Statsbudsjettet 2023

Eit ansvarleg samferdselsbudsjett som tek vare på det vi har

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi står i ein ekstraordinær situasjon no. Det er krig og energikrise i Europa, og prisane på det meste går opp. Det viktigaste for regjeringa i dette statsbudsjettet har vore å setje tryggleik og rettferdig fordeling først. Desse verdiane har òg vore styrande for samferdselsbudsjettet. Pengebruken må ta omsyn til tida vi står i. Vi har prioritert å byggje ferdig det vi har starta opp og å ta vare på den infrastrukturen vi allereie har, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår å løyve 82,8 milliardar kroner til samferdselsformål i 2023. Dette er ein auke frå budsjettet for 2022 på 1,7 milliardar kroner eller 2,1 prosent.

– Samferdselsbudsjettet er historisk høgt. Det er fordi vi er i full gang med å byggje ut i heile landet. Regjeringa prioriterer  å fullføre alle desse prosjekta. Det betyr at det ikkje er plass til så mange store, nye prosjekt neste år. Vi må ta ansvar ved å gjere dei krevjande vala og halde igjen på pengebruken, slik at renta ikkje aukar og folk misser jobbane sine, seier Nygård.

Prioriterer igangsette prosjekt og drift og vedlikehald av riksvegane

Regjeringa foreslår å løyve 39,5 milliardar kroner til vegformål. Av dette skal 18,5 milliardar kroner gå til investeringar på riksvegar.

– Desse midlane skal først og fremst gå til å byggje ferdig det vi har starta opp. Vi må vere varsame med å starte opp for mange prosjekt, med tanke på faren for at økonomien blir overoppheta. Eg har forståing for at mange kjem til å bli skuffa når det ikkje blir oppstart av prosjektet dei har venta på, seier samferdselsministeren.

9,4 milliardar kroner skal gå til drift og vedlikehald av riksvegar som Statens vegvesen har ansvar for. I tillegg kjem midlar til drift og vedlikehald til prosjekta til Nye Vegar, som vert dekkja innanfor løyvinga til selskapet, og til OPS-selskapa.

– I ei tid der vi må gjere vanskelege prioriteringar, er det viktig at vi tek vare på det vi allereie har. God drift og godt vedlikehald av vegane våre er avgjerande for både folk og næringsliv i kvardagen. Med vårt forslag til budsjett sørger vi for at vi kan fortsette med dette viktige arbeidet, seier Nygård.

Sjå eiga pressemelding om midlar til vegformål.

Ferjer: Innfrir Hurdalsplattforma

I framlegget til budsjett legg regjeringa opp til å innfri ferjelovnadane i Hurdalsplattforma: Halverte ferjetakstar og gratis ferje til øyar og samfunn utan veg til fastlandet. Takstane blir sette ned frå midten av august i 2023.

– Regjeringa vil redusere levekostnadene for vanlege folk, også på samferdselsfeltet. I ei tid der mykje blir dyrare, prioriterer vi å redusere utgiftene til ferjereisande i heile landet, seier samferdselsministeren.

Så eiga pressmelding om ferjer.

Framleis høgt aktivitetsnivå på jernbanen

Regjeringa foreslår å løyve 31,5 milliardar kroner til jernbaneformål. Av dette skal 17,5 milliardar kroner gå til investeringar.

– Det er fleire store jernbaneprosjekt som er under bygging, og vi held god framdrift på InterCity-prosjekta på Vestfoldbanen, Dovrebanen og Østfoldbanen. Hovudmålet er at fleire passasjerar og verksemder skal velje grøne togreiser, seier samferdselsministeren.

Med forslaget prioriterer regjeringa framleis utbygginga av det nye signal- og tryggingssystemet ERTMS. ERTMS skal gi færre signalfeil på sikt, slik at både dei reisande og godstransport får eit meir punktleg og påliteleg jernbanetilbod. Dei første strekningane med det nye signal- og tryggingssystemet skal etter planen bli sette i drift i løpet av 2023.

Regjeringa foreslår også 7,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald. Saman med andre vedlikehaldstiltak og velfungerande signalanlegg er fornying viktig for å halde person- og godstog i rute. Det er i Nasjonal transportplan 2022–2033 lagt opp til å auke fornyinga av jernbanen i åra framover, slik at det blir mogleg å redusere vedlikehaldsetterslepet etter kvart. 

Sjå eiga pressemelding om midlar til jernbaneformål.

Regjeringa styrker satsinga på byområda

Regjeringa foreslår å løyve 6 milliardar kroner til å følgje opp og vidareføre dei inngåtte byvekstavtalane i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og på Nord-Jæren. Det vil i hovudsak gå til å vidareføre tilskot til byområda, men gir og rom for å starte opp fleire nye kollektiv-, gange- og sykkeltiltak. I tillegg prioriterer regjeringa midlar til ein ny byvekstavtale i Tromsø, dersom dei pågåande forhandlingane fører fram.

For Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland og Nedre Glomma foreslår regjeringa 400 millionar kroner for å følgje opp belønningsavtalane.

Sjå eige pressemelding om byområda.

Midlar til vidareføring av lufthamner i Bodø og Mo i Rana

Regjeringa foreslår å løyve 1,7 milliardar kroner til det vidare arbeidet med lufthamnene i Bodø og Mo i Rana. 653 millionar kroner går til utbygginga av ny flyplass i Mo i Rana, og 1 007 millionar kroner går til flyttinga av Bodø lufthamn.

– Stortinget har vedteke kostnadsrammer for desse to lufthamnene. Ved Mo i Rana er førebuande arbeider no i gang. I Bodø er planlegginga komen langt. Avinor skal gjere endeleg utbyggingsvedtak. Flytting av Bodø lufthamn og ny lufthamn ved Mo i Rana vil medverke til både byutvikling og auka konkurransekraft for næringslivet, seier Nygård.

Regjeringa foreslår 942,1 millionar kroner til statleg kjøp av regionale flyruter (FOT-ruter).

Sjå eiga pressemelding om midlar til luftfartsformål.

Tiltak mot sosial dumping i transportsektoren

Regjeringa har prioritert  40 millionar kroner til oppfølging av tiltaka i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren, som skal leggjast fram hausten 2022.

Sjå eiga pressemelding om handlingsplanen.

I den første publiserte pressemeldingen var totaltallet for samferdselsbudsjettet feil. Dette ble rettet 7. oktober kl. 09:24.