Ot.prp. nr. 3 (1999-2000)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (harmonisering av rettsmiddelfristar, effektivisering av bøtestraffa og endring av prosessreglane for Høgsterett m.m.)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei einskilde paragrafane

1 Til endringa i vraklova

Til § 10

Fristen i hittegodslova § 7 vart ved lov 3 juni 1983 nr 43 endra frå seks til tre månader. Ved ein inkurie vart ikkje vraklova §§ 8 og 10, som viste til denne fristen endra samtidig. For § 8 sitt vedkomande vart dette retta opp ved lov 26 juni 1992 nr 86 (tvangsfullføringslova), men § 10 vart òg då oversett.

2 Til endringane i lov om umyndiggjering

Til § 2

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Føresegna er endra som ein følgje av at stillingstittelen «rettsskrivar» er oppheva. Det er då ikkje nødvendig å ha ein særleg regel om arbeidsdelinga mellom rettens formann og rettsskrivaren. Om rettens formann sine oppgåver gjeld dei generelle reglane i domstollova og det er ikkje heller ikkje nødvendig å ha ei føresegn i umyndigjeringslova om at rettens formann skal vere vergemålsrettens «skriver».

Til § 14

Endringa i § 14 andre leddet nr 1 rettar opp ein inkurie som kom inn i lova ved lov 8 juni 1984 nr 60 om ikrafttredelse av ny gjeldsforhandling- og konkurslovgivning m m. Lausøyreregisteret er landsomfattande og uttrykket «ved den umyndiggjortes hjemting» har ikkje lenger noko meining. Uttrykket heng igjen frå den tida det vart ført personregister ved den enkelte by- og heradsrett.

3 Til endringa i straffelova

Til § 74

Om bakgrunnen for endringa, sjå pkt 6.2 og 6.4 ovanfor. Endringa av første leddet innebær at alle bøter, uansett storleik, vert forelda 10 år etter at avgjerda om å ileggje bot vart endeleg. Men etter fjerde leddet vil den subsidiære fridomsstraffa bli forelda etter fem år, om ikkje fullbyrdinga har tatt til. Etter grunnlova § 97 kan ikkje endringane få verknad for bøter som er endeleg ilagde før endringa her tek til å gjelde. Ved endringa av andre leddet vert det presisert at heller ikkje påbegynt utleggstrekk fell vekk ved forelding av bøtestraffa. Sjå elles pkt 6.4 ovanfor.

4 Til endringane i domstollova

Til § 2

Om bakgrunnen for endringane sjå pkt 5.7 ovanfor. Endringa medfører inga realitetsendring, men fører utelukkande til at særdomstolar som ikkje lenger eksisterer, er tekne ut og ei tilvising førd ajour. Nytt siste punktum i andre leddet var tidlegare tredje leddet.

Til § 9

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Føresegna er endra som ei følgje av at stillingstittelen «rettskrivar» er oppheva.

Til § 17

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Paragrafen er oppheva som ei følgje av at stillingstittelen «rettskrivar» er erstatta med eigne reglar for administrasjonen av Høgsterett i §§ 9, 61 og 62. Rettskrivarar har ikkje vore nytta ved lagmannsrettane på lange tider, og føresegna vert oppheva som forelda.

Til § 24

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Paragrafen er oppheva som ein følgje av at stillingstittelen «rettsskrivar» er erstatta med eigne reglar for administrasjonen av Høgsterett i §§ 9, 61 og 62. Rettskrivarar har ikkje vore nytta ved herads- og byrettane på lange tider, og føresegna vert oppheva som forelda.

Til endringa av overskrifta til kapittel 3

Overskrifta er endra som en følgje av at stillingstittelen rettskrivar er oppheva.

Til § 61

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Paragrafen inneheld ei regulering av Høgsterett sin administrasjon som er i samsvar med korleis denne administrasjonen er organisert i dag. Stillingstittelen «rettskrivar» er erstatta med direktør og protokollsekretær, og i tillegg er stillinga som utgreiar nemnd. Innhaldet i § 61 svarar elles til det tidlegare innhaldet i § 62 første leddet første og andre punktum. Føresegna om krav til juridisk embetseksamen og eksamenskarakter, som tidlegare var plassert i § 61, ser departementet det ikkje som tenleg å vidareføre. Spørsmål om å gjere fleire endringar lyt ein vurdere når Domstolkommisjonen si utgreiing ligg føre.

Til § 62

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Deler av føresegna er flytta til § 61 og det som vart ståande att er noko omformulert.

Til § 66

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Endringa er ei følgje av at ordninga med rettsskrivar er oppheva, og rettsskrivarar er såleis teke ut av lista over personar som ikkje kan veljast til meddommar og lagrettemedlem. Departementet ser ikkje grunn til at dei administrative arbeidsoppgåvene til direktøren i Høgsterett og protokollsekretærar skal utelukke desse i større grad enn andre tenestemenn ved domstolane.

Til § 86

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt. 5.4 ovanfor. Ved endringa vert det presisert korleis trekking av meddommarar blant dei som er trekt ut til å vere lagrettemedlem i anna sak, skal gå føre seg.

Til § 91

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Endringa er ei følgje av at ordninga med rettskrivar er oppheva. Sidan det neppe vil vere ønskeleg å opne for at alle tenestemenn ved dommarkontoret kan ta avgjerd om at ein meddommar eller lagrettemedlem som er trekt ut skal gåast forbi etter reglane i § 91, vert den nødvendige tekniske tilpassing gjort ved at «rettsskriveren» vert teke vekk.

Til § 92

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt. 5.4 ovanfor. Endringane gjeld nedteikning og oppbevaring av opplysningar om uttrekkinga av meddommarar og lagrettemedlemmer.

Til § 106

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Endringa er ei følgje av at ordninga med rettsskrivar er oppheva. Sidan personar som svarar til «rettskrivar» no berre er tilsett i Høgsterett, vil desse ikkje kunne ha gjort teneste som «rettsskrivar» i ein lågare rett.

Til § 110

Endringa er ei følgje av at stillingstittelen «rettsskrivar» er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Uttrykket «protokollsekretær» vil òg omfatte Høgsteretts direktør om denne unntaksvis skulle gjere teneste som protokollsekretær. Departementet fann det òg naturleg å nemne utgreiarane i Høgsterett i denne føresegna.

Til § 113

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ein følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for endringa, sjå pkt. 5.2 ovanfor. Uttrykket «tjenestemann» er endra til «embets- eller tjenestemann» for å omfatte jamvel direktøren i Høgsterett, som tidlegare vart rekna som rettsskrivar. Nemninga «tjenestemann» vil òg femne om utgreiarane i Høgsterett.

Til § 138

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ein følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for endringa, sjå pkt. 5.2 ovanfor.

Til § 162

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ein følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor. Departementet finn det ikkje naturleg å ta inn ein regel om at Høgsteretts direktør og protokollførar i Høgsterett plikter å attestere kopiar.

Til § 163 a

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.5 ovanfor. Tilføyinga av eit nytt fjerde ledd har samanheng med endring av tvistemålslova § 200. Etter denne skal som regel prosessfullmektig som er advokat, sjølv utarbeide og forkynne vitnestemningar til dei vitne parten vil føre. Føresegna er ikkje til hinder for at andre forkynningsmåtar i staden vert nytta. Mest praktisk vil då være forkynning ved stemnevitne etter domstollova § 166 andre leddet.

Til § 179

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ein følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen elles, sjå pkt. 5.2 ovanfor. I tillegg er «sakførar» endra til «advokat» i samsvar med lovendring 4 desember 1964 nr 2.

Til § 221

Om bakgrunnen for endringane viser departementet til punkt 8.1 ovanfor.

