St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Tale av Jens Stoltenberg, statsminister i Noreg, til generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane, 62. sesjon

New York, 26. september 2007

President, eksellensar

For to dagar sidan møttest verdsleiarar her i denne bygninga og kom med sterke utsegner om kor viktig det er at det vert gjort noko for å hindre klimaendringar. Vi høyrde leiaren i FNs klimapanel, dr. Rajendra Pachauri, leggje fram overtydande prov på tilstanden i verdsklimaet. Han måla eit dystert bilde av korleis verda vil verte dersom ikkje sterke og felles tiltak vert gjorde. Vi har ikkje noko tid å miste. Vi må handle no.

Det er særs viktig at vi kjem fram til ei omfattande avtale etter Kyoto. Den nye avtala må vere fast forankra i FN, og ho må omfatte alle større land og alle større sektorar. Når vi møtest i Bali i desember, bør vi verte samde om ramma for dei komande forhandlingane.

Dei industrialiserte landa ber eit særleg ansvar for tilstanden til atmosfæren vår i dag. Difor må dei òg ta eit særleg ansvar for å få dei globale utsleppa av drivhusgassar tilbake ned på eit berekraftig nivå.

Det er innanfor rekkevidda vår å møte utfordringa med klimaendringar. Reaksjonen vår må vere sterk, han må vere samordna og han må vere effektiv. Det er difor viktig å setje ein pris på karbonutslepp og å utvide karbonmarknaden.

For sju år sidan var eg ein av dei 189 stats- og regjeringssjefane som skreiv under tusenårserklæringa.

Vi forplikta oss til å oppfylle FNs tusenårsmål. Men dersom vi ikkje gjer ein ekstra innsats, vil vi ikkje kunne oppfylle lovnadene vi gav til folket i verda.

Særleg ligg vi etter skjema når det gjeld å oppfylle tusenårsmåla om barne- og mødrehelse. Kvart år døyr nesten ti millionar born under fem år. Mange liv kan bergast med billige og effektive vaksinar.

Heilt sidan den globale alliansen for vaksinar starta i år 2000 har Noreg ytt tilskot. Vi har alt greidd å berge meir enn to millionar liv gjennom denne alliansen.

Men vi må gjere meir enn å berre vaksinere.

Kvart år døyr to millionar spedborn den første levedagen.

Dei fire millionane nyfødde som døyr den første levemånaden, kan overleve dersom dei vert amma og får tilgang til antibiotika og helsearbeidarar.

Og ikkje berre nyfødde, men mødrene deira òg. Kvart år døyr 500 000 kvinner i barsel.

Enkle rimelege tiltak kan berge millionar.

I dag lanserte Noreg, saman med andre regjeringar, organisasjonar og det sivile samfunnet, ein global kampanje for å gjere nettopp dette: berge millionar av liv.

Hovudoppgåva til kampanjen er:

Vi må organisere og finansiere overleving.

Helsepersonell bør handsame fleire pasientar og arkivere færre rapportar.

Og vi må endre finansieringa slik at handsaming av pasientar vert ei inntektskjelde i staden for ein kostnad for helsetenestene.

Vi lanserer i dag ein opplysningskampanje om kvinner og born for å sikre at bodskapen vår når ut til alle verdshjørne.

Eg er glad for å kunne kunngjere at vi er i ferd med å byggje opp eit nettverk av globale leiarar som skal passe på og sikre at kvinner og born faktisk vert prioriterte.

La meg i dag òg kunngjere at Noreg forpliktar seg til å støtte tusenårsmåla om barne- og mødrehelse med USD 1 milliard over 10 år.

Den globale kampanjen som vi lanserte i dag, byggjer direkte på tilrådingane frå FN-panelet om samanheng i heile FN-systemet, som eg hadde æra av å leie saman med kollegaene mine frå Pakistan og Mosambik.

Vi treng eit sterkt og effektivt FN.

Vi treng eit FN som gjev resultat.

Vi treng eit FN som oppfyller FNs tusenårsmål.

Å arbeide med desse utfordringane var FN-panelet sitt mandat.

