Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

2 Forslag om å lovfeste plikt til å tilby leksehjelp til elevar på 1.-4. årstrinn

2.1 Bakgrunnen for lovforslaget

St.meld. nr. 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen understrekar kor viktig det er å styrkje opplæringa i fag, leksehjelp og dagleg fysisk aktivitet. Viktige målsetjingar i skolen er auka læring, trivsel og meistring for alle elevar, samt at skolen kan medverke til å utjamne sosiale forskjellar. Skolens rolle som reiskap for sosial utjamning må styrkjast. Det er forskjellar i kor mykje oppfølging av lekser elevane får heime. Alle elevar bør derfor få tilbod om leksehjelp, slik at også dei elevane som ikkje får så mykje støtte heimanfrå, kan ha betre nytte av det arbeidet dei gjer utanom skoletimane.

På denne bakgrunn er det løyvt midlar til leksehjelp i Prp. 1 S (2009-2010). Løyvinga gjeld til saman åtte timar gratis leksehjelp etter obligatorisk skoletid per veke for 1.-4. årstrinn, dvs. i gjennomsnitt to timar per veke for kvart av desse trinna. Dette er eit målretta tiltak for elevar og foreldre som ønskjer støtte i læringa, og er også i samsvar med strategien om tidleg innsats for betre læring.

2.2 Gjeldande rett

Det finst ingen føresegner i opplæringslova om tilbod om leksehjelp for elevar som ønskjer det. Privatskolelova har heller ikkje slike føresegner. Det finst heller ikkje eksplisitte føresegner som regulerer lekser. Skolen kan likevel gi lekser som ein del av undervisningsopplegget. Dette følgjer av opplæringslovas system kombinert med sedvanerett.

I opplæringslova kap. 13 finst det i dag to føresegner som regulerer fritidsaktivitetar og som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa eller den vidaregåande opplæringa. Det er § 13-6 om musikk- og kulturskoletilbod og § 13-7 om skolefritidsordninga. I tillegg kjem § 2-3 tredje ledd, som på grunnskolenivå gir forskriftsheimel for «aktivitetar som ikkje er fag», og som er grunnlag for å fastsetje forskrifter om fysisk aktivitet. Dette siste er aktivitetar som er ein del av grunnskoleopplæringa og såleis ein del av den pliktige opplæringa, men som ikkje er fag.

2.3 Høringa

2.3.1 Høringsforslaget frå departementet

Departementet foreslo at det i opplæringslova § 13-7a vart teke inn ei føresegn om at kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp etter skoletid for elevar på 1.-4. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta, men deltaking skal vere frivillig. Ei tilsvarande føresegn vart foreslått innteken i privatskolelova § 7-1e. For private grunnskolar godkjende etter opplæringslova § 2-12 vart det foreslått at føresegna i opplæringslova skal gjelde tilsvarande.

Det vart foreslått at tilbodet administrativt blir lagt under rektor i offentlege grunnskolar, i private skolar under leiing av styret.

Departementet foreslo vidare at reglane i § 10-9 første, andre og fjerde ledd om politiattest skal gjelde tilsvarande for dei som skal gi leksehjelp.

Ein forskriftsheimel opnar for at departementet kan gi utfyllande føresegner. I forslaget varsla departementet utfyllande forskrifter om omfang av leksehjelpa, og at det ville bli vurdert nærmare regulering av leksehjelptilbodet, irekna eventuelle krav til kvalifikasjonar hos den som gir leksehjelpa.

2.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane

15 av 106 instansar som har gitt høringsfråsegn har ikkje kommentarar til forslaget. Éin høringsinstans, Trondheim kommune, støttar forslaget utan nærmare grunngiving.