Endringa i andre leddet andre punktumog det nye tredje punktum vil gjere at kjæremålsutvalet i Høgsterett i samband med den andre prøvesaka for ein advokat kan gjere unntak frå kravet om at minst ei av prøvesakene må vere ei sivil sak for den ankande parten. Føresegna tar sikte på særlege tilfelle, men let det vere opp til kjæremålsutvalet å utvikle når det skal vere grunn til å gjere slikt unntak. Eit minstekrav lyt vere at advokaten har ført saka i førre instansen.

Ved endringa i gjeldende fjerde punktum, som bli nytt femte punktum, vert det opna for at det kan vere fleire prøveadvokatar i same sak. For dei tilfelle at det vert gjeve løyve til fleire prøveadvokatar på den eine partssida (t d der det er fleire saksøkte eller saksøkjarar) er dette ei lovfesting av praksis. Regelen er formulert slik at den skal vere elastisk der det blir opp til kjæremålsutvalet i Høgsterett å utvikle sin praksis.

Til § 223

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.5 ovanfor. Endringane gjeld advokatar sitt høve til å møte ved fullmektig og er delvis følgje av to-instansreforma. Ved hovudforhandling i sak om straff for brotsverk som tidlegare gjekk i lagmannsretten som første instans, kan advokaten etter endringa heller ikkje møte ved fullmektig i herads- og byretten. Det vart samstundes opna for at lagmannsretten kan tillate at advokaten møter ved fullmektig ved hovudforhandling i lagmannsretten.

Til § 225

Om endringa i tredje leddet om tilsynsområdet til Tilsynsrådet visast det til pkt 7.3 ovanfor. Endringa i fjerde leddet inneber at søksmål som rettar seg mot avgjerder tekne av Tilsynsrådet for advokatverksemd, skal reisast mot staten ved Tilsynsrådet. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje er høve til å reise søksmål mot medlemmane i Tilsynsrådet. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 7.2 ovanfor.

Til § 226

Endringa i første leddet inneber at leiaren for styret i Tilsynsrådet og leiaren i Disiplinærnemnda ikkje lenger skal vere medlemmer av Advokatbevillingsnemnda. Nemnda skal no bestå av ein dommarar og ein advokat i tillegg til eit medlem som det ikkje er sett særlege kvalifikasjonskrav til. Dette medlemmet kan til dømes vere ein representant frå det rettssøkjande publikum. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 7.1 ovanfor. Endringa i andre leddet inneber at søksmål som rettar seg mot avgjerd teken av Advokatbevillingsnemnda, skal reisast mot staten ved Advokatbevillingsnemnda. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje er høve til å reise søksmål mot medlemmene i nemnda. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 7.2 ovanfor.

Til § 227

Endringa i tredje leddet andre punkumt inneber at det blir innført ein uttrykkeleg heimel for Disiplinærnemnda til òg å kunne gje «kritikk» for oppførsel i strid med god advokatskikk. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 7.4 ovanfor. Det nyefjerde punktum inneber ei utviding av kompetansen til Disiplinærnemnda ved at nemnda no òg kan handsame klager frå klientar som ikkje får tilbakebetalt for mykje betalt salær der avgjerd om dette er teke av andre disiplinærorgan. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 7.5 ovanfor. Endringa i sjuande leddet inneber at søksmål som rettar seg mot avgjerd teken av Disiplinærnemnda, skal reisast mot staten ved Disiplinærnemnda. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje er høve til å reise søksmål mot medlemmane i nemnda. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 7.2 ovanfor.

Til § 229

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ein følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa, sjå pkt. 5.2 ovanfor. Føresegna er elles omformulert noko, mellom anna er uttrykket «tjenestemenn» endra til «embets- og tjenestemenn» for å gjere det klart at heller ikkje embetsmenn som direktøren i Høgsterett, statsadvokatar og politimeistrar kan utøve advokatverksemd utan særleg løyve frå Kongen, jf òg advokatforskrifta § 11-1.

5 Til endringane i tvistemålslova

Til § 6

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.12.2 ovanfor. Endringa vidarefører den regel som tidlegare òg gjaldt for handsaming av søknader om ankesamtykke ved låg verdi på ankegjenstanden. Regelen svarar såleis til § 359 andre leddet slik den lydde før endringa ved lova her.

Til § 16

Endringa i første leddet inneber at det ikkje lenger skal vere hovudregelen, men at retten kan fremme ei sak der det under hovudforhandling eller ankeforhandling viser seg at retten p g a verdien på tvistegjenstanden ikkje er domsmyndig. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.12.1 og 3.12.3 ovanfor.

Til § 25

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.3 ovanfor. Tilføyinga av eit nytt andre ledd inneber at oppfyllingsvernetinget ikkje kan nyttast ved søksmål i Noreg der saksøkte har heimting etter §§ 17, 18 eller 20. Endringa har ikkje noko å seie for høvet til å avtale verneting etter § 36 eller for det særlege oppfyllingsvernetinget for veksel- og sjekkskuldnader i § 26.

Til § 44

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.3 ovanfor. Endringa i første leddet første og andre punktumgjer det mogleg for ein part å nytte ein advokat utan møterett for ved skriftleg handsaming av ankesaker. Dette gjeld for advokatane på begge sider i saka.

Til § 115

Endringa er ei følgje av at møteplikta for vitne ikkje lenger er avgrensa etter reiseavstanden til rettsstaden, jf § 199, men at det i staden kan gjevast fritak etter ei konkret vurdering når avstanden til rettsstedet vert stor. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.1 ovanfor.

Til § 120

Om bakgrunnen for endringa jf pkt 3.1 ovanfor. Den nye regelen i nr 3inneber ikkje nokon plikt til å gjere greie for alle eksemplar av prosesskrivet som eventuelt er sendt til andre, berre dei som er sendt personar som i alle høve skal få tilsendt prosesskrivet etter rettergangslovgjevinga. Ved frivillig direktesending bør det gå fram kven av desse det er sendt gjenpart til, elles lyt retten uansett ekspedere prosesskrivet vidare. Ved direktesending etter § 317 går det fram av femte leddet at det skal opplysast i prosesskrivet kven det er sendt gjenpart til.

Til § 123

Om bakgrunnen for endringane i første leddet sjå pkt 3.1 ovanfor. Sjå òg merknadene til § 120 ovanfor. Frivillig direktesending som fritek retten for sjølv å formidle prosesskrivet vil venteleg verte mest praktisk for tilsvar. Ved endringa vert det òg presisert at det ikkje i alle høve er nødvendig at retten fastset nokon svarfrist.

Til § 125

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut av andre leddet nr 1 som ei følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt 5.2 ovanfor.

Til § 133

Ved endringa er «rettsskriver» endra til «protokollfører» som ein følgje av at denne stillingstittelen «rettsskriver» er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt 5.2 ovanfor.

Til § 134

Ved endringa vert ein regel om at rettsskrivaren skal ta vare på dokument som er lagt fram i retten, oppheva. Stillingstittelen «rettsskrivar» er oppheva, jf. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt 5.2 ovanfor. Det er heller ikkje trong for ein særleg regel om kven ved rettens kontor som lyt ta vare på dokument som er lagt fram.

Til § 140

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ei følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

Til ny § 148 a

Om bakgrunnen for tilføyinga av ny § 148 a sjå pkt 9.3 ovanfor. Endringa inneber at det i dommar som tilkjenner forseinkingsrente for tida etter avseiinga av ein dom skal visast til forseinkingsrentelova, i staden for til ein bestemt rentesats. Men det er ingen ting i vegen for at det samstundes vert opplyst kva rentesats som gjeld ved domsavseiinga. Ved dette unngår ein at det vert uklart kva som skal gjelde når rentesatsen vert endra. For tida før avseiing av dommen kan den rente som har kome til konkretiserast ved eit beløp, og dette bør nok gjerast for den tida det har gjelde ein annan rentesats. Det skal vidare gå fram av domsslutninga om det er den allmenne forseinkingsrentesatsen som skal gjelde, eller satsen for forbrukarskuld. Domsslutninga kan etter dette utformast slik for høvesvis vanlege krav høvesvis (1) og forbrukarskuld (2):

  1. A skal betale til B kr 100 000,- med tillegg av den alminnelege forseinkingsrenta etter lov om renter ved forseinka betaling mm § 3 første ledd første punktum., for tida 12 % årleg rente, frå xx.xx.199x til betaling skjer.

