St.prp. nr. 78 (1996-97)

Om endringar i statsbudsjettet for 1997 under kapitla 2711 Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta m v og 2755 Helsetenesta i kommunane

Til innholdsfortegnelse

1 Rammeavtale og tidlegare forhandlingar

I samsvar med rammeavtalen om forhandlingsordninga for privatpraktiserande helsepersonell (legar, fysioterapeutar og psykologar) som blei inngått hausten 1987, er det ordinære avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om driftstilskot og takstar for dei respektive gruppene 1. juli.

Ved oppgjeret pr. 1. juli 1996 blei det gitt eit tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 0,4 pst. for legane, 1,1 pst. for fysioterapeutane og 2,1 pst. for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå same dato.

Dei respektive organisasjonane og Kommunenes Sentralforbund/staten har nå ført forhandlingar om avtalar for perioden 1. juli 1997-30. juni 1998. Forhandlingane for legane er ikkje avslutta. Avtaleframlegga for fysioterapeutane og psykologane har noko ulik utforming. For fysioterapeutane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og driftstilskot med 5,3 pst. og for psykologane ein auke med 4,4 pst. Rammejusteringane er rekna pr. 1. juli 1997.

Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar inn i 1997, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.

Eigenbetalinga frå pasientane skal justerast med i gjennomsnitt 12 pst. for legehjelp og psykologhjelp og 9 pst. for fysioterapi. Det er teke omsyn til justeringane i statsbudsjettet for 1997. Auken i takstane som følgje av dei nye avtalane kjem difor fullt ut på refusjonsdelen.