St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Saker i plenum

3.1 Generaldebatten

Temaet for generaldebatten i år var klimaendring. Typisk for innlegga som omhandla klimaendring, var fokus på at det trengs hjelp til tilpassing frå utviklingssida, og fokus på iverksette eller planlagde mål og tiltak frå dei utvikla landa si side, då særleg i samband med utsleppsreduksjon. Det er kanskje naturleg, men ikkje særleg positivt at det store fleirtalet av medlemsland avgrensa seg til å omtale klimaproblem og tiltak som i første rekkje omhandla eige land og lokale tilhøve. Det var likevel fleire unnatak, både blant utviklingslanda og vestlege land. EUs innlegg, som vart halde av Portugals statsminister, hadde ei global og heilskapleg tilnærming til problemstillinga og omtalte mellom anna samanhengen mellom klimaendring og oppnåing av tusenårsmåla. Innlegga viste at det no finst politisk vilje til handling, men samtidig også at det er sterk usemje om kva som må prioriterast, og korleis ansvaret skal fordelast.

Presidenten i generalforsamlinga hadde i opninga si av generalforsamlinga sin 62. sesjon lagt fram fem prioriterte område: klimaendring, finansiering for utvikling, tusenårsmåla, kampen mot terrorisme og reformarbeidet, medrekna tryggingsrådsreform. Fleire av dei same tema vart også rekna som viktige av medlemslanda. I tillegg til klimaendring, som alt er omtalt, var tusenårsmåla, utvikling og Doha-runden blant dei oftast omtalte sakene på dagsordenen. På den tryggingspolitiske sida var Midtausten, Darfur og Kosovo mest dominerande. Fleire land tok også opp Iran og verdien av ikkje-spreiing av atomvåpen.

USA sitt innlegg, som vart halde av president George W. Bush, fokuserte på demokrati og menneskerettar i tillegg til kampen mot terror. President Daniel Ortega frå Nicaragua tok opp hansken frå Venezuela i fjor og heldt eit langt USA-fiendsleg innlegg, som gjekk til åtak på alt frå globalisering til blokaden av Cuba. Russland sitt innlegg var også delvis retta mot USA og tok opp verdien av kollektiv leiarskap for å handtere dagens globale utfordringar – underforstått at USA si unilaterale tilnærming ikkje var ønskjeleg. Rakettskjoldsaka vart brukt som eksempel på åleinegang.

Presidenten i Iran, som tidlegare i veka hadde stilt til open debatt ved Columbia-universitetet i New York, stod fram noko meir dempa enn tidlegare. Iran brukte ein del tid på atomkraftspørsmålet, men ville sjå bort frå pålegg frå Tryggingsrådet, som dei meinte hadde vorte misbrukt av somme mektige medlemsland.

Sudan og Burma (Myanmar) gav i innlegga sine uttrykk for at situasjonen i deira respektive land var ein heilt annan ein det som var den generelle oppfatninga i resten av verda. Mangelen på realisme i innlegga understrekar vanskane som det internasjonale samfunnet står overfor når det gjeld å betre menneskerettssituasjonen i begge landa og å hindre den humanitære krisa i Darfur.

I tillegg til klima fokuserte det norske innlegget, som vart halde av statsminister Jens Stoltenberg, på tusenårsmåla og FN-reform. Noreg argumenterte for at det var viktig å implementere tilrådingane frå reformpanelet for å sikre eit effektivt FN som kan levere resultat slik at tusenårsmåla kan nåast.

