St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Utanriksminister Jonas Gahr Støres innlegg og kommentarar under ulike arrangement i tilknytning til opninga av den 62. generalforsamlinga

Høgnivåmøte om Afghanistan leidd av FNs ­generalsekretær og presidenten i Den islamske republikken Afghanistan

New York, 23. september 2007

Samordning

  • For eit år sidan her i New York tok nokre av oss opp trongen for betre samordning mellom dei ulike nasjonale agendaene og mellom dei ulike komponentane i engasjementet vårt.

  • Det er urovekkjande at vi framleis er urolege over utilstrekkeleg samordning. Vi kastar framleis bort ressursar. Vi mister framleis tid, tid som vi ikkje vil kunne ta att seinare.

  • Dette er alvorleg. Det undergrev effektiviteten vår. Det undergrev truverdet vårt. Dersom det internasjonale samfunnet ikkje greier å samordne på ein forsvarleg måte, korleis kan vi vente at den afghanske regjeringa skal vise klarleik og leiarskap?

  • FN må få større mynd til å samordne engasjementet vårt. Vi ønskjer både å styrkje FN-oppdraget og å oppnemne ein spesialutsending for å sikre samordning i Kabul og mellom hovudstadene våre.

  • La oss i det minste verte samde i dag om at vi skal gje FN-oppdraget eit sterkare mandat og større ressursar.

  • Samtidig tyder oppmodinga vår om betre samordning at vi alle må vere budde på å verte samordna.

  • Og samordninga må vere grunna på prioriteringane til den afghanske regjeringa, med sikte på å styrkje leiarskapen hennar.

Narkotika

  • Auken i produksjonen er alarmerande. Den afghanske regjeringa og det internasjonale samfunnet må ta fatt i dette problemet med ei fast hand.

  • ISAF bør gje all mogleg støtte til regjeringa sin innsats, og det må leggjast vekt på forbod retta mot laboratorium og påtale og på å skape tilhøve for ein velfungerande lovleg økonomi.

  • Det trengst betre utveksling av etterretningar om narkotika. Det krevst òg eit sterkt grensepoliti som samarbeider nært med grannelanda.

Den regionale dimensjonen

  • Ikkje berre treng Afghanistan å vere ein del av ein samarbeidsregion, regionen treng òg eit stabilt og robust Afghanistan.

  • Grensejirgaen var ei viktig hending. Men tilhøvet mellom Afghanistan og Pakistan har enno ikkje nådd eit verkeleg vendepunkt. Det er difor viktig å sikre ei energisk oppfølging. Dei mange vitjingane som president Karzai har gjort til grannelanda til Afghanistan, har styrkt den politiske dialogen og utsiktene til praktisk samarbeid i heile regionen.

  • Det vil gagne både tryggleiken og den økonomiske utviklinga i regionen dersom den regionale agendaen vert forfølgd intensivt. Det er viktig at Afghanistans politikk for regionen har eit tydeleg og sjølvstendig afghansk andlet. Han må ha fast rot i afghanske interesser.

Den lokale dimensjonen

  • Dei regionale og lokale dimensjonane heng saman. Dei er begge viktige for å nedkjempe opprøret.

  • Lokalsamfunna vil snu ryggen til Taliban dersom dei kjenner sterk lojalitet overfor sentralregjeringa. Distrikt og tettstader må kjenne at tryggleiken, styringsmåten og utviklinga er fast forankra i deira eige samfunn. Dei må kjenne at innsatsen vår er grunna på innbyggjarane og det dei treng. Deira interesser og regjeringa sine prioriteringar må samordnast nærare.

  • Vi støttar president Karzais innsats for å nå ut til samfunn i heile landet. For at han skal lukkast, må vi vere villige til å vise respekt for regjeringa sine eigne planar.

  • Dersom vi – våre regionale stabiliseringslag og ikkje-statlege organisasjonar – følgjer våre eigne agendaer, vil vi undergrave regjeringa sin innsats for å styrkje tilhøvet sitt til lokale leiarskapsstrukturar. Dermed vil vi òg undergrave arbeidet for å skape ei djupare lojalitetskjensle og dermed kampen mot opprørarane.

  • Det verkelege målet på om vi har lukkast, er talet på afghanske flagg – ikkje utanlandske flagg – vi ser utanfor skular, sjukehus og andre institusjonar.

