St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Allment

Forhandlingane om dei ulike spørsmåla i 6. komité har ikkje skilt seg vesentleg frå tidlegare år. God stemning prega forhandlingane, og alle resolusjonane vart som tidlegare vedtekne med konsensus. Frå eit norsk perspektiv synest sesjonen i haust framgangslaus. Alle underliggjande vanskelege spørsmål er unngådde og utsette til komande arbeidsgrupper. Det er også talande at komiteen ikkje kunne semjast om kva undertema neste års debatt om «rettsstatsprinsipp» skal fokusere på.

9.2 Terrorisme

Ein viktig del av FNs arbeid mot terrorisme skjer i regi av Tryggingsrådet og underkomitear, medrekna Counter-Terrorism Committee (CTC), som vart skipa i samsvar med resolusjon 1373 og vedteken like etter åtaket på World Trade Center i New York. Tryggingsrådet meiner at internasjonal terrorisme som eit trugsmål mot fred og tryggleik, og Rådet har på det grunnlaget eit hovudansvar for å fastsetje tiltak som varetek tryggleiken – særleg gjeld dette tiltak retta mot personar eller grupper som står bak eller støttar terrorhandlingar. CTC spelar ei praktisk viktig rolle i kampen mot terrorisme og har som føremål å styrkje overvakinga av utviklinga på området og å gje hjelp til medlemsland som enno ikkje har gjennomført res. 1373. Tryggingsrådet arbeider også gjennom 1267-komiteen (Taliban/Al Qaida), 1540-komiteen (ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen) og gjennom arbeidsgruppa for resolusjon 1566 (vurdering av nye tiltak for å styrkje FNs arbeid på dette området).

Arbeidet mot terrorisme har også ein viktig plass i Generalforsamlinga, som har som rolle å forhandle fram bindande regelverk i form av avtalar og tilrådingar i form av resolusjonar. Her deltek alle medlemslanda i FN i ein dialog om terrorisme og utviklar stegvis felles normer for dette arbeidet. Terrorisme må nedkjempast på brei front, og Generalforsamlinga arbeider med eit stort spekter av saksfelt som er viktige også i dette perspektivet, som kampen mot fattigdom, styrking av den internasjonale rettsordenen, fred og forsoning, dialog mellom religionar og samfunn, og arbeid mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Som ei oppfølging av FN-toppmøtet i 2005 lanserte Generalforsamlinga i 2006 ein strategi, vedteken med konsensus, for arbeidet mot terrorisme. Strategien representerer eit viktig framsteg og omhandlar tiltak for å ta tak i tilhøve som medverkar til terrorisme, førebyggje og nedkjempe terrorisme, styrkje medlemslanda sin kapasitet i dette arbeidet og sikre respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsipp som eit fundament i kampen mot terrorisme.

FNs 62. generalforsamling handsama oppfølginga av FNs antiterrorstrategi på eit heildagsmøte under leiing av presidenten, Srgjan Kerim. Møtet var organisert rundt dei fire søylene i strategien. Det var brei deltaking på møtet, og innlegga stadfesta skilnaden i grunnhaldningane mellom vestlege land og utviklingslanda. Alle støtta strategien, men hadde ulike prioriteringar. Utviklingslanda fokuserer særleg på fattigdom, undertrykking og diskriminering som årsaker til terrorisme. Noreg heldt innlegg under fleire av temaa og understreka mellom anna verdien av å ta tak i dei grunnleggjande årsakene til terrorisme og nemnde i den samanhengen eit norsk prosjekt for å styrkje høvet til å bryte ut av terroristane sine rekkjer ("Leaving terrorism behind").

Freistnader på å straumlineforme årets resolusjon førde ikkje fram, og ein rein oppdatert resolusjon av tidlegare versjonar vart til slutt vedteken. Generalforsamlinga held fast ved fordømminga av alle former for terrorisme og understrekar i vedtaket sitt mellom anna verdien av regionale organisasjonar og dei ulike FN-organa sitt arbeid i kampen mot terrorisme. Vidare vert både medlemsstatane og organisasjonane oppmoda til å gjennomføre FNs terrorismestrategi og å slutte seg til og gjennomføre FNs konvensjonar mot terrorisme.

Dersom det kunne oppnåast semje om ein heilskapleg FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme og avgrensinga av bruksområdet for denne, ville dette kunne medverke til å effektivisere det mellomstatlege samarbeidet om provinnhenting og utlevering, slik at dei som utfører terrorhandlingar, faktisk vert straffeforfølgde.

Det var inga rørsle på dette området under hovudsesjonen for den 62. generalforsamlinga. Drøftingane vert vidareførde i adhockomiteen som er skipa av Generalforsamlinga for å forhandle fram ein generell konvensjon mot terrorisme.

Noreg ønskjer å styrkje kampen mot terrorisme på alle plan og freista i forhandlingane å unngå løysingar som kunne medverke til å legitimere handlingar ut frå motivasjonsomsyn (til dømes kamp mot ulovleg okkupasjon). Ein er frå norsk side av den oppfatninga at handsaminga av statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten enn den internasjonale strafferetten.

9.3 Folkerettskommisjonen

Folkerettskommisjonens rapport frå 59. sesjon (2007)

Folkerettskommisjonen vart skipa i 1947 for å vareta Generalforsamlinga si plikt etter FN-pakta artikkel 13 til å sikre utvikling og kodifisering av folkeretten. Kommisjonen har utarbeidd utkast til traktatar på ei rekkje sentrale område og har i nært samspel med 6. komité spela ei lykelrolle i utviklinga av folkeretten. Kommisjonen legg kvart år fram ein rapport for Generalforsamlinga. Ingen tema på dagsordenen til kommisjonen vart sluttførde i 2007. Sentrale spørsmål i kommisjonens rapport frå den 59. sesjonen omhandla mellom anna internasjonale organisasjonar sitt ansvar, delte naturressursar, utvising av utlendingar, verknaden av væpna konfliktar på traktatar, plikta til å utlevere eller straffeforfølgje og reservasjonar til traktatar. Kommisjonen vedtok også å ta to nye tema til handsaming: vern av personar ved katastrofar og statlige representantars immunitet for framande statars straffejurisdiksjon.

Andre spørsmål

FN er ein stor organisasjon der tvistar med tilknyting til arbeidstilhøve naturleg nok ikkje er til å unngå. Det er semje om at det eksisterande systemet for å løyse slike tvistar er moge for oppdateringar. Frå norsk side har ein aktivt støtta skiping av eit effektivt system som nyt størst mogeleg grad av tillit, både blant dei tilsette og hjå FN som arbeidsgjevar. Eit nytt system skal etter tidlegare vedtak vere på plass innan utgangen av 2008. Dersom denne målsetjinga skal oppnåast, må gamle kjepphestar setjast på stallen, og det må utvisast monaleg fleksibilitet, til dømes når det gjeld budsjettspørsmål.

Etter avdekkinga av seksuelle overgrep utførde av FN-tilsette under tenestegjering i 2004 har FN arbeidd med spørsmålet om straffansvar for dei tilsette. Det er semje om at slike handlingar bør straffast. Men det har oppstått ei rekkje vanskelege spørsmål, mellom anna med omsyn til immuniteten til dei FN-tilsette, FNs kompetanse og medlemsstatane sin kompetanse i desse sakene, medrekna spørsmål om ekstraterritoriell jurisdiksjon for sendarstaten dersom ikkje vertsstaten er i stand til å straffeforfølgje eller vedkomande tenestemann har forlate territoriet. Det herskar framleis stor usemje om korleis FN best kan gå fram i denne saka. Somme statar, medrekna EU, ønskjer eit vedtak om at ein bør forhandle fram ein konvensjon som regulerer kven som skal straffeforfølgje og kva samarbeidsskyldnader som gjeld. Andre ser trong for ytterlegare kunnskap om problemet og er tvilande til om ein konvensjon er rette vegen å gå. Noreg slutta seg til EUs innlegg.

På FNs toppmøte i 2005 vart det vedteke å styrkje FNs innsats for rettsstatsprinsipp (rule of law). Under den 61. generalforsamlinga vart det semje om at temaet skal handsamast i 6. komité, og det vart førespegla at ein der skulle peike ut og diskutere ulike undertema. Det vart inga semje om kva undertema som skulle handsamast framover, og klassiske skiljeliner mellom nord og sør kom til syne, særleg når det gjeld spørsmålet om arbeidet skulle fokusere på nasjonale eller internasjonale tilhøve for å styrkje rettsstatsprinsippa.

Til forsida