Dei andre 90 høringsinstansane stiller seg i det vesentlege positive til leksehjelp, men dei fleste tek klare atterhald og fremjar føresetnader for å støtte forslaget. Desse kan både seiast å støtte forslaget med atterhald, og seiast å vere imot forslaget slik det er utforma frå departementet si side. Nokre av dei 90 fråsegnene er fellesfråsegner, dvs. at fleire har slått seg saman om ei felles fråsegn. Det betyr at det reelt sett er noko meir enn 90 høringsinstansar i denne gruppa. Høringsinstansane er Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, sju fylkesmannsembete, seks fylkeskommunar, 53 kommunar, Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), KS, Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Norsk skoleleiarforbund, Skolenes landsforbund, Norsk Lektorlag, LO, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), Norges handikapforbund, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), Kristne Friskolers forbund (KFF), Musikernes fellesorganisasjon (MFO), Statens råd for likestilling av funksjonshemma, Skatval skole v/FAU, Skolefaglege rådgivarar i Aust-Agder, Oslo katolske bispedømme, Norsk Montessoriforbund og Hedmark Trafikk FKF.

Dei aller fleste av desse høringsinstansane meiner at det må knytast skyssordning til forslaget, dvs. at det må liggje føre rett til skyss for elevane etter at dei har delteke i leksehjelptilbodet. Skyssen må vere finansiert av staten, fordi stram kommuneøkonomi ikkje har rom for dette. Mange peiker på at dersom det ikkje blir knytt rett til skyss til tilbodet om leksehjelp, vil leksehjelp ikkje bli eit reelt tilbod for alle, berre for eit fåtal. Det vil først og fremst komme dei til gode som bur i velståande kommunar, har gangavstand til skolen eller har foreldre som er i stand til å hente barna etter avslutta leksehjelp. Dermed vil tilbodet om leksehjelp ikkje ha sosialt utjamnande effekt, men medverke til det motsette. Somme høringsinstansar meiner at ein ikkje må samanlikne tilbodet om leksehjelp med skolefritidsordninga, sidan denne ikkje har ein tilknytt rett til skyss. Dei hevdar at det blir ei feilslutning å seie at da bør heller ikkje leksehjelp ha ein slik tilknytt rett til skyss. Dei meiner at det er stor forskjell mellom skolefritidsordning og leksehjelp - den første er eit reint fritidstilbod, den andre ei direkte oppfølging av skolearbeid. Desse høringsinstansane hevdar på denne bakgrunn at leksehjelpa i større grad synest å medføre rett til skyss.

Andre høringsinstansar peiker på at ein ved å leggje leksehjelpa inn i ordinær skole vil løyse skyssproblemet, fordi leksehjelpa da vil liggje inne i den obligatoriske skoledagen.

Mange høringsinstansar hevdar at det er uheldig at tilbodet er frivillig. Påstanden er da at tilbodet ikkje vil bli brukt av dei som treng det mest. Det vil i staden bli nytta av dei som er positive til skolearbeid og som på bakgrunn av foreldra sin utdanningsbakgrunn og andre sosioøkonomiske forhold ser fordelen med å delta. Dei som frå før er skolesvake eller som ikkje blir oppfordra heimanfrå til å delta på tilbodet, vil i større grad avstå. Ifølgje høringsinstansane må skolane i så fall leggje inn ekstra motivasjonsfaktorar for å stimulere alle til å delta, kanskje særleg dei som er negative i utgangspunktet. Dersom tilbodet blir lagt inn i den obligatoriske skoledagen, vil det komme alle til gode som ein del av den obligatoriske grunnopplæringa. Det blir hevda at ein da også vil sikre god kvalitet i tilbodet, fordi lærarar med m.a. pedagogisk bakgrunn vil stå for leksehjelpa.

Ein del høringsinstansar er kritiske til storleiken på dei beløpa som er sette av i budsjettet til leksehjelp. Beløpa er som utgangspunkt berekna ut frå fagarbeidarlønn. Mange meiner at det vil gi tilbodet for dårleg kvalitet, og gi urette signal om meininga med leksehjelpa. Denne skal etter høringsinstansane sitt syn ikkje vere oppbevaring av eller tilsyn med barn, men eit reelt tilbod om hjelp i samband med skolearbeid. Høringsinstansane meiner at slik hjelp må givast av lærarar med både fagleg innsikt og pedagogisk kompetanse.

