St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Allment

Arbeidet og forhandlingsklimaet i 2. komité var krevjande, men med ein gjennomgåande betre tone enn i dei siste åra. Fleire forhandlingar var prega av store spenningar og interessekonfliktar, men utan at desse utvikla seg til direkte konfrontasjonar mellom landa. Spenningane og konfliktlinene i somme saker var faktisk sterkare internt i G77-gruppa enn mellom nord og sør. Dette er eit utviklingstrekk ein har sett vise seg tydelegare i seinare tid og kom særleg til syne i forhandlingane om utviklingsaktivitetane til FN.

Det vart oppnådd framsteg på fleire viktige område for Noreg, mellom anna godkjenning av samanhengen mellom menneskerettar og utvikling, sterkare fokus på kvinner og likestilling, og auka krav til effektivitet, samordning og resultat i FNs utviklingssamarbeid. På den andre sida kom det lite ut av drøftingane om klima trass i at dette fekk særleg merksemd på sesjonen i haust. Grunnen til dette var at mange meinte at 2. komité ikkje måtte føregripe dei komande forhandlingane på Bali.

5.2 Treårsgjennomgangen av FNs ­utviklingsaktivitetar

Kvart tredje år har 2. komité ein hovudgjennomgang av FNs hjelpeverksemd. Målsetjinga er å gje retningsliner og styringssignal for korleis FNs fond, program og særorganisasjonar skal samarbeide og leggje til rette utviklingssamarbeidet med mottakarlanda. Gjennomgangen gjeld forvaltinga av omkring USD 15 milliardar (2006-tal) i årlege frivillige tilskot frå medlemslanda.

Den siste treårsgjennomgangen, som vart vedteken hausten 2004, la viktige premissar for reformer av verksemda til FN. Reforminitiativa fekk støtte frå verdstoppmøtet i 2005 og vart ytterlegare konkretiserte og forsterka gjennom FN-reformpanelet sin rapport i 2006 (leidd av mellom andre statsminister Stoltenberg). Fleire sentrale framlegg frå panelet er i full gang med å verte gjennomførde, til dømes betre samordning av FNs verksemd på landnivå og tettare samarbeid mellom FN-organisasjonane. Resultatet av treårsgjennomgangen i 2007 slutta opp om desse tiltaka og gav klare signal om trongen for høgare effektivitet, kvalitet, betre økonomistyring og krav til resultat av hjelpeaktivitetane, om trongen for tettare oppfølging og samarbeid om å betre kvinnene sine rettar og auka likestilling, og om godkjenning av samanhengen mellom menneskerettar og utvikling. Dette er positivt. Frå norsk side hadde det likevel vore ønskjeleg med endå klarare støtte til FN-reformpanelets framlegg til samordning av FN på landnivå gjennom éin leiar, eitt program og eitt budsjett. Reformene vil likevel verte vidareførde, men med noko mindre trykk og fortgang.

5.3 Finansiering for utvikling (FfD)

Noregs FN-ambassadør er, saman med Egypts FN-ambassadør, utpeikt som tilretteleggjar for det som vert kalla «Finansiering for utvikling» (FfD). Under generalforsamlinga i haust leidde dei to ambassadørane forhandlingane om ein resolusjon om ramme og fokus for ein konferanse som skal finne stad i Doha i Qatar 29. november til 2. desember 2008. Doha-konferansen vil vere ei oppfølging av konferansen som vart halden i Monterrey i Mexico i 2002, og som førde til den såkalla «Monterrey-konsensusen». Monterrey-konsensusen omhandlar finansiering for utvikling i brei forstand, medrekna styresett, investeringar, hjelp, handel, gjeld, institusjonelle reformer i Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, med meir. Dette var første gong alle desse temaa vart diskuterte under eitt i ein FN-samanheng, og heile prosessen vart styrkt av brei deltaking av det sivile samfunnet og internasjonale institusjonar. Føremålet med oppfølgingskonferansen vert å sjå på kva som har hendt etter Monterrey-konsensusen, og kva meir som må gjerast innanfor dei relevante temaa, men utan å bryte den fine balansen mellom dei ulike omsyna som vart tekne i Monterrey. Konferansen vil også verte eit høve til å sjå på kva som vil trengast for å nå tusenårsmåla i 2015.

