St.prp. nr. 78 (1996-97)

Om endringar i statsbudsjettet for 1997 under kapitla 2711 Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta m v og 2755 Helsetenesta i kommunane

Til innholdsfortegnelse

2 Avtale om driftstilskot og takstar for legar

Forhandlingane ellom Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten om revidert avtale om driftstilskot og takstar for privatpraktiserande legar for tidsrommet 1. juli 1997-30. juni 1998 tok til i siste del av mai 1997. Forhandlingane er førebels ikkje avslutta. Partane held fram forhandlingane med sikte på å nå fram til ein avtale.

Spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda som følgje av ein ny avtale frå 1. juli 1997 vil ikkje kunne leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane og fastlønstilskotet som følgje av den avtalen partane eventuelt kjem fram til. Det blir lagt til grunn av eigendelane for pasientane skal aukast med 12 pst. i gjennomsnitt. Den endelege løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.