Ot.prp. nr. 63 (2004-2005)

Om lov om endringar i inkassolova (krav om å vere eigna m.m.)

Til innhaldsliste

9 Merknader til lovforslaget

Til § 5

Paragraf 5 første ledd bokstav b og tredje ledd bokstav a stiller krav om at styremedlem, dagleg leiar og eigar med monaleg eigardel i foretak med løyve til å drive inkassoverksemd skal vere eigna til å drive foretaket i samsvar med lover, forskrifter og god inkassoskikk, jf. drøftinga i kapittel 3 ovanfor. Desse aktørane skal vere eigna i heile den perioden dei har denne posisjonen, ikkje berre då løyvet vart gitt første gong, jf. § 6 første ledd første punktum. Uttrykket «betydelig eierandel» er definert i § 5 femte ledd gjennom tilvising til eigedomsmeklingslova 16. juni 1989 nr. 53 § 2-1 femte ledd. Dagleg leiar og styremedlem vil i praksis vere fysiske personar. Eigarane derimot kan enten vere fysiske eller juridiske personar. Når Kredittilsynet skal vurdere om ein leiar, eit styremedlem eller ein eigar er eigna, skal dette hovudsakeleg skje på grunnlag av eventuelle tidlegare straffbare forhold eller misleg framferd på det økonomiske området. Tidlegare straffbare forhold som er relevante ved vurderinga av om aktørane er eigna, vil for styremedlem og dagleg leiar følgje av dei innhenta politiattestane. For eigarane kan Kredittilsynet byggje på det som måtte vere allment kjent, eventuelt det som tilsynet er blitt kjent med gjennom tidlegare saker og som deretter er lagra og gjort kjent for den det gjeld i tråd med reglane i personopplysingslova kapitel III. Dersom eigaren er eit foretak, vil opplysingar både om eigarforetaket og om dei sentrale aktørane i foretaket vere relevante.

Uttrykket «lover, forskrifter og god inkassoskikk» omfattar ikkje berre inkassolova og inkassoforskrifter, men også andre lover og forskrifter som vedkjem inkassoverksemda, til dømes selskapslovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivinga og personvernlovgivinga.

Det foretaket som søkjer om inkassoløyve, må som utgangspunkt ikkje godtgjere at dei sentrale aktørane i foretaket er eigna utover å leggje fram politiattest for faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemmar. Det er Kredittilsynet som i tilfellet må kunne grunngi kvifor aktørane ikkje er eigna. I den samanhengen kan tilsynet krevje at foretaket legg fram ytterlegare dokumentasjon, til dømes frå utdanningsinstitusjonar eller tidlegare arbeidsgivarar.

I vurderinga av om ein person er eigna, kan Kredittilsynet berre leggje vekt på saklege og relevante forhold, slik som økonomiske forhold og eventuelle tidlegare straffbare forhold. Det er i punkt 3.4.4 ovanfor gjort nærmare greie for innhaldet i den vurderinga som Kredittilsynet skal gjennomføre. Kredittilsynet har ansvaret for å sikre at dei opplysingane tilsynet legg vekt på, er korrekte, oppdaterte og relevante, jf. personopplysingslova.

Paragraf 5 første ledd bokstav c og tredje ledd bokstav binneber at det ikkje lenger berre er faktisk leiar som må leggje fram politiattest, men også styremedlemmar og dagleg leiar, sjå kapittel 4 ovanfor. Eigarane er fritekne frå denne plikta, også dei som har monalege eigardelar. Styremedlemmane, den daglege leiaren og den faktiske leiaren må sjølve be politiet om å utferde ein attest med heimel i paragrafen her. Politiet skal levere attesten ut til den han gjeld. Dette sikrar at personen sjølv får kjennskap til innhaldet og kan sjå til at attesten er korrekt. Han skal deretter levere attesten til Kredittilsynet. Uttrykket «politiattest» omfattar ikkje berre norske politiattestar, men også utanlandske politiattestar som i hovudsak inneheld same opplysingar, eller som inneheld fleire opplysningar. I tilfelle der den aktuelle personen har tilknyting til utlandet, må Kredittilsynet vurdere konkret om det skal stille krav om både norsk og utanlandsk attest eller berre ein av delane. Dette spørsmålet er drøfta meir utførleg i punkt 4.4 ovanfor. Departementet har i § 5 sjette ledd foreslått nærmare reglar om politiattest som blir utferda etter strafferegistreringslova.

