Ot.prp. nr. 3 (1999-2000)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (harmonisering av rettsmiddelfristar, effektivisering av bøtestraffa og endring av prosessreglane for Høgsterett m.m.)

Til innhaldsliste

9 Ymse endringar

9.1 Pålegg om at det må stillast trygd for løysingssummen ved odelsløysing

Den som vil løyse ein eigedom på odel, må reise sak for herads- eller byretten innan eit år etter at den nye eigaren (saksøkte) har fått tinglyst heimel til eigedomen. (Før endringslova 12 januar 1996 nr 4, som trådde i kraft 1 juli 1996, var fristen 2 år). I motsett fall går løysingsretten tapt. Dei viktigaste spørsmåla i ei slik løysingssak vil gjerne vere spørsmålet om saksøkjaren har løysingsrett og takseringa av eigedommen.

Etter at det er avklart at saksøkjaren har løysingsrett andsynes saksøkte og odelstaksten har vorte endeleg, skal det fastsetjast tidspunkt for overskøyting, betaling av løysingssummen og overtaking, jf odelslova § 70 andre leddet. Av § 75 går det vidare fram at saksøkjaren misser odelsretten dersom han ikkje gjennomfører odelsløysinga innan den tid som er fastsett. Det er likevel unntak for det høve at partane er samde om ei seinare gjennomføring.

I høyringsbrevet 6 mars 1996 tok departementet opp spørsmålet om det ikkje burde klargjerast i odelslova at saksøkjaren i ei løysingssak kan påleggjast å stille trygd for løysingssummen etter at løysingskravet har ført fram og takst er fastsett. I høyringsbrevet heitte det:

«Tidspunktet for skjøting og betaling settes i praksis trolig ikke sjelden likt med tidspunktet for bruksovertaking. Dette tidspunktet vil ofte ligge et godt stykke frem i tid. Henvendelser som Justisdepartementet har mottatt, tyder på at det noen ganger kan fremstå som usikkert for saksøkte om betaling mot skjøte rent faktisk vil bli tilbudt fra saksøkerens side innen fristen. Det kan fremstå som urimelig i enkelttilfeller at saksøkte, kanskje etter en prosess som har vart flere år, ikke får en forholdsvis rask avklaring av dette spørsmålet, selv om siste frist for betaling av andre grunner settes et godt stykke frem i tid. Det tilføyes at en odelsløsningssak kan trekke i langdrag selv om saksøkte ikke bestrider løsningskravet og ikke krever høyere løsningssum enn det som blir takstresultatet. F eks kan saken trekke i langdrag ved forgjeves bruk av rettsmidler fra saksøkerens side mot en korrekt odelstakst.

Dagens regler åpner nok for utilbørlig forhaling av odelsløsningssaker i enkelte tilfeller. En kan tenke seg at en gård er gått ut av en familie ved tvangssalg. I slekten finnes flere odelsberettigede. Mot slutten av odelsløsningsfristen på to år [1 år etter 1 juli 1996] anlegger samtlige sak mot kjøperen, men uten at noen av dem har midler til å løse ut kjøperen. Kjøperen bestrider ikke deres odelsløsningsrett og godtar den odelstaksten som blir satt. Odelsløserne angriper taksten, men får ikke medhold i høyere rettsinstans. Imens går tiden - gjerne mange år - og kjøperen har bare et ønske: å få slutt på saken ved å få gården overført til en odelsløser mot betaling etter takst. Når en til slutt får fastsatt en dato for dette, vil datoen etter praksis gjerne bli satt et godt stykke frem i tid, etter loven som hovedregel 14 april førstkommende år. Når odelsløser nr 1 da misligholder sin betalingsplikt, trer odelsløser nr 2 inn på arenaen. Det blir fastsatt nytt tidspunkt og historien kan gjenta seg så lenge det finnes odelsberettigede. De odelsberettigede vil naturligvis få egne utlegg ved dette, men ikke uoverkommelige utlegg. Dertil kan de langt på vei bli erstatningsansvarlig, noe som likevel er uten egentlig interesse for den saksøkte kjøperen dersom denne aldri får inndrevet sine krav. Den saksøkte kjøper vil på sin side aldri få kommet ordentlig i gang med gårdsdriften. Så lenge kjøperen ikke får utbetaling etter odelstakst er kjøperen også uten muligheter til å starte på nytt et annet sted.

Gjeldende rett før 1976 bestemte at saksøkeren kort etter at odelstaksten var blitt endelig, som et minstekrav måtte stille sikkerhet for det denne skulle betale. Konsekvensen av å misligholde denne plikten, var tap av odelsretten.