  2. A skal betale til B kr 100 000,- med tillegg av forseinkingsrente for forbukararskuldnarar etter lov om renter ved forseinka betaling mm § 3 første ledd, for tida 12 % årleg rente, frå xx.xx.199x til betaling skjer.

Føresegna vil òg gjelde for utforminga av orskurder «hvis det er anledning til det», jf tvistemålslova § 164 som viser til mellom anna §§ 145 til 150.

Til § 181

Om bakgrunnen for endringane sjå pkt. 3.4 ovanfor. Tilføyinga av nytt tredje punktumi andre leddet inneber at kjæremålsretten ikkje treng å oppheve sakskostnadsavgjerder og vise dei attende til underinstansen dersom dei er godt nok opplyste til at kjæremålsretten sjølv kan ta stilling til realiteten. Endringa inneber likevel ikkje at høvet til å angripe sakskostnadsavgjerder særskilt vert utvida.

Til § 199

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.1 ovanfor. Ved endringa vert den geografiske avgrensinga av møteplikta for vitne oppheva og erstatta med ein geografisk avgrensa fritaksheimel.

Til § 200

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.5 ovanfor. I andre punktumvert den ordninga som har vore vanleg ved mange domstolar med omsyn til innkalling av vitne, gjort til lovas hovudregel. Samstundes vert det i domstollova § 163 a opna for at advokatar kan nytte postforkynning i slike høve. For partar og prosessfullmektigar som ikkje er advokat, vert derimot den tidlegare regel ikkje endra, jf tredje punktum. Retten vil såleis kunne påleggje desse å syte for innkalling av dei vitna som dei vil føre. Dette gjeld likevel berre frivillig innkalling. Vitnestemninga skal vere underskriven av den som skriv ut stemninga, anten det er advokaten eller retten. Er det retten, lyt det vere ein dommar, jf tvistemålslova § 166. Det er såleis ikkje fullgodt at funksjonærar ved rettens kontor skriv under vitnestemninga.

Til § 215

Om bakgrunn for endring sjå pkt 3.6 ovanfor. Endringa inneber at vitnet kan oppgje arbeidsplass i staden for bustad, og er i samsvar med tidlegare endring i straffeprosesslova § 130.

Til § 220

Nr 4er endra som ei følgje av at møteplikta for vitne ikkje lenger er geografisk avgrensa, sjå endring av § 199. Det er i staden innført ein fritaksheimel, og vilkåra for bevisopptak er tilpassa dette. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.1 ovanfor.

Til § 273

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.7 ovanfor. Endringa inneber at alle saker mot staten eller kommunar m v som ikkje skal handsamast etter dei særlege reglane i tvistemålslova kapittel 30, kan bringast inn for forliksrådet. Mekling er likevel ikkje nødvendig i desse tilfella, sjå § 274 nytt nr 9.

Til § 274

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.7 ovanfor. Endringa har samanheng med at det ikkje lenger er forbod mot forliksmekling i alle saker mot det offentlege, sjå § 273 nr 3. Søksmål mot offentlege tenestemenn om offentlege tenestehandlingar eller erstatning for slike vil vanskeleg falle utanfor området til kapittel 30 og er difor ikkje tekne med.

Til § 277

Om bakgrunnen for endringane i fjerde og femte leddet sjå pkt 3.8 ovanfor. Endringa i andre leddet rettar opp ein skrivefeil.

Til § 278

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.8 ovanfor. Som ein følgje av endringa, skal den personlege møteplikta ikkje gjelde når det vert innkalla til mekling i forliksrådet etter krav frå ein av partane der den som er innklaga, har godteke klagarens påstand i tilsvaret. Om kven som kan vere fullmektig vert det vist til tvistemålslova §§ 44 og 279.

Til § 279

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt. 3.9 ovanfor. Endringa i andre leddet første punktumslår fast at ein part som ikkje har personleg møteplikt, anten kan møte saman med ein medhjelpar eller ein forliksfullmektig eller at parten kan velje å sende ein forliksfullmektig i staden for å møte sjølv. Ein part har ikkje personleg møteplikt etter § 278 når han anten bur utanfor den kommunen der saka kjem opp eller han har gyldig forfall. Det vert vidare uttrykt at den som opptrer som medhjelpar eller forliksfullmektig, må fylle vilkåra for å være forliksfullmektig etter § 279 første leddet. Andre punktum uttrykker at i tilfelle der den eine av partane har medhjelpar eller forliksfullmektig, kan motparten alltid ta med ein medhjelpar. I slike høve har likevel motparten alltid personleg møteplikt. Han kan ikkje velje å sende ein fullmektig i staden for å møte sjølv. Tredje punktum gjev forliksrådet høve til å tillate ein part som har personleg møteplikt, å ta med seg ein medhjelpar i tillegg til det som er fastsett i andre punktum. Dette kan vere aktuelt der styrkeforholdet mellom partane er ulikt, til dømes der den eine parten sjølv er advokat eller der ein advokat representerer eit selskap i eigenskap av tilsett. Det same kan gjelde der ein part treng spesiell støtte under møtet i forliksrådet, til dømes på grunn av høg eller låg alder eller andre forhold som gjer at parten stiller dårlegare enn motparten.

Tredje leddetbyggjer på gjeldande andre leddet. I første punktum endrast «møte med» til «bruke» fordi uttrykksmåten «møte med» lett kan bli oppfatta som «møte sammen med». Ved sidan av ein part som har personleg møteplikt, kan det ikkje møte ein annan person som forliksfullmektig. I slike tilfelle nyttar parten ein medhjelpar. Av den grunn er det også gjort ei tilføying av uttrykket «eller medhjelper» der parten har personleg møteplikt, men forliksrådet likevel tillet parten å ha med ein advokat . Andre punktum slår fast at i tilfelle der den eine parten har varsla om at det møter ein advokat, anten som medhjelpar eller forliksfullmektig, har motparten rett til å bruke advokat eller ein annen som fyller vilkåra for å vere forliksfullmektig, utan å varsle om dette.

Til § 288

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.8 ovanfor.

Til § 288 a

Endringa i tredje leddet andre punktumer ei følgje av at varslingsregelen i § 279 er flytta frå andre leddet til tredje leddet. Sjå elles pkt 3.9 ovanfor.

Til § 296

Ved endringa vert fristen for å anke dommar som forliksrådet har avsagt korta ned frå to månader til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For dommar som er avsagt før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

Til § 305

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.10 ovanfor. Endringa inneber at retten under munnleg saksførebuande møte kan gå direkte over til hovudforhandling sjølv om begge partane går i mot dette. Partane si innstilling og grunngjeving av denne vil likevel måtte ha stor vekt når retten skal vurdere om det er «ubetenkelig» å gå direkte over til hovudforhandling. I innkallinga til det førebuande møtet må retten dessutan ha gjort partane merksame på at det kan verte aktuelt å gå direkte over til hovudforhandling om saka allereie i det førebuande møtet viser seg å vere godt nok opplyst. Eit slikt varsel bør berre brukast der dette framstår som ei aktuell løysing.

Til § 306

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.1 ovanfor. At det i tredje leddet vert vist til § 317 femte leddet inneber at det er obligatorisk for advokatar å sende mellom anna bevistilbod, bevisoppgåver og fråsegner om motparten sitt bevistilbod direkte til motparten. At føresegna vert endra slik at det òg vert vist til § 317 tredje og fjerde leddet inneber derimot ikkje noko realitetsendring. Elles er språket i føresegna modernisert.