Hå kommune seier om dette i høringsfråsegna:

«Når det er skolen som organiserer leksehjelpa, bør/må det være lærere som står for denne hjelpa. Skolen skal være garantist for kvaliteten på det arbeidet som utføres i skoletiden. Skal skolen kunne gi denne garantien, må lærere være leksehjelpere. Det er lærerne som har pedagogisk og didaktisk kompetanse og skal utøve denne kompetansen overfor elevene i det arbeidet som skolen står for.

Etat for opplæring og kultur ser med uro på at mer av arbeidet i skolen nå blir lagt på fagarbeidere/assistenter uten pedagogisk utdanning. Dette er en utvikling som bryter med ønsket om at skolen skal være faglig utviklende, sosialt utjevnende og sosialt inkluderende.

Som profesjonelle fagfolk skal lærerne bidra til et godt læringsmiljø som igjen bidrar til gode skolefaglige prestasjoner og god sosial kompetanse samtidig som motiverte og velfungerende elever også bidrar til et godt læringsmiljø.

Lærerens kunnskap om klasse/gruppe ledelse og om relasjonsbygging er avgjørende i læringsarbeidet».

Når det gjeld kvaliteten av tilbodet, er somme høringsinstansar opptekne av vaksentettleik og gruppestorleikar, sidan dei gruppene som skal ha leksehjelp, vil ha varierande storleik og samansetning. Enkelte meiner at lærarar i alle fall må brukast som kontaktpersonar og brubyggjarar mellom leksehjelparane og elevane, for å sikre nødvendig lærarinnverknad på tilbodet.

Somme høringsinstansar peiker på at det er inkonsekvent å foreslå eit leksehjelptilbod som legg opp til utstrakt bruk av assistentar. Mange assistentar blir brukte i samband med spesialundervisning, noko som der er kritisert. Éin høringsinstans meiner også at ein bør rekruttere folk med innvandrarbakgrunn som leksehjelparar, fordi dette vil lette både skolearbeidet og leksehjelpa for elevar med slik bakgrunn. Desse elevane og deira føresette må også få tolketenester, informasjon på framande språk o.l. Somme høringsinstansar peiker spesielt på behov hos barn med særskilde behov, funksjonshemma og barn med innvandrarbakgrunn. Dei meiner at også desse må sikrast eit godt tilbod, og at deira behov må understrekast sterkare i lovforslaget. I tillegg til at kvaliteten av tilbodet må sikrast, meiner nokre av høringsinstansane at denne uttrykkjeleg må lov- eller forskriftsfestast.

Enkelte høringsinstansar meiner at tilbodet ikkje nødvendigvis må leggjast etter ordinær skoletid, men at det i alle fall må leggjast utanom det forskriftsfesta timetalet. Det kan f.eks. vere før skoletid eller på eit anna tidspunkt på dagen som fell utanom obligatorisk skoletid.

KS seier om dette:

«... etter obligatorisk skoletid... kan forstås på ulike måter. Det kan både forstås som «ut over obligatorisk skoletid», det vil si i tillegg til det forskriftsfestede timetallet, og som etter i tid, det vil si at leksehjelpen skal legges senere på dagen enn undervisningstimene. KS mener at den første forståelsen må legges til grunn...»

Det blir hevda at dette i alle høve må gå klart fram av lovforslaget.

Anten tilbodet blir organisert før eller etter skoletid, må det ifølgje somme høringsinstansar skje utan ventetid, men med innlagd pause, gjerne kombinert med mat og drikke. Dette gjeld i alle fall dersom tilbodet blir lagt rett etter skoletid. Nokre høringsinstansar reiser da spørsmål om pausetida skal takast frå leksehjelptida eller frå ordinær skoletid, og om kven som skal betale for maten.

Mange høringsinstansar ønskjer at tilbodet om leksehjelp må utvidast til å gjelde høgare trinn i grunnskolen. Somme meiner at det også må gjelde i vidaregåande opplæring.

