Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

12 Merknader til lovforslaget

12.1 Endringar i opplæringslova

Til § 2-10 nytt tredje ledd

Forslaget til endringar i føresegnene inneber at rektor kan bestemme at lærarar skal ha mynde til å vise bort elevar. Føresetnadene for dette er for det første at bortvising er innteke i ordensreglementet i samsvar med første ledd, for det andre «med mindre kommunen ikkje har fastsett noko anna». Denne passusen i det nye tredje leddet viser til at kommunen ved fastsetjinga av ordensreglement kan bestemme om slikt høve til å delegere skal liggje føre eller ikkje. Den nærmare ramma for og innhaldet i høvet til å delegere, vil følgje av denne lovføresegna.

Høvet for lærarar til å vise bort etter delegert mynde gjeld for eiga undervisning og for ei opplæringsøkt, avgrensa oppover til to klokketimar. Rektor kan såleis ikkje vedta å gi lærarar mynde til å vise bort elevar frå si eiga undervisning for meir enn ei opplæringsøkt. Ei opplæringsøkt omfattar undervisning som blir gitt av den same læraren eller den same gruppa av lærarar over ein samanhengande tidsperiode. Ei slik opplæringsøkt kan ikkje omfatte undervisning i meir enn to klokketimar. Om det er lagt inn småpausar i opplæringsøkta eller ikkje, blir i denne samanheng ikkje avgjerande.

Lærarar kan berre delegerast mynde til å vise bort frå «eiga» undervisning. Dei kan såleis berre vise bort elevar frå den undervisninga dei har ansvaret for. Avgjerd om bortvising frå undervisning som andre lærarar har ansvaret for, kan ikkje gjerast av lærarar, men må eventuelt gjerast av rektor. Vidare kan ein lærer berre vise bort frå sjølve undervisninga. Dersom det er tale om bortvising der eleven blir send heim, må dette vedtakast av rektor sjølv, og myndet til slik bortvising kan ikkje delegerast.

Rektor står fritt til slik å delegere til ein, fleire eller alle lærarar ved skolen. Som elles ved delegering bør rektor gjere ei konkret vurdering av det formålstenlege og forsvarlege ved delegeringa.

Eit vedtak om bortvising av ein elev for opptil to klokketimar er ikkje å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 3.

Til § 2-12

§ 13-7a om leksehjelp er medteke i opprekninga i § 2-12. Det inneber at føresegna i opplæringslova om leksehjelp også gjeld for dei private grunnskolane som er regulerte av § 2-12.

Til § 3-3 første ledd

Nemninga «kompetanse på lågare nivå» blir erstatta med «grunnkompetanse». Endringa inneber inga realitetsendring, men er ei tydeleggjering av at kompetansen kan vere både sluttkompetanse og grunnlag for vidare påbygging til studiekompetanse og yrkeskompetanse.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 8.

Til § 3-8 første ledd

Departementet viser til merknadene framanfor til tilsvarande endring i § 2-10.

Til § 7-3 nytt andre ledd

Første punktum inneber at barn med funksjonshemming, mellombels skade eller sjukdom som har behov for skyss, og som har tilbod om plass i skolefritidsordninga, har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Det er ikkje tilstrekkeleg at barnet har ei funksjonshemming, ein skade eller sjukdom. Det krevst at funksjonshemminga, skaden eller sjukdommen gjer det nødvendig med skyss. Rettane gjeld skyssbehov knytte til både psykisk og fysisk funksjonshemming, skade eller sjukdom. Kriteria for å få skyss etter andre ledd samsvarer med kriteria for å få skyss til og frå skole etter første ledd.

Andre punktum presiserer at barnet ikkje har rett til skyss til og frå eit eventuelt tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.

Tredje punktum presiserer at retten til skyss gjeld uavhengig av veglengda til og frå skolefritidsordninga.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 4.

Til § 7-4 nytt tredje punktum

Lovendringa inneber at barn som har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga etter lovforslaget § 7-3 andre ledd, også har rett til reisefølgje når barnet ikkje kan reise aleine, og til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før skolefritidstilbodet begynner og etter at skolefritidstilbodet er slutt.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 4.