Politiet

  • Vi er alvorleg uroa over kor seint det går å få lært opp og plassert ut afghanske polititenestemenn. Dette er truleg den svakaste lekken i heile innsatsen vår.

  • Gjennomføringa av EU-politioperasjonen er eit positivt steg. Men ambisjonsnivået vårt er for lågt. Vi kan ikkje tolerere ein situasjon der militær framgang heile tida vert nøytralisert av ein mangel på oppfølging på områda tryggleik, styring og utvikling.

  • Vi treng ein politistyrke som er i stand til å spele ei sterkare rolle når det gjeld å konsolidere militær framgang. Ein politistyrke som er godt opplærd og godt utstyrd. Ein politistyrke med lojalitetskjensle overfor lokalsamfunna.

  • Vi taper tid og truverde kvar dag. Det er stor trong for å gjennomgå politiutviklingsstrategien vår og for å heve ambisjonane våre langt over det dei er i dag.

  • Å styrkje og reformere innanriksdepartementet står sentralt i denne samanhengen.

Ei politisk løysing

  • Vi veit alle at konflikten ikkje kan løysast med berre militære middel. Ei politisk løysing er avgjerande.

  • Og å vinne lojalitet og støtte hjå lokalsamfunna – å involvere dei i utviklinga av god styring, tryggleik og utvikling – må vere ein viktig del av innsatsen vår for å nå ei politisk løysing. Det er rett å tale med alle som er villige til å samarbeide konstruktivt med regjeringa.

  • Samtidig må ikkje innsatsen for å nå ei politisk løysing skje på kostnad av framgangen som er gjord. Vi må gå fram på ein meir inklusiv måte og skape breiare eigarskap til det som er oppnådd så langt.

Ministermøte om utanrikspolitikk og global ­helse

New York, 27. september 2007

  • Det er ei glede for meg å ønskje dykk velkomne til dette møtet. At utanrikspolitikk har ein innverknad på helsa, vert intuitivt forstått, og det same gjeld påstanden om at ein innsats for å betre helsa kan betre tilhøva innan og mellom land.

  • For eit år sidan var det somme av kollegaene våre som handla på grunnlag av denne intuitive forståinga og sette seg føre å undersøkje nærare trongen for å sjå på utanrikspolitikk med «helselinse».

  • I samarbeid utvikla utanriksministrane i Brasil, Frankrike, Indonesia, Senegal, Sør-Afrika, Thailand og Noreg ei felles forståing, som i Oslo i mars i år resulterte i Oslo-erklæringa og handlingsagendaen for global helse – eit presserande utanrikspolitisk spørsmål i vår tid.

  • De har denne erklæringa og agendaen framfor dykk. De vil finne at dei reflekterer over felles verdiar og gjensidige interesser i ei stadig meir globalisert og gjensidig avhengig verd, forklarer korleis utanrikspolitikk kan medverke til å fylle hol i internasjonalt samarbeid om helse, og analyserer korleis samarbeid om helserelaterte spørsmål kan nyttast som eit verkty i diplomatiet.

  • Utgangspunktet vårt er den gjensidige avhengnaden som er ei følgje av globaliseringa. Denne gjev oss nye høve til framgang, men gjer oss òg meir sårbare, særleg med tanke på den globale helsetryggleiken. I mappene dykkar vil de òg finne bakgrunnsinformasjon om desse spørsmåla.

  • At de har kome hit i dag signaliserer at de har interesse og omtanke for desse spørsmåla. Eg er svært glad for det. Føremålet vårt med å kalle inn til dette møtet er å invitere andre til å slutte seg til oss – både politisk og praktisk – ved å støtte erklæringa og handlingsagendaen, og særleg ved å engasjere seg i samarbeid om eitt eller fleire spørsmål.

  • Vi vonar på denne måten å kunne mobilisere større krefter for den global helsetryggleiken og å betre måten som vi handterer trugsmål mot han på. Ikkje minst ønskjer vi å få globaliseringa til å arbeide for desse føremåla, til fordel for alle.

  • Det er målet vårt å auke medvitet om global helse i det vi gjer – i alle samanhengar. Vi vonar at de vil utvikle denne agendaen og ta han med dykk inn i ulike samarbeidsfora, både heime og i utlandet.

