Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

5 Forslag i privatskolelova om å lovfeste plikt for private skolar til foreldresamarbeid

5.1 Bakgrunnen for lovforslaget

I mai 2008 behandla Stortinget eit lovforslag om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG). Forslaget innebar at mandatet også skulle omfatte det første året i vidaregåande opplæring. I Ot.prp. nr. 40 (2007-2008) framheva departementet at det ikkje såg noko behov for å presisere plikt til foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring i ei eiga lovføresegn. Departementet meinte at det eksisterande regelverket, med ulike reglar om foreldresamarbeid, var tilstrekkeleg. Lovendringsforslaget om å utvide mandatet for FUG i opplæringslova vart vedteke som foreslått. Under stortingsbehandlinga gav komiteen likevel uttrykk for at han ønskte eigne reglar om plikt til foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring. Det førte til dette oppmodingsvedtaket, innteke i Innst. O. nr. 51 (2008-2009) pkt. III B:

«Stortinget ber regjeringen snarest utarbeide forslag til bestemmelser som forplikter videregående skole til foreldresamarbeid.»

Oppmodingsvedtaket vart forstått som ei oppmoding om nødvendige endringar i opplæringslova. Eit lovendringsforslag om foreldresamarbeid vart derfor sendt til høring hausten 2008. Forslaget vart vedteke av Stortinget i juni 2009. Føresegna, som forpliktar kommunar og fylkeskommunar til foreldresamarbeid, er innteken som § 13-3d i opplæringslova. Føresegna gjeld grunnskolar og vidaregåande opplæring og tredde i kraft 1. august 2009. I høringa peikte somme høringsinstansar på at ei tilsvarande plikt til foreldresamarbeid bør innførast også for private skolar.

5.2 Gjeldande rett

Opplæringslova § 13-3d lyder:

« § 13-3d Plikt for kommunen og fylkeskommunen til foreldresamarbeid

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for samarbeid med foreldre, høvesvis i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Organiseringa av foreldresamarbeidet skal ta omsyn til lokale tilhøve. Departementet gir nærmare forskrifter.»

Privatskolelova har inga slik uttrykkeleg føresegn om foreldresamarbeid. Men ho har enkelte føresegner som føreset samarbeid mellom heim og skole. I formålsføresegna, i § 1-1 siste ledd, heiter det m.a.: Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Formålsføresegna i lova gjeld både grunnskolar og vidaregåande opplæring.

Når det gjeld grunnskolane, er det reglar i § 5-3 om elevråd og § 5-4 om foreldreråd. Foreldrerådet består av alle foreldra til elevane ved skolen.

I § 3-9 i forskrifta til privatskolelova, Kontakt med heimen i grunnskolen, heiter det m.a. at skolen skal halde god kontakt med foreldra eller dei føresette. Denne føresegna er også avgrensa til å gjelde grunnskolar.

5.3 Høringa

5.3.1 Høringsforslaget frå departementet

Departementet foreslo å innføre ei ny føresegn i kap. 7 i privatskolelova som lovfester plikt for skolen til å sørgje for foreldresamarbeid. Det vart også foreslått at det måtte takast omsyn til lokale forhold i organiseringa av dette samarbeidet. Det vart foreslått ein forskriftsheimel, slik at foreldresamarbeidet kunne regulerast nærmare i forskrift.

5.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane

31 av 49 høringsinstansar har ikkje kommentarar til forslaget.

Åtte høringsinstansar støttar forslaget utan nærmare grunngiving. Desse er Fylkesmennene i Hordaland, Vestfold og Hedmark, Skien kommune, Universitetet i Agder, Høgskolen i Oslo, Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) og ADHD Norge.

Ni høringsinstansar støttar forslaget med atterhald eller nærmare kommentarar. Desse er Drammen kommune, Barneombodet, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), Norsk skoleleiarforbund, Skolenes landsforbund, LO, Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) og Kristne friskolers forbund (KFF). Kommentarane går i det vesentlege ut på at det her synest naturleg med likebehandling av offentlege og private skolar, og at plikta må gjelde både grunnskolar og vidaregåande opplæring. Utdanningsforbundet peiker i høringsfråsegna på at den sistnemnde ikkje berre må gå fram av kommentarane til lova, men av sjølve lovteksten.

