Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

6 Forslag om å endre opplæringslova § 9-4 om lærebøker og andre læremiddel (språknorm)

6.1 Bakgrunnen for lovforslaget

I St.meld. nr. 35 (2007-2008), Mål og meining, Ein heilskapeleg norsk språkpolitikk, framlagd av Kultur- og kyrkjedepartementet og godkjend i statsråd 27. juni 2008, er m.a. retts- og kunnskapsgrunnlaget for rettskrivinga, f.eks. i lærebøker til bruk i skolen, omtalt. I meldinga står det om dette:

«For norske lærebøker som blir brukte i skulen, er det no fastsett i opplæringslova, som blir forvalta av Kunnskapsdepartementet, at rettskrivinga skal vera i samsvar med læreboknormalen.

Denne føresegna kom inn i lova med verknad frå 1. august 2000 [...]

Med lovføresegna frå 2000 kjem sjølve det rettslege grunnlaget for å stilla krav til ei bestemt rettskriving i lærebøkene tydelegare og meir direkte fram. Det er presisert i proposisjonen at den nye føresegna rettar seg direkte til skulane som brukarar av lærebøker og indirekte til forlaga som lærebokprodusentar, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999-2000). Vidare vart det uttrykkjeleg sagt same stad at bøker som ikkje følgjer læreboknormalen, ikkje kan nyttast som lærebøker, og det vart streka under at forlaga difor heller ikkje ville få selt lærebøker til skulane med mindre dei var i samsvar med læreboknormalen.

På grunn av ei mistyding er det i lovføresegna frå 2000 feilaktig teke med eit tillegg som definerer læreboknormalen som «fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 om målbruk i offentleg teneste» (mållova). Men som nemnt fleire gonger er verken læreboknormalen eller den vidare rettskrivinga regulert med heimel i lov, og såleis heller ikkje med heimel i den nemnde mållova. Utforminga av den aktuelle lovføresegna er såleis noko misvisande, jamvel om feilen neppe har noko å seia i praksis.

Departementet vil likevel ved første høve sjå til at denne feilaktige tilvisinga i opplæringslova blir retta. Då vil vi også sjå på om ordlyden bør justerast slik at ein for bokmål ikkje lenger viser til læreboknormalen, men i staden til gjeldande offisielle rettskriving. For nynorsk derimot er det framleis læreboknormalen det må visast til.»

I oppsummeringa av prioriterte tiltak heiter det om dette i meldinga:»Departementet vil ta initiativ til å få endra ei misvisande føresegn i opplæringslova om rettsgrunnlaget for rettskrivinga.»

Det er altså i den nemnde stortingsmeldinga gjort gjeldande at det i opplæringslova § 9-4 er ei misvisande tilvising til lov om målbruk i offentleg teneste, og at tilvisinga bør rettast. Stortingsmeldinga viser også til andre forhold av meir teknisk karakter i same lovføresegn, som bør endrast.

Kunnskapsdepartementet meiner at ikkje berre rettskrivinga i lærebøker og andre læremiddel på bokmål og nynorsk må omtalast, men også dei som er på samisk.

For å sikre at rettskrivinga blir teken vare på også i læremiddel som blir digitaliserte, foreslår departementet å utvide rekkjevidda av § 9-4 andre ledd til å gjelde både digitale læremiddel, digitale lærebøker og læringsplattformer.

6.2 Gjeldande rett

Opplæringslova § 9-4 lyder:

«§ 9-4 Lærebøker og andre læremiddel

I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.

Norske lærebøker som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med læreboknormalen slik denne er fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 nr. 8 om målbruk i offentleg teneste. Med lærebøker er her meint alle trykte læremiddel som elevane regelmessig bruker for å nå vesentlege delar av kompetansemåla i eit fag.

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.

Ordlister til skolebruk skal godkjennast av Norsk språkråd.

Departementet gir nærmare forskrifter om kva læremiddel som er omfatta av kravet i første leddet.»

Andre ledd i føresegna, jf. også pkt. 6.1 ovanfor, inneheld ei misvisande tilvising i første punktum. Norsk rettskriving, under dette læreboknormalen, er ikkje regulert med heimel i lov om målbruk i offentleg teneste eller anna lovgiving. For bokmål er dessutan situasjonen den at læreboknormalen fall bort ved rettskrivingsreforma av 1. juli 2005. I bokmål må derfor den vanlege rettskrivinga gjerast gjeldande også i lærebøker. Opplæringslova § 9-4 andre ledd gir altså ikkje eit korrekt uttrykk for det som er gjeldande rett på området. I motsetning til første ledd i føresegna gjeld andre ledd berre lærebøker, dvs. trykte læremiddel som elevane bruker regelmessig for å nå vesentlege delar av kompetansemåla for fag.

Norsk Språkråd vart omorganisert med verknad frå 1. januar 2005. Namnet på den nye institusjonen er Språkrådet. Fjerde ledd i føresegna er ikkje i samsvar med denne namneendringa. Dessutan er ein del av ordlistene til skolebruk i dag kalla ordbøker. På dette punktet er fjerde ledd unøyaktig.