Avsluttande merknader på ministermøte om utanrikspolitikk og global helse

New York, 27. september 2007

Brasil, Frankrike, Indonesia, Senegal, Sør-Afrika, Thailand og Noreg har sett pris på den interessa som er vist her i dag. Innlegga på denne rundebordskonferansen har demonstrert at helse er ein samlande faktor og vist korleis den globale helseagendaen kan mobilisere utanrikspolitiske alliansar på tvers av skilje vi ofte har, og som er ulike dei meir tradisjonelle interessegruppene.

Føremålet med møtet var å synleggjere ein agenda som ikkje får den merksemda han treng frå utanriksministrar, og å invitere fleire ministrar til å engasjere seg – med kven som helst av oss eller oss alle – for å få utanrikspolitikken til å tene den globale helsa.

Global helse og helsetryggleik er i ferd med å få politisk momentum. Utanrikspolitikken må nytte dette høvet til å vere relevant og reagere. Perspektiva som har vorte presenterte her av så mange ulike land, har tydeleg validert spørsmåla og agendaen som så langt er ført vidare av dette initiativet. Det er rimeleg å konkludere med at møtet har stadfesta betydninga og meirverdien av global helse som ein agenda for utanrikspolitikk. 

Vegen vidare kan bestå av reaksjonar på tre plan: 

I. Generelt: Gjere helseverknaden av utanriks­politikken synleg blant politiske leiarar

  • Vi må gjere utanrikspolitikken meir sensitiv og lydhør overfor helse, og det første steget er å la denne agendaen feste rot i avdelingane i våre eigne departement.

  • Vi må påverke utanlandsk og heimleg politikk som har negativ verknad på overleving. 

II. Meir spesifikt: Fokusere på nokre spesifikke ­politikkområde der vi saman kan tilføre konkret og monaleg verdi

  • Område som er avhengige av politiske endringar og framsteg, og som kan overvinne større flaskehalsar når det gjeld å oppnå dei helserelaterte tusenårsmåla, slik vi har peika på med omsyn til spørsmål i samband med handel (lækjemiddel og teknologi), migrasjon og helsearbeidsstyrke.

  • Område som no ikkje får den merksemda som trengst, der eit konkret fokus kan drive endring, til dømes

    • utvikling og bruk av helseindikatorar for å betre kunne vurdere freds- og atterreisingsprosessar,

    • vegkart for helseoppbygging som eit verkty for å skape fred,

    • meir empirisk kunnskap om verknaden av helseintervensjon på ulike stadium i konfliktar.

III. I tillegg: Nytte høva til å bruke «helselinse» (synleggjere helseverknaden) på pågåande mellomstatlege prosessar, og fleire av dei ligg rett framfor oss dei neste månadene, til dømes

  • relaterte til WHO-prosessar om handel, patent og innovasjon og utfordringa virusdeling og bruken av dei internasjonale helsereglane,

  • relaterte til førebuingane til Bali-konferansen om klima. 

Dei neste stega:

  • Ekspertgruppa til våre sju kjerneland vil halde fram med å møtast og utvikle framgangsmåtar som kan tene denne prosessen.

  • Framfor oss ligg ein konferanse saman med WHO i Genève neste vår.

  • Eg trur at vi kan sørgje for ein start på oppbygginga av ein ståande kapasitet som vil stille utanrikspolitikken til teneste for den global helsa og folkehelsetryggleiken. De er hermed invitert til å vere med på denne innsatsen.

Ministermøte om avskaffing av dødsstraff

New York, 28. september 2007

Noreg rosar Italias initiativ. Det er djervt, tidsriktig og grunnleggjande viktig. Noreg er ein sterk forsvarar av menneskerettane, vørdnaden til einskildpersonar og prinsippet om menneskeleg framferd.

Noreg er grunnleggjande imot dødsstraff, ettersom dødsstraff er helt i strid med desse prinsippa. Vi er overtydde om at ei verdsomfattande avskaffing av dødsstraff vil heve den menneskelege vørdnaden og respekten for liv.

Sjølv om vi er medvitne om lidingane til offera for valdeleg kriminalitet og familiane deira, meiner vi sterkt at dødsstraff undergrev respekten for retten til liv. Å ta eit liv kan aldri oppheve eit lovbrot – same kor grufullt lovbrotet er.