Til § 317

Om bakgrunnen for endringane sjå pkt 3.1 ovanfor. Endringane i første, andre og tredje leddet er av redaksjonell art slik at det vert ein betre språkleg samanheng. Femte leddet er nytt og legg til rette for at advokatar sender prosesskriv som omhandla i § 317 direkte til motparten. Om rettens fastsetjing av frist og underretning om dette sjå § 123 første leddet.

Til § 322

Om bakgrunnen for endringa vert det vist til pkt 3.11 ovanfor. Endringa i fjerde leddet inneber at ei tilvising til den opphevde føresegna i tvistemålslova § 1 tredje leddet vert oppheva. Samstundes vert ordninga med tvungen forenkla rettergang utvida frå å omfatte gjeldssaker som ikkje overstig kr 20 000 til å omfatte alle saker om formueskrav som ikkje overstig 20 000 kroner. Om verknaden av at dommaren tek feil med omsyn til verdien viser departementet til Ot prp nr 50 (1989-90) side 56 spalte 2, der det heiter:

«Feil i vurderingen av tvistegjenstandens verdi kan slå to veier. Har herreds- eller byrett en feilaktig antatt at tvistegjenstandens verdi oversteg 20 000 kroner og derfor unnlatt å benytte noen av de forenklinger forenklet rettergang tillater, har feilen ikke ført til noen saksbehandlingsfeil. Har herreds- eller byretten feilaktig antatt at verdien var under 20 000 kroner og forenklet behandlingen, foreligger en saksbehandlingsfeil. Saksbehandlingsfeilen kan imidlertid ikke påberopes som ankegrunn, jf § 16 annet ledd.»

At forenkla rettergang skal nyttast gjev såleis retten høve til å foreta dei forenklingar som tvistemålslova § 322 a oppstiller, men inga plikt.

Til § 333

Ved endringa er «rettsskriver» teke ut som ei følgje av at denne stillingstittelen er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor. Første leddet i føresegna er elles harmonisert med den tilsvarande føresegna i straffeprosesslova § 302.

Til § 356

Om bakgrunnen for endringa, sjå pkt. 3.12.1 og 3.12.2 ovanfor. Endringa inneber at det ikkje lenger er førstelagmannen eller lagmann som skal ta stilling til om ein anke skal tillatast fremma der verdien på ankegjenstanden er under 20 000 kroner. Lagmannsretten skal ta stilling til dette samstundes som den tek stilling til om anken skal avvisast. At § 166 ikkje gjeld, medfører at rettens formann ikkje kan avgjere spørsmålet åleine. Endringa vil òg gjelde der det vert kravd overskjønn ved lagmannsretten, jf skjønnslova § 32 tredje leddet og ved anke til lagmannsretten over dommar som jordskifteretten eller jordskifteoverretten har avsagt, jf jordskiftelova §§ 63 og 71.

Til § 359

Endringa av andre leddet inneber at søknad om ankesamtykke, der dette er nødvendig på grunn av låg verdi på ankegjenstanden, skal setjast fram i sjølve ankeerklæringa. Dei særlege sakshandsamingsreglane som tidlegare stod i denne føresegna er dermed tekne bort. Endringa er ei følgje av at kompetansedelinga mellom lagmannsretten og lagmannen i § 356 er fjerna. Om bakgrunnen elles for endringa, sjå pkt 3.12.1 og 3.12.2 ovanfor.

Der lagmannsretten finn at ankesamtykke er nødvendig og dette ikkje vert gjeve, skal såleis avgjerd om at ankesamtykke ikkje vert gjeve og orskurd om at anken vert avvist, utgjere slutninga i avvisingsorskurda. Det kan nyttast rettsmiddel mot avvisingsorskurda, men ikkje mot avgjerda om nekting av ankesamtykke, jf § 359 tredje leddet. Kjæremål til Høgsteretts kjæremålsutval kan dermed ikkje verte grunna med at samtykke til anke skulle vore gjeve, men kan sjølvsagt grunnast med at lagmannsretten har teke feil når den bygde på den føresetnad at slikt samtykke var nødvendig. Endringa vil òg gjelde der det vert kravd overskjønn ved lagmannsretten, jf skjønnslova § 32 tredje leddet og ved anke til lagmannsretten over dommar som jordskifteretten eller jordskifteoverretten har avsagt, jf jordskiftelova §§ 63 og 71.

Til § 360

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.2 ovanfor. Ved endringa vert den allmenne fristen for anke redusert frå to månader til ein månad. For dommar som er avsagt før endringa her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

Til § 365

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.4 og 8.5 ovanfor. Det nye tredje leddet første punktumgjer at ei ankeerklæring til Høgsterett skal ha med slike opplysningar som nemnt i første leddet nr 7 (omstendigheter og bevis), og pålegg ankeparten å gjere klårt kva som er nytt i forhold til både det som vart gjort gjeldande for lagmannsretten, og det som lagmannsretten sin dom byggjer på. Jamvel om utforminga er endra samanlikna med høyringsframlegget, som bygde på Høgsterett sitt framlegg, er det reelle innhaldet det same. Andre punktum er ei følgje av endringa i § 373 tredje og fjerde leddet som gjev kjæremålsutvalet høve til å nekte å fremme ein anke utan at ankeparten får høve til å uttale seg. Ankeparten bør difor i anken uttale seg om forhold som kan verke inn på kjæremålsutvalet si avgjerd av dette spørsmålet.

Til § 370

Endringa av første leddet er ei følgje av at søknader om ankesamtykke der verdien på ankegjenstanden er låg, etter endring av §§ 356 og 359 ikkje lenger skal setjast fram i ein eigen søknad, men derimot i sjølve ankeerklæringa. Lagmannsretten tek stilling til samtykkespørsmålet samstundes som den tek stilling til om anken skal avvisast eller realitetshandsamast. Særleg forkynning av ankesamtykker vert heretter berre aktuelt for samtykker til direkte anke til Høgsterett. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.12.1 og 3.12.2 ovanfor.

Til § 371

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.4 og 8.5 ovanfor.

Til § 372

Ved endringa i første leddet får den retten som har avsagt dommen som vert påanka, plikt til å varsle ankedomstolen dersom vedkomande meiner at anken gjeld ein formuesverdi som ikkje oppfyller kravet til ankesum. Retten pliktar likevel ikkje å foreta nærare undersøkingar. Tvistemålslova § 166 vil regulere sakshandsamingsspørsmålet der retten har fleire medlemmer, eller førebuinga av saka er overlate til ein annan dommar. Om bakgrunnen for denne endringa, sjå pkt 3.12.1 og 3.12.3 ovanfor. Endringa i andre leddet er utelukkande av redaksjonell karakter. Tredje leddet er uendra.

Om bakgrunnen for nytt fjerde ledd sjå pkt 3.1 ovanfor. At det vert vist til tvistemålslova § 317 femte leddet inneber at advokatar pliktar å sende prosesskriv som vert gjeve inn seinare enn tilsvaret i ankesaka, direkte til motparten. Sjå òg § 123.

Til § 373

Endringa i tredje og fjerde leddgjer at kjæremålsutvalet fritt kan avgjere om ankeparten skal få uttale seg før anken vert nekta fremma etter § 373 tredje leddet. Om bakgrunnen for endringa sjå punkt 8.5 ovanfor. Femte leddet gjev kjæremålsutvalet heimel til sjølv å stanse ei ankesak når eit sentralt spørsmål i saka står for Høgsterett i ei anna sak. Om bakgrunnen for denne endringa sjå punkt 8.6 ovanfor.