6.3 Høringa

6.3.1 Høringsforslaget frå departementet

Departementet foreslo å endre opplæringslova § 9-4 andre ledd om at norske lærebøker skal vere i samsvar med offisiell rettskriving, slik at den feilaktige referansen til lov om målbruk i offentleg teneste går ut. Ordlyden må også spegle av at ein særskild læreboknormal berre gjeld nynorsk. Det vart foreslått at samiske lærebøker skal følgje samiske rettskrivingsreglar. Vidare vart det foreslått at føresegna blir brukt tilsvarande for digitale læremiddel.

Departementet foreslo også å endre fjerde ledd i føresegna slik at det her går fram at både ordlister og ordbøker til skolebruk skal godkjennast av Språkrådet.

6.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane

Av 48 høringsinstansar har 31 ingen kommentarar til forslaget.

13 høringsinstansar støttar forslaget utan nærmare grunngiving. Desse er Fylkesmennene i Hordaland, Hedmark og Vestfold, Skien kommune, Barneombodet, FUG, Norsk skolelederforbund, Skolenes landsforbund, Universitetet i Agder, Høgskolane i Oslo og i Bergen, NAFO og ADHD Norge.

Fire høringsinstansar støttar forslaget med atterhald eller nærmare kommentarar. Desse er Kulturdepartementet (KUD), Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD), Meråker kommune og Utdanningsforbundet.

KUD har nokre innspel til det foreslåtte tillegget om samiske læremiddel og grunngir dette slik:

«Vi er derimot i tvil når det gjelder den nye bestemmelsen som er foreslått tatt inn i annet ledd om at samiske lærebøker skal være i samsvar med gjeldende rettskrivningsnormer. Hele paragrafen for øvrig omhandler norskspråklige lærebøker, og den foreslåtte bestemmelsen om samiske utgaver synes ikke uten videre å passe inn i den sammenhengen den er satt.

Hovedproblemet er imidlertid at uttrykket «gjeldande rettskrivingsnormer» krever en nærmere forklaring. Dette reiser bl.a. spørsmålet om det i dette ligger noe annet enn i uttrykket «offisiell rettskriving», som er det som ellers er brukt i paragrafen. Dette krever i det minste en forklaring i særmerknadene.

Dersom en henvisning til samisk rettskrivning eller samiske rettskrivningsnormer skal inn i loven, kreves det også - etter vår oppfatning - at man i særmerknadene klargjør myndighetsforholdene når det gjelder formell godkjenning av samisk rettskrivning.»

I tillegg har KUD nokre kommentarar av meir språkleg og redigeringsmessig karakter.

FAD seier i høringsfråsegna:

«Med forslag til § 9-4 og foreslåtte endringer er kravene til norske lærebøker regulert. Tilsvarende gjelder ikke for samiske og kvenske lærebøker. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil påpeke at en slik strukturell ulikebehandling kan medføre dårligere kvalitet i lærebøker på disse språkene. Vi vil på denne bakgrunn anmode KD om å vurdere å innføre tilsvarende bestemmelser for lærebøker på samisk og kvensk.

I forslaget til lovendring av § 9-4, 2. ledd er det foreslått følgende:

I andre fag enn norsk kan det bare brukes lærebøker og andre læremiddel som foreligger på bokmål og nynorsk til samme tid og samme pris. I særlige tilfeller kan departementet gjøre unntak fra denne regelen.

Denne bestemmelsen kan forstås slik at også samiske og kvenske lærebøker kommer inn under denne bestemmelsen. Vi vil derfor anmode om at det må gå klart fram at lærebøker i samiske språk og i kvensk er unntatt fra denne bestemmelsen.

Videre er det i 9-4, 4. ledd foreslått Ordlister og ordbøker til skolebruk skal godkjennes av Språkrådet.

Vi vil understreke at Språkrådet per i dag ikke har kompetanse til å godkjenne ordlister og ordbøker til skolebruk på de samiske språkene eller på kvensk. Det bør derfor komme klart fram at disse språkene er unntatt fra denne bestemmelsen.»

Utdanningsforbundet meiner at det må takast inn ein definisjon av digitale læremiddel i lovteksten, all den stund ein slik definisjon finst i lovteksten for lærebøker.

Ingen høringsinstansar er imot forslaget.

6.4 Vurderingar og forslag frå departementet

I den ovannemnde stortingsmeldinga har Kulturdepartementet bedt Kunnskapsdepartementet endre opplæringslova § 9-4 andre ledd første punktum pga. den misvisande tilvisinga. Endringa er av reint teknisk karakter. Sidan det ikkje lenger finst nokon læreboknormal for bokmål, berre for nynorsk, må føresegna spegle av denne forskjellen. I tillegg ber Kulturdepartementet om at eit par tekniske endringar blir gjorde i fjerde ledd, jf. stortingsmeldinga og pkt. 6.2 ovanfor. Det gjeld namnet Språkrådet og at somme ordlister til skolebruk er kalla ordbøker.

