Kva er CO₂-handtering (CCS)?

Kvifor CO₂-handtering?

CO₂-handtering inneber å fange, transportere og lagre CO₂ frå til dømes industriprosessar, kraftproduksjon eller produksjon av hydrogen. På engelsk blir omgrepa Carbon Capture and Storage/Sequestration (CCS) og Carbon Capture, Utilisation and Storage/Sequestration (CCUS) brukt. CCUS omfattar også bruk av CO₂.

Målet med CO₂-handtering er å avgrense utslepp av CO₂ til atmosfæren gjennom å fange CO₂, for deretter å lagre den sikkert. Global CCS Institute har ein database som viser talet på CCS-prosjekt som er i drift og under bygging i dag.

Fangst av CO₂

CO₂ kan mellom anna fangast frå eksosgass på kraftverk og i industriproduksjon. Det er også mogleg å skilje ut CO₂ direkte frå naturgass i samband med behandlinga gassen går gjennom for å oppnå rett kvalitet før han blir sendt til kundane i røyr eller med skip. Det er meir krevjande å fange CO₂ frå eksosgassen til kraftverk og industri, enn å skilje CO₂ ut frå naturgass.

Det finst fleire moglege teknologiar for å fange CO₂ frå eksosgass, og nokre av desse blir testa på teknologisenteret for CO₂-fangst på Mongstad (TCM). Meir informasjon om ulike fangstmetodar finn du på nettsidene til Gassnova.

Transport av CO₂

CO₂ kan transporterast i røyr eller i tankar på til dømes skip, tog og bilar. Kva alternativ som er best, avheng hovudsakleg av mengda CO₂ som skal fraktast og avstanden mellom CO₂-kjelde og CO₂-lager. Skipstransport er mest aktuelt for mindre mengder og lange avstandar og gir stor fleksibilitet. Røyrtransport passar betre for større mengder og kortare avstandar.

Lagring av CO₂

Det er mogleg å lagre store mengder CO₂ på norsk sokkel, og lagringa av CO₂ må skje på ein sikker måte slik at han ikkje lek ut i atmosfæren. I Noreg er det mest aktuelt å lagre CO₂ djupt under havbotnen. Der finst det store geologiske formasjonar som gir eigna lagringsvilkår, og som har eigenskapar som hindrar at CO₂ beveger seg oppover stein- og sandlaga mot havbotnen. Oljedirektoratet har laga eit atlas som viser lagringsmoglegheiter på norsk sokkel. Atlaset viser at det er ein lagringskapasitet på meir enn 80 milliardar tonn CO₂ på norsk sokkel.

Bruk av CO₂ (CCUS)

CO₂ kan også brukast som innsatsfaktor i industriprosessar. Den kan også til dømes brukast i brannsløkkingsapparat, som kjølemiddel, i matvareproduksjon og til reinsing av vatn.

Bruk av CO₂ blir normalt ikkje rekna som eit klimatiltak, då CO₂-en ikkje permanent blir fjerna frå atmosfæren.