Enkelte høringsinstansar er opptekne av tilhøvet mellom leksehjelptilbodet og skolefritidsordninga (SFO). Somme er bekymra for at eit slikt gratistilbod i SFO-tida vil gi svekte inntekter for kommunane. Desse inntektene er allereie gradvis svekte på grunn av stadige timetalsutvidingar. Somme meiner også at det må vurderast å gi frådrag i SFO-betalinga dersom tilbodet blir lagt inn i skolefritidsordninga. Enkelte høringsinstansar meiner at dette må gjelde også for dei som går i skolefritidsordninga, men som ikkje vil nytte leksehjelptilbodet. Nokre få høringsinstansar gir uttrykk for at dei ønskjer leksehjelptilbodet lagt inn i skolefritidsordninga. Eit par høringsinstansar meiner det er fordelaktig, særleg for barn med innvandrarbakgrunn, at tilbodet ikkje blir lagt inn i skolefritidsordninga, sidan få barn med slik bakgrunn deltek i denne ordninga. Dermed vil tilbodet reelt sett nå også denne gruppa elevar.

Somme høringsinstansar er opptekne av lokala som skal brukast til leksehjelp. Dei meiner at leksehjelpa ikkje kan tilbydast i same lokale som skolefritidsordninga. Dessutan må lokala vere tilgjengelege for alle, også for elevar med særskilde behov.

Dei fleste høringsinstansane støttar, eller har ingen kommentarar til, at rektor skal ha ansvaret for leksehjelpa. Somme meiner likevel at det blir ei ekstra oppgåve administrativt for rektor, oftast også for skolen. Det blir også hevda at krav om sterkare skoleleiing ikkje harmonerer med at eit nytt område utanom den obligatoriske grunnopplæringa skal leggjast inn under rektors ansvar.

Somme meiner at forslaget vil gi uklare ansvarsforhold mellom skole og heim, og gi signal om at skolen med dette skal overta ansvaret for leksene til elevane. Det blir særleg understreka sidan leksehjelpa også gjeld for 1. årstrinn, dvs. eit signal gitt til foreldra frå første dag.

Enkelte høringsinstansar meiner at det må vere bindande påmelding til leksehjelpa, slik at opplegget blir føreseieleg for elevar, foreldre og for skolen. Eit drop in-tilbod etter det elevane sjølve finn for godt, vil m.a. vere uheldig for personalsituasjonen på skolen.

Éin høringsinstans peiker på at leksehjelp berre bør tilbydast i delar av skoleåret sidan behovet er varierande, avhengig av kva tid på året det dreier seg om. M.a. blir det hevda at behovet ikkje er til stades i byrjinga og på slutten av skoleåret.

Nokre få høringsinstansar har synspunkt på om ein skal kalle leksehjelpa noko anna, f.eks. «studietid», «hjelp til skolearbeid» eller «fagleg oppfølging og fordjuping».

Enkelte høringsinstansar er kritiske til at tilbodet om leksehjelp er marknadsført som eit tiltak spesielt retta til svake elevar. Høringsinstansane meiner at dette kan verke stigmatiserande og dermed få mange til å droppe tilbodet. Tilbodet må understrekast som eit tiltak berekna på alle.

Forslaget om å krevje politiattest av leksehjelparane har gjennomgåande fått brei støtte av høringsinstansane. Éin høringsinstans meiner det er for svakt at det her berre blir innført ei «kan»-føresegn ved å vise til opplæringslova § 10-9 andre ledd og den tilsvarande føresegna i privatskolelova § 4-3 andre ledd. Denne høringsinstansen meiner at det bør innførast plikt til å leggje fram politiattest på grunn av den nærleiken leksehjelparane vil få til elevane.

Av somme høringsinstansar er det hevda at pengane til leksehjelp burde kunne brukast på annan måte i skolen, f.eks. til utvida etter- og vidareutdanning for lærarar. Somme hevdar også at ei ordning med leksehjelp er ei innblanding i det kommunale sjølvstyret.