Kunnskapsdepartementet sluttar seg til oppmodinga frå Kulturdepartementet om endringar på desse punkta i opplæringslova § 9-4. Desse forslaga til endringar har også fått full tilslutning i høringa.

I tillegg vurderer Kunnskapsdepartementet det slik at rettskrivingskrava for lærebøker bør gjelde tilsvarande for digitale læremiddel. Dette vil innebere ei endring av innhaldet i føresegna og ei utviding av bruksområdet for § 9-4 andre ledd. Departementet legg til grunn at dette er i samsvar med dagens praksis på området. Éin høringsinstans, Utdanningsforbundet, meiner at det bør takast inn ein definisjon i lova av kva som er meint med digitale læremiddel. Dette er grunngitt med at det er ein definisjon i lova i dag av kva som er meint med lærebøker. Departementet finn ikkje nokon grunn til å ta inn ein slik legaldefinisjon. Departementet vil nemne at det er i gang eit forskriftsarbeid om kap. 17 i forskrifta til opplæringslova om språklege parallellutgåver, der digitale læremiddel også vil bli omtalte. Departementet viser dessutan til merknadene i kap. 12, der det m.a. blir sagt at det her dreier seg om digitale læremiddel produserte til bruk i opplæringa i skolen.

I høringsnotatet har Kunnskapsdepartementet vidare foreslått å ta inn ei føresegn om at samiske utgåver av lærebøker og læremiddel skal vere i samsvar med gjeldande rettskrivingsnormer. Forslaget vart fremja for at lærebøker og læremiddel på samisk skulle få tilsvarande lovregulering som lærebøker og læremiddel på bokmål og nynorsk.

I høringa meiner KUD at det må klargjerast i særmerknadene kva som ligg i omgrepet gjeldande rettskrivingsnormer, dersom dette skal bety noko anna enn offisiell rettskriving. FAD på si side ønskjer reint generelt at det skal takast inn ei særskild regulering av lærebøker og læremiddel på samisk og kvensk i opplæringslova. Samtidig ønskjer FAD at det skal gå klart fram at § 9-4 første og fjerde ledd ikkje skal gjelde for lærebøker i samiske språk og i kvensk. Ei slik uttrykkeleg presisering må etter FADs syn gjerast for å unngå tvil om rekkjevidda av § 9-4.

På bakgrunn av desse innspela i høringa, og dessutan av dialog mellom departementa, vil departementet ta inn dei nødvendige presiseringane i lovteksten og merknadene for å klargjere rekkjevidda av føresegna.

I lovteksten er det no foreslått at det blir uttrykkeleg sagt at både norske og samiske lærebøker og læremiddel skal vere i samsvar med offisiell rettskriving. Kva som er «offisiell rettskriving», er nærmare omtalt i kapittel 12 om merknader til føresegna. Også samiske ordbøker og ordlister som blir brukte i skolen som læremiddel, vil vere omfatta av dette kravet. For ordbøker og ordlister på bokmål og nynorsk er det ei særskild godkjenningsordning etter fjerde ledd.

Vidare blir det foreslått eit nytt siste ledd der det blir presisert at første og fjerde ledd ikkje gjeld for samiske læremiddel. Dette er gjort for at det ikkje skal vere uvisse om bruksområda for føresegnene. Eit krav om parallellutgåve for samiske læremiddel vil gjere det meir kostbart og praktisk vanskelegare å utarbeide samiske læremiddel. Dette verkar som eit unødvendig krav, fordi det i praksis viser seg vanskeleg å få utarbeidd og produsert samiske læremiddel. Det er rekna med at forslaget er i samsvar med dagens praksis. Det kan også visast til unntaka i forskrifta til opplæringslova kap. 17.

Departementet finn ikkje grunn til å ta med noka tilsvarande føresegn for kvensk som FAD har foreslått. Kvensk er ikkje omtalt i føresegna elles og er i opplæringslova § 2-7 omtalt som «finskopplæring for elever med kvensk-finsk bakgrunn». Kravet om parallellutgåver etter første ledd vil i alle høve ikkje gjelde for slike læremiddel, fordi årskulla er så små at dei etter forskrifta kap. 17 vil vere unnatekne. Når det gjeld fjerde ledd om godkjenning av ordlister og ordbøker, vil den berre gjelde der det eksisterer ei godkjenningsordning for ordlister og ordbøker. Det er ikkje tilfellet når det gjeld kvensk.

Sametinget har ikkje gitt høringsfråsegn i saka. Departementet har lagt utkast til lovendring og proposisjonstekst fram for Sametinget. Sametinget har komme med innspel og støttar forslaget slik det her ligg føre.

På bakgrunn av det ovannemnde og tilslutninga som forslaget har fått i høringa vil departementet halde oppe forslaget som vart sendt til høring, men med dei forslaga til endringar som er omtalte ovanfor.

Departementet viser elles til lovforslaget og merknadene i kapittel 12.

Til forsida