Endringa i § 5 første ledd bokstav d og tredje ledd bokstav cinneber at inkassoforetak som har fast forretningsstad innanfor EØS-området, kan få norsk inkassoløyve. Etter gjeldande rett er det berre inkassoforetak med fast forretningsstad i Noreg som kan få slikt løyve. Endringa gjeld både for foretak som driv med framandinkasso, og for foretak som driv med oppkjøpsinkasso. Inkassoforetak som høyrer heime i andre EØS-statar, kan tilby sine tenester i Noreg på lik linje med norske inkassoforetak. Justisdepartementet legg til grunn at Kredittilsynet ved tildeling av inkassoløyve stiller krav om at også utanlandske inkassoforetak sluttar seg til Inkassoklagenemnda. Departementet legg vidare til grunn at Kredittilsynet innanfor ramma av EØS-avtalen stiller krav om at utanlandske inkassoforetak kommuniserer med norske skyldnarar på norsk. Departementet viser elles til kapittel 7 ovanfor.

I § 5 andre ledd første punktum er ordet «skikket» erstatta med ordet «egnet». Endringa er gjort for at det skal gå klart fram at Kredittilsynet skal gjere den same vurderinga av den faktiske leiaren som av dagleg leiar, styremedlem og monaleg eigar, sjå punkt 3.4.5. I valet mellom ordet «skikket» og ordet «egnet» har departementet vidare lagt vekt på korleis termane er nytta i lovverket elles. «Egnet» er nytta i lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling § 2-1 femte ledd og lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner § 2-3. Departementet har foreslått å stryke formuleringa «og for øvrig godtgjør å ha hederlig vandel». Slik departementet ser det, er det ikkje tenleg å krevje at faktisk leiar skal ha «hederlig vandel» i tillegg til kravet om å vere eigna. Andre ledd er redigert om slik at leddet ikkje lenger er delt inn i bokstavar. Derimot er det foreslått å dele tredje ledd inn i bokstavar for å få ei punktvis opplisting av vilkåra for foretaksløyve til å drive oppkjøpsinkasso, sml. den tilsvarande reguleringa av vilkåra for framandinkasso i første ledd.

Tredje ledd er foreslått endra på same måte som første ledd, jf. ovanfor. I tillegg er det presisert at plikta til å ha løyve for å drive oppkjøp av forfalne pengekrav og eiga inndriving av desse berre gjeld når verksemda er «stadig og ervervsmessig». Dette går ikkje klart fram av dagens lovtekst. Forslaget inneber ikkje noko realitetsendring.

Fjerde ledd gir heimel til å setje vilkår i løyve etter både første og tredje ledd, dvs. både ved framandinkasso og oppkjøpsinkasso. Det er nytt at Kredittilsynet får ein generell og eksplisitt heimel til å setje vilkår i løyve til å drive framandinkasso. For oppkjøpsinkasso er heimelen flytta frå tredje ledd andre punktum til fjerde ledd. For framandinkasso er den avgrensa heimelen om nemndstilknyting i noverande fjerde ledd første punktum innarbeidd i det nye fjerde leddet og noko endra for å få betre fram at nemndstilknytinga skal vare ved. Noverande fjerde ledd siste punktum er vidare foreslått stroke sidan føresegna har karakter av ei overgangsføresegn som det ikkje lenger er behov for. Det er i punkt 5.4 ovanfor gjort nærmare greie for innhaldet i vilkårsheimelen og om forholdet til lovlege avslagsgrunnar.

Femte ledd første punktumgir foretaket plikt til å opplyse til Kredittilsynet om skifte av faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemmar. Etter gjeldande rett har foretaket berre plikt til å opplyse om skifte av faktisk leiar.

Femte ledd andre punktum seier at foretaket også skal melde om erverv av «betydelig eierandel» og om auke av slik eigardel etter same reglar som i eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd tredje til sjuande punktum med forskrifter. Det er etter dette berre reglane i eigedomsmeklingslova om melding om erverv og definisjonen av «betydelig eierandel» som skal gjelde tilsvarande for inkassoforetak. Reglane om Kredittilsynets rett til nekting av erverv i eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd åttande punktum skal til dømes ikkje gjelde. Ein annan forskjell er at melding av erverv etter lovforslaget her skal vere ein del av foretaket si halvårlege rapportering til Kredittilsynet, medan det etter eigedomsmeklingslova skal sendast særskilte meldingar uavhengig av andre rapporteringsrutinar. Etter eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd siste punktum kan Kredittilsynet i forskrift gi nærmare reglar om plikta til å gi melding om eigarforholda i foretaket. Slik forskrift er til no ikkje gitt, men ei eventuell forskrift vil gjelde tilsvarande for meldeplikta til inkassoforetaka, jf. tilvisinga i lovforslaget § 5 femte ledd andre punktum til eigdeomsmeklingslova § 2-1 femte ledd tredje til sjuande punktum «med forskrift».

