Regionalnytt 5 2014

Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikk

- Ny kompetansestrategi frå regjeringa
- I gong med spørsmåla om nytt regionalt folkevald nivå
- Faggruppe for enklare utmarksforvalting
- Kunnskapsbedrift med hjarte for kysten
- Kunnskap for utvikling
- Gründertelefonen ein suksess
- Jaktar på dei beste gründerkvinnene
- Nye rapportar
- Kva skjer?

  • Ny kompetansestrategi frå regjeringa
  • I gong med spørsmåla om nytt regionalt folkevald nivå 
  • Faggruppe for enklare utmarksforvalting
  • Kunnskapsbedrift med hjarte for kysten
  • Kunnskap for utvikling
  • Gründertelefonen ein suksess
  • Jaktar på dei beste gründerkvinnene
  • Nye rapportar
  • Kva skjer?
  •  

    Banner Regionalnytt

    Ny kompetansestrategi frå regjeringa


    For første gong går ei regjering saman med nærings- og arbeidsliv om ein samla strategi for å auke kompetansen til heile den norske befolkninga.

    Ein viktig ambisjon for regjeringa framover er å samle alle aktørar på tvers av sektorar og forvaltingsnivå til ein felles innsats for auka kompetanse. Utdanningssektoren, arbeidsmarknadspolitikken, regionalpolitikken samt innovasjons- og næringspolitikken skal ein sjå meir i samanheng.

    Ny OECD-rapport blei lansert i går

    OECD har sett nærmare på kompetanseutfordringane  Noreg har i arbeidslivet. Konklusjonen er at Noreg, trass gode føresetnader, ikkje greier å utnytte kompetansen i befolkninga godt nok:

    • 400 000 vaksne har svake grunnleggjandee ferdigheiter i lesing eller rekning.
    • Unge vaksne mellom 16-24 år gjer det svakare i Noreg enn i mange andre land.
    • Mange bedrifter klarer ikkje skaffe nok kompetent arbeidskraft.
    • Høgt fråfall i fagopplæringa gir til mangel på faglært arbeidskraft.
    • Alternativa til etter- og vidareutdanning er mangelfulle.

     

    Klikk på bildet for å sjå innlegga på pressekonferansen. Klikk på bildet for å se Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sitt innlegg

    ___________________________________________________________________________________________________________

    I gong med spørsmåla om nytt regionalt folkevald nivå


    Kommunal- og moderniseringsdepartementet førebur i haust eit faglig grunnlag for regionspørsmålet. Arbeidet med å vurdere modellar for eit regionalt folkevald nivå som skal erstatte fylkeskommunane, er dermed starta.

    Då kommunereforma blei behandla i Stortinget i juni, ba Stortinget regjeringa om å gå gjennom oppgavene til eit regionalt nivå. Bakgrunnen var eit forslag frå Venstre. Det blei då fatta eit einstemmig vedtak: ”Stortinget ber regjeringa gå gjennom oppgåvene til fylkeskommunane/eit regionalt nivå parallelt med arbeidet med å gi fleire oppgåver til kommunane. Dette kan gjerast med utgangspunkt i ei samanstilling frå tidlegare utgreiingar. Stortinget ser fram til ei melding til Stortinget om dette våren 2015”.

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet jobbar med den konkrete oppfølginga av dette vedtaket. Samanstilling av faglege vurderingar av ulike regionmodellar, ut frå tidlegare utgreiingar, skal vere ferdig 17. november i år. Utredninga blir utførd av Møreforsking under leiing av professor Jørgen Amdam.

    Departementet planlegg ein første omtale av regionspørsmålet i stortingsmeldinga om nye oppgaver til større kommunar som skal fremjast for Stortinget våren 2015. Det er ynskje om mest mogleg samkjøyring mellom arbeidet med kommunereforma og arbeidet med eit folkevald regionalt nivå.

    Det er ikkje realistisk å få ei endeleg vurdering av framtidig regioninndeling og oppgåver til eit nytt regionalt folkevald nivå i ”oppgåvemeldinga” våren 2015. Departementet vil kome tilbake til tidsplanen for arbeidet med å etablere eit nytt regionalt folkevald nivå til erstatning for fylkeskommunane.  Arbeidet blir komplekst, og det vil måtte gå i fleire fasar - slik også arbeidet med kommunereforma gjer.

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Faggruppe for enklare utmarksforvalting 


    Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil forenkle forvaltinga av utmarka

    Ei faggruppe skal identifisere utfordringar og foreslå konkrete tiltak med sikte på å forenkle utmarksforvaltninga. Gruppa skal i første omgong foreslå tiltak som ikkje krev endring av lover og forskrifter. I tillegg skal gruppa også vurdere behovet for å endre forvaltningspraksis, lover og forskrifter på lengre sikt. Mandat for faggruppa.