Somme høringsinstansar er også opptekne av at privatskolane må kompenserast fullt ut økonomisk etter forslaget.

2.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet meiner at eit tilbod om leksehjelp for alle elevar på 1.-4. årstrinn er eit viktig verkemiddel når det gjeld målsetjingar for skolen som auka læring, sosial utjamning og tidleg innsats. Det vil også vere eit verkemiddel for å stimulere til betre gjennomføring av vidaregåande opplæring seinare i utdanningsløpet. Departementet meiner det er viktig at eit slikt tilbod er fleksibelt og tilpassa lokale tilhøve.

Leksehjelptilbodet skal vere gratis for elevane, og det skal vere frivillig for elevane å delta. Alle elevar som ønskjer det, skal ha høve til å delta. Leksehjelptilbodet skal vere eit tilbod om hjelp til skolearbeid uavhengig av om elevane har lekser i tradisjonell forstand eller ikkje. Forslaget inneber inga endring i den fridommen skolen har til å bestemme om og kor mykje lekser som skal givast.

Eit stort tal høringsinstansar har peikt på at leksehjelptilbodet må kombinerast med rett til skyss, og at ein slik rett må fullfinansierast frå staten si side. Det blir hevda av mange at ordninga i motsett fall ikkje vil vere eit reelt tilbod til alle, men berre ei ordning for dei få. Det blir da påstått at tilbodet først og fremst vil komme dei til gode som bur i kommunar med god økonomi, som har foreldre som kan sørgje for skyss, eller som bur så nær skolen at dei ikkje har behov for skyss. Høringsinstansane peiker på at det ligg føre rett til skyss til og frå den obligatoriske skoledagen på nærmare gitte vilkår. Men samtidig blir det peikt på at ein slik rett ikkje ligg føre når det gjeld skolefritidsordninga, og no heller ikkje er foreslått i tilknyting til leksehjelp. Det blir hevda at det da blir for mange tidspunkt der det må organiserast skyss, og at ein normal kommuneøkonomi ikkje tillèt dette. Somme meiner også at få vil makte, reint praktisk, uavhengig av økonomi, å organisere skyss til så mange tidspunkt. Enkelte høringsinstansar meiner at skyssproblemet ville ha vore løyst dersom leksehjelpa vart lagd inn som del av den obligatoriske skoledagen. Departementet ser at spørsmålet om skyss er viktig for mange, men vil likevel ikkje no foreslå rett til skyss knytt til tilbodet om leksehjelp. Det er ikkje løyvt midlar til ein eventuell ny skyssrett. Departementet viser til at tilbodet er frivillig, og at det heller ikkje er knytt nokon rett til skyss til skolefritidsordninga generelt. Det vil såleis ikkje bli meirkostnader til skyss direkte forårsaka av leksehjelptilbodet, med mindre kommunen på eige initiativ tilbyr det. Departementet viser i den samanheng også til at timane med leksehjelp vil føre til reduserte utgifter til skolefritidsordninga, sidan elevane oppheld seg mindre her. Reduserte kommunale utgifter til skolefritidsordninga er ikkje trekte frå finansieringsgrunnlaget for leksehjelpa. Kommunane kan derfor nytte desse midlane til andre formål, under dette skyss - føresett at kommunen ikkje vel å redusere foreldrebetalinga.

Skal tilbodet vere reelt for alle, er det likevel ein fordel dersom skyssen etter skoletid for barn som ikkje går i skolefritidsordninga, kan haldast oppe etter leksehjelptilbodet for dei som vel å delta på dette. Departementet legg til grunn at plikta til å tilby leksehjelp gir stort rom for fleksibilitet både når det gjeld tidspunkt, lengde og klassetrinn. Det må også vere stort rom for fleksibilitet i organiseringa av skyss. Departementet meiner at denne fleksibiliteten, med omsyn til både leksehjelpa og skyssen, må gjere det mogleg for fylkeskommunar og kommunar å organisere skyss knytt til leksehjelpa på formålstenleg måte innanfor gjeldande rammer. Slik sett vil leksehjelpa bli eit reelt tilbod for alle og kunne medverke til sosial utjamning gjennom inkludering, betre rammer for læringsutbytte og større sosial trivsel.