Rettens adgang til å gi partene hensiktsmessige og fornuftige pålegg i «avviklingsfasen» etter at løsningskravet har ført frem og takst er fastsatt, er etter gjeldende rett nokså vid. Noen klar adgang til å pålegge saksøkeren å stille sikkerhet i f eks en situasjon som nevnt ovenfor, er det likevel ikke. En kan ikke se bort fra at det kan være rimelig at rettens mulighet for å bestemme den konkret fornuftigste ordning i «avviklingsfasen» bør utvides noe. I samsvar med dette kan det vurderes følgende mulige tilføyelser i odelsloven:

§70 annet ledd nytt fjerde punktum skal lyde:

Om løysingssummen ikkje skal betalast straks, kan retten etter krav frå saksøkte påleggje saksøkjaren å stille slik trygd for lø ysings summen som retten fastset, innan ein frist retten set.

§ 75 skal lyde:

Dersom saksøkjaren ikkje gjennomfører odelsløysinga eller stiller pålagt trygd for løysingssummen til den tid som er fastsett i fråviksorskurd eller rettskraftig dom, misser han odelsretten til eigedomen. Dette gjeld likevel ikkje når løysing blir gjennomført på eit seinare tidspunkt enn det retten har fastsett eller trygd ikkje blir stilt som pålagt av retten, og dette har grunnlag i avtale mellom partane.»

Alle høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, stør framlegga. Desse er Forsvarsdepartementet, Hålogaland lagmannsrett, Den Norske Advokatforening, Sparebankforeningenog Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Hålogaland lagmannsrett peikar på at høvet til å gje ulike pålegg allereie i dag er temmeleg vidt, men at det er ønskeleg at lova har klare reglar om høvet til å påleggje saksøkjaren å stille trygd for løysingssummen. Den Norske Advokatforening uttaler at det er viktig at odelsløysaren får nødvendig og rimeleg frist til å stille trygd. Denne høyringsinstansen føreset at retten tek omsyn til dette, men gjev likevel uttrykk for at det bør seiast i lovteksten at fristen ikkje skal være kortare enn f eks 3 veker, evt 1 månad. Forsvarsdepartementetuttaler at forslaget:

«...synes å være et skritt i riktig retning for å oppnå bedre balanse mellom saksøkers og saksøktes interesser i saken. Det kan imidlertid reises spørsmål om lovgiver bør gå et skritt videre og fastslå som hovedregel at det skal stilles sikkerhet for løsningssummen, men at retten kan gjøre unntak der f eks odelsløser kan dokumentere at finasieringsgrunnlaget er i orden.

Forsvarets bygningstjeneste (FBT) har erfaring for at søksmål om odelsløsning kan virke urimelig belastende for den saksøkte, både fordi odelsløser kan reise sak uten reeell mulighet til å finansiere innløsning, og fordi det ofte tar svært lang tid å få en avklaring i saken.»

Departementet gjer etter dette framlegg om endringar i odelslova slik at det klarare går fram at retten kan påleggje saksøkjar å stille trygd for løysingssummen dersom ikkje løysinga skal gjennomførast straks. Departementet går inn for at det som hovudregel bør stillast krav om slik trygd dersom saksøkte krev dette, og har såleis endra framlegget i høve til det som vart sendt på høyring slik at det skalgjevast pålegg om at slik trygd skal stillast, samstundes som det vert presisert at det normalt skal setjast ein frist på ein månad. Fristen kan høveleg vere like lang som den allmenne fristen for å anke eller krevje overskjønn, jf punkt 3.2 ovanfor. Dersom saksøkjaren sitt finansielle grunnlag er tilfredsstillande, vil det gå greitt å stille slik trygd. Ein vil med ein slik regel neppe unngå at løysingssak vert reist utan at det er økonomisk dekning for dette, og ein vil heller ikkje unngå at det kan gå noko tid før den som har overteke ein odelseigedom utan å ha best odel, får avklart sin situasjon. Saksøkte vil likevel i større grad unngå unødig uvisse i tida etter at det er klarlagt både at saksøkjaren har løysingsrett i høve til saksøkte og at løysingssummen er fastsett.

Departementet viser elles til forslaga om endring av odelslova §§ 70 og 75 samt merknadene til forslaga i pkt 11 nedanfor.

9.2 Overgangsføresegner ved endring i storleiken på forseinkingsrenta

Lov 17 desember 1976 nr 100 om renter ved forseinka betaling m m § 3 første leddet lyd:

«Kongen fastsetter størrelsen på forsinkelsesrenten til en fast prosent årlig rente under hensyn til det alminnelige rentenivå. For skyldnere som er skyldnere i egenskap av forbrukere, kan Kongen fastsette en lavere rente.»