    Deltakarar i faggruppa er Eva Irene Falleth og Nikolaai Winge, frå Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet, og Jørgen Hoffmann frå Statskog SF

    Faggruppa har ein tidsfrist for arbeidet satt til 1. desember 2014.


    Utmark: I faggruppa er Nikolaai Winge og Eva Irene Falleth, frå Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet og Jørgen Hoffmann frå Statskog SF.  

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Kunnskapsbedrift med hjarte for kysten


    Høg kompetanse, lokal forankring og eit hjarte som bankar for havet og kysten. Det er basis for Svolvær-bedrifta SALT. Nå jaktar dei på internasjonale oppdrag.

    SALT omtalar seg som ei uavhengig kompetansebedrift med kunnskap om og for kysten. Hovudpilarane er rådgjeving, formidling av forsking og det å spreie entusiasme for kysten.


    Kompetansebedrift: SALT skal medverke til utvikling på kysten, der ressursane finst og verdiskapinga faktisk skjer, seier gründerane. (Konseptfoto: Espen Mortensen)

    FoU ei vekstnæring?

    Dei har landa i Svolvær med sine doktorgradar og ei kompromisslaus innstilling om at dei skal ha jobbar som matchar utdanninga. Kvinnene bak SALT – Kjersti Eline Tønnesen Busch og Kriss Rokkan Iversen – er kanskje kjerringar mot straumen i og med at dei etablerer seg på ein liten stad i utkanten. Eller kanskje er dei trendsetjarar og opptak til ei større bølgje. Indeks Nordland omtalar FoU som den store vekstnæringa i Lofoten.

    – Med moderne teknologi kan kunnskapsbedrifter etablerast kvar som helst. Likevel merkar vi at det sit langt inne for hovudstadsmiljøa å anerkjenne oss i distrikta, seier Busch.

    Mentor og FRAM

    SALT har hatt nytte av Innovasjon Noreg i fleire omgangar: bedriftsutviklingsstøtte, deltaking i FRAM-program og mentorordning.

    – Mentorordninga har vore særleg verdifull for oss. Mentor ga oss nokre verktøy, og hjelpte oss med å rydde opp i rollefordelinga i bedrifta. Det at nokon såg oss med nye auge, var stimulerande, seier Kjersti Eline Tønnesen Busch.

    Begge gründerane var nyleg med i FRAM-programmet.

    – Det er flott å treffe andre bedriftsleiarar og kunne snakke om dei tunge stundene. Det kan dreie seg om å arbeide mykje, leie tilsette og streve med likviditeten, seier ho.

    Tekst: Hanne Løkås Veigård/Videofabrikken


    - Som etablerarar må ein sørgje for å få halde på med det som hjartet bankar for, seier Kjersti Eline Tønnesen Busch, ein av gründarane bak Svolvær-bedrifta SALT. (Foto: Erik Veigård/Videofabrikken.)

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Kunnskap for utvikling


    På Jæren finn vi Nordens første bachelorutdanning i bygdeutvikling. – Målet er at faget og studentane skal endra Noreg, seier rektor Dag Jørund Lønning.

     - Bachelorstudiet i bygdeutvikling tar utgangspunkt i det skapande mennesket. Det bygdene treng, er skaparar, seier rektor Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.- Bachelorstudiet i bygdeutvikling tar utgangspunkt i det skapande mennesket. Det bygdene treng, er skaparar, seier rektor Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. (Foto:Erik Veigård/Videofabrikken)

    - Bachelorstudiet i bygdeutvikling tar utgangspunkt i det skapande mennesket. Det bygdene treng, er skaparar, seier rektor Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. (Erik Veigård/Videofabrikken)

    Sidan hausten 2010 har Høgskulen i landbruk og bygdeutvikling (HLB) tilbydd Nordens einaste bachelor i bygdeutvikling.

    - Studiet tar utgangspunkt i det skapande mennesket. Visjonen er "Kunnskap for utvikling". Skulen er bygd opp nedanfrå – nesten som eit samvirkelag, seier Lønning.

    Lei av lakmus
    - Det blir fort for mykje avstandsbetraktningar. Det bygdene treng, er skaparar. Enten at studentane våre sjølve skapar noko på staden der dei bur, eller at dei brukar utviklingskompetansen i til dømes hjelpeapparatet, seier han.

    Høgskulen lærer studentane å plukke etablerte "sanningar" frå kvarandre.  Lønning har til dømes sett seg lei på at alle idear skal "syretestas".

    - Systemet tek knekken på utruleg mange gode idéar. Det er "syretest ditt" og "syretest datt". To tilsynelatande like kommunar kan ha heilt ulik utvikling. I den eine kommunen går det så det kostar. Her sit det gjerne folk i hjelpeapparatet som evnar å sjå mennesket bak idéen; som ser etter utviklingskrafta. Det er den som tel, seier Lønning.