Ei anna innvending frå nokre av høringsinstansane er at tilbodet er frivillig. Det blir hevda at det heller burde ha vore ein del av den obligatoriske skoledagen. Da ville tilbodet ha nådd alle, og tilbodet ville ha vore sikra god kvalitet ved at lærarar med pedagogisk bakgrunn hadde teke seg av det. Høringsinstansane ønskjer å sikre seg at tilbodet blir eit reelt tilbod om leksehjelp, ikkje eit tilbod om oppbevaring av og tilsyn med barn. Departementet meiner at skolane gjennom ulike motivasjonstiltak kan sikre seg at også dei mindre velvillige deltek i leksehjelptilbodet.

Somme høringsinstansar peiker på at for små midlar er sette av til tilbodet, fordi dei økonomiske berekningane som ligg til grunn for tilskotet for 2010 er gjorde ut frå fagarbeidarlønn. Departementet understrekar at det i desse berekningane også er lagt inn eit påslag på 25 pst., slik at den pedagogiske leiinga skal kunne koplast inn i organiseringa av tilbodet. I tillegg meiner departementet at assistentar i høg grad bør vere tilstrekkeleg for å gi god leksehjelp på 1 - 4. klassetrinn. Det er også nemnt at det i løyvingane er teke utgangspunkt i at alle elevar deltek i tilbodet.

Når det gjeld høringsinstansane sitt syn på tidspunktet for tilbodet, meiner departementet at det vanlegaste nok vil vere å leggje det etter skoletid. Det er likevel meininga at tilbodet skal vere så fleksibelt at den enkelte skolen kan leggje det til anna tidspunkt utanfor den obligatoriske grunnopplæringa, dersom dette er formålstenleg ut frå lokale forhold. Det blir understreka at det ved den enkelte skolen må etablerast tilfredsstillande tilsyn med dei elevane som ikkje deltek i leksehjelptilbodet.

Departementet er samd med dei høringsinstansane som seier at tilbodet gjerne også kunne ha blitt gitt på høgare klassetrinn. Her må det da gjerast merksam på at midlar i denne omgang berre er sette av til leksehjelp på 1 - 4. klassetrinn. Det betyr ikkje at leksehjelp ikkje kan vurderast som aktuelt på høgare trinn seinare.

Nokre få høringsinstansar meiner at tilbodet om leksehjelp bør integrerast i skolefritidsordninga. Departementet peiker på at det nettopp er meininga at kvar enkelt kommune skal avgjere dette ut frå lokale forhold. I forslaget er det kommunen som får pålegg om å tilby leksehjelp, og som dermed er ansvarleg for tilbodet.

Kva for lokale som skal brukast til leksehjelp, og dei konkrete krav som skal stillast til dei, må avgjerast lokalt. Dei fleste stader vil det vere naturleg å bruke lokale som allereie blir brukte til skole eller skolefritidsordning. Men andre lokale kan også brukast. Krava i opplæringslova kap. 9a, særleg § 9a-2 om det fysiske miljøet, vil i så fall gjelde tilsvarande for desse lokala.

Somme høringsinstansar er bekymra for at leksehjelptilbodet skal gi signal om at skolen tek over den rolla foreldra har i å hjelpe barna med lekser. Departementet er ikkje samd i denne bekymringa og viser til at tilbodet er frivillig og meint som ei hjelp for dei som ønskjer og treng det.