Til § 374

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.7 ovanfor. Endringa i tredje leddetinneber at Høgsterett og lagmannsrettene kan avgjere at ankeparten skal utarbeide ei utgreiing av dei faktiske tilhøva i saka. Utforminga er betre tilpassa den tilsvarande regelen i § 317 andre leddet første punktum enn høyringsframlegga var. Gjeldande tredje og fjerde leddet blir nye fjerde og femte ledd.

Til § 375

Endringane i førsteog andre leddetfår fram at desse føresegnene berre gjeld for ankehandsaming i lagmannsretten. Det følgjer av innhaldet i tredje leddet at det same gjeld for den føresegna.

Fjerde leddeter nytt og svarer til § 375 a i høyringsframlegget. Bakgrunnen for endringa går fram av punkt 8.4 ovanfor. For ikkje å binde kjæremålsutvalet for sterkt, er det sagt at det kan la partane leggje fram nye omstende eller prov dersom serlege grunnar er for det. Slike grunnar kan vere om dei nye omstenda eller prova ikkje endrar ankesaka sin karakter eller skiplar dei prinsipielle spørsmåla som var grunnen til at anken vart vist til handsaming i Høgsterett, eller at dei knyter seg nært til omstende eller prov som frå før er gjort gjeldande.

Til § 398

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.2 ovanfor. Ved endringa vert den allmenne fristen for å erklære kjæremål lengja frå to veker til ein månad. For orskurder som er avsagt før endringa her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

Til § 401

Om bakgrunnen for endringa i tredje leddet sjå pkt 3.1 ovanfor. At det vert vist til tvistemålslova § 317 femte leddet inneber at advokatar pliktar å sende prosesskriv, utanom sjølve kjæremålserklæringa og tilsvaret, direkte til motparten. Sjå òg § 123 om fastsetjing av frist.

Til § 403 a

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.2 ovanfor. Ved endringa vert det presisert at avgjerda òg kan gå ut på at den påkjærte avgjerda vert stadfesta, ikkje berre at kjæremålet vert forkasta eller avvist. Dette er i samsvar med Høgsteretts kjæremålsutval si praktisering av denne føresegna.

Til § 407

Ved endringa er «rettsskriver» i første ledd nr 1endra til «protokollfører» som ei følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor. Endringa inneber ei viss utviding av den gruppa som fell inn under regelen, og dermed høvet til gjenopptaking. I Høgsterett har protokollførarane vore rettsskrivarar, medan det i praksis ikkje har vore rettsskrivarar i lågare rettar. Dersom det i lågare rettar likevel har vore protokollførar, og denne har gjort seg skuldig i ei straffbar handling med omsyn til saka som det er grunn til å tru har verka inn på saka, bør dette kunne føre til gjenopptaking.

Til § 415

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.8 ovanfor. Endringa gjer at i dei tilfella der ein anke til Høgsterett er nekta fremma etter tvistemålslova § 373 tredje leddet, skal kravet om gjenopptaking gå til lagmannsretten. Unntak gjeld for dei tilfelle der krav om gjenopptaking er grunna med feil i sakshandsaminga i kjæremålsutvalet. Handsaminga av kravet om gjenopptaking der ein anke er nekta fremma etter § 373 tredje ledd, kan difor normalt prøvast i to instansar.

Til § 438

Om bakgrunnen for endringa, sjå punkt 8.9 ovanfor. Endringa av første leddet fastset at søksmål mot ein lagdommar skal handsamast av ein annan lagmannsrett som saksøkjaren sjølv kan velje. Slike søksmål kan difor handsamast i to instansar.

Til § 466:

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. Ved endringa vert fristen for anke over skilsmål redusert frå to månader til ein månad i samsvar med endringa av reglane for anke og kjæremål i vanlege tvistemål.

Til § 485

Etter endringa skal ikkje lenger anker over herads- og byrettens avgjerder etter tvistemålslova kapittel 33 gå direkte til Høgsterett. Endringa vil berre ha praktisk verknad for overprøving av tvangsvedtak etter psykiatrilovgjevinga fordi sosialtenestelova § 9-10 allereie fastset at anke over herads- eller byrettens avgjerder går til lagmannsretten. Om bakgrunnen for lovframlegget sjå pkt 3.13 ovanfor.

6 Til endringane i skjønnslova

Til § 21

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.1 ovanfor. At det vert vist til tvistemålslova § 317 femte leddet inneber at advokatar pliktar å sende prosesskriv, utanom sjølve kravet om skjønn og motpartens fråsegn til denne, direkte til motparten. Sjå òg tvistemålslova § 123 om fastsetjing av frist og om kor mange eksemplar av prosesskrivet som må sendast til retten. Endringa inneber òg at det høve som partane har til å kome med ytterlegare innlegg går direkte fram av lova.

Til § 31

Ved endringa vert fristen for å klage over lensmannsskjønn korta ned frå to månader til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er teke før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

Til § 33

Ved endringa vert fristen for å krevje overkjønn korta ned frå to månader til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For underskjønn som er avslutta før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

Til § 33 a

Ved endringa i tredje leddet får retten som har avsagt dommen som vert påanka, plikt til å varsle ankedomstolen dersom vedkomande meiner at anken gjeld ein formuesverdi som ikkje oppfyller kravet til ankesum. Retten pliktar likevel ikkje å foreta nærare undersøkingar. Tvistemålslova § 166 vil regulere sakshandsamingsspørsmålet der retten har fleire medlemmer, eller førebuinga av saka er overlate til ein annan dommar, jf skjønnsprosesslova § 2. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.12.1 og 3.12.3 ovanfor.

7 Til endringa i industrikonsesjonslova

Til § 2

Ved endringa er «rettsskriver» endra til «tinglysingsmyndighetene»som ei følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa, sjå pkt. 5.2 ovanfor.

8 Til endringane i rettsutdragslova

Til §§ 5 og 6

Ved endringa blir «rettsskriver» endra til «domstolen» som ein følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Å ha føresegner direkte i lova om kva embets- og tenestemenn ved Høgsterett som skal utføre oppgåver som nemnde i føresegna, er ikkje nødvendig. Om bakgrunnen elles for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor. I § 6 vert ei tilvising retta opp og i første leddet vert «vedkommende regjeringsdepartement» endra til «departementet».

Til § 10

Ved endringa er andre leddet siste punktum oppheva som følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor. I og med at §§ 5 og 6 etter endringa legg oppgåvene til domstolen, vert andre ledd siste punktum overflødig.

9 Til endringane i rettergangsordningas ikraftsetjingslov

Til § 7

Føresegna er omskriven som ein følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa, sjå pkt. 5.2 ovanfor. Dessutan er «pantebokføreren» teke ut i og med at føresegna allereie ved lov 7 juni 1935 nr. 2 § 40 vart oppheva for så vidt gjeld tinglysing.

Til § 8

Ved endringa vert fristen for å påkjære avgjerder under notarialforretning lengja frå to veker til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er teke før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

10 Til endringa i svalbardlova

Til § 7

Ved endringa vert «rettskriverforretninger» endra til «tinglysingsforretninger»som ei følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

11 Til endringane i arbeidstvistlova

Til § 24

Ved endringa vert «rettsskriver» endra til «protokollfører»som ei følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

Til § 46

Nr 4 vert oppheva som overflødig i og med at stillingstittelen «rettsskriver» er oppheva. Om bakgrunnen for den endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

12 Til endringane i skiftelova:

Til § 5

Føresegna er noko omskriven som ei følgje at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

Til § 40:

Ved endringa vert fristen for å anke over utlodding korta ned frå seks veker til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er teke før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

13 Til endringane i riksrettsrettergangslova

Til § 5

Ved endringa er «rettsskriver» endra til «protokollfører»som ei følge av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Det er direktøren i Høgsterett som svarer til det som tidlegare var «rettsskriveren ved Høiesterett», og for at endringa ikkje skal føre til nokon endring av realiteten er føresegna endra i samsvar med dette. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

Til § 6

Ved endringa er «rettsskriver» endra til «protokollfører» som ein følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

Til § 26

Ved endringa er «rettsskriver» endra til «protokollfører» som ein følgje av at stillingstittelen rettsskrivar er oppheva. Det er direktøren i Høgsterett som svarer til det som tidlegare var «rettsskriveren ved Høiesterett», men i tillegg var protokollsekretærane i Høgsterett rettskrivarar. Det gjer seg ikkje andre omsyn gjeldande i tilknyting til godtgjersle for protokollsekretærane enn for direktøren i Høgsterett, og føresegna er endra i samsvar med dette. Om bakgrunnen for denne endringa sjå pkt. 5.2 ovanfor.