Når forseinkingsrenta vert endra, kan det kome opp spørsmål om kva verknad den nye renta skal få for dei pengekrav der det allereie før endringa hadde kome forseinkingsrente på kravet. Den naturlege oppfatninga av reglane synes å vere at storleiken på renta skal fastsetjast etter den rente som til ein kvar tid gjeld, med mindre Kongen fastsett særlege overgangsføresegner i samband med at rentesatsen vert endra. Slike overgangsføresegner er ikkje gjevne, og det at det allereie har kome til renter gjer såleis ikkje at ein skal halde fram med å nytte den same rentesatsen jamvel etter at Kongen har endra renta. Ei slik løysing er òg den mest rimelege i og med at renta skal fastsetjast ut ifrå det allmenne rentenivået. Departementet sende difor på høyring eit framlegg om ein uttrykkeleg regel om at endring av forseinkingsrenta skal få verknad frå iverksetjinga sjølv om det alt har kome til forseinkingsrente i eit kravshøve. Departementet ga uttrykk for at det same burde gjelde sjølv om kravet var fastsett i ein dom. I høyringsbrevet heitte det at ein dom ikkje vernar partane mot seinare lovgjeving og at det difor korkje er naturleg eller nødvendig å gjere unntak av omsyn til rettskrafta til dommar eller forbodet i grunnlova § 97 mot tilbakeverkande lover.

Alle høyringsinstansane som uttaler seg om dette, stør departementets framlegg. Desse er Borgarting lagmannsrett, Hålogaland lagmannsrett, Oslo byrett, Statens Innkrevingssentral, Sparebankforeningen, Norske Inkassobyråers Forening, Forbrukertvistutvalget, Finansieringsselskapenes Forening og Fåberg lensmannskontor. Hålogaland lagmannsrett uttaler at det er klargjerande at løysinga går direkte fram av lova, og Oslo byrett uttaler at framlegget er ei presisering av gjeldande rettstilstand.

Departementet gjer etter dette framlegg om ein slik endring av forseinkingsrentelova som var foreslått i høyringsbrevet og viser til forslaget om endring av forseinkingsrentelova § 3 og merknader til framlegget i pkt 11 nedanfor.

9.3 Fastsetjing av forseinkingsrente i dommar

Det er ikkje uvanleg at domsslutningar der det vert tilkjent forseinkingsrente, vert formulert på ein måte som ikkje tek omsyn til at storleiken på forseinkingsrenta kan verte endra før dommen vert oppfylt, eller slutninga er formulerte på ei slik måte at det kan framstå som uklart kva slags rente det er tale om. Eit døme på dette kan vere at saksøkte skal betale kr xx til saksøkjaren - med tillegg av 12 % rente frå xx.xx.1999 til betaling skjer. Det er då ikkje klart at det er forseinkingsrente og ikkje annan avtalt rente som slutninga omhandlar. Dersom forseinkingsrenta vert auka i tida etter dommen, vil saksøkjaren dessutan ikkje ha tvangsgrunnlag for den auka renta, sjølv om vedkomande materielt sett har krav på dette, jf pkt 9.2 ovanfor. Ved nedsetjing av renta vert spørsmålet endå meir komplisert. Saksøkjaren har då ikkje materielt krav på den høgare renta som er fastslått i dommen, men det er uklart om saksøkte må angripe dommen ved gjenopptaking eller om namsmannen sjølv kan tolke dommen og ta omsyn til nedsetjinga. Dersom namsstyresmaktene kan gjere dette, vert det vidare spørsmål om skuldnaren lyt krevje dette eller om namsstyresmaktene av eige tiltak skal eller kan ta omsyn til at forseinkingsrenta er sett ned.

I høyringsbrevet 6 mars 1996 heitte det:

«De problemer som er nevnt ovenfor, kan enklest løses ved at det i dommer som tilkjenner forsinkelsesrenter, ikke angis en bestemt rentesats, men inntas en henvisning til enten den alminnelige forsinkelsesrenten eller forsinkelsesrenten for forbrukerskyldnere. Det vil da være samsvar mellom det materielle rettsforhold mellom partene og domsslutningens ordlyd. For partene kan det hindre mange misforståelser. For namsmyndighetene vil det være enkelt å forholde seg til dommen. Løsninger som at fordringshaveren skal måtte skaffe eget tvangsgrunnlag for å dra nytte av en forhøyelse, eller at skyldneren skal måtte angripe dommen for å dra nytte av en nedsettelse, er for kompliserte og kostnadskrevende for partene. En løsning som at skyldneren måtte reise innsigelse for namsmyndighetene for å kunne dra nytte av en nedsettelse ved tvangsfullbyrdelse, vil skape unødig forskjellsbehandling av innsiktsfulle og mindre innsiktsfulle skyldnere. Det er heller ingen god løsning at namsmyndighetene ved tvangsfull byrdelse eventuelt skal tolke dommen på bakgrunn av forsinkelsesrenteloven. Dersom fordringshaveren i dag tilkjennes f eks 12 % rente av domsbeløpet inntil betaling skjer, vil det etter endringer i forsinkelsesrenten kunne være meget vanskelig på grunnlag av dommen å avgjøre om skyldneren i fremtiden skal betale den alminnelige forsinkelsesrenten eller en eventuell særlig forsinkelsesrente for forbrukerskyldnere, eller om rentesatsen på 12 % i dommen var en løpende rente som fordringshaveren fortsatt har krav på. For kortfattede uteblivelsesdommer kan det være umulig å avgjøre disse spørsmålene på grunnlag av dommen, og det vil dessuten være en uheldig utvidelse og komplisering av namsmyndighetenes oppgaver å pålegge dem en slik tolkningsoppgave.»

Departementet gjorde difor framlegg om å ta inn i tvistemålslova ein ny § 148 a om utforming av domsslutning ved tilkjenning av forseinkingsrente. Departementet tok til orde for at same regelen burde gjelde for borgarlege rettskrav som vert pådømde i ei straffesak.

Mest alle høyringsinstansar som uttaler seg, stør endringsframlegget. Desse er Borgarting lagmannsrett, Hålogaland lagmannsrett, Trondheim byfogdembete, Statens Innkrevingssentral, Forbrukertvistutvalget, Sparebankforeningen, Norske Inkassobyråers Forening, Fåberg lensmannskontor og Samarbeidsutvalget for forliksråd og hovedstevnevitner i byene. Borgarting lagmannsrett uttaler såleis at det er trong for ei slik endring . Samarbeidsrådet for forliksråd og hovedstevnevitner i byene gjev uttrykk for endringa vil føre til at det vert klarare kva som skal gjelde mellom partane i oppfyllings- og fullføringsfasen.

Oslo byrett er derimot usikker på framlegget til ny § 148 a og uttaler:

«I dommer om pengekrav gis regelmessig dom også for renter som forlengst er påløpt når dommen avsies. For så vidt vil rentesatsen etter forslaget bli angitt ved tall mens det for eventuelle senere renter vises til forskriftene. Vi har ikke spesielt å anføre til forslaget, bortsett fra at det ville være praktisk å erstatte «dommens avsigelse» med «oppfyllelsesfristens utløp». Det normale bør nemlig være at dommer oppfylles i sin helhet innen denne frist. Det pengebeløp som da blir å betale bør kunne utleses av selve dommen, dvs uten at forskrifter måtte sjekkes.»

Oslo byfogdembete går imot framlegget og grunngjev dette med at sidan det ikkje finst lovreglar om utforming av domskonklusjonar elles, skulle det heller ikkje vere trong til slike reglar akkurat i tilknyting til rentespørsmålet.

Departementet meiner at framlegget bør gjennomførast og viser til grunngjevinga i høyringsbrevet. Det gjer seg særlege omsyn gjeldande for slike domsslutningar av di dei er standardiserte og som regel vert formulerte slik at det kan vere uklart kva verknad dommen skal ha ved seinare endringar av forseinkingsrenta. Den nærare utforminga av domsslutninga vil likevel kunne variere etter som kravet har forfalle allereie før domstidspunktet eller ikkje. Dersom kravet har forfalle før dommen vert avsagd, noko som i praksis vil vere det vanlegaste, kan dommen såleis fastsetje eit fast beløp fram til avseiinga og at rente for tida deretter skal følgje føresegnene i forseinkingsrentelova. Det vil likevel ikkje vere nødvendig med ei slik konkret fastsetjing fordi renten kan gjevast ved ei generell vising til forseinkingsrenta. Dersom det har kome til forseinkingsrenter etter ulik sats, kan det likevel vere praktisk at summen av renter etter tidlegare satsar vert presisert i dommen. Om kravet først skal forfalle til dømes to veker etter at dommen vert avsagd, skal det derimot gå fram av domsslutninga at rente etter forseinkingsrentelova skal reknast frå og med dagen etter (eller ein bestemt dato).

Departementet viser elles til forslaga til ny § 148 a i tvistemålslova og endring av straffeprosesslova § 432 samt merknadene til forslaga i pkt 11 nedanfor.

Til forsida