Eit par høringsinstansar peiker på at det er viktig at lovteksten inneheld ein forskriftsheimel, sidan lova elles er svært generelt formulert.

KFF understrekar at foreldresamarbeidet ved private skolar er noko annleis enn ved dei offentlege skolane. Frå høringsfråsegna er det her sitert:

«Privatskoler har mye av sin basis i foreldrenes rett til og ansvar for å velge oppdragelse og undervisning for sine barn, det vil derfor være både nødvendig og naturlig med et tett foreldresamarbeid.

Samtidig vil vi bemerke at privatskoleloven sier at grunnskolenes styre skal ha en foreldrerepresentant med uttalerett, forslagsrett og rett til å få ført sin mening i protokollen. Foreldresamarbeidet vil derfor kunne arte seg noe annerledes på de private grunnskolene enn i de offentlige, hvor denne ordningen ikke er lovfestet. Dette burde vært bemerket i lovforarbeidet.»

Éin høringsinstans, Høgskolen i Bergen, er imot forslaget. I høringsfråsegna heiter det:

«I høringsnotatet er det foreslått å lovfeste plikt til foreldresamarbeid i privatskoleloven. Slik gjeldende lov er, kan skolen vanskelig komme utenom samarbeid med foreldre. Plikten om samarbeid ligger implisitt i regelverket. Å bruke ord som «plikt» gir et dårlig signal til samarbeidspartnerne, spesielt når forventinger til samarbeidet kan formuleres på en adskillig bedre måte, slik som gjeldende lov er formulert. Høgskolen er imot endringsforslaget.»

5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Generelt og uavhengig av høringa meiner departementet at ei tilsvarande plikt til foreldresamarbeid bør gjelde for dei private skolane som for dei offentlege. Nært samarbeid mellom skole og foreldre er sett på som verdifullt og nødvendig for å skape godt grunnlag for læring. Det gjeld i heile grunnopplæringa, men først og fremst i grunnskolen og det første året i vidaregåande opplæring. Når det gjeld overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring spesielt, er denne krevjande for mange elevar på grunn av at det skal takast vanskelege og viktige val. Det har da mykje å seie at foreldra opptrer som gode rådgivarar for barna sine. Det er formålstenleg å sjå samarbeidet mellom skole og heim i grunnopplæringa i samanheng, ikkje minst som verkemiddel for å få redusert det store fråfallet i vidaregåande opplæring.

Departementet meiner derfor at det er formålstenleg med ei føresegn som forpliktar private skoleeigarar til foreldresamarbeid. Plikta bør gjelde for både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

I høringa peiker Utdanningsforbundet på at det må gå fram av lovteksten at plikta skal gjelde for både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Dette går uttrykkeleg fram av den tilsvarande føresegna i opplæringslova. Departementet er samd med Utdanningsforbundet og vil ta omsyn til dette ved utforminga av det endelege forslaget til lovtekst. Departementet er vidare samd med dei høringsinstansane som hevdar at lovteksten er svært generell, og at dette gjer ein forskriftsheimel nødvendig. Departementet tek sikte på å utarbeide utfyllande forskrifter som kan tre i kraft på same tidspunkt som den foreslåtte lovføresegna. Departementet har forståing for kommentarane frå Høgskolen i Bergen om at samarbeidsplikta allereie går fram av regelverket. Men det synest samtidig klargjerande å slå denne plikta fast i ei uttykkeleg lovføresegn. Dette gjeld ikkje minst fordi det allereie er gjort i opplæringslova.

På bakgrunn av det ovannemnde og den breie tilslutninga forslaget har fått i høringa, vil departementet fremje forslaget i privatskolelova om å innføre plikt for skolen til foreldresamarbeid. I lovteksten vil det bli presisert at plikta gjeld både grunnskole og vidaregåande opplæring. Forskriftsheimelen i lovforslaget vil bli halden ved lag.

Departementet viser elles til lovforslaget § 7-1 d og merknadene i kapittel 12.

Til forsida