Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar av høringsforslaget

11.1 Plikt til å tilby leksehjelp til elevar på 1.-4. årstrinn

For budsjettåret 2010 har Stortinget løyvt 177,6 mill. kroner til åtte timar gratis leksehjelptilbod fordelt på 1.-4. trinn, jf. Prp. 1 S (2009-2010). Av dette vil 173,7 mill. kroner bli lagt inn i rammetilskotet til kommunane, og 3,8 mill. kroner blir løyvt til private skolar med rett til statstilskot. I tillegg vil det bli teke omsyn til dei statlege grunnskolane og til overføringar til Svalbardbudsjettet.

For å sikre kvalitet i tilbodet er det i kostnadsberekningane lagt til grunn fagarbeidarlønn, og det er gitt eit påslag på 25 pst. til administrasjon, slik at det blir lagt inn ei kostnadsdekning for at pedagogisk personale kan hjelpe til i samband med organiseringa. Dette gir ein kostnad på om lag 53 mill. kroner per time per år og om lag 22 mill. kroner i halvårseffekt per time hausten 2010. Med åtte timars leksehjelptilbod er heilårseffekten berekna til om lag 424 mill. kroner.

Departementet legg til grunn at kommunane og fylkeskommunane finn praktiske løysingar på skyssbehov i samband med leksehjelpa. Departementet viser i den samanheng også til at timane med leksehjelp vil føre til reduserte utgifter til skolefritidsordninga, fordi elevane oppheld seg mindre tid der. Reduserte kommunale utgifter til skolefritidsordninga er ikkje trekte frå i finansieringsgrunnlaget for leksehjelpa. Kommunane kan derfor nytte desse midlane til andre formål, under dette skyss - føresett at dei ikkje vel å redusere foreldrebetalinga. Meirkostnader knytte til skyss må dekkjast innanfor dei gjeldande budsjettrammene for kommunane og fylkeskommunane.

11.2 Bortvising

Den foreslåtte endringa av føresegnene om bortvising vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

11.3 Skyss for funksjonshemma til og frå skolefritidsordning

Det finansielle ansvaret for skoleskyssen følgjer av opplæringslova § 13-4. Av denne går det fram at det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle dei fleste skyssrettane i grunnskolen. Vidare må kommunen dekkje dei delane av utgiftene for fylkeskommunen som svarer til vanleg persontakst.

Når det gjeld auka kostnader med forslaget, kan det visast til kap. 4 ovanfor om fråsegnene frå høringsinstansane og departementet si vurdering. Departementet legg opp til at kommunane og fylkeskommunane vil bli kompensert for meirkostnadene. Føresegna vil bli sette i kraft seinast 1. januar 2011. Departementet vil komme tilbake til tidspunkt for iverksetjing og til finansiering av tiltaket i ordinært budsjettframlegg for Stortinget.

11.4 Plikt for private skolar til foreldresamarbeid, i privatskolelova

Lovendringsforslaget inneber ei presisering av plikta til foreldresamarbeid. Denne plikta er allereie lovfest i privatskolelova med tilhørande forskrift. Både formålsføresegna i privatskolelova, § 1-1, og enkelte andre føresegner, sjå ovanfor, fastslår dette. Forslaget understrekar altså berre ei eksisterande plikt til foreldresamarbeid. Det kan på denne bakgrunn ikkje antakast at lovendringsforslaget vil ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

11.5 Endringar i opplæringslova § 9-4 som gjeld lærebøker og andre læremiddel (språknorm)

Somme av lovendringane er av teknisk karakter og vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Utvidinga av andre ledd til også å gjelde digitale læremiddel vil heller ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar, sidan ein kan rekne med at lovendringa vil vere i samsvar med det som er dagens praksis. Dei nye føresegnene som gjeld samisk slår i all hovudsak fast gjeldande praksis og vil heller ikkje ha økonomiske konsekvensar.

11.6 Utlysing av deltidsstillingar

Forslaget inneber verken økonomiske eller administrative konsekvensar av betydning. Forslaget kan medføre at kommunen/fylkeskommunen sparer noko tid og pengar i tilsetjingsprosessen.

11.7 Endring av nemninga kompetanse på lågare nivå til grunnkompetanse

Den foreslåtte endringa er berre av rettsteknisk art, med det siktemål å gjere innhaldet i gjeldande rett tydelegare. Lovendringa vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

11.8 Krav om politiattest ved tilsetjing i musikk- og kulturskolar

Forslaget inneber ei utviding i høve til i dag m.o.t. kven som vil vende seg til politiet og be om politiattest. Krav om framlegging av politiattest gjeld i dag berre for dei som blir tilsette i skolane, ikkje for dei som allereie er tilsette. Det same vil gjelde for musikk- og kulturskolane. I overkant av 2 500 årsverk er knytte til musikk- og kulturskolane. Ca. 5 500 personar driv undervisning ved desse skolane. 88 % av dei har deltidsstilling. Departementet har ikkje samla tal på nytilsetjingar per år.

Politietaten vil generelt ha noko arbeid og visse kostnader knytte til utferdinga av politiattestar. Sidan det vil bli kravd politiattest frå nokon fleire enn tidlegare, vil naturleg nok arbeid og kostnader auke noko. Det er likevel rekna med at auken vil vere avgrensa, og at endringa ikkje vil ha vesentlege økonomiske konsekvensar for politietaten eller andre.

11.9 Tekniske endringar i opplæringslova §§ 2-12 og 13-7 sjette ledd

Forslaga er av teknisk art og inneber ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida