St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Allment

3. komité styrkte posisjonen sin som den mest konfrontatoriske arenaen på generalforsamlinga. Trass i at dødsstraffresolusjonen viste verdien av tverregionale initiativ, låg dei grunnleggjande motsetningane mellom Vestgruppa (nord) og G77 (sør) fast. Forutan ulikt syn på verdien av utviklingsspørsmål er det eit veksande skilje mellom dei vestlege landa si vektlegging av ytrings- og trusfridomsspørsmål og G77 si fremjing av respekt for religionar på kostnad av individuelle fridomar. Likeins vert skiljelinene forsterka mellom vestlege og særleg muslimske land i familie- og kjønnsspørsmål. Den lange rekkja av tillitsskapande fora av interreligiøs og kulturell karakter som vart arrangert i samband med generalforsamlingssesjonen, kan til no ikkje seiast å ha hatt positiv innverknad på dei etablerte frontane i komiteen.

Afrika- og Asia-gruppene si auka makt i Menneskerettsrådet vert avspegla også i eit vanskelegare forhandlingsklima i New York, sedd med vestlege auge. Ikkje-vestlege land har lenge kontrollert eit fleirtal av røystene i Generalforsamlinga. Årets sesjon i 3. komité viste at desse landa i aukande grad er villige til også å føre ein tøffare forhandlingsstrategi. Vestlege land, i visse om at dei truleg vil tape ei eventuell røysting, er tvinga til å gjere vedgåingar for å oppnå semje. Det krevst eit realistisk tilhøve til kva mål det er mogeleg å oppnå. Det tyder i første rekkje at ein må konsentrere seg om å forsvare det eksisterande normverket og motarbeide resolusjonsframlegg som undergrev individuelle fridomar. For å kunne oppnå dette må ein i aukande grad søkje nye samarbeidspartnarar på tvers av dei tradisjonelle gruppene.

Det norske hovudinnlegget omtalte kandidaturet vårt til Menneskerettsrådet og retten til ytringsfridom og forsamlingsfridom. Dette hadde særleg relevans i lys av opptøyane i Burma i haust. Vidare vart verdien av at Generalforsamlinga held fram med å handsame menneskerettane på substansiell basis vektlagd, og støtte til Høgkommissæren for menneskerettar i lys av stadige åtak frå ein del utviklingsland. I tillegg omtalte Noreg menneskerettssituasjonen i Burma, Iran, Irak, Afghanistan, Nord-Korea, Sudan og Nepal.

6.2 Dødsstraff

Vedtaket av eit moratorium mot dødsstraff var eit uventa lyspunkt. Ikkje sidan 1977 har ein resolusjon som freistar å avgrense bruken av dødsstraff oppnådd fleirtal i Generalforsamlinga. Førre freistnad, i 1999, vart trekt som følgje av fiendslege endringsframlegg. Det var difor brei skepsis blant vestlege land og ikkje-statlege organisasjonar til at ein slik resolusjon kunne oppnå fleirtal.

Europeiske land stod sentralt i å fremje initiativet. Dette var i utgangspunktet ingen fordel. Tilhengjarar av framleis bruk av dødsstraff, med Singapore og Egypt i spissen, gjorde sitt ytste for å identifisere kampen mot dødsstraff som nok eit døme på at vestlege verdiar vert påtvinga annleis tenkjande. Krinsen av medframleggsstillarar var samansett av ei tverregional gruppe, der land som Filippinane, Benin og Mexico spela sentrale roller. Høg disiplin blant medframleggsstillarane hindra at fiendslege endringsframlegg som var formulerte for å splitte støttespelarane, oppnådde fleirtal.

Dette tverregionale initiativet viste at FN er i stand til å bryte laus frå den tradisjonelle gruppetenkinga i særskilde menneskerettsspørsmål. Det er også verdt å merke seg at ei rekkje muslimske land valde å avstå i røystinga, noko som undergrev inntrykket av at denne gruppa av land har ei einsarta haldning i strafferettslege spørsmål.

6.3 Tilhøvet til FNs menneskerettsråd

Kampen om Menneskerettsrådet si stilling i FN-systemet heldt fram. Rådet sin institusjonsbyggingspakke vart vedteken mot mellom anna Israel og USA sine røyster. Utskiljinga av Israel-Palestina-spørsmålet som eige dagsordenspunkt i arbeidet i Rådet var eitt av fleire stridstema. Det er talande for makttilhøva i både Menneskerettsrådet og Generalforsamlinga at ei nyopning av institusjonsbyggingspakken vart unngått. Ei ny handsaming ville etter alt å dømme ikkje ha forbetra resultatet som vart oppnådd i Genève.

6.4 Menneskerettsforsvararar

Noregs resolusjonar i 3. komité om menneskerettsforsvararar og internt fordrivne vart samrøystes vedtekne etter lange og harde forhandlingar. Førstnemnde resolusjon er særs viktig for ein tydeleg norsk profil i ytringsfridomsspørsmål. Mandatet til spesialrepresentanten for menneskerettsforsvararar vart sterkt kritisert av G77 på grunn av den kontroversielle støtta hennar til homofile og lesbiske sine rettar spesielt og menneskerettsforsvararar generelt. Lykelen til framleis konsensus om denne viktige resolusjonen var nært samarbeid med Russland, Kina, Egypt og Cuba.

6.5 Internt fordrivne

Spesialrepresentanten for internt fordrivne, Walter Kälin, gav uttrykk for at han var nøgd med Noregs leiarskap i forhandlingane om resolusjonen om internt fordrivne. Resolusjonen styrkjer spesialrepresentanten sitt mandat til å fremje og verne rettane til internflyktningar.

6.6 Menneskerettssituasjonen i ­enkeltland

Det vart lagt fram fire såkalla landresolusjonar på årets sesjon i 3. komité. Landresolusjonane, som tek for seg menneskerettsbrot i enkeltland, vert jamleg kritiserte av særleg utviklingsland for selektivitet og dobbeltmoral. Den komande universelle landgjennomgangen (UPR) i regi av Menneskerettsrådet eggja motstandarane av landresolusjonar til å gjere framlegg om å ikkje realitetshandsame resolusjonane om Iran, Kviterussland og Burma. Likevel vart både desse resolusjonane og resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Nord-Korea vedtekne. Resolusjonen om Iran vart vedteken med knappast mogeleg margin, noko som understrekar motstanden mot denne forma for landkritikk.

6.7 Barn

Omnibusresolusjonen om barnerettar vart vedteken med konsensus etter lange forhandlingar. For Noregs del var etableringa av ein spesialrepresentant for vald mot barn ei hovudsak i årets resolusjon. Mandatet for spesialrepresentanten er ei oppfølging av tilrådingane i Vald mot barn-rapporten som vart lagd fram på førre generalforsamling.

6.8 Kvinner

Ein ny resolusjon, introdusert av USA, om nedkjemping av valdtekt og andre former for seksuell vald som instrument for å oppnå politiske og militære mål, prega arbeidet i komiteen med fremjing av kvinnene si stilling. Resolusjonsframlegget møtte i utgangspunktet motstand, ikkje minst frå afrikanske land, som såg på framlegget som eit åtak på einskilde land. Dei gjorde raskt ikkjeinnblandingsargumentet gjeldande. Etter omfattande forhandlingar der den amerikanske delegasjonen til slutt viste fleksibilitet, vart det oppnådd semje om ei konsensustekst.

Til forsida