Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

10 Forslag om endringar i opplæringslova § 13-7 (tekniske endringar)

I opplæringslova § 13-7 sjette ledd om skolefritidsordninga er det vist til same lov § 10-9 slik at reglane om politiattest i skolen skal gjelde tilsvarande for skolefritidsordninga.

Det blir her vist til første og tredje ledd i § 10-9, dvs. om politiattest for tilsette i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Men det blir same stad ikkje vist til andre ledd om politiattest for andre som regelmessig oppheld seg i skolen, heller ikkje til fjerde ledd, som har forskriftsheimel.

Departementet meiner at desse tilvisingane dels er feil, dels er mangelfulle, og har derfor i høringsforslaget foreslått å endre dei. Det er foreslått at tilvisinga blir gjord til første, andre og fjerde ledd. Det vil i så fall innebere at politiattest framleis kan krevjast framlagd av dei som skal tilsetjast i skolefritidsordninga, at attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn, og at personar som er dømde for slike overgrep, ikkje kan bli tilsette i skolefritidsordninga. På dette punktet blir det altså ikkje foreslått endringar i gjeldande rett.

Derimot blir det foreslått at kommunen kan krevje politiattest etter andre ledd også for andre personar som regelmessig oppheld seg i skolefritidsordninga. Eit slikt forslag vil innebere ei lovendring. I tillegg blir det foreslått at departementet kan gi forskrifter om politiattest for skolefritidsordninga. Dette inneber også ei lovendring. Det er ikkje gitt at endringsforslaga vil innebere noka endring i høve til dagens praksis, men dei vil i alle fall innebere opprettingar av lovteksten i teknisk forstand. Departementet meiner at dette vil gi meir harmoni i føresegnene om politiattest i opplæringslova.

Sidan forslaget berre er ei teknisk justering i opplæringslova § 13-7, har det fått tilslutning i høringa frå dei som har kommentert dette. Éin høringsinstans har likevel ei prinsipiell innvending, jf. synspunkt ovanfor om politiattest for dei som regelmessig oppheld seg i musikk- og kulturskolar utan å vere tilsette der. Denne innvendinga blir det peikt på også når det gjeld skolefritidsordninga. Departementet sluttar seg ikkje til desse innvendingane og viser til det som er sagt om dette ovanfor.

På bakgrunn av det ovannemnde vil departementet halde fast ved forslaget slik det vart foreslått i høringa.

Til forsida