Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 17 (1996-97)

Om lov om endringar i lov av 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift

Til innholdsfortegnelse

7 Finansdepartementet sine vurderingar og framlegg

7.1 Kvifor innføre særordning for brukte varer mv - val av særordning

Det er eit sentralt krav til eit moderne meirverdiavgiftssystem at det skal virke mest mogleg nøytralt i forhold til dei ulike aktørane i marknaden. Avgifta bør såleis ikkje føre til anna tilpassing enn den som hadde funne stad utan avgift. Det kan synest som om gjeldande regelverk gir visse incentiv til at det blir etablert ein kunstig stor del av ikkje-avgiftspliktige private marknader eller ikkje-avgiftspliktig formidlingsverksemd når det gjeld brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Vidare er det sannsynleg at meirverdiavgifta på dette området kan vere blant grunnane til at enkelte næringsdrivande driv med svart omsetning. Finansdepartementet meiner på denne bakgrunn at problemet med dobbel avgiftsbelastning ved omsetning av brukte varer mv i dag er av ein slik art at det bør innførast særlege reglar på området.

Departementet har vurdert fleire alternativ til særordning for brukte varer mv. I høyringsnotatet blei det vist til at dei to beste alternativa etter departementet si oppfatning synest å vere anten ei ordning der avgiftspliktig vidareforhandlar reknar meirverdiavgifta av avansen, i motsetning til det fulle salsvederlaget som i dag, eller ei ordning der avgiftspliktig vidareforhandlar blir gitt frådragsrett for ei fiktiv inngåande meirverdiavgift på sine kjøp. Ei ordning med frådragsrett for fiktiv avgift inneber at det ved kjøp frå ikkje-avgiftspliktige likevel blir estimert, og ført til frådrag, ei fiktiv inngåande avgift av kjøparen. Som nemnt i kap 3.1.5 gjeld ei slik ordning ved samvirkeforetak sine kjøp frå ikkje-avgiftspliktige seljarar. Ei ordning med frådragsrett for fiktiv avgift har tidlegare vore nytta i Sverige for å løyse problemet med dobbel avgiftsbelastning på brukte varer mv. Ordninga blei oppheva som følgje av innføringa av eit obligatorisk avansesystem for brukte varer mv i EU.

Finansdepartementet fann i høyringsnotatet at ei ordning der avgiftspliktige vidareforhandlarar reknar meirverdiavgifta av avansen, er det beste alternativet for ei særordning.

Høyringsinstansane er einige med departementet i at det bør innførast særlege reglar på dette området. Høyringsinstansane meiner i hovudsak og at avansesystemet er å føretrekkje framfor ei ordning med frådragsrett for ei fiktiv avgift. Høyringsinstansane viser likevel til at ordninga er komplisert og derfor kan bli vanskeleg å praktisere. Dette gjeld særleg punktet om samla terminvis utrekningsgrunnlag.

Norsk Frimerkehandlerforening og Norges Mynthandler Forening gir i si høyringsfråsegn uttrykk for at ei ordning der meirverdiavgifta blir rekna ut på grunnlag av avgiftspliktige vidareforhandlarar sin avanse kan vere ei god løysing for dei andre områda som etter framlegget blir omfatta av ordninga, men at den beste løysinga for frimerke- og myntbransjen vil vere at gjeldande avgiftsunntak blir opprettheldt.

Departementet legg vekt på at avansesystemet synest å innebere mindre risiko for at avgift ikkje blir innbetalt, og synest også kontrollmessig lettare å handtere enn ei ordning med frådragsrett for ei fiktiv avgift. Departementet legg vidare vekt på at medlemslanda i EU etter lang tids vurdering og drøfting har valt eit avansesystem som felles løysing på bruktomsetningsproblema og at dette systemet no er etablert i medlemslanda.

Departementet finn på denne bakgrunn å ville gjere framlegg om at avgiftspliktige vidareforhandlarar kan nytte avansen som grunnlag for utrekninga av avgifta ved omsetning av brukte varer mv.

Sjølv om det etter departementet si oppfatning er gode grunnar for å innføre ei særordning for brukte varer mv, ser departementet at dette vil kunne komplisere avgiftsoppgjeret for forhandlarane. Avansesystemet er avgiftsteknisk komplisert og set store krav til registrering og rekneskapsføring. Særleg gjeld dette for dei verksemdene som nyttar samla terminvis utrekningsgrunnlag.

