Ot.prp. nr. 3 (1999-2000)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (harmonisering av rettsmiddelfristar, effektivisering av bøtestraffa og endring av prosessreglane for Høgsterett m.m.)

Til innhaldsliste

7 Endringar i domstollova kap 11 om disiplinær- og tilsynsordninga for advokatar

7.1 Endringar i samansetjinga av Advokatbevillingsnemnda

Det følgjer av domstollova § 226 første leddet slik den no lyder, at Advokatbevillingsnemnda skal bestå av tre medlemmer: leiaren for styret i Tilsynsrådet, leiaren for Disiplinærnemnda og ein særskilt oppnemnd leiar som skal vere dommar.

Det har vist seg at denne samansetjinga skaper eit habilitetsproblem ved at leiarane for styret i Tilsynsrådet og leiaren i Disiplinærnemnda òg er medlemmer av Advokatbevillingsnemnda. Sakene som skal handsamast av Advokatbevillingsnemnda, er såleis tidlegare handsama av anten Tilsynsrådet eller av Disiplinærnemnda. Dette inneber at i alle saker som blir avgjorde av Advokatbevillingsnemnda, har ein av medlemmane i nemnda delteke av handsaminga i både første og i andre instans.

Habilitetsspørsmålet vart vurdert i forarbeida til endringane i domstollova som tok til å gjelde 1 januar 1997 (Ot prp nr 39 (1994-95) side 19). Departementet kom då til at korkje offentlege eller private interesser var til hinder for ei slik samansetjing. Det vart den gongen òg lagt avgjerande vekt på at nemnda har ein dommar som leiar.

Både leiaren for styret i Tilsynsrådet og leiaren av Disiplinærnemnda har likevel opplevd at «dobbeltrolla» deira i praksis har bydd på habilitetsproblem. Likeeins har Advokatforeningen peika på det uheldige ved dagens samansetjing. Etter departementet si vurdering viser dette at dagens samansetjing kan oppfattast som uheldig, og at det difor synest å vere behov for å endre samansetjinga av Advokatbevillingsnemnda.

På bakgrunn av det som er sagt ovanfor, gav departementet i høyringsbrev 5 oktober 1998 uttrykk for at nemnda bør vere sett saman av tre medlemmer utan tilknyting til Tilsynsrådet eller Disiplinærnemnda. Etter departementet si vurdering burde framleis ein av medlemmane vere praktiserande advokat, og dei andre to dommarar. Departementet gjorde vidare framlegg om at den medlemmen som skal vere advokat, og varamedlemmen for denne vert oppnemnde etter framlegg frå Den Norske Advokatforening.

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot at det blir gjort ei endring i samansetjinga av Advokatbevillingsnemnda. Borgarting lagmannsrett føreslår likevel at den tredje medlemmen korkje bør vere dommar eller advokat, men representere det rettssøkjande publikum.

Departementet har på bakgrunn av framlegget frå Borgarting lagmannsrett funne at Advokatbevillingsnemnda bør leiast av ein dommar og at eit av medlemmene skal vere praktiserande advokat. Det bør ikkje vere noko særleg kvalifikasjonskrav for det tredje medlemmet. På denne måten står ein friare i den einskilde sak med omsyn til kven som kan oppnemnast til Advokatbevillingsnemnda. Det tredje medlemmet kan såleis til dømes vere ein representant frå det rettssøkjande publikum. Medlemmer og varamedlemmer blir oppnemnde av Kongen.

Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova § 226 første leddet og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.

7.2 Den rettslege stillinga til tilsyns- og disiplinærorgana

Ved opprettinga av den nye tilsyns- og disiplinærordninga for advokatar vart det frå lovgjevar si side ikkje teke uttrykkeleg stilling til om Tilsynsrådet for advokatverksemd, Disiplinærnemnda og Advokatbevillingsnemnda er å rekne som vanlege forvaltningsorgan eller som eigne offentlege innretningar. Det kan i denne samanheng oppstå spørsmål om kven som er rett saksøkt ved søksmål mot desse organa.

Departementet gjorde i høyringsbrevet 5 oktober 1998 framlegg om at det er staten ved høvesvis Tilsynsrådet for advokatverksemd, Disiplinærnemnda eller Advokatbevillingsnemnda som skal vere rett saksøkt ved søksmål i samband med avgjerder tekne av desse organa.

Tilsynsrådet for advokatverksemd, Disiplinærnemnda, Advokatbevillingsnemnda, Forbrukarrådetog Borgarting lagmannsrett stør departementet sitt framlegg. Ingen av høyringsinstansane går imot framlegget.

Departementet gjer etter dette framlegg om at søksmål som rettar seg mot avgjerder tekne av Tilsynsrådet for advokatverksemd, Disiplinærnemnda eller Advokatbevillingsnemnda, berre kan reisast mot staten ved kvart enkelt organ.

Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova § 225 fjerde leddet nytt tredje punktum, § 226 andre leddet nytt femte punktum og § 227 sjuande leddet nytt andre punktum, og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.

7.3 Presisering av tilsynsområdet til Tilsynsrådet etter domstollova § 225

Det følgjer av domstollova § 225 tredje leddet første punktum, jf advokatforskrifta 20 desember 1996 § 4-5, at dersom nokon som Tilsynsrådet fører tilsyn med, har oppført seg i strid med domstollova «eller annen lov», kan Tilsynsrådet gje vedkomande ei irettesetjing. Likeins går det fram av forskrifta § 4-5 at Tilsynsrådet har kompetanse til å kontrollere at advokatverksemd vert drive i samsvar med reglane i advokatforskrifta, andre føresegner i eller i medhald av lov og i samsvar med god advokatskikk.

Dei viktigaste tilsynsoppgåvene Tilsynsrådet har, er å føre tilsyn med korleis advokatar stiller trygd, og med advokatar si føring av rekneskap og handtering av tiltrudde midlar. Dette er oppgåver som inneber kontroll med at advokatverksemda vert utøvd i samsvar med domstollova og advokatforskrifta. Tilsynsrådet har i praksis stort sett avgrensa sin kontrollfunksjon til desse områda, og ikkje sett det som si allmenne oppgåve å kontrollere om advokatane handlar i strid med andre lover.

I høyringsbrevet 5 oktober 1998 gjorde departementet framlegg om at domstollova § 225 tredje leddet første punktum vert endra slik at Tilsynsrådet berre skulle ha høve til å gje irettesetjingar m m ved brot på reglane i domstollova kapittel 11 om advokatar og føresegner gjevne i medhald av dette kapittelet.

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget frå departementet. Disiplinærnemnda nemner likevel at den har kompetanse til å vurdere om ein advokat har opptrådt i strid med andre lover enn domstollova og advokatforskrifta. Nemnda har òg tidlegare gjeve uttrykk for at dersom ho skal vurdere om ein advokat har opptrådt i strid med anna lov, bør det vere ein føresetnad at det forholdet det er klaga over, vedkjem advokaten sin oppførsel i kraft av virket som advokat, og at eit vidare kompetanseområde fell utanfor det som synest rimeleg å ha som vurderingskriterium i ei yrkesetisk disiplinærordning.

Når det gjeld Disiplinærnemnda sitt kompetanseområde, deler departementet nemnda sitt syn, som gjev uttrykk for ei naturleg tolking av domstollova § 227. Og når det gjeld Tilsynsrådet, ligg det avgrensingar i ei naturleg tolking av domstollova § 227. Tilsynsrådet skal føre tilsyn med advokatane si verksemd. Rådet skal ikkje føre tilsyn med advokatane sitt privatliv eller med verksemd som eit advokat driv, som ikkje har noko samband med advokatverksemda. Tilsynsrådet si oppgåve må dessutan avgrensast mot andre tilsynsorgan sine oppgåver, til dømes mot Arbeidstilsynet sine oppgåver når det gjeld tilhøvet til arbeidstakarar hos advokaten og skattestyresmaktene sine oppgåver med ilikning og innkrevjing av skatt. På den andre sida må Tilsynsrådet ha høve til å slå ned på brot på andre reglar enn reglane om advokatverksemd i domstollova kapittel 11 og reglane gjevne i medhald av dette kapittelet. Ein advokat krev til dømes eigenbetaling av ein klient som har fri rettshjelp. Forbodet mot det finst i rettshjelpslova og ikkje i domstollova kapittel 11 med føresegner. Tilsynsrådet må òg kunne slå ned på ein advokat som krev ulovleg høge salær i inkassosaker. Reglane om det finst i føresegnene til inkassolova. På bakgrunn av dette har departementet kome til at domstollova § 225 ikkje bør endrast i samsvar med framlegget i høyringsbrevet, men at det i staden bør presiserast at jamvel brot på reglar gjevne i medhald av lov kan gje Tilsynsrådet grunnlag for å gje ein advokat irettesetjing eller åtvaring eller gjere framlegget for Advokatbevillingsnemnda om at advokatløyvet vert kalla tilbake.

7.4 Presisering av kva kompetanse Disiplinærnemnda har etter domstollova § 227

Det følgjer av domstollova § 227 tredje leddet andre og tredje punktum jf advokatforskrifta § 5-7 andre punktum, at Disiplinærnemnda har uttrykkeleg heimel til å gje ei irettesetjing til ein advokat som har opptrådt i strid med god advokatskikk eller i strid med denne eller anna lov, og i alvorlege tilfelle kan nemnda gje ei åtvaring. Advokatforeningen har peika på behovet for å ha ein klar heimel òg for ei tredje reaksjonsform som ofte er nytta: «kritikk for opptreden i strid med god advokatskikk». Som Advokatforeningen meiner departementet at det er behov for å ta inn ein klarare heimel for å kunne kome med kritikk som ei sjølvstendig reaksjonsform ved oppførsel i strid med god advokatskikk, som eit alternativ til irettesetjing eller åtvaring. Departementet gjorde i høyringsbrevet 5 oktober 1998 framlegg om at ein slik heimel vert teken inn i domstollova § 227 tredje leddet nytt tredje punktum.