3.2 Oppfølging av FN-toppmøtet 2005

Reformer av FNs hjelpeverksemd

FN-toppmøtet i 2005 oppmoda Generalsekretæren om å kome med framlegg til ytterlegare reformer av FNs hjelpeverksemd. Generalsekretæren følgde opp dette og oppmoda statsminister Stoltenberg og statsministrane i Pakistan og Mosambik om å leie eit høgnivåpanel som skulle sjå på korleis ein kunne gjere FN meir effektivt innan utviklingshjelp, humanitær hjelp og miljø. Høgnivåpanelet leverte rapporten sin i november 2006. Bodskapen frå panelet var at reformer er heilt naudsynte for å sikre FNs høge legitimitet og evne til å levere på tusenårsmåla. Eit meir einsarta, samordna og effektivt FN vil kunne verte ein berebjelke i det internasjonale utviklingssamarbeidet. FNs mange fond, program og særorganisasjonar må samarbeide tettare, og administrasjonen, økonomistyringa og personalforvaltinga må moderniserast. På landnivå bør FNs ulike kontor samlast til eitt kontor med éin leiar, eitt program og eitt budsjett. FNs arbeid med kvinner og likestilling må styrkjast, menneskerettane må få meir fokus, og handteringa av humanitære saker og miljø må betrast. Det må etablerast nye mellomstatlege styringsstrukturar for å sikre at FN opptrer og leverer meir samla og effektivt.

Før generalsekretær Kofi Annan gjekk av, sette han i verk fleire av framlegga til panelet. Dette omfatta tiltak for å modernisere FN-systemet, sikre tettare samarbeid mellom og samordning av organisasjonane og iverksetjing av pilotprosjekt for «Eitt FN» på landnivå. Trass i den gode mottakinga som rapporten fekk, vart det fort klart at fleire av framlegga i rapporten møtte til dels stor motstand. Dette kom til uttrykk våren 2007. Fleire sentrale utviklingsland målbar at framlegga til panelet var styrde av interessene til gjevarlanda. Det vart hevda at omtalen i rapporten av menneskerettar, miljø og nye finansieringsordningar ville innebere innføring av kondisjonalitetar i FNs utviklingssamarbeid. Framlegget om å styrkje FN på landnivå gjennom éin leiar vart også oppfatta av mange som opptakta til ei ordning med «FN-ambassadørar». Eit sterkt samla FN med éin talsperson på landnivå ser fleire store utviklingsland på som eit trugsmål mot nasjonale interesser. Frykta for «FN-ambassadørar» er at FN då kan verte ein markert aktør som frontar kontroversielle spørsmål på tvers av landa sin eigen politikk.

Denne typen motførestellingar ligg mellom anna til grunn for at generalsekretær Ban Ki-moon så langt har valt å halde ein lågare profil på dette området enn forgjengaren sin. Det at fleire av framlegga frå panelet vert oppfatta som kontroversielle, og fråværet av tydeleg leiarskap i FN sentralt, har medverka til at medlemslanda ikkje har klart å verte samde om korleis den mellomstatlege forhandlingsprosessen skal takast vidare. Usemje om prosess har såleis gjort det umogeleg å få framgang sjølv på område der det synest å vere brei semje, til dømes framlegget til betre organisering av kvinne- og likestillingsarbeidet. Generalforsamlinga sine drøftingar av FN-reformpanelet vert vidareførde i første halvdel av 2008.

Reform av Tryggingsrådet

Debatten om reform av Tryggingsrådet starta for alvor i kjølvatnet av Generalsekretærens rapport «In Larger Freedom» frå 2005 og heldt fram mot toppmøtet i 2005. Det er framleis brei semje om at Tryggingsrådet i si noverande form ikkje speglar dei geopolitiske realitetane på 2000-talet og bør reformerast. Det er ikkje semje om korleis utvidinga bør skje, og dei ulike framlegga og alliansane som har utkrystallisert seg, nøytraliserer kvarandre, slik at ingen av framlegga har det naudsynte to tredels fleirtalet i Generalforsamlinga. Det er tre «leirar» i spørsmålet. G4-landa Japan, Tyskland, India og Brasil ønskjer ei utviding til 25 plassar og med fast medlemskap for fleire land, medrekna dei sjølve. I motsetning til dette framlegget står ei stor gruppe land som kallar seg «konsensusgruppa», med Italia, Pakistan, Sør-Korea, Spania, Argentina og Mexico i spissen, som meiner at ei utviding av Tryggingsrådet må skje med konsensus, og at talet på faste medlemer ikkje bør aukast. Eit tredje framlegg er AU og dei afrikanske landa sitt krav om 26 medlemer og vetorett. Mange har uttrykt otte for at eit utvida Tryggingsråd kan verte mindre effektivt og undergrave FNs handlingsevne.

Debatten om reform av Tryggingsrådet har halde fram i arbeidsgruppa (Open-Ended Working Group), som vart skipa i 1993, men utan å nærme seg ei løysing som vil ha støtte av fleirtalet i Generalforsamlinga. I den 61. generalforsamlinga vart det skipa seks tematiske undergrupper for å opplyse ulike aspekt ved reform av Tryggingsrådet. Ideen om ulike overgangsordningar vinn gradvis større gehør, sjølv om det ikkje har vore noko definitivt gjennombrot. Overgangsordningar vil kunne vere ein måte for ikkje-permanente medlemer å kvalifisere seg til fast medlemskap ved attval over fleire periodar. Samtidig som diskusjonen i arbeidsgruppa held fram utan ein klar tidsplan, har G4-landa teke til orde for å innleie mellomstatlege forhandlingar i Generalforsamlinga om reform og utviding av Tryggingsrådet. G4-landa har ønskt å bryte opp dei regionale blokkene ved å invitere til diskusjonar i eit «overgripande forum». Dette framlegget har møtt hard motstand frå konsensusgruppa, som vil halde fram diskusjonen i arbeidsgruppa.

Noreg og dei andre nordiske landa har teke til orde for å styrkje legitimiteten til Tryggingsrådet gjennom reform og utviding av medlemskapen. Dei nordiske landa tek avstand frå å utvide vetoretten, men stiller seg positive til ulike overgangsordningar for å skape kompromiss mellom motstridande førestellingar. Ein viktig føresetnad frå norsk side er at det ikkje skal verte vanskelegare for mindre land å verte innvalde i Tryggingsrådet. Island stiller for første gong i FN-historia til val til Tryggingsrådet for perioden 2009–2010.

3.3 Fredsbyggingskommisjonen

Fredsbyggingskommisjonen er eit rådgjevande organ under Tryggingsrådet og Generalforsamlinga, som starta arbeidet i juni 2006. Kommisjonen skal bringe saman alle relevante aktørar for å mobilisere ressursar og støtte utviklinga av integrerte strategiar, gje råd og informasjon for å betre samordning og atterreising i postkonfliktland. Kommisjonen utgjer, saman med eit fredsbyggingskontor og eit fredsbyggingsfond under Generalsekretæren, den nye fredsbyggingsarkitekturen i FN.

Burundi og Sierra Leone vart dei første landa på dagsordenen til kommisjonen og vart etterfølgde av Guinea-Bissau. I Sierra Leone og Burundi er prioritetsområde for fredsbygging identifiserte, og integrerte fredsbyggingsstrategiar er utvikla. Utviklinga av dei integrerte fredsbyggingsstrategiane har sett ein ny standard for korleis eit mellomstatleg FN-organ kan samarbeide med eit medlemsland og støtte opp om konsolidering av fred.

Tilhøvet mellom dei ulike søylene for atterreising etter konflikt – som overgangsjustis, demobilisering og tryggingssektorreform og meir tradisjonell utviklingspolitikk – har vorte sett på dagsordenen. Det er aukande forståing for at fredsbygging ikkje er spesifikke sektorar, men det å kunne sjå tilhøvet mellom tryggleik, politikk, menneskerettar og utvikling i samanheng.

Noreg, ved ambassadør Løvald, var nestleiar i kommisjonen det første året og har framleis ansvar for å leie arbeidet om Burundi. Leiarposisjonen har gjeve eit godt høve til å påverke utforminga av den nye fredsbyggingsarkitekturen. Sentrale norske prioriteringar har vore å medverke til at fokuset er på landnivå, fleksible arbeidsmetodar og brei deltaking frå dei mest sentrale aktørane, medrekna Bretton Woods-institusjonane.