Departementet finn likevel ikkje at reglane etter framlegget er så kompliserte at dei av denne grunn ikkje bør innførast. Departementet viser og til at ordninga etter framlegget er frivillig. Vidareforhandlaren kan i kvart enkelt tilfelle velje å nytte dei ordinære reglane for utrekning av avgifta.

7.2 Lovteknisk plassering

I høyringsnotatet blei det vist til at særlege reglar for brukte varer mv, i prinsippet kan bli teke inn i meirverdiavgiftslova på to ulike måtar. Dei nye reglane kan bli teke inn i lova i tilknyting til dei ulike gjeldande reglar dei sakleg sett har samanheng med, eller dei kan samlast i eit eige kapittel i lova. Ulempa med den første metoden er at reglane vil finnast på fleire stader i lova, og såleis gjere det vanskeleg for brukaren å få oversikt over dei særlege reglane for brukte varer mv. Dette vil ikkje vere noko problem dersom reglane blir samla i eit eige kapittel, men ein slik metode vil i ei viss utstrekning bryte med den alminnelege oppbyggjinga av lova.

Departementet finn at fordelane med å føre saman dei særlege reglane for brukte varer mv, er større enn ulempene, og gjer framlegg om at dei særlege reglane for brukte varer mv blir ført saman i eit nytt kapittel; XVIa om brukte varer mv.

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet er einige i at dei særlege reglane blir tekne inn i meirverdiavgiftslova i eit eige kapittel.

Ernst & Young og Skattebetalerforeningen har i sine høyringsfråsegner gitt utrykk for at dei ikkje er einige med departementet når det gjeld spørsmålet om kvar i lova det nye kapittelet om brukte varer mv skal plasserast. Det er vist til at reglane om brukte varer ikkje har noko tilknyting til kap XVI som inneheld reglar om vareimport. Etter desse høyringsinstansane si meining burde det nye kapittelet vore teke inn i meirverdiavgiftslova som nytt kapittel IVa eller nytt kapittel Va.

Departementet viser til at dei særlege reglane for brukte varer mv etter framlegget skal plasserast i eit nytt kapittel, og ikkje inngå som ein del av eksisterande kapittel XVI.

7.3 Nærmare om avansesystemet

7.3.1 Avansesystemet - særskild utrekningsgrunnlag

Avansesystemet inneber at avgiftspliktige vidareforhandlarar reknar meirverdiavgifta av avansen i staden for det fulle salsvederlaget. Avansen kjem ein fram til ved å trekkje kjøpspris frå salspris. Sjølve avgifta skal ikkje reknast med i grunnlaget.

Eksempel på avgiftsutrekning etter avansesystemet:

Ein privatperson kjøper ein ny båt for kr 50 000 inklusiv meirverdiavgift. Meirverdiavgifta utgjer (50 000 x 23 : 123) kr 9 350, som seljaren innbetaler til staten. Privatpersonen sel deretter båten til ein forhandlar for kr 20 000. Forhandlaren sel båten vidare for kr 30 000. Avgifta som skal betalast inn til staten ved dette siste salet blir ((30 000 - 20 000) x 23 : 123) kr 1 870.

Avgifta skal som hovudregel reknast ut for kvar enkelt vare og bli teke med på omsetningsoppgåva som utgåande avgift kvar termin. Dersom innkjøpsprisen overstig salsprisen for same vare, skal differansen mellom innkjøpsprisen og salsprisen ikkje kunne avreknast mot avanse som kjem fram ved sal av andre varer. Ei slik avrekning ville stride mot prinsippet om at det skal reknast avgift av kvar enkelt vare.

7.3.2 Fastsetjing av utrekningsgrunnlaget på bakgrunn av samla kjøp og sal i den enkelte termin (terminvis avanse)

Det vil ikkje alltid vere mogleg å rekne ut meirverdiavgifta på grunnlag av kjøps- og salsprisen til den enkelte vara. Dette gjeld i tilfelle der vidareforhandlaren gjer eit samla innkjøp, til eksempel av eit dødsbu, der prisen på den enkelte vare ikkje blir ført opp i salsdokumentet. Same forhold vil kunne gjere seg gjeldande der ei enkelt vare inngår i eit vidaresal av fleire varer som blir selte under eitt, til eksempel sal av ei samling frimerke. Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om at utrekningsgrunnlaget, altså avansen, i desse tilfella kunne fastsetjast på grunnlag av samla kjøp og sal i den enkelte termin, der kjøps- og/eller salsprisen for den enkelte vare ikkje er kjent. Dette inneber at tap på enkelte transaksjonar i slike tilfelle vil kunne bli avrekna mot gevinstar på andre når utrekningsgrunnlaget for meirverdiavgifta skal fastsetjast.