14 Til endringa i tinglysingslova

Til § 10

Ved endringa vert fristen for å påkjære tinglysingsavgjerder lengja frå to veker til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er teke før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde. Første leddet siste punktumvert oppheva. Det er ikkje nødvendig med ein særleg regel om lengre kjæremålsfrist i og med at den vanlege fristen vert fire veker .

15 Til endringa i lov om salsrett for handverkarar

Til § 5

Om bakgrunnen for nytt andre ledd sjå pkt 4.1 ovanfor. Salsmåten er eit alternativ som i første rekke vil kunne brukast ved sal av motorvogn i og med at det då vil gjerne vil vere trong for å slette hefte i Lausøyreregisteret og få gjeve melding til Biltilsynet. Sal gjennom namsmakta kan krevjast òg i andre høve der dette er nødvendig. Der sal skal meldast til offentleg styresmakt, men det er tilstrekkeleg med ei forklaring frå handverkaren eller kjøparen, kan det derimot ikkje krevjast tvangssal etter andre leddet. Formuleringa «etter reglane om tvangssal» inneber mellom anna at varslingsregelen i tvangsfullføringslova § 4-18 ikkje gjeld. Siste punktum er ei vanleg presisering i føresegner om sal gjennom namsmakta på grunnlag av anna enn panterett.

16 Til endringa i burettslagslova

Til § 37

Nytt andre punktum i tredje leddet medfører at laget lettare kan krevje tvangssal der partseigaren mislegheld sine plikter. Det er såleis ikkje nødvendig at partseigaren flyttar ut, eller om nødvendig er kasta ut, før tvangssal kan krevjast. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.8.3 ovanfor.

17 Til endringa i arveavgiftslova

Til § 22

I første leddet vert «morarente» endra til «forsinkelsesrente». Slik endring vart og gjort ved lov 11 juni 1993 nr 83 som ei følgje av at dette uttrykket samstundes vart endra i forseinkingsrentelova. Endringa vart ikkje sett i kraft i og med at arveavgiftslova samstundes vart endra ved lov 21 mai 1993 nr 47. Denne endringa fanga ikkje opp den språklege endringa. Denne vert no endra slik at terminologien i arveavgiftslova vert den same som i forseinkingsrentelova.

18 Til endringane i odelslova

Til § 70

Endringa inneber at retten etter krav frå saksøkte skal påleggje saksøkjaren å stille trygd for løysingssummen når løysingskravet er endeleg avgjort og betaling ikkje skal skje straks. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 9.1 ovanfor.

Til § 75

Endringa inneber at manglande stilling av trygd for løysingssummen vert likestilt med manglande gjennomføring av odelsløysinga. Endringa er gjort for å gjere plikta til å stille trygd etter § 70 andre leddet meir effektiv. Om bakgrunnen for endringa, sjå elles pkt. 9.1 ovanfor.

19 Til endringa i forseinkingsrentelova

Til § 3

Føresegna har fått eit tillegg som presiserer at det er til ein kvar tid gjeldande forseinkingsrente som skal gjelde, sjølv om det i eit kravshøve hadde kome til forseinkingsrente allereie før endringa av forseinkingsrentesatsen. Den tidlegare renta skal då gjelde for tida fram til endringa tek til å gjelde, og den nye renta deretter. Det same vil gjelde sjølv om kravet, og evt forseinkingsrentesatsen er fastslått i en dom. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 9.2 ovanfor.

20 Til endringa i jordskiftelova

Til § 63

Ved endringa vert fristen for bruk av rettsmiddel endra frå høvesvis to veker og to månader til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2 særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er tekne før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

21 Til endringa i rettshjelplova

Til § 28 a

Ved endringa vert fristen for å påkjære avgjerd om godtgjersle til prosessfullmektigar og sakkunnige lengja frå to veker til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er tekne før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

22 Til endringa i barnelova

Til § 20

Føresegna vert oppheva som ei følgje av at den geografiske avgrensinga av vitneplikta i tvistemålslova § 199 er oppheva og erstatte med ein geografisk avgrensa fritaksheimel. Ei særskild opning til å utvide møteplikta vil dermed ikkje ha nokon funksjon. Utgangspunktet vil vere at alle vitne plikter å møte, men at dei i staden kan be om fritak dersom reiseavstanden er stor. Om bakgrunnen for endringa av vitnepliktsreglane sjå pkt 5.1 ovanfor.

23 Til endringane i straffeprosesslova

Til § 20

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt. 5.8 ovanfor. Ved endringa vert tilvisinga til § 272 fjerna for å gjere det klart at regelen ikkje berre gjeld når saksførebuande møte vert haldne med heimel i denne føresegna.

Til § 76

Om bakgrunnen for endringane sjå pkt. 5.6 ovanfor. Føresegna gjeld føring av aktorat, og reglane om kven som skal føre aktoratet ved lagmannsretten og i herads- eller byretten i alvorlege straffesaker og i sikringssaker, er endra. Føresegna er dessutan omredigert slik at det i andre leddet går fram kven som i det heile kan vere aktor og i tredje leddet kva saker desse kan aktorere. Sjølv om berre første leddet spesielt nemner riksadvokaten eller ein fullmektig ved riksadvokatembetet, kan desse sjølvsagt føre alle type saker i alle instansane.

I andre leddeter andre punktum det som tidlegare var tredje leddet, medan tredje og fjerde punktum tidlegare var fjerde leddet.

Nytt tredje ledd består mellom anna av tidlegare andre leddet andre og tredje punktum, og regelen er endra slik at det går klart fram at statsadvokaten kan overlate aktoratet til andre utanfor hovudforhandling, og dessutan i visse vedgåingssaker sjølv om strafferamma er meir enn 6 års fengsel. Det vert vidare slått fast at sikringssaker skal førast av statsadvokat.

Nytt fjerde ledd stod tidlegare i andre leddet siste punktum.

Til § 109

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 5.1 ovanfor. Ved endringa vert den geografiske avgrensinga av møteplikta for vitne oppheva og i staden erstatta med ein geografisk avgrensa fritaksheimel.

Til § 270

Første leddet er endra som ein følgje av at møteplikta for vitne ikkje lenger er geografisk avgrensa, jf endringa av § 109. Det er i staden innførd ein fritaksheimel og vilkåra for bevisopptak er tilpassa dette. Om bakgrunnen for endringa, sjå pkt 5.1 ovanfor.

Til § 276

Om bakgrunnen for endringa sjå punkt 5.3 ovanfor. Ved endringa vert det opna for at ein vara for fagdommaren kan fylgje forhandlingane i vidløftige straffesaker og tre inn om denne får forfall. Det er domstolleiaren som tek avgjerda om det er nødvendig med ein varadommar.

Til § 327

Om bakgrunnen for endringa, sjå punkt 8.10 ovanfor. Nytt andre ledd gjer at den dommaren som er førstvoterande i kjæremålsutvalet og som er saksførebuande dommar, jf straffeprosesslova § 54, kan treffe avgjerder som gjeld saksførebuinga. Unntak gjeld avgjerd av krav om bevisopptak som etter § 338 andre leddet høyrer inn under eit samla kjæremålsutval.

