Ot.prp. nr. 63 (2004-2005)

Om lov om endringar i inkassolova (krav om å vere eigna m.m.)

Til innhaldsliste

5 Høvet til å stille vilkår i inkassoløyve ved framandinkasso

5.1 Gjeldande rett

Det har tradisjonelt vore større grunn til å stille krav til foretak som driv inn krav for andre (framandinkasso) enn til foretak som driv inn eigne krav (eigeninkasso). Verksemd som går ut på oppkjøp av forfalne pengekrav og eiga inndriving av desse (oppkjøpsinkasso), står på mange måtar i ei mellomstilling. Denne særskilte forma for eigeninkasso manglar relasjonen og forhistoria mellom kravshavaren og skyldnaren som normalt vil vere ein del av biletet ved annan eigeninkasso. Desse faktiske skilnadene har gjort at det har vore naudsynt å stille ulike krav til dei tre formene for inkasso.

Foretak som skal drive med framandinkasso eller oppkjøpsinkasso, må ha foretaksløyve. Inkassolova stiller noko færre vilkår for å drive med oppkjøpsinkasso enn for framandinkasso. Dette heng m.a. saman med at ein ved framandinkasso ikkje berre må vareta interessene til skyldnarane, men også interessene til oppdragsgivarane (kreditorane).

Vilkåra for inkassoløyve er fastsett i inkassolova § 5, der vilkåra for løyve til framandinkasso går fram av første og andre ledd, medan vilkåra for løyve til oppkjøpsinkasso går fram av tredje ledd. I tillegg stiller § 4 nokre vilkår for inkassoverksemd, som dels gjeld både for framandinkasso og oppkjøpsinkasso, dels berre framandinkasso.

Inkassolova § 5 lyder slik:

«Inkassobevilling til stadig og ervervsmessig å inndrive forfalte pengekrav for andre kan etter søknad gis til et foretak når:

  1. den eller de som faktisk leder inkassovirksomheten har inkassobevilling etter annet ledd

  2. inkassovirksomheten drives fra fast forretningssted i Norge og

  3. foretaket har stilt sikkerhet som nevnt i § 29.

Inkassobevilling etter første ledd bokstav a gis etter søknad til personer som anses skikket til å være faktisk leder for foretak som stadig og ervervsmessig inndriver forfalte pengekrav for andre og dessuten

  1. godtgjør å ha minst tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav i løpet av de siste 10 år og

  2. fremlegger politiattest og for øvrig godtgjør å ha hederlig vandel. Foretaket skal opplyse til Kredittilsynet om skifte av leder.

Bevilling til å drive oppkjøp og inndriving av forfalte pengekrav for egen regning kan bare gis foretak som drives fra et fast forretningssted i Norge, og som faktisk ledes av en eller flere personer som kan fremlegge politiattest, og for øvrig godtgjør å ha hederlig vandel. Det kan settes vilkår for bevillingen. Foretaket skal opplyse til Kredittilsynet om skifte av leder.

Kredittilsynet kan som vilkår for inkassobevilling etter første ledd stille krav om at foretaket slutter seg til en nemndsordning som nevnt i § 22. Kredittilsynet kan også stille slike vilkår til foretak som tidligere er gitt bevilling.

Kongen kan gi utfyllende forskrifter om vilkårene for tildeling av inkassobevilling.»

Det er i tredje ledd andre punktum gitt ein generell heimel til å stille vilkår for løyve til å drive oppkjøpsinkasso. Som eksempel på kva for vilkår som kan stillast, nemner forarbeida krav om at den faktiske leiaren har personleg inkassoløyve eller erfaring frå bank- eller inkassoverksemd, jf. Ot.prp. nr. 26 (2000-2001) Om lov om endringer i inkassoloven s. 52. Inkassolova har ikkje ein uttrykkjeleg heimel til å stille vilkår i løyve til å drive framandinkasso. I kva grad det kan stillast vilkår i eit slikt løyve, må derfor byggje på ei tolking av inkassolova § 5 første ledd og allmenne forvaltningsrettslege reglar. Justisdepartementets lovavdeling har i brev 2. januar 2002 til Kredittilsynet (sak 01/2155 EP) lagt til grunn at det er eit visst høve til å stille vilkår i inkassoløyve, sjølv utan uttrykkeleg lovheimel. Føresetnaden er at dei vilkåra som blir stilt, er saklege og ikkje uforholdsmessig tyngande. Fråsegna gjaldt oppkjøpsinkasso og vart gitt før ein fekk ein uttrykkeleg vilkårsheimel for desse tilfella. Fråsegna er relevant også med omsyn til framandinkasso.

