Ot.prp. nr. 3 (1999-2000)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (harmonisering av rettsmiddelfristar, effektivisering av bøtestraffa og endring av prosessreglane for Høgsterett m.m.)

Til innhaldsliste

10 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegga i denne proposisjonen må vurderast særskilt for kvart einskild framlegg.

Endringane i proposisjonen punkt 3 gjeld ymse framlegg som tek sikte på å forenkle og effektivisere sakshandsaminga generelt i prosesslovgjevinga. Punkt 3.1 om direktesending av prosesskriv vil gje domstolane noko mindre arbeid med handsaming av prosesskriv. Den einskilde parten eller prosessfullmektigen vil ikkje oppleve nokon vesentleg auke i kostnader av at prosesskriva vert sende direkte. Punkt 3.2 om harmonisering av lengda på ulike rettsmiddelfristar vil gjere det lettare både for partane og domstolane å halde oversikt over kva for fristar som gjeld i kvar einskild sak. Nye reglar om oppfyllingsvernetinget i tvistemålslova § 25 gjer at ein part ikkje kan saksøkjast utan at han har ein viss tilknyting til staden der saka kjem opp. For nokre få kreditorar vil det bli vanskelegare å gå til sak mot skuldnaren, men departementet reknar ikkje med at dette vil få stort å seie i praksis. Endringa tek i staden sikte på å forhindre at ein uønskt praksis får utvikle seg. Framlegga til endring i reglane om sakskostnadsavgjerder i punkt 3.4 og om innkalling av vitne i sivile saker i punkt 3.5 vil føre til ei meir effektiv sakshandsaming ved domstolane og mindre utgifter for partane. Med framlegget om at visse saker mot stat og kommune kan bringast inn for forliksrådet, jf punkt 3.8, vonar departementet at fleire saker kan løysast i forliksrådet og på denne måten spare rettsapparatet elles for arbeid og partane for kostnader. Punkt 3.9 om høve for advokatar m v til å møte i forliksrådet fører ikkje til vesentlege endringar i etablert praksis. Punkt 3.10 og 3.11 om utvida høve til hovudforhandling i munnlege saksførebuande møte og utviding av området for obligatorisk forenkla rettergang tek sikte på å gjere sakshandsaminga enklare for domstolane og spare partane for utgifter. Det same gjeld punkt 3.12 om sakshandsaming ved fremme av anker under ankesummen. Endringa i punkt 3.13 av ankeordninga etter tvistemålslova kapittel 33 tek sikte på å styrke rettstryggleiken for saker om overprøving av administrative tvangsinngrep etter lov om psykisk helsevern. Departementet meiner at det ikkje er grunn til å ha ulik handsaminga av desse sakene enn saker etter sosialtenestelova og barnevernlova og legg derfor til grunn at anke over herads- eller byretten sine avgjerder i slike saker, bør gå til lagmannsretten. I den grad desse ankesakene vert prøva av både lagmannsrett og Høgsterett, vil det gje ei auke i staten sine utgifter til desse sakene.

Punkt 4 gjeld ymse endringar i tvangsfullføringsreglane. Punkt 4.1 om sal av motorvogner m v etter lov om salsrett for handverkarar skal gjere det enklare for handverkarar som har trygd for sitt krav på reparasjonskostandene, å få dekka dette kravet ved tvangssal av den reparerte tingen. Endring vil føre til at namsmennene får nokre fleire tvangssal, men departementet legg til grunn at auken vert etter måten liten. Punkt 4.2 om tvangsfråviking ved leige av fast eigedom og lausøyre er delvis ei presisering og klargjering av gjeldande rett. I tillegg pålegg dei nye reglane skuldnaren å dekkje utanrettslege sakskostnader for å unngå tvangssal. Punkt 4.3 om forenkla tvangssal av pantsett lausøyre fangar opp dei ulempene som den nye tvangsfullføringslova førte med seg i samband med pantegodsauksjonar av handpantsett lausøyre. Endringa tek omsyn til rettstryggleiken for pantsetjaren. Punkt 4.4 og 4.5 om krav til varsling der det er fleire tvangssal i same realregistrerte formuesgode, gjev namsretten, medhjelparen og realregistra større plikt til å varsle ein seinare saksøkjar om ei tidlegare avgjerd om tvangssal. Ordninga pålegg medhjelpar, realregister og namsretten ei handlingsplikt, men gjer det lettare for dei seinare saksøkjarane å ha oversikt over salsprosessen. Punkt 4.6 om kjøparen si renteplikt og informasjon til kjøparen skal styrke rettstryggleiken til ein kjøpar ved tvangssal av fast eigedom. Endringa skal føre til at fleire ønsker å by på eigedommar som vert tvangsselde og i neste omgang auke prisane på slike eigedomar, til fordel for skuldnaren. Punkt 4.7 om tvangsbruk av fast eigedom med driftslausøyre og varelager, gjeld ei endring som vil ta inn att reglane for tvangsbruk av driftstilhøyrsle til fast eigedom etter tvangsfullføringslova 1915 i den nye tvangsfullføringslova. Endringane i punkt 4.9 til 4.13 skal jamne ut nokre av dei auka økonomiske og arbeidsmessige konsekvensane for domstolane som tvangsfullføringslova førte med seg i høve til tvangssal av fast eigedom og tilkomstdokument til leigerett til bustad.

