Forsida

Innspel til strategiarbeidet

Kultur- og likestillingsdepartementet inviterer frivillige organisasjonar, kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar til å komme med innspel til strategiarbeidet og utredninga av regionale kulturfond. Frist for skriftlege innspel er 1. februar 2023.

Politisk leiing vil delta på ulike arrangement og aktivitetar lokalt og regionalt, og det leggast opp til eit nasjonalt innspelsmøte ved årsskiftet.

Strategien vil omhandle verkemiddel og tiltak for ein nasjonal politikk for kulturfrivilligheit der både staten, fylkeskommunane og kommunane har viktige oppgåver og ansvar. Strategien skal vurdere dagens ordningar og tiltak som bidreg til å nå mål om deltaking for alle, likestilling og mangfald, og meir kunst- og kulturaktivitet lokalt og regionalt. Strategien skal legge til rette for samspel mellom den profesjonelle og frivillige kulturen om moglegheiter og utfordringar feltet står overfor.

Departementet ber om at innspel tek utgangspunkt i følgande tema og spørsmål:

1. Brei deltaking og tilgang på kunst og kulturaktivitet i heile landet

Frivillig innsats er heilt avgjerande for å skape aktivitet lokalt og regionalt. Fleire er bekymra for rekruttering både av publikum, frivillige og deltakare i kulturaktivitetar etter koronaen, spesielt for barn og unge. Spørsmål:

  • Kva er dei største utfordringane for at fleire skal kunne delta i kulturfrivilligheita?
  • Kva slags erfaringar har lag og foreiningar gjort seg under og etter koronaen?
  • Kva kan gjerast for å nå grupper som i mindre grad deltek og inkludere fleire i aktivitetar?

2. Møteplassar og tilgang på egna kulturarenaer for aktivitet, læring og opplevingar

Kulturfrivilligheita er avgjerande for læring og kompetansemiljø over heile landet, og bidreg til å gjere den profesjonelle kulturen meir tilgjengeleg for folk. Ei av dei store utfordringane lokalt og regionalt er tilgangen på gode lokale og kulturarenaer for øving og framføring. Spørsmål:

  • Kva kjenneteiknar møteplassar der det er lagt til rette for læring og gode opplevingar?
  • Kva er dei største utfordringane og suksessfaktorane for å sikre tilgang på egna lokale og kulturarenaer?
  • Kva slags gode eksempel finnast og korleis kan ein lære meir av kvarandre?

3. Samspel mellom den profesjonelle og frivillige kulturen

Det frivillige og det profesjonelle kulturlivet er gjensidig avhengig av kvarandre. Kulturfrivilligheita er ein viktig del av arbeidsmarknaden for profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar (lyd, lys, dirigentar, instruktørar o.a.), og mange deler av det profesjonelle kulturlivet er avhengig av tilgang på frivillige ressurspersonar (festivalar, spel, opera, museum o.a.). Spørsmål:

  • Kva er erfaringane frå samarbeid og samspel mellom den profesjonelle og frivillige kulturen?
  • Kva slags gode eksempel finnast og korleis kan ein lære meir av kvarandre?
  • Korleis kan samspelet bli enda betre og kva vil ein oppnå med dette?

4. Offentlege tilskotsordningar og tiltak

Offentlege myndigheiter på ulike forvaltningsnivå bidreg både gjennom direkte tilskot, ved å leggje til rette for at aktivitet kan gjennomførast, og gjennom dialog og samhandling med sentrale organisasjonar. Spørsmål:

  • Kva er dei største utfordringane med dagens ordningar og korleis kan dei bli enda betre?
  • Kva hindrar og fremmar frivillig engasjement og kva kan gjerast for å forenkle og samordne ordningar?
  • Korleis kan offentlege myndigheiter få til et godt samarbeid og samspel med frivillige organisasjonar?
  • Korleis kan verkemiddel og tiltak på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå innrettast for å bli enda betre?

Regionale kulturfond

Regjeringa har satt i gang ei utredning av regionale kulturfond som skal stimulere til auka kunst- og kulturaktivitet lokalt. Målet er å styrke samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit. Regionale kulturfond skal vere eit supplement til Norsk kulturfond, som forvaltast av Norsk kulturråd og som har heile landet som verkeområde. Departementet ber om innspel til utredninga av regionale kulturfond i tilknyting til strategiarbeidet.

Aktuelle spørsmål:

  • Korleis kan eit regionalt kulturfond innrettast for å supplere – og ikkje overlappe - ordningar som allereie finst?
  • Korleis kan eit regionalt kulturfond innrettast på ein måte som minimerer dei administrative byrdene?

Korleis levere innspel

Vi oppmodar paraplyorganisasjonar og sentralledd i nasjonale organisasjonar til å sette i gang prosessar i eigen organisasjon med sikte på å levere skriftlege innspel.

Meir informasjon vil bli lagt ut om eventuelle regionale og nasjonale arrangement. Her er det  ønskeleg å inngå samarbeid med kommunesektoren.

Skriftlege innspel sendast til postmottak@kud.dep.no innan 1. februar 2023. Merk e-posten med "Innspel kulturfrivilligheit". Mottatte innspel er offentlege etter Offentleglova og vil bli lagt ut på denne sida.