Få høringsinstansar har synspunkt på forslaget om at rektor skal vere øvste leiar for leksehjelptilbodet. Somme meiner likevel at det vil gi ei ny administrativ oppgåve for rektor, og at dette ikkje er å tilrå sidan leksehjelpa skal liggje utanfor obligatorisk skole. Departementet peiker på at sjølv om leksehjelpa ikkje skal vere ein del av grunnopplæringa, er det likevel viktig med nær tilknyting mellom skolearbeidet og leksehjelpa, slik at leksehjelpa blir mest mogleg nyttig og relevant for eleven. Forslaget om at rektor skulle leie leksehjelptilbodet var meint å sikre dette. Departementet har imidlertid kome til at det bør vere opp til kvar kommune korleis dei vil organisere tilbodet slik at også dette hensynet blir ivaretatt. Departementet foreslår derfor at forslaget frå høringsnotatet om ein uttrykkeleg føresegn om at rektor skal leie tilbodet om leksehjelp, likevel ikkje skal vere med.

Om tilbodet om leksehjelp bør ha bindande påmelding, slik at det ikkje blir eit drop in-tilbod for elevane der dei kjem når det passar, og om tilbodet berre bør gjelde delar av året, er praktiske spørsmål som departementet føreset at den lokale skoleeigaren vil ta seg av. Dette er i alle fall forhold som etter departementet sitt syn ikkje krev lovregulering. Same omsyn gjer seg gjeldande for enkelte andre forhold - om tilbodet skal leggjast straks etter skoletid eller til eit anna tidspunkt, om det skal være innlagd pause mellom den ordinære skoledagen og tilbodet, og om kven som skal betale for eventuell mat og drikke i slike pausar. Også slike forhold må avgjerast lokalt i kvart enkelt tilfelle.

Departementet er samd i at leksehjelptilbodet må vere eit tilbod retta til alle elevar, ikkje berre dei svake. Dette er også nemnt i høringsforslaget frå departementet. Men i det same høringsforslaget er det understreka at tilbodet også er vurdert som eit godt tiltak for svake elevar. Tilbodet skal vere eit tiltak som ledd i ein strategi om tidleg innsats, og det skal vere eitt av fleire tiltak for å hindre fråfall.

Når det gjeld krav om politiattest for dei som skal være leksehjelparar, meiner éin høringsinstans at det bør innførast plikt til å krevje framlagd politiattest. Høringsforslaget inneber berre rett til å krevje det. Høringsinstansen meiner at dette er for svakt. Departementet er ikkje prinsipielt usamd i dette, men peiker på at det kjem an på kven som gir leksehjelpa om det er plikt eller rett. Dersom leksehjelparen blir tilsett i skolefritidsordninga eller i grunnskolen, gjeld det plikt. Om derimot leksehjelparen berre regelmessig oppheld seg på skolen, men er utan formelt tilsetjingsforhold, har departementet foreslått same løysing som for andre som regelmessig oppheld seg på skolen eller i skolefritidsordninga. Departementet har ikkje funne grunn til å lage ei særordning for leksehjelparane, heller ikkje no å foreslå opplæringslova § 10-9 andre ledd og privatskolelova § 4-3 andre ledd endra. Dessutan er reglane om politiattest under vurdering, sist som følgje av forslaget frå Justisdepartementet til ny politiregisterlov, som ligg til behandling i Stortinget. Dette lovforslaget kan medføre etterfølgjande endringar i sektorlovgivinga, m.a. i opplæringslova og privatskolelova.

Etter departementet sitt syn bør leksehjelparane, på linje med andre som arbeider med barn i skolen, leggje fram politiattest. Departementet viser til grunngiving og vurdering bak desse føresegnene generelt, sjå også noko omtale av slike vurderingar i pkt. 9.

Somme høringsinstansar peiker på at dei private skolane også må finansierast fullt ut for tilbodet om leksehjelp. Til dette kan departementet seie at det avsette beløpet til leksehjelp for dei private skolane for 2010 gjer at desse skolane er finansierte fullt ut.

På bakgrunn av det som er sagt ovanfor, vil departementet i hovudsak halde oppe det forslaget som vart sendt til høring.

Departementet viser elles til lovforslaget og merknadene i kapittel 12.

Til forsida