St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 FNs regulære budsjett for perioden 2008–2009

FN-budsjettet vert vedteke for ein periode på to år. Budsjettet var den store saka i komiteen i haustsesjonen, og dei fem største tilskotsytarane (USA, Japan, Storbritannia, Tyskland og Frankrike) gjorde det tidleg klart at dei ville gå langt for å få til eit nullvekstbudsjett for 2008–2009. Med USA og Japan i spissen vart det hevda at ingen annan internasjonal organisasjon har hatt større vekst enn FN dei siste åra. Motargumentet var at det aukande talet på FN-mandat var vedteke av alle medlemsland, og at det er særleg utgifter til tryggingsrådsrelaterte mandat som har auka. Trugsmåla frå dei store tilskotsytarane medverka til at det etter forhandlingar i komiteen i vekevis vart lagt fram eit budsjett med berre fem prosent vekst. USA valde likevel, som einaste land, å verte ståande åleine ved å røyste mot budsjettet fordi det inneheldt ei tilvisning til ein konferanse om rasisme som USA meiner er einsidig retta mot Israel. G77 og EU meinte at USA ved røystinga si er med på å undergrave den mellomstatlege budsjettprosessen.

Tilskotsskalaen

Komiteen vedtok på fjorårets sesjon å vidareføre den eksisterande skalaen for utlikning av medlemslanda sine tilskot til det regulære budsjettet. I forhandlingane vart EU heilt isolert, delvis som ei følgje av at G77 stod samla gjennom forhandlingane. Dei store utviklingslanda tok ansvar innanfor gruppa av utviklingsland og har uformelt teke på seg å betale noko meir slik at små utviklingsland som får ein stor auke i tilskota sine, vil kunne fase desse inn over dei tre neste åra. Russland har også teke på seg ei noko større økonomisk byrde ved å betale to prosent i staden for deira utlikna del på ca. 1,2 prosent. USA var nøgd med utfallet då «taket» på 22 prosent vart ståande. Også Japan kan leve med ei vidareføring ettersom tilskotet deira uansett vil verte redusert som følgje av at tilskotsskalaen er grunna på bruttonasjonalproduktet til medlemslanda.

Noregs tilskot til FNs regulære budsjett er på 0,782 prosent.

8.2 Finansiering av FNs krigsforbrytardomstolar

Generalforsamlinga vedtok budsjett for krigsforbrytardomstolane på høvesvis om lag USD 267 millionar for Rwanda og USD 265 millionar for det tidlegare Jugoslavia.

8.3 Finansiering av FNs freds­tryggjande operasjonar

Finansiering av FNs fredstryggjande operasjonar skjer i utgangspunktet på eittårig basis, med eit budsjettår som går frå 1. juli til 30. juni. Budsjettvedtaka for desse operasjonane vert gjorde hovudsakleg av Generalforsamlinga i juni kvart år. Det er også naudsynt å handsame budsjettframlegg for enkeltoperasjonar for å kunne setje i verk tryggingsrådsvedtaket om vidareføring av operasjonane.

På sesjonen i haust vedtok Generalforsamlinga budsjett for fredstryggjande operasjonar i Darfur (UNAMID) og Den sentralafrikanske republikken og Tsjad (MINURCAT). Noreg leidde forhandlingane om budsjettet for UNAMID.

Med desse vedtaka har FN 20 aktive fredsoperasjonar som vil koste over USD 6,5 milliardar for 2007/2008. Desse kostnadene vil hovudsakleg verte finansierte gjennom pliktige tilskot frå medlemslanda med ein tilskotskala der dei fem permanente medlemene i Tryggingsrådet yter ein høgare del enn til det regulære budsjettet. Noregs del er på 0,782 prosent.

8.4 FNs økonomiske situasjon

FNs økonomiske situasjon er framleis prega av sesongprega likviditetsproblem på grunn av sein og manglande innbetaling frå medlemslanda. Medlemslanda si gjeld hausten 2007 var rundt USD 4 milliardar. Dette var høgare enn ved utgangen av 2006. Av dette var USD 700 millionar til det regulære budsjettet, USD 2,6 milliardar til FNs fredstryggjande operasjonar, USD 52 millionar til krigsforbrytardomstolane og USD 141 millionar til oppgradering av FN-bygninga. USA skuldar mest, med nesten USD 700 millionar i samla gjeld ved utgangen av 2007. Også andre store tilskotsytarar som Japan og Argentina var bokførde med stor gjeld til FN, til saman over USD 565 millionar.

