Ot.prp. nr. 63 (2004-2005)

Om lov om endringar i inkassolova (krav om å vere eigna m.m.)

Til innhaldsliste

4 Kravet om politiattest

4.1 Gjeldande rett

Det følgjer av inkassolova § 5 andre ledd bokstav b og tredje ledd at den som er faktisk leiar av eit inkassoforetak, må leggje fram politiattest. Lova seier ikkje noko nærmare om kva attesten skal opplyse om. Det følgjer av lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering §§ 5 og 6 og forskrift 20. desember 1974 nr. 4 om strafferegistrering § 15 kva for straffbare forhold som skal merkast av på attesten. Attesten skal vise alle typar straffbare forhold, men avgrensa i tid og etter kor alvorlege dei er. Formålet med politiattestane tilseier at ikkje alle straffbare handlingar som er registrert, skal takast med. Reglane i strafferegistreringslova §§ 5 og 6 inneber til dømes at verserande saker ikkje blir tatt med på attesten, og at attesten ikkje skal innehalde opplysingar om strafferettslege reaksjonar som er meir enn to år gamle når det gjeld bøter, fem år gamle når det gjeld vilkårsdom og dom utan vilkår på under seks månader, eller ti år gamle når det gjeld straffbare forhold som har resultert i dom utan vilkår i meir enn seks månader.

Andre enn den faktiske leiaren treng i dag ikkje å leggje fram politiattest. Plikta gjeld såleis ikkje for styremedlemmar eller for daglege leiarar som ikkje også er faktiske leiarar.

4.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo Kredittilsynet at også dagleg leiar og styremedlemmar skulle leggje fram politiattest. Høyringsnotatet tok ikkje nærmare stilling til kva for type politiattest det var bruk for, eller kva for straffbare forhold Kredittilsynet burde få kjennskap til på denne måten.

4.3 Høyringsfråsegnene

Datatilsynet, Politidirektoratet/Oslo politidistrikt, Den Norske Advokatforening og Norske Inkassobyråers Foreninghar uttalt seg om problemstillinga.

Politidirektoratet/Oslo politidistrikt meiner det bør innførast ein heimel for å krevje politiattest for dagleg leiar, styremedlem og eigar med «betydelig eierandel». Direktoratet gir uttrykk for at ein avgrensa politiattest er høveleg i dette tilfellet, dvs. ein politiattest der berre brot på spesifikk lovgiving blir ført opp. Politidirektoratet etterlyser ei nærmare definering av kva politiattesten skal omhandle og peikar på at det bør vedtakast ein uttrykkjeleg heimel til å kunne legge vekt på forhold som ikkje er direkte knytt til inkassolova. Direktoratet ser det som ein fordel at alle straffbare forhold på den aktuelle sektoren skal bli merka av på attesten. Når det gjeld spørsmålet om kor lang tid ein dom eller eit vedtatt førelegg skal tilleggjast verknad, viser Politidirektoratet og Oslo politidistrikt til regelen i straffelova § 61 andre ledd, og foreslår ein tilsvarande regel i inkassolova.

Datatilsynet viser til drøftinga av politiattestar i NOU 2003:21 (Kriminalitetsbekjempelse og personvern - politiets og påtalemyndighetens behandling av opplysninger), og ser behov for ei nærmare vurdering av mellom anna forholdet til den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 før ei slik plikt blir innført. Datatilsynet peikar vidare på at det ved avgjerda om å gi eller nekte inkassoløyve berre kan leggjast vekt på relevant informasjon, og ikkje all informasjon som måtte tilflyte Kredittilsynet gjennom ein politiattest. Tilsynet peikar vidare på at Kredittilsynet bør få kompetanse, men ikkje plikt, til å krevje politiattest lagt fram.

Nærings- og handelsdepartementetog Norske Inkassobyråers Foreninghar i sine høyringsfråsegner tatt til orde for at eigarane skal vere unntatt frå plikta til å leggje fram politiattest.

4.4 Departementet sitt syn

Justisdepartementet foreslår at dagleg leiar og styremedlemmar, men ikkje eigarane, må leggje fram ein avgrensa politiattest, jf. framlegga til endringar i § 5 første ledd bokstav c, tredje ledd bokstav b, sjette ledd og sjuande ledd.

Etter departementet sitt syn vil ei slik avgrensing av plikta til å leggje fram politiattest vere godt i samsvar med den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 nr. 2.