5.2 Forslaget i høyringsnotatet

Kredittilsynet reiste i høyringsnotatet spørsmål om det er naudsynt med ein generell heimel for å stille vilkår for løyve til å drive framandinkasso. Tilsynet viser i den samanhengen til at dagens lov inneheld ei «kan»-føresegn som eit stykke på veg opnar for at vilkår kan stillast. Vidare uttaler tilsynet:

«På den annen side er det vanskelig å forutse enhver situasjon som kan oppstå. En bestemmelse som uttrykkelig gir hjemmel for å stille andre enn lovens vilkår kan dekke et behov for uforutsette situasjoner. I forbindelse med søknad om foretaksbevilling kan det eksempelvis oppstå behov for å få fremlagt revisorberetninger eller tidligere korrespondanse som et selskap har hatt med revisor. Selv om det er en viss adgang til å stille vilkår i henhold til alminnelige forvaltningsrettslige regler, er det en fordel for de som skal lese loven at dette kommer klart til uttrykk i lovteksten.

Kredittilsynet er på denne bakgrunn kommet til at det kan være hensiktsmessig at det også for fremmedinkassoselskapene gis en uttrykkelig generell bestemmelse som sier at det er mulig å stille vilkår for utstedelse av bevillingen.»

5.3 Høyringsfråsegnene

Nærings- og handelsdepartementet, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Juss-Buss, Landsorganisasjonen i Norge og Næringslivets Hovedorganisasjon støttar framlegget om ein generell vilkårsheimel. Finansnæringens Hovedorganisasjon uttaler til dømes at organisasjonen ikkje ser nokon grunn til at Kredittilsynet skal vere avskore frå å setje vilkår for løyve til å drive framandinkasso.

Norske Inkassobyråers Forening kan derimot ikkje sjå nokon konkret grunn til å lovfeste ein heimel til å setje ytterlegare vilkår for løyve til å drive framandinkasso. Foreininga meiner at nytten av ein slik heimel ikkje er godt nok opplyst. Oppgåveregisteret i Brønnøysund uttaler at framlegget gir Kredittilsynet ei relativt vid fullmakt til å innhente opplysingar. På prinsipielt grunnlag meiner Oppgåveregisteret at ein generell vilkårsheimel kan vere uheldig.

Dei resterande instansane har ikkje uttalt seg om spørsmålet.

5.4 Departementet sitt syn

Justisdepartementet ønskjer å følgje opp forslaget om ein uttrykkeleg heimel for å stille vilkår i løyve ved framandinkasso.

Inkassolova inneheld fleire vilkår for at eit framandinkassoforetak skal få løyve enn for at eit oppkjøpsselskap skal få det, jf. punkt 5.1 ovanfor. Dette gjer at det normalt er mindre behov for å stille ytterlegare vilkår i eit løyve til framandinkasso enn i eit løyve til oppkjøpsinkasso.

Det er særleg to grunnar til at departementet foreslår ein generell heimel til å setje vilkår som skal gjelde både ved løyve til framandinkasso og ved løyve til oppkjøpsinkasso:

For det første vil ein felles heimel til å setje vilkår skape ein klarare rettstilstand på området. Dagens inkassolov - med ein uttrykkeleg vilkårsheimel for oppkjøpsinkasso, men ikkje for framandinkasso - kan vere eigna til å skape rettsuvisse. Ein kan få inntrykk av at høvet til å stille vilkår berre gjeld ved tildeling av løyve til å drive oppkjøpsinkasso. Gjennom ein uttrykkeleg lovheimel som også omfattar framandinkassotilfella, fjernar ein denne rettsuvissa. Noko realitetsendring i høve til gjeldande rett er det ikkje tale om.