Til § 9-4

Kva som er offisiell norsk rettskriving, går fram av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (begge utarbeidde i samarbeid med Språkrådet), av andre ordbøker Språkrådet har gjennomgått og kontrollert, og av ordlister og ordbøker til skolebruk som er godkjende av Språkrådet etter fjerde ledd.

Læreboknormalen er ei noko snevrare norm med færre valfrie former. Dei former innanfor rettskrivinga som fell utanfor læreboknormalen, dei såkalla sideformene, står i ordbøkene oppførte i skarpe klammer og er derfor også kalla klammerformer. Klammerformene skal ikkje brukast når det skal skrivast etter læreboknormalen.

I samband med revisjonen av bokmålsrettskrivinga (gjeldande frå 1. juli 2005) vart systemet med sideformer oppheva i bokmål. Tidlegare sideformer vart dels tekne ut av rettskrivinga, dels oppgraderte til hovudformer. Etter dette finst det ikkje lenger nokon særskild læreboknormal i bokmål, og alle former innanfor den offisielle rettskrivinga kan brukast også i lærebøker. I nynorsk derimot består det gamle skiljet framleis, og her er det berre hovudformene innanfor rettskrivinga som kan brukast i lærebøker m.m.

Norsk rettskriving, under dette læreboknormalen, er forvalta av Språkrådet, men eventuelle endringar i rettskrivinga og læreboknormalen krev i dag godkjenning av Kulturdepartementet.

I forslaget til endringar i § 9-4 andre ledd er det no inkludert både lærebøker og «tilsvarande digitale læremiddel». Den siste gruppa skal gjelde digitale læremiddel produserte for bruk i opplæringa i skolen, som digitale lærebøker og læringsplattformer. Nyheitsartiklar og liknande som blir henta frå Internett til bruk i opplæringa, vil derimot ikkje vere inkluderte.

I andre ledd er det utrykkeleg nemnt at også samiske lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med offisiell rettskriving. Arbeidet med samisk rettskriving går i utgangspunktet føre seg på fellesnordisk plan, i regi av Samisk språknemnd. Gjeldande rettskrivingsnormalar vart utarbeidde og vedtekne på 1970- og begynninga av 1980-talet. På norsk side vart den sørsamiske rettskrivingsnormalen som Samisk språknemnd hadde vedteke, godkjend av Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1978. Tilsvarande vart nordsamisk rettskriving godkjend i 1979 og lulesamisk i 1984. Den nordsamiske normalen vart sidan noko justert i 1985. Samisk språknemnd arbeider også med kontinuerlege tilpassingar av rettskrivinga. Med verknad for Noreg er det Sametinget som formelt fastset skrivemåten av samiske ord og uttrykk innanfor ramma av dei fastsette nordiske rettskrivingane.

Det er gjort eit uttrykkeleg unntak i siste ledd frå første og fjerde ledd for samiske læremiddel. Dette er gjort for ikkje å skape usikkerheit om bruksområda for føresegnene. Med læremiddel er her meint slike lærebøker og andre læremiddel, ordlister og ordbøker, som føresegnene i høvesvis første og fjerde ledd omhandlar.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 6.

Til § 10-4

Unntaket frå utlysingsplikta for undervisningsstillingar og rektorstillingar blir utvida til også å gjelde der arbeidsgivaren skal tilby stillinga til deltidstilsette som har fortrinnsrett etter arbeidsmiljølova § 14-3.

Departementet viser særskilt til arbeidsmiljølova § 14-3 pkt. 2 om at det er eit vilkår for fortrinnsrett at arbeidstakaren er kvalifisert for stillinga.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 7.

Til § 13-6 nytt andre ledd

Det er foreslått at kravet om politiattest skal gjelde for musikk- og kulturskolar på tilsvarande måte som for grunnskolen.

Kravet er innført ved å vise til dei generelle føresegnene i opplæringslova om politiattest, dvs. § 10-9 første, andre og fjerde ledd. Det er ikkje foreslått tilvising til opplæringslova § 10-9 tredje ledd, som gjeld vidaregåande opplæring.