Artikkel 8 vernar retten til respekt for privatliv og familieliv. Det følgjer av praksis frå den europeiske menneskerettsdomstolen at artikkelen også gjeld lagring og utlevering av personopplysingar frå offentlege register utan rett til innsyn frå den det gjeld. Høgsterett føreset det same i Rt. 2001 s. 428, som gjeld utlevering av opplysingar frå strafferegisteret. Å utferde politiattest er ei form for utlevering av opplysingar etter EMK. Artikkel 8 nr. 2 set tre kumulative vilkår for når offentlege styresmakter likevel kan gjere inngrep i retten til respekt for privatliv og familieliv. Artikkelen krev at inngrepet er regulert i «lov», at inngrepet er «nødvendig i et demokratisk samfunn», og at inngrepet fremjar eit av dei uttømande legitime formåla i artikkelen. Desse formåla er: «den nasjonale sikkerhet», «offentlig trygghet», «landets økonomiske velferd», «å forebygge uorden eller kriminalitet», «å beskytte helse og moral» og «å beskytte andres rettigheter og friheter».

Artikkel 8 nr. 2 er forstått slik at både formell lov og forskrift fyller kravet til «lov». Men det er til dømes ikkje nok om dette er fastsett i eit rundskriv eller pålegg. Departementet foreslår å regulere bruken av politiattest i formell lov, eventuelt supplert med regulering i forskrift.

I tillegg må tiltaket vere naudsynt ut frå dei formåla som er nemnd ovanfor. Av dei formåla som er relevante her, er det særleg omsynet til å førebyggje kriminalitet og verne andre sine rettar som er aktuelt. Det er nettopp slike omsyn som er bakgrunnen for kravet om politiattest.

Kravet om at utleveringa frå strafferegisteret skal vere naudsynt i eit demokratisk samfunn inneber m.a. at lovgivaren ikkje kan krevje at politiattest blir lagt fram av fleire enn det som er naudsynt. Etter Justisdepartementets syn er det godt i samsvar med EMK artikkel 8 å stille krav om politiattest overfor faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemmar, men eit slikt krav er noko meir tvilsamt når det gjeld eigarane. Det er faktisk leiar, dagleg leiar og styret som opptrer på vegne av inkassoforetaket, og som er ansvarlege for dei vedtaka som blir gjort på vegne av foretaket.

Kravet om at utleveringa frå strafferegisteret skal vere naudsynt i eit demokratisk samfunn, set også visse grenser for kva slags opplysingar tilsynet skal kunne ta i mot og kor lenge dei skal kunne lagrast.

Etter Justisdepartementets oppfatning er det best i samsvar med EMK artikkel 8 å gi heimel til å hente inn ein avgrensa politiattest. Attesten bør då vere avgrensa til straffbare forhold som etter sin art kan svekke tilliten til at personen er eigna til å drive inkassoverksemd i samsvar med lover, forskrifter og god inkassoskikk. Departementet legg til grunn at det i første rekke er tidlegare økonomisk kriminalitet og vald mot person som er eigna til å svekke tilliten til personen eller foretaket på dette området. Attesten bør avgrensast i samsvar med dette. Ei slik avgrensing vil vere med på å sikre at det berre blir tatt omsyn til forhold som det vil vere kriminalitetsførebyggjande å leggje vekt ved vurderinga av om ein person er eigna til å ha ein sentral posisjon i eit inkassoforetak.

Økonomisk kriminalitet vil her typisk vere brot på inkassolova, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivinga, selskapslovgivinga, konkurranselova, verdipapirlovgivinga og økonomisk kriminalitet regulert i straffelova som til dømes underslag og bedrageri. I tillegg til dette har departementet merka seg at Oslo Politidistrikt har peika på at det kan vere ein samanheng mellom vald mot person og meir hardhendt inndriving av pengekrav. Tidlegare dommar for valdskriminalitet bør derfor også merkast av. Lovforslaget presiserer uttrykkeleg kva slags typar straffbare handlingar som skal førast opp på politiattestar som blir skrivne ut etter lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering.

Departementet foreslår at alle straffer på det definerte området skal gå fram av attesten, dvs. at det ikkje skal vere noko avgrensing bakover i tid. Dette er normalløysinga ved bruk av avgrensa attestar, jf. NOU 2003: 21 Kriminalitetsbekjempelse og personvern s. 93 og 94 (punkt 4.20.4). Slik departementet ser det, er det nødvendig at leiarane i inkassoforetak legg fram politiattestar som ikkje er tidsavgrensa etter dei allmenne reglane i strafferegistreringslova § 6. Ein kunne elles risikere at Kredittilsynet ikkje fekk kjennskap til alvorleg valdskriminalitet eller økonomisk kriminalitet som leiande personar i inkassoforetak kunne ha gjort seg skyldige i. Dette ville innebere ei klar svekking av den førebyggjande effekten kravet om politiattest er meint å ha av omsyn til både skyldnarane, oppdragsgivarane (kreditorane) og samfunnet elles.