For det andre er det grunn til å tru at det i framtida vil bli ein auka marknadsmessig integrasjon innanfor EØS-området. Dette kan føre til at inkassoverksemdene blir meir internasjonale, og at det kjem utanlandske aktørar på den norske marknaden. Ved tildeling av løyve til utanlandske inkassoforetak som ønskjer å drive inn krav i Noreg, kan det vere behov for at Kredittilsynet stiller tilleggsvilkår utover dei som følgjer av inkassolova. Det kan typisk vere krav om at foretaket nyttar norsk i kommunikasjonen med norske skyldnarar, eller at den faktiske leiaren og eventuelle andre sentrale personar i foretaket gjennomfører ein test for å dokumentere kjennskap til norsk inkassolovgiving.

Departementet har på denne bakgrunn gjort framlegg om ein felles heimel for å setje vilkår i løyve til å drive framandinkasso og løyve til å drive oppkjøpsinkasso, jf. framlegget i § 5 fjerde ledd. Ved framandinkasso er det grunn til å tru at heimelen særleg vil bli nytta ved søknader frå utanlandske inkassoforetak som nemnt ovanfor. Heimelen er likevel ikkje avgrensa til slike tilfelle. Departementet legg likevel til grunn at Kredittilsynet vanlegvis ikkje vil stille tilleggsvilkår overfor norske foretak som ønskjer å drive med framandinkasso. Enten det er tale om framandinkasso eller oppkjøpsinkasso, må ei eventuell vilkårsstilling vere i samsvar med allmenne forvaltingsrettslege reglar.

Inkassolova nyttar uttrykket «vilkår for» inkassoløyve, jf. § 5 tredje ledd andre punktum og fjerde ledd første punktum. Etter departementet sitt syn er uttrykket noko uheldig, fordi det ikkje kjem klart fram at det er tale om vilkår som blir stilt i sjølve inkassoløyvet. Prinsipielt må det skiljast mellom lovlege avslagsgrunnar på den eine sida, og vilkår som blir stilt i inkassoløyve på den andre. Avslag kan særleg vere aktuelt i tilfelle der vilkåra i lova - ut frå den dokumentasjonen som er lagt fram i søknaden - ikkje synest å vere oppfylt, eller i tilfelle der tilsynet ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å ta stilling til om vilkåra er oppfylt. Dersom ein person med tilknyting til både Noreg og eit anna land berre har lagt fram ein norsk politiattest eller ein utanlandsk politiattest, vil det nok oftast vere mest nærliggjande å avslå søknaden, jf. punkt 4.4 ovanfor. Dette heng saman med at politiattestane står særleg sentralt i vurderinga av om ein person er eigna - det er vanskeleg å gjennomføre eignavurderinga dersom Kredittilsynet har mangelfull informasjon om eventuelle tidlegare straffbare forhold. Å stille vilkår i løyvet er mest aktuelt i tilfelle der vilkåra i lova synest å vere oppfylt, men at det ut frå omstenda i den konkrete saka er behov for å knyte særskilte vilkår til løyvet. Døme på eit slikt vilkår kan vere at eit utanlandsk inkassoforetak må kommunisere med norske skyldnarar på norsk eller på eit anna språk som vedkomande skyldnargruppe forstår (sjå nærmare om språkkrav i punkt 7.4 nedanfor).

I nokre tilfelle kan det vere noko tvilsamt om Kredittilsynet skal avslå ein søknad, eller om tilsynet skal gi løyve på visse vilkår. Dersom vilkåra i inkassolova synest å vere oppfylt ut frå den dokumentasjonen som søkjaren har lagt fram, bør tilsynet normalt nytte vilkårsheimelen i den grad det er omstende i den konkrete saka som tilseier at det blir stilt vilkår. Departementet vil til dømes tru det er mest naturleg å nytte vilkårsheimelen dersom tilsynet vil krevje at utanlandske søkjarar må gjennomføre ein språktest eller ein test som dokumenterer kjennskap til norsk inkassolovgiving.

Ved brot på vilkår som er stilt i inkassoløyve, kan Kredittilsynet leggje ned forbod mot inkassoverksemda eller gi foretaket ein frist til å oppfylle vilkåra, jf. inkassolova § 30 fjerde ledd. Det kan også bli tale om tilbakekalling av løyve etter § 31. Dersom nokon driv inkassoverksemd etter eit løyve utan å oppfylle dei vilkåra som er sette i løyvet, er det straffbart etter § 32 første ledd bokstav a jf. § 6 første ledd siste alternativ.

Til forsida