Utanriksministeren deltek på Respons-konferansen i Bergen
Kalenderhending | Espen Barth Eide
Stad: Universitetsaulaen i Bergen
Konferansen er ein del av serien «Respons - utanrikspolitikk for ei ny tid». Gjennom konferanseserien, som blir arrangert saman med utvalde institusjonar over heile landet, ønskjer Utanriksdepartementet å skape eit forum for debatt og vidareutvikling av norsk utanrikspolitikk. Konferansen i Bergen er eit samarbeid med Universitetet i Bergen.