I høyringsnotatet blei det vidare gjort framlegg om at ein avgiftspliktig vidareforhandlar som kan nytte samla terminvis utrekningsgrunnlag for sitt avgiftsoppgjer, i ei viss utstrekning og skal kunne nytte dette for andre brukte varer mv der kjøps- og salsprisen let seg fastsetje. Dette skal etter framlegget berre gjelde når dei samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av omsetninga. Dersom samla kjøp eller sal utgjer 80 pst eller meir av omsetninga i terminen, kan reglane om samla terminvis avanse etter framlegget nyttast og for andre brukte varer mv, der kjøps- og salsprisen let seg fastsetje.

Det er berre varer der avgifta blir rekna ut etter avansesystemet ein skal ta omsyn til ved vurderinga av om samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av omsetninga. Vidare er det (den positive) avansenfor enkeltgjenstandar som skal reknast med i det samla terminvise utrekningsgrunnlaget. Dette inneber at både kjøp og sal av enkeltgjenstandane må vere gjennomførte og at salsprisen for kvar enkelt av enkeltvarene overstig kjøpsprisen. Avansen for enkeltsal vil i desse tilfella kunne avreknast mot ein eventuell negativ avanse for samla kjøp og sal.

Dersom samla innkjøpsprisar overstig samla salsprisar for terminen, vil ein ikkje kunne få utbetalt meirverdiavgifta av differansen. Ei anna løysing ville kunne føre til risiko for feil prising med tanke på å få beløp refundert frå staten. Blant anna av omsyn til verksemder som har sesongprega omsetning, finn departementet det rimeleg at ein eventuell «negativ avanse» kan overførast til neste termin og reknast inn i innkjøpsprisen for samla kjøp denne terminen. Dersom og denne terminen gir ein «negativ avanse», kan denne igjen overførast til neste termin.

Enkelte høyringsinstansar har peika på at reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag er kompliserte og kan bli vanskelege å praktisere. Andre meiner at desse reglane i seg sjølv ikkje er så kompliserte, men at reglane vil utgjere ein kompliserande faktor ved bruktomsetningsordninga.

Departementet er einig i at reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag vil vere ein kompliserande faktor ved avansesystemet. Dette gjeld særleg reglane om at dersom samla kjøp eller sal utgjer den hovudsaklege del av omsetninga i terminen, kan reglane om samla terminvis avanse og nyttast for varer der kjøps- og salsprisen let seg fastsetje. Det er og grunn til å tru at desse reglane vil kunne skape vanskar når det gjeld den praktiske rekneskapsføringa.

Departementet finn likevel at avansesystemet bør innehalde reglar om samla terminvis utrekningsgrunnlag. Mange vidareforhandlarar ville i liten grad kunne nytte avansesystemet utan slike reglar. Dette gjeld forhandlarar som for ein stor del gjer samla kjøp og sal. For at desse vidareforhandlarane skal kunne halde seg til berre ei særordning for utrekning av meirverdiavgift ved omsetning av brukte varer mv, er det etter framlegget i ei viss utstrekning mogleg å nytte reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag for andre brukte varer mv der kjøps- og salspris er kjent.

7.3.3 Kven kan nytte avansesystemet

Det er berre avgiftspliktige vidareforhandlararsom etter framlegget kan nytte avansesystemet. «Avgiftspliktig vidareforhandlar» er etter lovframlegget definert som verksemd som med tanke på vidaresal innkjøper mv brukte varer, kunstverk, samleobjekt eller antikvitetar. Det er ikkje noko krav om at sal av brukte varer mv er hovudverksemda til vidareforhandlaren. Mange vidareforhandlarar vil i tillegg drive anna verksemd, til eksempel sal av nye varer. «Vidaresal» omfattar og avgiftspliktig omsetning ved kommisjon, herunder auksjon, jf meirverdiavgiftslova § 10 første ledd.

