Prop. 95 L (2009-2010)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.)

Til innhaldsliste

7 Forslag om å endre føresegna om utlysing av stilling ved tilsetjing av deltidstilsett med fortrinnsrett

7.1 Bakgrunnen for lovforslaget

Opplæringslova § 10-4 har føresegner om utlysing av stillingar (undervisningsstillingar og rektorstillingar) i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Ifølgje opplæringslova § 10-4 gjeld kravet om utlysing ikkje når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til arbeidstakarar med fortrinnsrett i samband med oppseiing pga. tilhøve ved verksemda, jf. arbeidsmiljølova § 14-2 og § 15-7. Tilsvarande unntak frå utlysningsplikta ligg ikkje føre når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til deltidstilsett arbeidstakar som har fortrinnsrett etter arbeidsmiljølova § 14-3.

Føresegna om fortrinnsrett for deltidstilsette vart innført i arbeidsmiljølova § 14-3 01.01.2006. I forarbeida til denne endringa, Ot.prp. nr. 49 (2004-05), vart det ikkje sagt noko om betydninga av denne føresegna for opplæringslova. Opplæringslova § 10-4 vart oppdatert når det gjeld rett paragraftilvising der det allereie var tilvisingar til arbeidsmiljølova. Ny tilvising til § 14-3 i arbeidsmiljølova vart da ikkje teken med.

Kunnskapsdepartementet er gjort merksamt på behovet for å oppdatere føresegna slik at eit unntak frå utlysingsplikta når arbeidsgivaren ønskjer å tilby stillinga til deltidstilsette med fortrinnsrett etter arbeidsmiljølova § 14-3, blir lovfest i opplæringslova.

7.2 Gjeldande rett

I § 10-4 i opplæringslova heiter det:

«Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven §§ 14-2 om førerett til ny tilsetjing og 15-7 om oppseiingsvern.»

I denne føresegna er det stilt krav om offentleg utlysing av undervisningsstillingar og rektorstillingar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Paragrafen gjer unntak frå kravet om utlysing av stillingar der tilsetjing skal skje med heimel i arbeidsmiljølova § 14-2 og § 15-7. Opplæringslova inneheld i dag ikkje tilsvarande tilvising til § 14-3 i arbeidsmiljølova (fortrinnsrett for deltidstilsette).

Dette inneber at slik opplæringslova lyder i dag, må kommunen/fylkeskommunen lyse ut ledige stillingar også der arbeidsgivaren skal tilby stillinga til deltidstilsette som har fortrinnsrett etter arbeidsmiljølova. Hovudregelen om utlysing i opplæringslova § 10-4 gjeld i desse situasjonane.

7.3 Høringa

7.3.1 Høringsforslaget frå departementet

Departementet foreslo å endre § 10-4 i opplæringslova slik at ho inneheld ei tilvising også til § 14-3 i arbeidsmiljølova. Dette inneber at det blir eit unntak frå hovudregelen om utlysing av stillingar der arbeidsgivaren skal tilby stillinga til deltidstilsette i verksemda som fyller vilkåra og dermed har fortrinnsrett etter arbeidsmiljølova § 14-3.

Departementet peikte på at offentleg utlysing skal medverke til å sikre flest mogleg kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar. Men å krevje utlysing av stillingar som arbeidsgivaren skal tilby deltidstilsette med fortrinnsrett synest å vere ein unødvendig prosess. Om allereie deltidstilsette fyller vilkåra for fortrinnsrett, under dette kompetansekrava, vil det vere arbeidsgivaren (kommunen/fylkeskommunen) som tek stilling til dette, jf. arbeidsmiljølova § 14-3 punkt 2, der det heiter:

«Fortrinnsretten er betinget av at arbeidstaker er kvalifisert for stillingen og at utøvelse av fortrinnsretten ikke vil innebære vesentlige ulemper for virksomheten.»

Departementet viste til at dersom vilkåra er oppfylte og arbeidsgivaren skal tilby stillinga til den deltidstilsette, vil det ikkje vere mogleg å få stillinga for andre søkjarar, og utlysing er såleis unødvendig for både arbeidsgivaren og potensielle søkjarar.

7.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane

Det er komme inn til saman 50 høringsfråsegner om endringsforslaget, og 46 fråsegner støttar forslaget eller har ingen merknader, dei resterande 4 støttar forslaget, men har desse merknadene:

Utdanningsforbundet meiner at § 10-4 i opplæringslova bør vise særskilt til kravet i arbeidsmiljølova § 14-3 pkt. 2 om at fortrinnsretten er på vilkår av at arbeidstakaren er kvalifisert for stillinga.

LO og Skolenes landsforbund ønskjer presisering av at forslaget til lovendring ikkje skal redusere innsyn og medverknad for dei tillitsvalde i tilsetjingssaker, og peiker på betydninga av at lover og reglar blir følgde i slike saker.

Faglig råd for restaurant- og matfag meiner at ei slik endring av opplæringslova bør behandlast av partane før unntaket frå utlysing blir lov- eller avtalefesta.

7.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Frå høringsinstansane kjem det ei eintydig støtte til forslaget frå departementet. Departementet meiner såleis at eit forslag i samsvar med høringa og med same grunngiving bør fremjast. Å halde oppe eit krav om utlysing av stillingar der ein tilsett har fortrinnsrett som deltidstilsett etter § 14-3 i arbeidsmiljølova, er etter departementet si vurdering lite formålstenleg. Om allereie deltidstilsette fyller vilkåra for fortrinnsrett, under dette kompetansekrava, vil det vere arbeidsgivaren (kommunen/fylkeskommunen) som tek stilling til, jf. arbeidsmiljølova § 14-3 pkt. 2, der det heiter:

«Fortrinnsretten er betinget av at arbeidstaker er kvalifisert for stillingen og at utøvelse av fortrinnsretten ikke vil innebære vesentlige ulemper for virksomheten.»

Departementet viser til at dersom vilkåra er oppfylte og arbeidsgivaren skal tilby stillinga til den deltidstilsette, vil det ikkje vere mogleg å få stillinga for andre søkjarar. Utlysing er såleis unødvendig for både arbeidsgivaren og potensielle søkjarar.

Når det gjeld retten til innsyn og medverknad for tillitsvalde i tilsetjingssaker, er det ikkje noko i sjølve forslaget til lovendring som endrar på denne.

Departementet fremjar etter dette forslag til endringar i § 10-4 i opplæringslova.

Departementet viser elles til lovforslaget og merknadene i kapittel 12.

Til forsida