Kontoret for fredsbygging i sekretariatet har mellom anna ansvar for å hjelpe kommisjonen, utføre strategisk arbeid og administrere Fredsbyggingsfondet. Noreg har gjeve 200 millionar kronar til fondet.

3.4 Humanitære spørsmål

I debatten om styrking av samordninga av FNs humanitære hjelp vart FNs humanitære vernebuingsfond, CERF, vigd stor merksemd. Det vart gjeve brei generell støtte til fondet og FNs kontor for samordning av humanitære spørsmål (OCHA), som administrerer fondet. Det vart samtidig uttrykt forventingar til den uavhengige evalueringa av fondet, som skal gjennomførast i 2008. Vidare var respekt for humanitære prinsipp, det humanitære rommet og tilgang til humanitær hjelp attergangarar i debatten. Nokre land var først og fremst opptekne av suverenitetsprinsippet og mottakarlandet si leiande rolle i humanitære kriser. Andre gjennomgangstema var vern av sivile og humanitære aktørar og nedkjemping av kjønnsbasert vald generelt og seksuell vald spesielt. Rådande straffridom vart også teken opp i denne samanhengen. Førebygging av naturkatastrofar og klimaendringar var andre sentrale tema. Vidare vart den såkalla klyngjetilnærminga føremål for både støtte og skepsis, som ved tidlegare høve. Sjølve resolusjonen vart som vanleg føremål for omfattande uformelle samråd, men forutan eit noko større fokus på førebygging av humanitære kriser enn tidlegare, var resultatet av forhandlingane «status quo».

Elles er det verdt å leggje merke til at det på FNs 62. generalforsamling vart vedteke langt færre landspesifikke resolusjonar enn tidlegare.

3.5 Regionale konfliktar

Handsaminga av dagsordenspunkta om Midtausten og situasjonen til palestinarane vart som venta ei gjentaking av tidlegare år. I debatten uttrykte stadig fleire land uro over den stadig forverra humanitære situasjonen i Det palestinske området, særleg på Gazastripa. Forventingane til konferansen i Annapolis syntest å ha medverka til ein noko meir konstruktiv atmosfære i diskusjonane om Midtausten. Røystingane over dei mange resolusjonane skjedde etter same mønster som tidlegare år.

For Afghanistan vart det lagt fram ein resolusjon som omfatta både den humanitære og den politiske situasjonen. I debatten som følgde, vart det uttrykt stor uro over den stadig forverra situasjonen i landet. Trongen for betre samordning av den internasjonale innsatsen vart framheva av fleire medlemsland. Det vart også gjeve brei støtte til Afghanistan Compact som ei ramme for den internasjonale atterreisingsinnsatsen.

3.6 Havretts- og fiskerispørsmål

Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det norske innlegget i plenum tok for seg utfordringar knytte til biologisk mangfald og klimaspørsmål, ulovleg, uregulert og urapportert fiske og avgrensing av yttergrensa av kontinentalsokkelen.

Noreg arbeidde aktivt for, og lukkast med, ein styrkt omtale av klimaspørsmål i resolusjonane under dette dagsordenspunktet. Med utgangspunkt i norske framlegg vart det gjort vedtak som uttrykkjer alvorleg uro over den negative verknaden av klimaendringane på det marine miljøet og trongen for utsleppsreduksjon og for å auke forskinga omkring klimaendring. Med dette har klimaspørsmål for alvor også kome på dagsordenen for FNs viktigaste forum for diskusjon av hav- og fiskerispørsmål.

Eit anna viktig innsatsområde for Noreg er avgrensing av kontinentalsokkelen for land der denne strekkjer seg utover 200 nautiske mil. Ei avklaring av yttergrensa av sokkelen er viktig for å få ein klar folkerett, men kan òg ha store positive følgjer for utviklinga til ein stat. For mange kyststatar er 2009 fristen for å dokumentere yttergrensene av sokkelen for kontinentalsokkelkommisjonen, som er eit ekspertorgan skipa under havrettskonvensjonen. For mange utviklingsland er dette ei stor utfordring, og støtte til utviklingsland er difor heilt naudsynt. Noreg er den viktigaste tilskotsytaren til eit FN-fond som yter slik støtte. Det har også vore viktig for Noreg at utbetalingsrutinane for dette fondet er tilstrekkeleg fleksible til å stette den reelle trongen som utviklingslanda har. Det er positivt at sekretariatet til kommisjonen no vil verte styrkt, då arbeidsmengda i sekretariatet har auka i takt med talet på statar som sender inn dokumentasjon til kommisjonen.