Endringane under punkt 5 skal i hovudsak gjere sakshandsaminga for domstolane meir effektiv og redusere kostnadene, samstundes som reglane byggjer opp om rettstryggleiken. Dette gjeld punkt 5.1 om vitneplikta si geografiske utstrekning. Det er etter departementet si meining meir effektivt å påleggje utvida vitneplikt i staden for å halde vitneopptak i andre rettskrinsar. Vitna vert pålagt ei tyngre plikt til å reise dit saka går, men får dekt sine utgifter. Departementet meiner likevel ikkje at dette totalt vil påføre auka kostnader fordi ein ofte vil løyse spørsmålet om vitneplikt ved at det vert halde telefonavhøyr og såleis spare dei lokale domstolane og advokatane i saka for særskilde bevisopptak. Punkt 5.3 om varadommarar i herads- og byretten i omfattande straffesaker vil isolert sett krevje større dommarkapasitet til den einskilde saka der varadommar vert nytta, men vil òg hindre at saka må gjennomførast på nytt på grunn av at retten sin formann vert sjuk eller får anna forfall. Endringa vil difor gjere at dei samla kostnadene, særleg for påtalemakta og til forsvarar, vert mindre. Endringane i punkt 5.4 om trekking av meddommarar og lagrettemedlemmer, punkt 5.5 om når advokatar kan opptre ved fullmektig og 5.6 om føring av aktorat ved lagmannsrettane og herads- og byrettane vil lette framdrifta i sakshandsaminga ved å opne for større fleksibilitet. I tillegg er punkt 5.2, 5.7 og 5.8 rein opprydding i prosesslovgjevinga.

Framlegga i punkt 6 om effektivisering av bøtestraffa vil gjere det lettare å inndrive bøter. Av omsyn til den allmennpreventive og individualpreventive verknaden av bøter er det viktig at bøtene vert inndrivne. Elles vil bøtedommar misse mykje av den tilsikta effekten sin, og avsoning av subsidiær fengselsstraff vil auke kostandene i kriminalomsorgen. Effektiv inndriving av bøter vil i staden gje auka inntekter til staten.

Punkt 7 om endringar i disiplinær- og tilsynsordninga for advokatar inneber nokre mindre justeringar av denne tilsynsordninga utan nemnande administrative eller økonomiske følgjer.

Framlegga i punkt 8 om endringar i nokre av rettergangsreglane for Høgsterett vil gje ei administrativ lette for Høgsterett. Sakshandsaminga i ankesaker vil verte noko enklare og meir fleksibel. Høgsterett kan spare inn noko tid på handsaming av sivile saker, og denne tida kan Høgsterett nytte til å gå grundigare inn i viktige saker eller ta opp fleire ankesaker til handsaming. Departementet reknar ikkje med at endringane vil få nokon økonomisk verknad for Høgsterett.

Framlegget i punkt 9 gjeld ymse endringar. Punkt 9.1 opnar for pålegg om at det må stillast trygd for løysingssummen ved odelsløysing. Denne regelen vil sikre at ein som har kjøpt ein eigedom, ikkje blir saksøkt av nokon som ikkje har økonomi til å løyse eigedommen på odel. Endringsframlegget vil kunne gje ein meir effektiv marknad for omsetjing av landbrukseigedommar. Punkt 9.2 og 9.3 klargjer reglane om forseinkingsrente i samband med endring av storleiken på slike rente og vil gje ei viss administrativ lette, særleg for namsmakta.

Til forsida