    Tekst: Hanne Løkås Veigård/Videofabrikken

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Gründertelefonen ein suksess


    Etter ei vellukka utviklingsperiode første halvår 2014, blir no Gründertelefonen til Innovasjon Noreg eit fast tilbod. Talet på telefoner til denne rådgjevingstenesta er tredobla sidan januar.

    Gründertelefonen er eit forenklingstiltak som skal hjelpe gründerar å utvike forretningsidèen sin, og til å finne raskare fram i virkemiddelapparatet. Gründertelefonen blir drifta av distriktskontoret til Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane.

    Frå januar til august er talet på telefonar per månad tredobla frå omlag 100 samtaler til 300 samtaler. Dette viser at det er behov for telefonen. Stadig fleire som har vore i kontakt med gründertelefonen, deltek òg på andre program og tenester i regi av Innovasjon Noreg.

    Tilbodet kjem i tillegg til Altinn sine tilbod, som hjelp gründerar med å starte opp bedrifta. Gründertelefonen hjelp gründeren eit steg vidare i utviklinga av forretningsidèen, og ikkje minst til å oppretthalde framdrifta i etableringa.

    Det viser seg òg at dei nye nettsidene i kombinasjon med telefonen, har vore til nytte for andre virkemiddelaktørar i deira arbeid. Innovasjon Noreg har fått tilbakemeldingar frå andre aktørar, som til dømes Connect Norge og den kommunale førstelinjetenesta, om at gründerar tek kontakt etter å ha brukt Gründertelefonen.

    Gründertelefonen er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet og er blitt ein viktig del av gründersatsinga i Innovasjon Noreg. 

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Jaktar på dei beste gründerkvinnene

    Innovasjon Noreg har starta jakta på årets gründerkvinne. Har du eit spennande vekstprosjekt på gong? Eller kjenner du ei gründerkvinne som bør melde seg på? Vinnaren får 500 000 kroner og ein profesjonell mentor. Frist er satt til 15. september.

     

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Nye rapportar

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Kva skjer?

    1) Erfaringskonferanse mellom fylkeskommunane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 8. - 9. september, Kirkenes.
    KMD arrangerer den årlege Erfaringskonferansen med fylkeskommunane 8.-9. september. I år skal deltakarane diskuterer korleis systema for rapportering av effektar kan bli betre.

    2) Den tredje nordiske ruralkonferansen, 8. - 10. september, Trondheim.
    Konferansen har velferd i dei nordiske distrikta og bygdesamfunna som tema. Kva slags sosiale og politiske utfordringar står dei rurale områda ovanfor? Bygdeforskning er arrangør.

    3) Vestlandsk Vidsyn, 17. – 18. september, Stavanger.
    Hovudtema for Vestlandsk Vidsyn samfunnsutvikling og verdiskaping og framtida med levande bygder og lokalsamfunn. Målgruppa er politikarar på kommune- og fylkesnivå, frivillige i bygde- og grendelag, lag og organisasjonar, samfunnsplanleggjarar, næringsutviklarar, prosjektleiarar, bedriftsleiarar og forskarar.

    4) Norsjøprogrammets seminar, 17.-18. september, Gent.
    Det er nå opna for påmelding til Nordsjøprogrammets seminar. Seminaret er for potensielle prosjektutviklarar som ein førebuing til den nye programperioden.

    5) Interreg V 2014-2020 – Avspark! 22. - 23. september, Oslo. 
    Kommunal- og moderniseringsdepartementet arrangerer ein oppstartskonferanse for den nye Interregperioden. Målet med konferansen er å spreie kunnskap om dei nye programma, utveksle erfaringar og presentere resultat frå inneværande periode.

    6) Dyrøseminaret, 23. - 24. september, Dyrøy.
    Tema i år er STRUKTUR - kommune, utdanning og samferdsle. Seminaret blir arrangert av Dyrøyseminaret, eit kommunalt føretak i Dyrøy kommune.

    7) Den bioøkonomiske våren er her, 24. september, Oslo.
    Pengar veks på trær, Eit hav av moglegheiter. Konferansen markerar starten på ei brei satsing på bioøkonomi. Innovasjon Noreg og Forskingsrådet er arrangørar. Konferansen er for næringsliv, kunnskapsmiljø, investorar og forvaltning.

    8) Cool North - programkonferanse Nordlig Periferi (NPP), 30. september - 1. oktober, Scotland.
    Konferansen tek mål av seg å oppsummere det programmet Nordlig Periferi har oppnådd i perioden 2007-2013. Konferansen vil óg presentere det nye programmet Nordlig Periferi og Arktis 2014-2020.

     ___________________________________________________________________________________________________________

    Lenker til andre nyheitsbrev og nettsider

    ___________________________________________________________________________________________________________

     

    Om Regionalnytt

    Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.
    Ansvarlig redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu
    Redaktør: Seniorrådgiver Linda Sjåstad Andreassen
    Redaksjonsmedarbeider: Beate Solem 

    E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet
    Postboks 8112 Dep, 0032 Oslo

    Av- og påmelding