Når det gjeld ulovleg, uregulert og urapportert fiske, var det eit sterkt engasjement frå norsk side for å etablere ytterlegare tiltak for å avgrense denne aktiviteten. Det vart mellom anna vedteke oppmodingar til regionale fiskeriorganisasjonar om å samarbeide og samordne arbeid i samband med svartelisting av farty, og initiativ for å vurdere flaggstatane sin innsats for å nedkjempe slikt fiske.

Som tidlegare stod Noreg som medframleggsstillar til begge resolusjonane. Fiskeriresolusjonen vart vedteken med konsensus, medan havrettsresolusjonen vart vedteken med overveldande fleirtal.

3.7 Den internasjonale domstolen i Haag

Presidenten i domstolen, Rosalyn Higgins, gjorde greie for arbeidet i domstolen. Det er verdt å merke seg at domstolen hadde avgjort mellom anna at dei grufulle gjerningane i Srebrenica i 1995 var eit folkemord som Den føderale republikken Jugoslavia ikkje hadde gjort nok for å hindre. Domstolen hadde for tida elleve pågåande saker som mellom anna omfattar klagar om brot på menneskerettane, suverenitets- og avgrensingsspørsmål og delte naturressursar. Det er gledeleg å konstatere at domstolen held eit høgt aktivitetsnivå, noko som stadfestar at domstolen er relevant og viktig for ei fredeleg løysing av tvistar mellom statar.

3.8 Den internasjonale ­straffedomstolen

Domstolen er fullt ut operativ, og etter Japans tiltreding i 2007 har vedtektene 105 partar. Presidenten i domstolen, Philippe Kirsch, presenterte rapporten frå domstolen. Kirsch nemnde kort status i dei fire situasjonane som vert handsama av domstolen, nemleg Uganda, Darfur, Den demokratiske republikken Kongo og Den sentralafrikanske republikken. Han understreka vidare den preventive effekten domstolen har og at domstolen medverkar til å oppfylle målsetjingane til FN. Hovudpoenget hans var likevel at det er naudsynt at statane samarbeider effektivt med domstolen, fordi ein elles ikkje ville kunne gripe eller straffeforfølgje dei tiltalte. Noreg uttrykte full støtte til domstolen sitt arbeid og understreka verdien av at domstolen får naudsynt støtte i utøvinga av mandatet sitt. Det var elles verdt å merke seg at Sør-Korea etterlyste fleire asiatiske statspartar. Resolusjonen om rapporten frå domstolen vart vedteken utan røysting.

3.9 Dei internasjonale straffedom­stolane for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Rwanda (ICTR)

Presidentane i dei to tribunala fokuserte i kvart sitt innlegg på avslutningsstrategiane og hevda at dei låg godt an til å nå måla som er sette av Tryggingsrådet. Ei vellukka sluttføring av mandata vil avhenge av tilstrekkeleg samarbeid frå statane. Alle tiltalte må arresterast og overleverast til domstolane. At arbeidet no gjekk mot slutten, reiste ein del personellmessige utfordringar. Noreg roste domstolane for arbeidet deira og gav dei på nytt si fulle støtte. Serbia karakteriserte verknadene av ICTY sitt arbeid som varige og tydelege og meinte straffeforfølging var ein føresetnad for fred og forsoning i det tidlegare Jugoslavia. Serbia var oppteke av at domstolen sitt mandat skulle sluttførast på ein vellukka måte. Rwanda omtalte verdien av at arven frå ICTR vert bevart, og at dokument og relevant materiale vert overførde til Rwanda for å dane grunnlag for eit senter for studiar om avverjing av folkemord.

Til forsida