Til § 387 a

Om bakgrunnen for tilføyinga av denne føresegna sjå pkt 8.2 ovanfor. Føresegna gjev Høgsteretts kjæremålsutval høve til forenkla handsaming av kjæremål når det samrøystes finn det klart at kjæremålet ikkje kan føre fram, og har sitt motstykke i tvistemålslova § 403 a. Det vert òg gjeve høve til å «sile» kjæremål frå påtalemakta, sjølv om det ikkje er klart at kjæremålet ikkje vil føre fram.

Til § 388

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 8.2 ovanfor. Føresegna svarar i hovudsak til tvistemålslova § 404 andre leddet og gjev Høgsteretts kjæremålsutval høve til å avvise vidare kjæremål dersom det samrøystes finn at avgjerda korkje vil ha noko å seie for andre saker eller at saka av andre grunnar bør hansamast av utvalet. Av andre punktum går det fram at det ikkje er naudsynt med anna grunngjeving enn ei tilvising til heimelen her, og at avgjerde kan gjerast om til føremon for den sikta når særlege grunnar er for det.

Til § 432

Endringa inneber at ny § 148 a i tvistemålslova skal gjelde når borgarlege rettskrav vert pådømde i ei straffesak. Som ei følgje av dette, skal det i dommar som tilkjenner forseinkingsrente for tida etter at dommen er avsagd ikkje visast til ein bestemt rentesats, men til den alminnelege forseinkingsrenta. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 9.3 ovanfor og merknadene til ny § 148 a i tvistemålslova.

Til § 456

Endringa i tredje leddet første punktum gjer at Statens Innkrevingssentral får høve til å inndrive bøter og andre pengekrav tilkjende i straffesak, ved utleggspant. Det er eit vilkår at utleggspantet kan få rettsvern ved registrering eller underretning til tredjeperson, jf pantelova kapittel 5, og at utleggsforretninga kan gå føre seg på Innkrevingssentralen sitt kontor etter reglane i tvangsfullføringslova § 7-9 første ledd jamført med tredje leddet tredje punktum i paragrafen her.

Tredje leddet andre punktum regulerer Innkrevingssentralen si inndriving av andre krav enn dei som er påkjende i ei straffesak. Dette inneber ikkje noka realitetsendring.

24 Til endringa i konkurslova:

Til § 153

Ved endringa vert fristen for bruk av rettsmiddel endra frå høvesvis to veker og to månader til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2, særleg pkt 3.2.3 ovanfor. For avgjerder som er tekne før endringslova her tek til å gjelde, vil den tidlegare fristen gjelde.

25 Til endringa i dekningslova

Til § 2-7

Om bakgrunnen for endringa, sjå pkt 6.3 ovanfor. Endringa inneber at uleggstrekkperioden for bøtekrav vert forlenga frå to til fem år.

26 Til endringane i tvangsfullføringslova:

Til § 1-3

I nytt tredje ledd vert det opna for underhandssal av underpantsett lausøyre, sjå om bakgrunnen for endringa i pkt 4.3 ovanfor. Føresegna vil som ei følgje av vilkåra om godkjenning som finansforetak og utlån av pengar mot overlevering av tingen til foretaket, vere mest praktisk ved ordinær «pantelånverksemd».

Til § 2-10

Om bakgrunnen for endringa, sjå punkt 4.9 ovanfor. Endringa av andre leddet andre punktuminneber at det kan gjerast unntak frå habilitetsregelen for tvangssal av fast eigedom ved medhjelparsal, og det vert såleis sams reglar for tvangssal av alle typer formuesgode. Vilkåret for å vere medhjelpar er at «det finnes ubetenkelig, og vedkommende har særlige forutsetninger for å forestå salget».

Til § 7-20

Endringa i første leddet er av terminologisk art. Omgrepet «driftstilbehør» i tvangsfullføringslova er søkt harmonisert med pantelova. Sjå elles pkt 4.7 ovanfor.

Til § 11-9

Ved endringa vert det presisert at realregisteret skal gje namsretten melding om eventuelle tidlegare avgjerder om tvangsdekning som er merka av i vedkomande realregister. Siktemålet med endringa er å sikre at seinare saksøkjarar får høve til å nytte retten til å tre inn i tvangssal som det tidlegare er teke avgjerd om, jf § 11-11. Der namsretten får melding om slik tidlegare avgjerd om tvangsdekning pliktar den etter § 11-11 andre leddet tredje punktum å gje saksøkjaren underretning om dette. Sjå elles pkt 4.4 ovanfor om bakgrunnen for endringa.

Til § 11-11

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.4. ovanfor. Ved endringa vert det presisert at namsretten skal gje ein saksøkjar som krev tvangssal underretning om eventuelle tvangssal det allereie er teke avgjerd om i same tingen. Siktemålet med endringa er å sikre at saksøkjaren får høve til å nytte retten til å tre inn i tvangssal som det tidlegare er teke avgjerd om.

Til § 11-12

Opphevinga av tredje leddet gjer at hovudregelen om namsmannen si rolle i medhjelparsal, vil følgje av § 2-10 tredje leddet første punktum. Departementet legg til grunn at endringa ikkje fører til at færre namsmenn bør vere medhjelparar enn forholdet er i dag. Sjå elles pkt 4.10 ovanfor om bakgrunnen for endringa.

Til § 11-13

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.11 ovanfor. Endringa av andre leddet gjer at reglane for å innhente konsesjonspris vert sams for tvangssal ved medhjelpar og tvangsauksjon, jf tvangsfullføringslova § 11-44 tredje leddet. Etter endringa skal namsretten innhente opplysningar om konsesjonspris før eigedomen vert lagt ut for sal.

Til § 11-16

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.5 ovanfor. Ved endringa vert medhjelparen si varslingsplikt andsynes rettshavarar i realregistrerte formuesgode presisert.

Til § 11-18

Endringane i andre og tredje leddet er av terminologisk art. Omgrepet «driftstilbehør» i tvangsfullføringslova er søkt harmonisert med pantelova. Sjå elles pkt 4.7 ovanfor.

Til § 11-26

Om bakgrunnen for endringa sjå punkt 4.12 ovanfor. Endringa i første leddet andre punktum gjer at det er namsretten som fastset om eit bod skal ha kortare bindingstid enn seks veker. Bindingstida bør likevel ikkje vere kortare enn 15 dagar i og med at det etter § 11-29 andre leddet er ein to vekers frist til å kome med innvendingar mot utkastet til fordeling av kjøpesummen.

Til § 11-27

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.6.1 ovanfor. Endringa inneber at rentetillegget ved betaling innan betalingsfristen, men etter oppgjersdagen, skal bli fastsett i forskrift i staden for direkte i lova.

Til § 11-46

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.6.2 ovanfor. Endringa er meint å minne aktuelle kjøparar på at det kan gjelde andre reglar ved tvangssal enn ved frivillig sal. Namsmakta si informasjonsplikt vil som regel kunne oppfyllast ved at dei aktuelle kjøparane som ber om informasjon, får kopi av dei aktuelle lovføresegnene.

Til § 11-54:

Om bakgrunnen for endringa sjå punkt 4.13 ovanfor. Endringa gjer det klart at dersom det i samband med ein tvangsauksjon ikkje vert gjeve bindande bod eller saksøkjaren i auksjonsmøtet erklærer at ingen av boda vil bli kravd stadfesta, kan saksøkjaren innan ein månad krevje at det skal gjerast eit nytt dekningsforsøk. Slik tvangsdekning treng ikkje vere ein ny auksjon. Namsretten kan òg avgjere at det nye dekningsforsøket skal skje ved medhjelparsal.