Den norske Advokatforening stør framlegget og viser til at ei slik endring fører til at reaksjonsformene i Disiplinærnemnda og i Advokatforeningens disiplinære utvalg dermed vert identiske. Òg Forbrukarrådet er positiv til forslaget frå departementet og viser til behovet for ein klar reaksjon i dei tilfella der brotet på reglane for god advokatskikk er uheldig, men ikkje så alvorleg at det kvalifiserer til irettesetjing eller åtvaring.

Dei andre høyringsinstansane, med unntak av Tilsynsrådet for advokatverksemd, har ingen merknader til forslaget. Tilsynsrådet meiner at det bryt med prinsippa for det samordna reaksjonssystemet som er nedfelt i domstollova, at det vert lovfesta særlege reaksjonsformer for eitt av organa.

Departementet viser til at Disiplinærnemnda sjølv har sagt at det på grunn av typen saker er behov for ei mildare reaksjonsform enn irettesetjing eller åtvaring. Departementet stør denne vurderinga og viser til at det ikkje har vore peika på tilsvarande behov når det gjeld dei sakene som blir handsama av Advokatbevillingsnemnda eller Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Departementet gjer såleis framlegg om at ein advokat som har opptrådt i strid med god advokatskikk eller elles i strid med denne eller anna lov, kan få ei irettesetjing eller kritikk.

Departementet viser elles til forslaget til endring i domstollova § 227 tredje leddet tredje punktum og merknadene til forslaget i pkt 11 nedanfor.

7.5 Utvida klagerett til Disiplinærnemnda ved manglande tilbakebetaling av for mykje betalt salær

Det følgjer av domstollova § 227 fjerde leddet fjerde punktum og advokatforskrifta § 5-7 første leddet fjerde punktum, at pålegg frå Disiplinærnemnda om tilbakebetaling av salær og sakskostnader er tvangsgrunnlag for utlegg. Tilsvarande vedtak i dei regionale disiplinærutvala, jf domstollova § 227 femte leddet andre punktum og advokatforskrifta § 5-3 andre leddet, er derimot ikkje tvangsgrunnlag. Erfaring har vist at enkelte advokatar nektar å følgje pålegg frå eit regionalt utval om å betale tilbake salær. I slike tilfelle kjem klienten i ein vanskeleg situasjon sidan avgjerder som er tekne av eit regionalt disiplinærutval, ikkje er tvangsgrunnlag for kravet. Klienten har heller ikkje hatt grunn til å klage på vedtaket i det regionale utvalet til Disiplinærnemnda i og med at vedkomande har fått heilt eller delvis medhald. Det at advokaten nektar å betale tilbake salæret, kjem dessutan ofte for ein dag lenge etter at klagefristen er gått ut. Ved at det pr i dag ikkje er klagerett til Disiplinærnemnda over manglande tilbakebetaling av salær, er det heller ikkje på denne måten mogleg å oppnå tvangsgrunnlag for kravet. Dersom advokaten ikkje frivillig betaler tilbake salæret, er den einaste framgangsmåten for klienten å få dom for kravet sitt. Men det vert gjerne både tungvint og kostbart, sett i relasjon til den gjennomsnittlege storleiken på slike krav.

Disiplinærnemnda har peika på det problematiske ved at vedtak i regionale disiplinærutval ikkje er tvangsgrunnlag. For å løyse dette problemet gjorde departementet i høyringsbrevet 5 oktober 1998 framlegg om å innføre ein klagerett til Disiplinærnemnda for klientar som ikkje får tilbakebetalt salær trass i avgjerd teken av eit regionalt disiplinærutval. Ved at Disiplinærnemnda fattar eit vedtak om tilbakebetaling, er det tvangsgrunnlag for utlegg etter domstollova § 227 fjerde leddet fjerde punktum. Departementet legg til grunn at det ikkje vil vere behov for at nemnda realitetshandsamar sjølve saka, men at ho berre handsamar klaga over at tilbakebetaling ikkje har skjedd. Alternativet om at avgjerder i dei regionale disiplinærutvala blir gjorde til tvangsgrunnlag, har departementet vurdert som ikkje føremålstenleg.

Den Norske Advokatforening, Disiplinærnemndaog Forbrukarrådet stør framlegget frå departementet. Dei andre høyringsinstansane har ingen merknader.

Departementet gjer etter dette framlegg om at Disiplinærnemnda òg kan handsame klagar frå klientar som ikkje får tilbakebetalt for mykje betalt salær, på grunnlag av avgjerder tekne av andre disiplinærorgan. Departementet viser elles til forslaget til endringar i domstollova § 227 tredje leddet nytt fjerde punktum.

Til forsida