Uttrykket «innkjøper mv»er frå departementet si side meint å inkludere også det forhold at vidareforhandlaren kan nytte avansesystemet når den avgiftspliktige omsetninga skjer ved kommisjon, herunder auksjon. Det vil i desse tilfella ikkje vere riktig å hevde at kommisjonær/auksjonarius kjøper varene. Vidare er uttrykket meint å omfatte det forhold at vidareforhandlaren kan nytte avansesystemet der vederlaget for varene er noko anna enn vanlege betalingsmiddel (bytehandel).

Avansesystemet kan etter definisjonen ovanfor ikkje nyttast av «ordinære» avgiftspliktige verksemder som til eksempel sel driftsmidla sine, jf uttrykket «verksemder som med tanke på vidaresal...». Dersom registrerte næringsdrivande sel driftsmiddel der frådragsrett for inngåande meirverdiavgift har vore avskoren då dei skaffa driftsmiddelet, skal den næringsdrivande ikkje svare utgåande meirverdiavgift, jf meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4 og kap 3.1.4. Det vil derfor i desse tilfella ikkje vere behov for å nytte avansesystemet.

Ved sal av brukte varer mv frå «ordinære» avgiftspliktige verksemder (ikkje vidareforhandlarar) kan det likevel i enkelte tilfelle oppstå kumulative effektar. Dette vil kunne vere tilfellet når ordinære næringsdrivande skaffar seg brukte varer mv frå subjekt som ikkje driv avgiftspliktig omsetning. Her vil det liggje skjult avgift frå førre omsetningsledd, og den næringsdrivande skal på ny svare avgift av det fulle salsvederlaget ved vidaresalet av vara. Dersom den næringsdrivande sel vara til ein privatperson eller andre utan frådragsrett vil det oppstå ein kumulativ effekt.

Ein slik kumulativ effekt kan og oppstå når ein næringsdrivande som driv verksemd delvis innanfor og delvis utanfor det avgiftspliktige området, kjøper driftsmiddel som er til bruk både innanfor og utanfor avgiftsområdet. Den næringsdrivande vil då ha forholdsmessig frådragsrett for meirverdiavgift ved kjøpet, i den utstrekning vara blir nytta i avgiftspliktig verksemd. Dersom vara blir selt vidare skal det reknast full utgåande meirverdiavgift. Dersom kjøparen ikkje har frådragsrett vil det oppstå ein kumulativ effekt.

Omsetningsstrukturen i dei to tilfella ovanfor er truleg lite utbreidd. Det synest heller ikkje som om det blir skapt private marknader og konkurransevriding av noko omfang som følgje av meirverdiavgifta på dette området. Departementet meiner på denne bakgrunn at det er mest tenleg at persongruppa som kan nytte dei særlege reglane om avanse som utrekningsgrunnlag berre er avgiftspliktige vidareforhandlarar (næringsdrivande som kjøper varer med tanke på vidaresal). Omsetninga frå denne gruppa vil i stor grad vere «sisteleddsomsetning»; altså til kjøparar utan frådragsrett, og det er i desse tilfella det oppstår ein kumulativ effekt som reglane etter framlegget tek sikte på å hindre.

7.3.4 Vilkår for å kunne nytte avansesystemet

For at ein vidareforhandlar skal kunne nytte avansesystemet er det eit vilkår at vara er kjøpt frå ein seljar som ikkje skal krevje opp meirverdiavgift ved salet av dei brukte varene mv til vidareforhandlaren (pkt 1, 2 og 4 nedanfor) eller som ikkje skal føre meirverdiavgiftsbeløp på salsdokumentet (pkt 3 nedanfor). Det er og eit vilkår at seljaren ikkje har hatt rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift då han skaffa varene. Vidareforhandlarar vil dermed ha rett til å nytte avansesystemet ved kjøp av brukte varer mv frå følgjande subjekt:

  1. 1.

    Privatpersonar

  2. 2.

    Ikkje-avgiftspliktige næringsdrivande eller offentlege institusjonar

  3. 3.

    Andre avgiftspliktige vidareforhandlarar

  4. 4.