Det følgjer av eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd tredje punktum at ein «betydelig eierandel» for eit ansvarleg selskap er ein direkte eller indirekte eigardel som kan gje monaleg innverknad på forvaltninga av foretaket. For aksjeselskap er det krav om ein direkte eller indirekte eigardel som representerer minst ti prosent av aksjekapitalen eller stemmene, eller som på annan måte gjer det mogleg å utøve monaleg innverknad over forvaltninga av foretaket, jf. eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd fjerde punktum. Omgrepet «betydelig eierandel» er vidare nytta i verdipapirhandellova § 7-2 tredje ledd nr. 3. Det følgjer vidare av eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd sjuande punktum at like med vedkommande eigar sine eigne eigardelar skal reknast eigardelar som blir eigd av dei nærståande til personen. Kven som er nærståande, er definert i lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel § 1-4. Gjennom tilvisinga til eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd i inkassolova § 5 andre ledd gjeld definisjonen også for eigarar i inkassoforetak.

Auke av ein monaleg eigardel skal meldast etter same reglar som i eigedomsmeklingslova § 2-1. For aksjeselskap og allmennaksjeselskap inneber dette at det skal sendast melding ved auke av ein eigardel «som medfører at vedkommendes andel av aksjekapitalen eller stemmene når opp til eller overstiger 20 prosent, 33 prosent eller 50 prosent», jf. eigedomsmeklingslova § 2-1 femte ledd femte punktum.

Av femte ledd tredje punktum følgjer det at opplysningsplikta skal gjennomførast som ein del av eksisterande rapporteringsrutinar etter nærmare reglar gitt av Kredittilsynet. Departementet ser her for seg at Kredittilsynet gjer naudsynte endringar i forskrift 14. mars 2002 nr. 274 om rapporteringsplikt for selskap som driv inkassoverksemd.

Femte ledd fjerde punktum inneber eit unntak frå det førre punktumet, idet skifte av faktisk leiar skal meldast før slikt skifte finn stad. Skifte av faktisk leiar skal såleis meldast særskilt, uavhengig av andre rapporteringsrutinar. Dette er i samsvar med dagens praksis. Departementet viser elles til drøftinga i punkt 3.4.3 ovanfor.

Sjette ledd gjer klart at det på grunnlag av § 5 skal skrivast ut ein avgrensa politiattest for faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemmar. Attesten skal vere avgrensa til brot på den lovgivinga som er nemnt, men den vil vere fullstendig bakover i tid for straffbare forhold etter denne lovgivinga, jf. første og andre punktum. I tillegg til dei kapitla i straffelova som er lista opp, skal attesten vise til eventuelle brot på m.a. følgjande straffebod: lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt §§ 49 til 55, lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift §§ 72 og 73, lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning §§ 12-1 til 12-3, lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond § 8-3, lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs § 143 a, lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav § 32, lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper §§ 19-1 og 19-2, lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper §§ 19-1 og 19-2, lov 17. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel § 14-3, lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap m.v. § 8-5 og lov 5. mars 2004 nr. 12 om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger § 30.

Føresegna om at politiattestane skal vere avgrensa, gjeld berre for politiattestar «som utstedes etter lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering», jf. § 5 sjette ledd første punktum. Dette omfattar berre norske politiattestar. Når det gjeld utanlandske attestar, må utgangspunktet vere at dei skal vere minst like omfattande som dei avgrensa norske attestane. Kredittilsynet må her godta både attestar som i all hovudsak inneheld same informasjon som dei norske attestane, og attestar som inneheld informasjon om fleire typar straffbare forhold. Spørsmål om utanlandske politiattestar er nærmare drøfta i punkt 4.4 ovanfor.