5.4 Handel

Det vart for fjerde år på rad votert over handelsresolusjonen i 2. komité. EU endra i år røystemønsteret sitt og røysta mot resolusjonen. Etter norsk oppfatning har resolusjonen avgrensa relevans så lenge forhandlingane om Doha-runden enno er i gang i WTO. Dette er også grunnen til at Noreg har avstått i voteringane, sjølv om det isolert sett er delar av resolusjonen som vi kunne ha teke avstand frå prinsipielt. G77 har dei siste åra kome med resolusjonsframlegg med ei rekkje element som er totalt uakseptable frå dei vestlege landa si side, og var ikkje villige til å gå inn i reelle forhandlingar. Resolusjonen og prosessen kan sjåast på som ein politisk demonstrasjon frå G77s side, og mønsteret vil truleg ikkje endre seg før dei pågåande WTO-forhandlingane er i mål.

5.5 Sør-Sør

Hovudføremålet med resolusjonen var å få vedteke at det skal haldast ein høgnivåkonferanse om sør-sør-samarbeid i samband med 30-årsjubileet for handlingsplanen om sør-sør-samarbeid. Konferansen vil finne stad i første halvdel av 2009 i Argentina (der handlingsplanen også først vart vedteken i 1978). Under forhandlingane ønskte tradisjonelle gjevarland at sør-sør-samarbeid også skal definerast innanfor ramma av hjelp, og stridstemaet vart difor referansane til Pariserklæringa om hjelpeeffektivitet, som tradisjonelle gjevarland meiner er naudsynt for å stille same krav til harmonisering og rapportering til nye gjevarar, til dømes Kina. Dette er eit tema som også har kome opp i andre samanhengar, og som truleg framleis vil vere eit tema, mellom anna på konferansen om hjelpeeffektivitet i september i Ghana.

5.6 Miljø og berekraftig utvikling

Klima- og miljøarbeidet i generalforsamlinga sin 2. komité bar preg av at Bali-forhandlingane skulle finne stad i desember. Sjølv om medlemslanda i stor grad var samde om at det er viktig å finne globale løysingar på klimautfordringane, var både utviklingslanda/G77, og i stor grad også dei vestlege landa som ikkje er partar i Kyoto-protokollen, tilbakehaldne under komitéarbeidet. Det overordna målet for forhandlingane for mange av delegasjonane var først og fremst å unngå å binde seg til noko som elles kunne verte føremål for forhandlingar på Bali.

Avhengig av perspektiv ser vi også at ei større politisering av saker i berekraftig utvikling-klyngja skaper nye høve for samarbeid og/eller konflikt. Særleg har det vore mykje friksjon internt i G77, der det finst store interessemotsetningar på mellom anna klimaområdet (der G77s forhandlingsrom vert sterkt avgrensa av oljeproduserande land), og i enkeltsaker som landbruksteknologi, der ei gruppe arabiske land blokkerte konsensus om ei tekst som dei i alle andre samanhengar ville ha vore for, på grunn av Israel sitt engasjement i resolusjonen.

5.7 Korrupsjon

Korrupsjonsdebatten i 2. komité dreidde seg om utviklingsperspektivet av korrupsjon. Det vart oppnådd semje om at resolusjonen skulle byggje opp under konvensjonen mot korrupsjon, men det var usemje om kva dette innebar i praksis. Mange land frå sør var som tidlegare først og fremst opptekne av retur av illegale midlar. Land i nord var meir opptekne av mellomstatleg tilslutning til heile konvensjonen, og verdien av å nemne godt styresett som bolverk mot korrupt praksis. Resultatet vart ein nokså lang resolusjonstekst, sjølv om alle eigentleg ønskte ei kort tekst. Noreg la i debatten og resolusjonsforhandlingane mellom anna vekt på gjennomføringsmekanismar for konvensjonen mot korrupsjon, initiativa knytte til han og illegal kapitalflukt.

Til forsida