    Avgiftspliktige næringsdrivande med avskoren frådragsrett (meirverdiavgiftslova § 14 og § 22)

7.3.5 Avgifta skal ikkje førast i fakturaen - ordninga med avansen som utrekningsgrunnlag er frivillig

Når avgifta blir rekna ut etter avansesystemet, skal avgifta etter framlegget ikkje førast på fakturaen. Dette for å hindre at slik meirverdiavgift skal kunne trekkjast frå i neste ledd dersom kjøparen er ein registrert næringsdrivande. Vidareforhandlarar kan derfor alltid velje å rekne ut avgifta etter dei alminnelege reglane, der heile vederlaget er utrekningsgrunnlag. Dette vil forhandlaren truleg gjere dersom det er ein registrert avgiftspliktig som er kjøpar. Kjøparen har i desse tilfella frådragsrett for inngåande meirverdiavgift og får løfta av meirverdiavgifta på vanleg måte.

Framlegget om at avgifta ikkje skal førast på fakturaen må blant anna sjåast på bakgrunn av framlegget nemnt ovanfor i kap 7.3.4 om vilkår for å kunne nytte avansesystemet. Det er som nemnt ein føresetnad for å nytte avansesystemet at avgiftsbeløp ikkje skal førast på fakturaen ved sal til vidareforhandlaren. Det følgjer av meirverdiavgiftslova § 44 at den som ikkje er registrert hos avgiftsmyndigheitene ikkje skal føre avgift på salsdokument. Det følgjer vidare av § 44 at ved omsetning mellom registrerte næringsdrivande skal avgiftsbeløpet førast på salsdokumentet. Kravet om at avgift ikkje skal førast på fakturaen vil derfor ha sjølvstendig meining når registrert vidareforhandlar sel til ein annan vidareforhandlar.

Departementet viser og til at i tilfelle der reglane om samla terminvis utrekningsgrunnlag blir nytta, vil det ikkje vere mogleg å rekne ut, og føre opp meirverdiavgifta i salsdokumentet. Sidan det heller ikkje er noko behov for dette ved sal til ikkje-registrerte, synest det mest tenleg å ha same reglar om innhald av salsdokument når reglane om samla terminvis utrekning av meirverdiavgifta blir nytta, og når reglane om utrekning av meirverdiavgifta for kvart enkelt kjøp og sal blir nytta.

Norges Skatterevisorers Landsforening (NSL) gjer i si høyringsfråsegn framlegg om at ein bør vurdere ikkje å gi vidareforhandlarane valfridom når det gjeld kva for grunnlag som skal nyttast for utrekning av meirverdiavgifta, frå kunde til kunde. NSL meiner at har vidareforhandlaren først valt å nytte avansesystemet, må han nytte dette overfor alle sine kundar. Dette fordi det vil vere storleiken på avansen som avgjer kva som i kvart enkelte tilfelle vil vere mest lønsamt for kjøparen. Den næringsdrivande vil derfor måtte bringe på det reine kva avansen er for å kunne ta stilling til om han vil at avgifta skal reknast ut etter dei ordinære reglane eller avansesystemet. NSL meiner dette vil kunne bli ein uhaldbar situasjon for dei handlande.

Etter departementet si vurdering er det ikkje ønskjeleg å nekte vidareforhandlarar valfridom når det gjeld kva for grunnlag som skal nyttast ved utrekninga av avgifta i det enkelte tilfellet. Framlegget om valfridom vil leggje forholda betre til rette for å hindre dobbel avgiftsbelastning og kumulativ avgiftseffekt.

7.3.6 Kva for varer er omfatta av avansesystemet

Etter framlegget er det berre ved omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar at vidareforhandlarar har rett til å nytte avansesystemet.

Når ein skal definere omgrepet «brukte varer» i denne samanheng bør ein ikkje leggje avgjerande vekt på om vara er brukt eller ikkje.

Eksempel:

Ein privatperson kjøper eit par nye skøyter i ein sportsforretning og betaler meirverdiavgift av salsvederlaget. Skøytene blir aldri brukt eller pakka ut av eska, men blir tatt i innbytte av ein sportsforretning når privatpersonen seinare kjøper nye slalåmski. Sportsforhandlaren sel deretter skøytene.

Det er den kumulative avgiftseffekten som oppstår ved vidareforhandlarane sine sal av brukte varer mv, innkjøpt frå privatpersonar og andre utan frådragsrett, reglane etter framlegget tek sikte på å hindre. Det er då god grunn til å la vidareforhandlaren rekne avgifta av avansen i eksempelet ovanfor, sjølv om det vil vere galt å hevde at skøytene er brukt.

Den nærmare definisjonen av brukte varer vil etter framlegget bli teke inn i forskrift.