Eg ønskjer særleg å uttrykkje respekt for folket i Rwanda for deira djerve og vise avgjerd tidlegare i år om å avskaffe dødsstraff. Få ting kunne vere meir utfordrande for vår oppfatning av rettferd og straff enn å forsone seg med folkemordet i Rwanda. Eg vil gjerne sitere Paul Kagame, president i Rwanda, som sa at «Død som eit kontrollverkty og denne praksisen si rolla for å vidareføre straffridomskulturen (...) er i strid med oppfatninga vår av stabilitet, fred, velstand og demokratisk styre.» Dette er ei oppfatning som Noreg deler fullt ut. Vi sluttar oss til Rwanda si oppmoding om ei global avskaffing av dødsstraff.

Noreg har i mange år vore ein aktiv støttespelar for den internasjonale innsatsen for å avvikle bruken av dødsstraff. Vi vil halde fram med å vere ein sterk støttespelar for global avskaffing innanfor ramma av FN, OSSE og Europarådet – og andre multilaterale og bilaterale fora.

Vi vil halde fram med å be alle statar som enno ikkje har forplikta seg til å avskaffe dødsstraff, til straks å gjere dette og å ratifisere den andre fakultative protokollen til den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Opningstale på møte i gjevarlandskomiteen for hjelp til palestinarane (AHLC) i New York, 24. september 2007

Eksellensar, damer og herrar

Det er ei stor glede for meg å ønskje dykk alle velkomne til dette viktige møtet til AHLC-gjevarar og partnarar. La meg takke generalsekretær Ban Ki-moon for at han var så venleg å vere vert for dette arrangementet.

Eg ønskjer venene våre den palestinske statsministeren Fayyad og Israels utanriksminister Livni særleg velkomne. Eg vil òg ønskje alle kollegaene mine og embetsmennene som er til stades, varmt velkomne.

Møtet i dag kan og bør gjere ein skilnad når det gjeld å styrkje dei positive kreftene for endringar. Vi er svært glade for den internasjonale støtta til dette møtet. Det var viktig at presidenten i USA uttrykte støtte på eit tidleg stadium. Dette speglar stor tillit til partane. Olmert-Abbas-dialogen om kjernespørsmål har skapt eit nytt momentum. Dette møtet bør understreke at vi rosar og støttar dei for at dei er djerve og viljefaste.

Eg helsar velkomne dei åtgjerdene som Israel har teke for å overføre palestinske skattar og inntekter og vidareføre tryggingsdialogen med Den palestinske styresmakta. Desse åtgjerdene er viktige for å skape tillit.

Eg vil gjerne rose statsminister Fayyad for innsatsen hans for å reformere den palestinske offentlege sektoren. Initiativet hans er avgjerande for å motverke veksten i den offentlege sektoren, som er større enn det den palestinske økonomien toler.

Ekstern gjevarfinansiering vil framleis vere avgjerande for å halde oppe palestinske institusjonar. Vi bør sende eit sterkt signal til president Abbas og statsminister Fayyad om at det internasjonale samfunnet enno ein gong står klar til å samarbeide fullt ut og direkte med Den palestinske styresmakta.

Eg helsar velkommen fråsegna frå kvartetten av 23. september, som legg stor vekt på at alle land raskt gjev økonomisk støtte til Den palestinske styresmakta. Eg er glad for å kunngjere at Noreg om kort tid vil gje ytterlegare USD 20 millionar til fellesstatskassekontoen.

Vedvarande reform av den palestinske offentlege sektoren og lettare ferdsel og tilgang er avgjerande for å stogge den økonomiske nedgangen. Ei gjenoppliving av den palestinske økonomien vil krevje ikkje berre at Den palestinske styresmakta gjer robuste vedtak, men òg at den israelske partnaren forpliktar seg sterkt.

Møtet vårt i dag vil bane veg for ein breitt basert internasjonal forpliktingskonferanse som er planlagd arrangert i desember. Denne konferansen vil vere eit høve for gjevarar til å tilpasse lovnadene sine og støtta si til budsjetta, utviklingsplanane og reformprogrammet til Den palestinske styresmakta.

Partnarskapen vår med Den palestinske styresmakta bør sikre palestinsk eigarskap til og innverknad på gjevarprosessen. AHLC-medlemane bør difor vurdere å ta omsyn til den vedvarande trongen for omgåande budsjettstøtte.

Vi må dra fordel av det noverande momentumet. Eg vonar at dette møtet vil utfylle planane for eit møte i november. Vi må gjere aktiv bruk av alle høve til å betre samarbeid, økonomisk utvikling og reformer som er avgjerande for å skape ein berekraftig palestinsk stat og ein varig fred.

Til forsida