8.5 Reformspørsmål

Arbeidet i komiteen i haust var prega av reformtrøyttleik og fokus på budsjettarbeidet. Ein vil unngå nye rundar med konfrontasjonar om administrativ reform. Medan EU og USA har ønskt å halde fram arbeidet med reformresolusjonane, har G77 vore skeptiske og heller gjort geografisk representasjon av utviklingsland i FN-sekretariatet til hovudsak. Japan på si side har vore tilbakehaldande i høve til ressursbruk og har difor gjort det endå vanskelegare å føre reformprosessen framover. I praksis har dette ført til ei utsetjing av den reelle handsaminga av fleire store reformspørsmål til den vidareførde sesjonen våren 2008. Ein fekk vedteke eit nytt internt rettsstellsystem for FN. Dette profesjonaliserer FN som arbeidsgjevar og er eit viktig framsteg ettersom FN no har over tretti tusen tilsette.

Reform av FNs innkjøpsordning

Det har vore ein sterk auke i FNs innkjøp dei siste åra, særleg knytt til FNs fredstryggjande operasjonar. Etter funn av korrupsjon og dårlege rutinar innanfor FNs innkjøpsavdeling (Procurement Division), har det vorte utarbeidd ein rapport frå Generalsekretæren som fokuserer på strengare internkontroll og optimering og styrking av FNs strategiske leiing innanfor innkjøpsordninga. Forhandlingane om reform av innkjøpsordninga har vore prega av sprik i medlemslanda si forståing av problemstillinga. Ei overarbeidd innkjøpsavdeling etterspurde i første rekkje ressursar for å kunne gjennomføre reformprosessen som dei står i startfasen av. Dette vart møtt med skepsis frå G77, som har oppfatta dette som ei omgåing av den reformpakken som Generalforsamlinga hadde etterspurd. Vidare skapte G77s snevre fokus på trongen for å auke talet på leverandørar frå utviklingsland innanfor FN-systemet mykje misnøye blant andre land som ikkje ser dette som ein del av reformprosessen. Dei meiner at innkjøpsordninga ikkje skal nyttast til "hjelpearbeid". Grunna på ei forståing av at det er ein reell trong for ressursar for å effektivisere innkjøpsordninga, gav ein i fjor innkjøpsavdelinga noko meir ressursar, men det er ei stor trong for å gå gjennom heile ordninga. Ei rekkje rapportar er venta våren 2008, og komiteen vil då halde fram handsaminga av dette viktige området.

8.6 Tilsyn og kontroll

Reform av FNs tilsyns- og kontrollstruktur er ein del av oppfølginga av høgnivåmøtet i 2005. På generalforsamlinga i fjor vart det teke sikte på ei brei evaluering av FNs eksisterande tilsyns- og kontrollsystem. Temaet er vanskeleg, med stor sprik i medlemslanda sine posisjonar, og då punktet vart lagt fram for komiteen svært seint i sesjonen, var det ikkje høve til å kunne handsame temaet i detaljar. Det vart vedteke å etablere ei ramme for den vidare prosessen. Grunna budsjetthandsaminga i haustsesjonen tek ein sikte på å handsame tilsyns- og kontrollproblematikken nærare i den vidareførde sesjonen våren 2008. Dette gjeld også oppdraget og rapportane til arbeidsgruppa (Procurement Task Force) som arbeider spesielt med det interne korrupsjonsaspektet i FNs handtering av kontraktar og innkjøp. Denne gruppa var først skipa for ein periode på eitt år, men vart forlengd under haustsesjonen.

Rapportane frå revisorrådet

Rapportane frå revisorrådet vart lagde fram og tilrådingane vedtekne i tråd med kommentarane frå den rådgjevande komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål.

Revisjonsstandardar

Arbeidet med å innføre internasjonale godtekne revisjonsstandardar (International Public Sector Accounting Standards-IPSAS) i FN-systemet held fram. Etter planen skal desse standardane vere i bruk av heile FN-systemet innan 2010.

8.7 Andre spørsmål

Oppussing av FN-sekretariatet

Det er vedteke å renovere den 55 år gamle FN-bygninga («Capital Master Plan»). Oppussinga vil starte i 2008, og eit nytt FN-bygg skal etter planen kunne takast i bruk i 2014. Prosjektet har eit eige budsjett på om lag USD 2 milliardar.

Modernisering av FNs IT-system

Arbeidet med å analysere kva krav FN skal stille til eit nytt «ERP»-system (Enterprise Resource Planning), som skal modernisere og integrere FNs it-prosessar med omsyn til rekruttering, innkjøp og budsjettadministrasjon, er i gang. Eit nytt omfattande it-system vil vere ei stor og dyr investering for FN, men er heilt naudsynt for å profesjonalisere FNs drift og gjennomføre internasjonale standardar for bokføring.

Til forsida