Til § 11-55

Om bakgrunnen for endringane sjå pkt 4.7 ovanfor. Endringa i første leddet er av terminologisk art. Omgrepet «driftstilbehør» i tvangsfullføringslova er søkt harmonisert med pantelova. I nytt andre ledd er det opna for at tvangsbruk av fast eigedom kan utvidast til å omfatte driftstilhøyrsle som nemnt i pantelova §§ 3-8 og 3-9 og varelager jf pantelova § 3-11. Føresegna svarar til tvangsfullføringslova 1915 § 176 a andre leddet første punktet jf § 126. Kriteriet « naturlig tilknytning til den faste eiendommen» er det same som i tvangsfullføringslova 1915 § 126. Saksøkjaren har rett, men ikkje plikt til å krevje at tvangsbruken skal omfatte verdiar som nemnde i pantelova §§ 3-8, 3-9 og 3-11. Når det etter tvangfullføringslova § 11-1 tredje leddet skal avgjerast kva omfang tvangsbruken skal ha, vil saksøkjarens krav såleis gje ei ytre ramme. Det er vidare ein føresetnad for at tvangsbruken skal kunne omfatte verdiar som nemnde i pantelova §§ 3-8, 3-9 og 3-11 at det ligg føre tvangskraftig tvangsgrunnlag som nemnt i tvangsfullføringslova § 8-2 òg i høve til desse verdiane.

Til § 11-57

Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 4.7 ovanfor. Endringa i første leddet er ei følgje av nytt andre ledd i § 11-55 og svarar til tvangsfullføringslova 1915 § 176 a andre leddet andre punktum.

Til § 13-2

Om bakgrunnen for endringane sjå pkt. 4.2 ovanfor. Ved endringane i andre og tredje leddet vert det presisert at det ikkje berre er leige som er teke med i varsel etter § 4-18 som lyt betalast for å stogge gjennomføringa av krav om utlevering av lausøyre eller fråviking av fast eigedom, men all leige som har forfalle på fråvikings- eller uteveringstidspunktet. Denne endringa presiserer berre gjeldande rett. Føresegna er òg endra slik at utanrettslege kostnader som utleigaren har hatt, ikkje berre kostnader i sjølve tvangsinndrivingssaka, lyt dekkast. Dette er kostnader som leigetakaren òg tidlegare har vore ansvarleg for, men det har hittil ikkje vore eit vilkår for å avbryte tvangsforretninga at desse blir betalt.

Til § 13-6

Endringa i regelen om kva eit varsel skal innehalde, er endra som ein følgje av at § 13-2 er endra, sjå merknadene til denne føresegna og om bakgrunnen for framlegget i pkt 4.2 ovanfor.

27 Til endringa i lov 11 juni 1993 nr 83 om endringar i rettergangslovgjevinga m m

Lov 11 juni 1993 nr 83 gjorde ei endring i arveavgiftslova § 22. Denne endringa vart ikkje sett i kraft i og med at arveavgiftslova samstundes vart endra ved lov 21 mai 1993 nr 47 om endringar i arveavgiftslova. Endringa frå 11 juni 1993 nr 83 er framleis ikkje sett i kraft og kan derfor opphevast i og med at terminologien i arveavgiftslova § 22 vert endra i lova her. Dette er ei reint teknisk endring som ikkje endrar gjeldande rett.

28 Til endringane i tomtefestelova

Til § 16

I første leddet er mål endra til dekar. Bakgrunnen for endringa er brev frå Norges Jordskiftekandidatforening 12 mai 1998 til Justisdepartementet. I brevet heitte det:

«Foreningen finner det naturlig å bemerke at et mål ikke tilsvarer 1 dekar (daa) eller 1000m 2. Et mål tilsvarer derimot 2500 kvadrat alen, som utgjør ca 984 m2. Det meteriske målesystem ble innført i Norge ved lov av 22 mai 1875 og etter 1 juli 1882 er bare det metriske system lovlig ved offentlige målinger. I pressede utbyggingsområder langs kysten spesielt vil det kunne oppstå tvist vedrørende differansen mellom 1 mål og 1 daa.»

Det var ikkje siktemålet å gå tilbake til systemet med alen som måleeining ved den nye tomtefestelova, og med «eitt mål» er det meint 1000 m2, slik omgrepet òg gjerne er nytta i daglegtale. For å unngå unødig tvil, og ikkje minst for lova skal bruke den korrekte og lovlege måleeininga, er «mål» endra til «dekar».

Til § 33

Nytt fjerde punktum svarar til tomtefestelova 1975 § 10 andre leddet siste punktum, og gjev Kongen heimel til å gje utfyllande reglar om vilkåra for og gjennomføring av innløysing av tomt som er festa bort til fritidshus frå eit familie- eller kombinasjonsbruk. I ordlyden i 1975-lova er det berre gjennomføringa, ikkje vilkåra, det kan fastsetjast forskrifter om, men heimelen har vorte forstått og praktisert slik at det òg kan fastsetjast reglar om kva som ligg i omgrepa «kombinasjonsbruk» og «familiebruk» Slike føresegner er i dag fastsett i forskrift 5 desember 1986 §§ 2 og 3. I Ot prp nr 28 (1995-96) gjorde departementet framlegg om at retten til innløysing i slike høve ikkje skulle vere snevrare enn elles, jf utkastet til § 32 i proposisjonen, og det vart av den grunn heller ikkje gjort framlegg om nokon slik forskriftsheimel. Stortingets fleirtal ville derimot at innløysing skulle skje på same vilkår som tidlegare, jf Innst O nr 85 (1995-96) s 10. Stortingets fleirtal førte likevel ikkje vidare regelen i tomtefestelova 1975 § 10 andre leddet siste punktum om at Kongen kunne gje utfyllande reglar om gjennomføringa av slik innløysing, noko som ikkje synest å vere tilsikta. Sjølv om Kongen ikkje lenger skulle kunne fastsetje med bindande verknad kva som ligg i omgrepa «kombinasjonsbruk» eller «familiebruk», ville manglande forskrifter neppe få nokon særleg verknad. Omgrepet «familie- og kombinasjonsbruk» er det same i den nye tomtefestelova, og dei gamle føresegnene vil ganske klart stå sentralt ved tolkinga av dette omgrepet òg i framtida. Etter departementets vurdering er det likevel ryddigare at dei nærare retningslinene kan gå fram av dei nye forskriftene til tomtefestelova, enn at brukarane av lova lyt gå til dei oppheva forskriftene for å finne ut kva som ligg i lova sine vilkår. Heimelen til å gje nærare føresegner er difor teke inn att.

29 Til endringa i lov 17 januar 1997 nr 11 om endringar i straffeloven m.v.

Til endringa i pkt 9

Ved denne føresegna er straffeprosesslova § 76 tidlegare endra slik at sikring vert erstatta med overføring til tvunge helsevern etter straffelova § 39 eller forvaring. I og med at endringa ikkje har teke til å gjelde er det nødvendig å innarbeide dei endringane som vert vedtekne i § 76 ved lova, sjå om desse endringane i pkt 5.6 ovanfor.

30 Til endringa i husleigelova

Til § 13-2

Endringa i andre leddet er ei følgje av at den allmenne ankefristen er korta ned frå to til ein månad. Om bakgrunnen for endringa sjå pkt 3.2.3 ovanfor.

Til ikraftsetjing og overgangsføresegner

Departementet tek sikte på at lova skal ta til å gjelde så snart som mogeleg. Lova kjem med mange endringar, og dei som endringane har mest å seie for, i hovudsak domstolane, advokatar og påtalemakta, må få tid til å førebu seg. Departementet vil difor først sende ut eit skriv som gjer greie for endringane i rimeleg tid, før lova tek til å gjelde. Kongen fastset tidspunktet for når lova tek til å gjelde. Det er heimel for å setje ulike deler av lova i kraft til ulike tid. Det kan til dømes vere aktuelt å gjere dette av omsyn til endringane i tomtefestelova (nr 28 ovanfor).

Til forsida