15. Livet på land

Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald.

Illustrasjon for bærekraftsmål 15: Livet på land

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Noreg.

15.1) Innan 2020 bevare og gå tilbake til berekraftig bruk av ferskvassbaserte økosystem og tenester som nyttar seg av desse økosystema, på land og i innlandsområde, særleg skogar, våtmarker, fjell og tørre område, i samsvar med forpliktingar etter internasjonale avtalar

15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå

15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing

15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling

15.5) Setje i verk omgåande og omfattande tiltak for å redusere øydelegginga av habitat, stanse tap av biologisk mangfald og innan 2020 verne truga artar og hindre at dei døyr ut

15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje føremålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje

15.7) Setje i verk omgåande tiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel med verna plante- og dyreartar, og handtere både tilbods- og etterspurnadssida ved handelen med ulovlege produkt frå viltlevande dyr

15.8) Innan 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spreiing av framande artar og for å redusere påverknaden frå framande artar på land- og vassbaserte økosystem i vesentleg grad, og dessutan kontrollere eller utrydde prioriterte framande artar

15.9) Innan 2020 integrere verdien av økosystem og biologisk mangfald i nasjonale og lokale planleggingsprosessar, i strategiar for arbeid mot fattigdom og i rekneskapar

15.a) Mobilisere ein vesentleg auke i finansielle ressursar frå alle kjelder for å ta vare på og utnytte biologisk mangfald og økosystem på ein berekraftig måte

15.b) Mobilisere vesentlege ressursar frå alle kjelder og på alle nivå for å finansiere ei berekraftig skogforvaltning, og sørgje for verkemiddel som er eigna til å fremje slik forvaltning i utviklingslanda, mellom anna verkemiddel for bevaring og nyplanting av skog

15.c) Auke den globale støtta til tiltak for å motarbeide krypskyting og ulovleg handel med verna artar, mellom anna ved å styrkje den evna lokalsamfunna har til å nytte dei moglegheitene som finst for å halde oppe eit berekraftig livsgrunnlag

I Noreg har vi gjort mykje for å ta vare på naturen, og norske økosystem har relativt god tilstand. Likevel har vi òg utfordringar, og for å halde oppe tilstanden må vi framleis forvalte økosystema på ein god måte.

For å nå berekraftmål nr. 15 er det naudsynt med ein god og heilskapleg politikk for naturmangfald, landbruk og vassforvaltning og planlegging og styring av arealbruken. Nedbygging, oppstykking og endra bruk av areal er blant dei viktigaste grunnane til at mange naturtypar står i fare for å bli borte i Noreg.

Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold (Meld. St. 14 (2015–2016)) er den viktigaste reiskapen for å nå dei nasjonale måla og Aichi-måla under FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Meldinga presenterer Noregs politikk for å trygge, rette opp att og fremje berekraftig bruk av norske økosystem.

Dei tre nasjonale måla for naturmangfald er 1) økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester, 2) ingen artar eller naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga for trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast, og 3) eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar. Det er Aichi-måla under FN-konvensjonen om biologisk mangfald
som ligg til grunn for desse måla.

I 2020 kom det på plass ein ny tiltaksplan for kampen mot framande skadelege artar. Målet er å redusere dei negative påverknadane frå slike artar innan 2025. Delmålet om å kontrollere eller utrydde framande skadelege arter er krevjande for Noreg å oppnå.

Regjeringa legg hovudvekta på å unngå skade på natur framfor å reparere, men har òg prioritert å restaurere våtmark og vassdrag. I 2021 utarbeida Miljødirektoratet i samråd med fleire andre direktorat ein nasjonal strategi for restaurering av vassdrag, blant anna med mål om å restaurere minst 15 prosent av forringa vassdrag i Noreg innan 2030.

Regjeringa arbeider i tillegg med å utvikle betre metodar for verdsetjing av natur, slik at verdien av økosystemtenester kan bli betre integrert i plan- og vedtaksprosessar.

Noreg er ein pådrivar i det internasjonale samarbeidet om naturmangfald, inkludert arbeidet med ei ny naturavtale under konvensjonen om biologisk mangfald. Gjennom klima- og skoginitiativet støttar Noreg tropiske skogland og deira innsats for å redusere avskoging og øydelegging av skog. Noreg støtter innsats i dei største tropiske skoglanda, mellom anna Brasil, Colombia, Peru, Indonesia, landa i Kongobassenget og Etiopia. Initiativet støtter sivilsamfunn i landa, og vi samarbeider med privat næringsliv for å redusere avskoginga. På denne måten bidrar klima- og skoginitiativet til å ta vare på tropiske skogar med stort artsmangfald.

Til tross for aukande press har det skjedd fleire viktige framsteg i kampen mot avskoging dei seinare åra:

Det finst sterke økonomiske krefter som gjer det vanskeleg å nå berekraftsmål 15, mellom anna skogkriminalitet og andre former for internasjonal miljøkriminalitet. I Meld. St. 19 (2019-2020) Miljøkriminalitet står det at Noreg vil vere ein pådrivar i arbeidet mot miljøkriminalitet. Klima- og skoginitiativet bidrar òg til berekraftig skogforvaltning og til kampen mot internasjonal skogkriminalitet, som inkluderer hogst og sal av tømmer og treprodukt der kriminelle handlingar har gått føre seg i produksjonskjeda.