Tilsvarande tilvisingsteknikk er brukt når det gjeld kravet om politiattest for skolefritidsordninga.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 9.

Til § 13-7 sjette ledd

I § 13-7 i opplæringslova, som gjeld skolefritidsordninga, er det i sjette ledd vist til opplæringslova § 10-9 første og tredje ledd. Dette er gjort for at føresegnene om politiattest skal kunne brukast tilsvarande som for skolefritidsordninga. Tilvisinga til tredje ledd er likevel misvisande, sidan tredje ledd gjeld vidaregåande opplæring. Tilvisinga må vere til første ledd (som allereie står der i dag) og til andre og fjerde ledd. Andre ledd gjeld krav om politiattest for andre som oppheld seg regelmessig i skolen. Tilsvarande må gjelde for skolefritidsordninga. Fjerde ledd gjeld heimelen for departementet for å gi forskrifter. Dei forskriftene som er gitt på området, gjeld også for skolefritidsordninga.

Departementet ser på dette som endringar av teknisk karakter, og viser også til vurderingane i kapittel 10.

Til § 13-7a

Første ledd i føresegna slår fast at kommunane har plikt til å ha eit tilbod om leksehjelp. Med leksehjelp er meint både hjelp til lekser i tradisjonell forstand og hjelp til skolearbeid elles. Leksehjelp skal tilbydast uavhengig av om skolen gir elevane lekser i tradisjonell forstand. Føresegna inneber inga endring i den fridommen skolen har til å bestemme om og kor mykje lekser som skal givast. Av første ledd går det vidare fram at leksehjelptilbodet skal gjelde for elevar på 1.-4. årstrinn. Leksehjelpa skal ikkje vere ein del av den obligatoriske grunnopplæringa.

Andre ledd regulerer sentrale element i forslaget. Det skal vere gratis å delta. Elevane skal ha rett til å delta, men det skal vere frivillig om elevane ønskjer å delta.

Tredje ledd fastslår at kravet om politiattest også skal gjelde for leksehjelparar. Reglane om politiattest for grunnskolen er gitt tilsvarande bruk, både for leksehjelparar som er tilsette i skolen, og for leksehjelparar som utan tilsetjingsforhold i skolen regelmessig oppheld seg der.

Fjerde ledd inneheld ein forskriftsheimel.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 2.

12.2 Endringar i privatskolelova

Til § 3-10 første ledd

Departementet viser til merknadene til tilsvarande endringar i opplæringslova § 2-10 og § 3-8.

Til § 7-1d

Lovforslaget i privatskolelova § 7-1d legg ei plikt på skoleeigaren. Som i den tilsvarande føresegna i opplæringslova foreslår departementet at føresegna her skal gjelde for både grunnskolar og vidaregåande opplæring.

I lovforslaget er det lagt éi føring for det nærmare innhaldet i foreldresamarbeidet, nemleg at det må takast omsyn til lokale tilhøve i organiseringa av det. Elles er det opp til dei involverte partane, skoleeigaren på den eine sida og foreldra på den andre, korleis dette samarbeidet nærmare skal organiserast. I grunnskolen kan eit slikt foreldresamarbeid m.a. skje gjennom foreldreråda, jf. privatskolelova § 5-4.

Når det gjeld vidaregåande opplæring, eksisterer ikkje foreldreråd som noko brukarorgan ved skolane. Lokalt må skoleeigaren organisere dette samarbeidet med foreldra.

Departementet er vidare gitt høve til å gi forskrifter på området.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 5.

Til § 7-1e

Tilsvarande kommentarar gjeld som for § 13-7a i opplæringslova.

12.3 Iverksetjing

Merknad til romartal III om iverksetjing

Departementet tek sikte på at lovendringane i opplæringslova og privatskolelova blir sette i kraft 1. august 2010. Forslaget om rett til skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordninga vil bli sette i kraft seinast 1. januar 2011.

Til forsida