Panelet heldt møte i mange delar av verda og lytta til land, regionale grupper, borgargrupper, frivillige organisasjonar og einskildpersonar.

I november i fjor gav vi rapporten vår og tilrådingane våre til Generalsekretæren. Dei er ein ærleg freistnad på å betre FNs evne til å leve opp til potensialet sitt.

Kjernen i rapporten vår er ei tilråding om å skipe «eitt FN» i kvart land. Éin leiar, eitt program, eitt budsjett og eitt kontor, der dette er praktisk mogeleg.

Dessutan, og dette er like viktig for at FN skal fungere betre: Vi treng eit betre fokusert forvaltingssystem på hovudkvarternivå. FN-styret for berekraftig utvikling tek sikte på nettopp dette.

Panelet tok fatt med ambisjonar drivne av ei kjensle av ansvar. Det visste at den viktigaste målgruppa vår ikkje er FN sjølv.

Men dei millionane av menneske som ikkje har den velstanden og fridomen som mange av oss reknar som sjølvsagde.

Ja, dei som har ein livssituasjon som gav opphav til tusenårsmåla.

Som nettopp no undrar seg på korleis dei skal klare seg gjennom dagen.

Det er med tanke på desse fattige og naudlidande at vi må ha eit effektivt FN, eit FN som er godt styrt og godt finansiert, og som vil vere ei global kjelde til von.

Dette er grunnen til at vi har ei plikt til å sjå på nytt på den måten vi har bygd eit fragmentert FN, eitt FN som står i fare for å verte svekt, marginalisert og mindre relevant.

Vi har arbeidd med FN-systemet for å utrydde sjukdommar, til dømes koppar, og for å avskaffe undertrykkjande regime, til dømes apartheid.

Og vi held fram kampen for å utrydde fattigdom, barnedødelighet, tortur og umenneskeleg og krenkjande handsaming.

Og å nå tusenårsmåla.

I dag forlèt fleire og fleire menneske fattigdommen.

Vi har aldri hatt større evne til å utlikne skilnadene mellom oss.

Men vi kan ikkje tillate at det internasjonale samfunnet kastar bort ressursar eller arbeider mot tusenårsmåla på andre måtar enn dei mest effektive og gjevande.

Vi må fokusere arbeidet vårt, måle resultata våre og vise at utviklinga, slik ho vert organisert av Dei sameinte nasjonane, gjev gode resultat.

Dette er grunnen til at vi må vere fordomsfrie og innsjå at det mest radikale vi kan gjere, er å ikkje gjere noko.

Eg er glad for å sjå at ein gjer framgang i dei åtte pilotlanda, der «eitt FN»-modellen vert gjennomførd i praksis. Eg er òg glad for å sjå at desse landa har teke i bruk ulike «eitt FN»-prosessar og -modellar som er tilpassa den konkrete situasjonen i kvart land. Dette viser at det ikkje finst nokon fasit.

FN-fond og -program som arbeider i felten, ser allereie positive verknader. Vi ser stadig betre samordning og sterkare leiarskap. Eg rosar FN-organa som har vedteke dei nye leiande prinsippa. Og eg oppmodar dei andre til å gjere det same.

Rapporten frå panelet peikar ut ein veg framover. FN har ikkje brote saman, men organisasjonen treng vedlikehald. Panelet gjorde difor ikkje framlegg om revolusjonære endringar. I staden gjorde vi framlegg om nokre praktiske, oppnåelege og effektive tiltak, som var bygde på styrken av vedtak som alt var gjorde av medlemsstatar. Det er stor trong for ein ny kjønnsarkitektur.

Eg ber medlemsstatane vise naudsynleg visjon og leiarskap. Dette vil vere ei viktig oppgåve for denne generalforsamlingssesjonen.

Noreg er stolt av å vere ein ven av FN. Vi støttar multilaterale løysingar på felles problem. Men ein sann ven lèt ikkje vere å seie frå når det trengst endringar og forbetringar.

Vi trur på internasjonalt utviklingssamarbeid.

Takk for merksemda!

Til forsida