I sjette ledd tredje punktum er Kredittilsynet gitt heimel til å krevje at styremedlemmar, dagleg leiar og faktisk leiar legg fram ein ny politiattest, jf. også § 5 sjuande ledd.

Sjuande ledd har fått eit tillegg for at det skal kome klart fram at Kongen har heimel til å gi nærmare reglar om politiattest i forskrift. Det kan til dømes vere nærmare reglar om kva for brotsverk som skal merkast av på politiattestane etter paragrafen her, og reglar om handsaming av opplysingane i attesten.

Til § 10

Bokstav f er foreslått endra, slik at det skal kome klart fram at plikta til å opplyse om retten til å krevje nemndshandsaming i betalingsoppfordringa, berre gjeld for foretak som driv inkassoverksemd på grunnlag av inkassoløyve. Dette omfattar både foretak som driv framandinkasso, og foretak som driv oppkjøpsinkasso. Advokatar som driv inkassoverksemd på grunnlag av advokatløyve, er ikkje omfatta av kravet. Det same gjeld kreditorar som driv inn krava sine sjølve, så sant det ikkje er tale om ervervsmessig og stadig oppkjøp av forfalne pengekrav og eiga inndriving av desse (oppkjøpsinkasso). Departementet viser til punkt 6.4 ovanfor.

Til § 30

Tredje ledd nytt andre punktum gir Kredittilsynet heimel til å påleggje retting overfor ein ueigna eigar som har ein monaleg eigardel. Eigaren kan til dømes rette ved å avhende eigardelar slik at han ikkje lenger direkte eller indirekte eig ein monaleg del av foretaket. Eigarar som ikkje oppfyller eit pålegg om sal frå Kredittilsynet, risikerer straffansvar etter inkassolova § 32 første ledd bokstav a. Om eit foretak held fram med å ha ueigna eigarar, kan Kredittilsynet dessutan nytte heimlane i §§ 30 og 31 til å leggje ned forbod mot verksemda eller drage inn inkassoløyvet. Departementet viser til punkt 3.4.6 ovanfor.

Til iverksetjings- og overgangsføresegna

Departementet foreslår at endringslova skal gjelde frå den tid Kongen fastset. Dette må ein sjå i samanheng med at lovendringane skaper behov for visse endringar i forskriftene etter inkassolova. Det ligg nær å ta sikte på at endringslova skal tre i kraft 1. januar 2006.

I høyringsnotatet frå Kredittilsynet var det ikkje gjort framlegg om overgangsreglar. Etter Justisdepartementets syn er det behov for slike reglar.

For det første er det behov for ein overgangsregel om plikta til å leggje fram politiattest for styremedlemmar og daglege leiarar i foretak som har inkassoløyve når lova blir sett i verk, jf. nr. 2. Behovet for ei overgangsføresegn heng saman med at ein innehavar av eit inkassoløyve pliktar å sjå til at vilkåra for inkassoløyve er oppfylt, jf. inkassolova § 6 første ledd første punktum. Etter lovforslaget er kravet om politiattest eit vilkår for inkassoløyve. Dersom det ikkje blir lagt fram slik attest, risikerer innehavaren av inkassoløyvet sanksjonar etter §§ 30 til 32. Det er derfor viktig at styremedlemmar og daglege leiarar i eksisterande inkassoforetak får rimeleg tid til å leggje fram slik attest. Departementet foreslår på denne bakgrunn at det skal leggjast fram politiattest innan eitt år etter at lova blir sett i verk. Føresegna gjeld ikkje for daglege leiarar som også er faktiske leiarar, fordi desse allereie etter gjeldande lov har plikt til å leggje fram politiattest. Det er i staden foreslått at desse berre skal leggje fram ny attest etter lova her dersom Kredittilsynet krev det. Dette følgjer også av lovforslaget § 5 sjette ledd tredje punktum, men er presisert i overgangsføresegna for å unngå eventuell tolkingstvil.

For det andre er det foreslått at endringa i § 10 andre ledd bokstav f berre skal gjelde for betalingsoppfordringar som blir sendt ut etter at lova blir sett i verk, jf. nr. 3. Denne overgangsføresegna har neppe så mykje å seie, fordi endringa nok må reknast som ei klargjering og kodifisering av gjeldande rett.

For det tredje er det tatt med ein heimel for departementet til å gi ytterlegare overgangsføresegner dersom det skulle vise seg å vere behov for det, jf. nr. 4.

Til forsida