Reglane i strafferegistreringslova og inkassolova med forskrifter vil regulere sjølve utleveringa av opplysingar frå politiet. Når det gjeld Kredittilsynet si vidare handsaming av personopplysingane i attesten, gjeld reglane i personopplysingslova. Med «handsaming av personopplysingar» siktar ein her til einkvar formålsbestemt bruk av personopplysingar, til dømes innsamling, registrering, samanstilling, lagring og utlevering eller ein kombinasjon av slike bruksmåtar, jf. også personopplysingslova § 2 nr. 2. Når det gjeld kor lenge attesten eller opplysingane i den kan bli lagra, vil eit naturleg personvernrettsleg utgangspunkt vere at attesten blir returnert til den det gjeld eller makulert når det ikkje lenger er naudsynt for Kredittilsynet å lagre opplysingane. Frå det same tidspunktet bør opplysingane bli sletta hos Kredittilsynet. Dette tidspunktet må fastsetjast konkret, men opplysningane bør i alle høve vere sletta når personen ikkje lenger har det aktuelle vervet i foretaket eller tilsvarande verv i bransjen. Departementet gjer framlegg om ein heimel for Kongen til å gi nærmare reglar om handsaming av politiattestane, jf. lovforslaget § 5 sjuande ledd.

Departementet gjer vidare framlegg om at også den attesten som ein faktisk leiar skal leggje fram, skal vere avgrensa. I dag er dette ikkje spesifisert i lovteksten eller i forarbeida. Det følgjer då av strafferegistreringslova at politiet utferdar ein ordinær attest som viser straffbare forhold på eitkvart område, men avgrensa i tid. EMK artikkel 8 kan tale for å nytte ein avgrensa attest også for ein faktisk leiar. Dessutan er det ein fordel om inkassolova berre opererer med ein type politiattest, så lenge det ikkje er saklege omsyn som tilseier noko anna.

Hovudregelen vil i praksis vere at det skal leggjast fram norsk politiattest. Etter forslaget er det likevel ikkje krav om at politiattesten må vere norsk. Vilkåret om politiattest kan bli oppfylt ved at det blir lagt fram ein utanlandsk attest, dersom det er tale om ein person som har eller har hatt ei meir permanent tilknyting til eit anna land.

I tilfelle der utanlandske aktørar ønskjer å drive inkassoverksemd i Noreg, vil ein norsk politiattest vanlegvis vere av liten verdi. Kredittilsynet kan i slike tilfelle avslå søknaden om inkassoløyve dersom det ikkje blir lagt fram ein utanlandsk politiattest eller liknande vandelsattest. Tilsvarande kan tilsynet avslå søknaden dersom ein person med tilknyting til både Noreg og eit anna land har lagt fram berre ein norsk politiattest eller berre ein utanlandsk politiattest. Dette følgjer av at Kredittilsynet «kan» tildele inkassoløyve dersom minstevilkåra i inkassolova er oppfylt, jf. § 5 første ledd første punktum og § 5 tredje ledd første punktum. Kredittilsynet kan til dømes grunngi eit avslag med at tilsynet ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å ta stilling til om den aktuelle personen er eigna.

Det kan ikkje stillast krav om at utanlandske politiattestar berre skal vise merknader om strafferettslege reaksjonar ved brot på dei særskilte straffeboda som er nemnde i lovforslaget § 5 sjette ledd første punktum. Norsk lovgiving kan sjølvsagt ikkje regulere utferding av politiattestar i andre statar, og ein kan ikkje ta for gitt at alle land har ei ordning med avgrensa politiattestar. Kravet om avgrensa politiattest skal derfor berre gjelde for politiattestar «som utstedes etter lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering», jf. lovforslaget § 5 sjette ledd første punktum. Dette omfattar berre norske politiattestar.

Når det gjeld utanlandske attestar, må utgangspunktet vere at dei skal vere minst like omfattande som dei avgrensa norske attestane. Kredittilsynet må her godta attestar som i all hovudsak inneheld same informasjon som dei norske, attestar som inneheld informasjon om fleire typar straffbare forhold, og attestar som ikkje rekk så langt tilbake i tid som dei norske. Det må i denne samanhengen takast omsyn til kva slags type attestar det er praktisk mogleg å få skrivne ut i vedkomande land. Det sentrale må vere at personar som har eller har hatt ei meir permanent tilknyting til eit anna land - så langt det let seg gjere - legg frem attestar som svarer til dei norske politiattestane. Dersom vedkomande land ikkje har ei ordning med politiattestar eller tilsvarande attestar, kan det sjølvsagt ikkje stillast krav om at denne typar attestar blir lagt fram. Det same gjeld dersom landet har ei slik ordning, men det i praksis ikkje let seg gjere å få skrive ut ein relevant attest for den aktuelle personen.

Til forsida