangen i overførte beløp når ein held lånetransaksjoner og statleg petroleumsverksemd utanom, var på 1 426 mill kroner.

Meirutgiftene i rekneskapen i forhold til nysaldert budsjett for 1997 er netto på 2 222 mill kroner. Fleire forhold har bidratt til det høgare utgiftsnivået:

  • Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapa enn i budsjetta. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta kjem og inn her.

  • Statlege verksemder har hatt stor auke i oppdragsinntekter og inntekter av anna tjenesteyting som dei kan bruke og som derfor gir meirforbruk under driftsutgiftene.

  • Reduserte overførte løyvingar frå 1997 til 1998 samanlikna med overførte løyvingar frå 1996 til 1997 gir ein tilsvarande meirutgift i rekneskapen for 1997.

  • Investeringane under Jernbaneverket vart 506 mill kroner høgare enn budsjettert, jf at også inntektene til Jernbaneverket er auka med vel 400 mill kroner.

Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapitlar bidrar isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1997. Det gjeld i hovudsak overføringar til Statens pensjonskasse som vart 727 mill kroner lågare enn budsjettert, og dessutan 200 mill kroner lågare refusjon av dokumentavgift ved omorganisering av kraftverk .

1.4.3 Statens petroleumsfond

Det går fram av tabell 1.3 at oljeskattar, utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (Tal i mill kroner):

Oljeskattar og CO2-avgift798
+Inntekter frå statleg petroleumsverksemd76
-Utgifter til statleg petroleumsverksemd-963
=Netto oljeinntekter i alt1 837

Mindreutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart lågare enn rekna med i budsjettet. Driftsresultatet i statleg petroleumsverksemd blir om lag som budsjettert.

Da netto oljeinntekter er rekneskapsført med 1 837 mill kroner meir enn vedteke i nysaldert budsjett, blir brutto overføring til Statens petroleumsfond auka med same beløp, til 86 808 mill kroner. Overføringa frå fondet er slik det var budsjettert med, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 1 837 mill kroner høgare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.

1.4.4 Redusert finansieringsbehov

Rekneskapen for 1997 viser at utgiftene til utlån vart 1 399 mill kroner mindre enn rekna med ved nysalderinga. Mindreutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (Tal i mill kroner):

Lån til Oslo Lufthavn AS-420
Boliglån til statstilsette-231
Statens lånekasse for utdanning107
Den norske stats husbank316
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND-903
SIVA-130
Garantiinstituttet for eksportkreditt-234
Andre utlån96
Samla reduksjon i utlåna-1 399

I 1997 vart inntektene frå tilbakebetalingar 473 mill kroner lågare enn budsjetterte. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå:

Statens lånekasse for utdanning346
Den norske stats husbank-174
Grunnfinansieringsordninga, SND-578
Posten Norge AB120
Andre lånetakarar-187
Samla reduksjon i tilbakebetalingane-473

Sidan netto utlån vart 926 mill kroner lågare enn budsjettert og statsbudsjettet synte eit overskott på 2 721 mill kroner vart statsbudsjettets netto finansieringsbehov 3 647 mill kroner lågare enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.

Da gjeldsavdrag vart omlag som budsjettert vart også brutto finansieringsbehov redusert tilsvarande.