Ot.prp. nr. 63 (2004-2005)

Om lov om endringar i inkassolova (krav om å vere eigna m.m.)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å innføre krav om å vere eigna for dei sentrale aktørane i inkassoforetaka inneber ei lita meirbelastning for foretaka, sidan dei må opplyse om kven som er dagleg leiar, styremedlem og eigarar med monalege eigardelar.

Den einskilde daglege leiaren og kvart styremedlem må leggje fram politiattest. Dette vil normalt skje berre ein gong for kvar person, sjølv om Kredittilsynet kan krevje å få ein ny attest når tilsynet meiner det er grunn til det. Mange av dei som er daglege leiarar, er også faktiske leiarar som i den eigenskapen allereie har lagt fram politiattest. Desse treng ikkje å leggje fram ny attest, om ikkje Kredittilsynet krev det. Det er i dag gratis å få utferda politiattest.

Lovforslaget medfører at politiet må utferde nokre fleire politiattestar. Departementet legg til grunn at politiet vil måtte utferde om lag 600 ekstra attestar det første året, og deretter om lag 150 attestar årleg. Basert på vurderingane gjort av Politiregisterutvalet (NOU 2003: 21), skulle dette gi ein ekstra kostnad på om lag 80 000 kroner første året, deretter ca. 20 000 kroner dei følgjande åra.

Forslaget inneber noko meirarbeid for Kredittilsynet. Departementet legg til grunn at Kredittilsynet ikkje vil foreta ei eignavurdering av personane i dei foretaka som allereie har løyve, med mindre det er grunn til det. Ein slik grunn kan til dømes vere at nokre av dei sentrale aktørane leverer inn politiattestar med merknader. Det er derfor grunn til å tru at Kredittilsynet i hovudsak vil vurdere om dei sentrale aktørane er eigna når nye foretak søkjer om inkassoløyve. Departementet legg til grunn at det eit normalår vil bli gitt omkring ti nye løyve. Dei økonomiske og administrative konsekvensane vil ha samanheng med kor mange vurderingar Kredittilsynet vil gjennomføre, og kor grundig dei gjer dette, men departementet legg til grunn at det ikkje er tale om store kostnader. Kredittilsynet har ikkje sjølv peikt på at framlegget vil medføre auka kostnadar for tilsynet.

Meirutgiftene som følgjer av forslaga, skal dekkjast innanfor dei eksisterande budsjettrammene til kvar einskild instans.

I høyringsnotatet konkluderte Kredittilsynet med at dei totale samfunnsøkonomiske kostnadane ved forslaget ikkje vil bli store. Justisdepartementet er samd i denne vurderinga. På den andre sida kan den samfunnsmessige gevinsten bli stor om framlegget kan føre til at dei foretaka eller aktørane som misbrukar inkassoinstituttet, blir stoppa i tide.

Departementet kan ikkje sjå at forslaget om å endre § 5 av omsyn til EØS-retten vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Forslaget inneber at det blir lettare for inkassoforetak frå andre EØS-statar å få norsk inkassoløyve. Dette kan ha ein gunstig konkurransemessig effekt. Justisdepartementet ser likevel ikkje for seg at så mange utanlandske inkassoforetak vil starte å tilby sine tenester i Noreg som følgje av lovendringa. Departementet viser i denne samanhengen til at kravet om fast forretningsstad berre er eitt av fleire vilkår for å kunne få inkassoløyve.

Utover dette inneber forslaga i proposisjonen her berre ei klargjering av gjeldande rett. Desse forslaga har derfor ikkje nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar, bortsett frå den generelle fordelen som ligg i eit klarare regelverk.

Til forsida