St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

7 Avkolonisering og fredstryggjande operasjonar (4. komité)

7.1 Allment

Vest-Sahara og Midtausten dominerte som vanleg debatten i 4. komité (politiske saker og avkolonialisering), som har mist mykje av verdien sin etter kvart som Tryggingsrådet har engasjert seg sterkare i nær sagt alle konfliktar, og kolonistyret er avvikla med noko mindre unnatak.

7.2 Vest-Sahara

Marokko og Algerie vart samde om ein felles resolusjon om Vest-Sahara. Dette vart sedd som eit framsteg frå i fjor, då Algeries resolusjon om Vest-Sahara ikkje fekk støtte av Marokko og vart vedteke med eit fleirtal av avståingar. Alle tilvisingar til Polisarios plan for sjølvråderett og til ei folkerøysting er strokne og erstatta med allmenne tilvisingar til ulike former for sjølvråderett. Resolusjonen gjentek dessutan Marokkos krav om forhandlingar utan vilkår, slik det er omtalt i den siste tryggingsrådsresolusjonen om Vest-Sahara (1754 (2007)). Ein grunn til at Algerie og Marokko fann fram til eit kompromiss i år, kan vere dei pågåande forhandlingane i Manhasset i USA. Medan desse (førebels fruktlause) forhandlingane går føre seg, ønskjer begge partane å verte oppfatta som konstruktive. Resolusjonen vart vedteken med konsensus.

7.3 Midtausten

Handsaminga av Midtausten følgde dei same spora som på tidlegare generalforsamlingar. Det var små eller ingen endringar i røystemønster frå tidlegare år. I innlegga og debatten var det ei gjennomgåande uro for den humanitære og politiske situasjonen i dei palestinske områda. Som vanleg var det EU (Portugal) og PLO som forhandla fram dei i alt ni resolusjonane om Midtausten. PLO viste seg i år å vere fleksibel og konstruktiv i forhandlingane, noko som vart tolka som eit ønske om å ikkje vanskeleggjere førebuingane til Annapolis og gjevarkonferansen i Paris. Internt i EU merkte Nederland seg ut ved å vere langt meir positiv til israelske synspunkt enn tradisjonelle støttespelarar som Tyskland og Tsjekkia. Frankrike var i år (med ny president og regjering) meir dempa i forsvaret sitt av palestinarane si sak. Som tidlegare hadde spesialkomiteen for undersøkingar av israelsk praksis i dei okkuperte områda ikkje fått tilgang til Det palestinske området og grunna difor rapporten sin på intervju med palestinarar i dei omkringliggjande landa.

Noreg la i debatten vekt på verdien av dei amerikanske fredsfreistnadene i Annapolis og oppmoda begge partane til å nytte høvet til å ta opp att fredsprosessen. Samtidig uttrykte Noreg uro for den humanitære situasjonen på Gazastripa.

7.4 Fredstryggjande operasjonar

Talet på FN-leidde fredstryggjande operasjonar heldt fram å auke gjennom 2007. To nye operasjonar vart etablerte, og ved utgangen av året var det i alt 20 FN-leidde fredsoperasjonar med over 100 000 personar i felt. 119 land deltek med personell. Budsjettet nærmar seg sju milliardar dollar og er aukande.

I same periode som ein har freista å etablere to komplekse FN-operasjonar, har ein også gjennomført ei omfattande omorganisering av avdelinga for fredstryggjande operasjonar (DPKO). Generalsekretæren fekk godkjenning frå Generalforsamlinga til å skilje ut dei delane av DPKO som primært hadde logistikk og støtte til operasjonane som oppgåve, i ei eiga avdeling for feltstøtte (DFS). DFS skal ikkje berre støtte fredsoperasjonane til DPKO, men også sekretariatet sine andre politiske og humanitære operasjonar.

Etableringa av to nye operasjonar i høvesvis Sudan (Darfur) og Tsjad/Den sentralafrikanske republikken (SAR) har vore svært utfordrande. Fellesoperasjonen med AU i Darfur er til liks med Tsjad/SAR-operasjonen, der EU yter den militære tryggingskomponenten, nyskapande, men også krevjande for FN. Dei tre grunnleggjande føresetnadene for vellukka FN-operasjonar, at det er ein fred å bevare, aksept av partane/støtte av vertsnasjonen og naudsynte ressursar til å fylle mandatet, har i varierande grad vore oppfylte. Særleg har samarbeidet med vertsnasjonane vore ein kompliserande faktor for ei effektiv etablering av desse operasjonane. Dette er ei utvikling som mange ser på med uro, fordi det reduserer både Tryggingsrådets autoritet og FNs autonomi i høve til etableringa av nye fredsoperasjonar.

I generaldebatten omtalte både leiaren for DPKO, visegeneralsekretær Jean-Marie Guéhenno, og fungerande sjef for DFS, assisterande generalsekretær Jane Holl Lute, arbeidet som vart gjord for å betre tryggleiken for personellet i felt. Verdien av å styrkje kvinnedelen i operasjonane og av å betre den geografiske spreiinga blant personellet i sekretariatet vart også trekt fram.

Debatten viste at FN og medlemslanda framleis har eit sterkt fokus på å førebyggje og følgje opp saker der FN-personell er involvert i seksuell utnytting og misbruk av innbyggjarane i vertslandet. FNs strategi om nulltoleranse står fast. Det er utarbeidd eit program for oppfølging av offera, og leiinga i operasjonane er ansvarleggjord i høve til oppfølging av eige personell.

Det norske innlegget fokuserte på utfordringane i samband med auken i talet på fredsoperasjonar, særleg på den komplekse etableringa av ein FN-operasjon i Darfur. I tillegg vart verdien av at FN arbeider integrert, understreka og dessutan verdien av å etablere gode mekanismar for samarbeid med regionale organisasjonar som EU, NATO og AU. Noreg tok også opp utfordringane knytte til seksuelt misbruk. Særleg tiltak til støtte for offera, haldningsskapande innsats og straffeforfølging av overgriparane vart trekt fram.

Til forsida