Det er her verd å merke seg definisjonen av brukte varer i regelverket som gjeld innan EU. Med brukte varer forstår ein etter dette regelverket lausøyregjenstandar som kan brukast om igjen som dei er eller etter reparasjon.

Ei brukt vare er såleis ikkje ei vare der ein kjøper inn enkeltdelane og set dei saman til ei ny vare. Omgrepet «brukte varer» omfattar heller ikkje edelmetall eller edelsteinar etter regelverket som gjeld innan EU. Dette må blant anna sjåast på bakgrunn av at det ligg føre eit framlegg til særreglar for omsetning av gull. Er gjenstanden gjort om til smykke, myntar og liknande kan den likevel vere omfatta anten av ein av dei særskilde definisjonane av kunstgjenstandar, samleobjekt og antikvitetar nedanfor, eller av omgrepet brukte varer, etter regelverket som gjeld innan EU.

Departementet ser ikkje noko særskild behov for å halde edelmetall eller edelsteinar utanfor avansesystemet, og vil såleis ikkje gjere framlegg om at det blir sett som vilkår at desse er gjort om til smykke, myntar og liknande for at avansen skal kunne nyttast som utrekningsgrunnlag. Dersom dette likevel skulle føre til problem av noko slag, vil spørsmålet bli vurdert på nytt.

Finansdepartementet fatta 1. august 1983 vedtak om særskild utrekningsgrunnlag for såkalla leigeforedling av edelmetall. Bakgrunnen for dette var eit tilfelle der det blei innlevert edelmetall frå ein privatperson til eit raffineri, som smelta om edelmetallet før det blei levert tilbake til privatpersonen. Under denne prosessen var det i prinsippet umogleg for kunden å få sitt eige innleverte edelmetall tilbake. Foredlinga kunne derfor ikkje sjåast som ein avgiftspliktig teneste, men som levering av vare.

Finansdepartementet fatta vedtak om at det ved leigeforedling av edelmetall berre skulle reknast meirverdiavgift av vederlaget for arbeidet inklusive forteneste og eventuelt legeringsmetall.

Det synest ikkje å vere behov for å oppretthalde denne særskilde ordninga, sidan avansesystemet vil kunne føre til tilsvarande resultat.

Den harmoniserte tolltariff har presise definisjonar av omgrepa «kunstverk, samleobjekt og antikvitetar». Den nærmare avgrensinga av kva for kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som gir rett til å nytte avansesystemet bør derfor byggje på tolltariffen, og bli teke inn i forskrift. Både kunstverk, samleobjekt og antikvitetar vil ofte falle inn under definisjonen av brukte varer, men treng ikkje alltid gjere det. Presiseringa av at denne typen varer og skal vere omfatta av ordninga kan derfor vere viktig i enkelte samanhengar. Det kan eksempelvis nemnast at sal eller innførsel av kunstverk frå opphavsmannen ikkje dreier seg om ei brukt vare. Vidareforhandlarar som sel slike kunstverk skal, som det framgår nedanfor i kap 7.6.3, likevel ha rett til å nytte avansesystemet. Det same kan vere tilfelle med samleobjekt, til eksempel myntar eller frimerke.

Departementet vil i samband med det ovanfor nemnte forskriftsarbeidet leggje vekt på dei val andre land har gjort på dette området. Departementet går ut frå at eventuelle materielle endringar i forhold til gjeldande rett vil vere marginale.

Definisjonen av kunstverk bør etter departementet si meining vere den same anten det gjeld kunstverk etter § 5 første ledd nr 1 bokstav a, ny § 66a, jf ny § 66c, § 62 nytt andre ledd og § 63 andre ledd jf nytt tredje ledd.

7.4 Handel med andre land

I høyringsnotatet blei det ikkje gjort framlegg om endringar i gjeldande regelverk om innførsel og utførsel av brukte varer mv.

7.4.1 Innførsel

7.4.1.1 Departementet sitt framlegg i høyringsnotatet - høyringsfråsegnene

Etter framlegget i høyringsnotatet ville dei alminnelege reglane om utrekning av avgift på grunnlag av tollverdien av vara gjelde ved innførsel av brukte varer mv. For privatpersonar og verksemder utan frådragsrett vil innførselsmeirverdiavgifta bli ei endeleg avgiftsbelastning. Vidareforhandlarar og ordinære næringsdrivande som importerer brukte varer mv til bruk i verksemda, kan trekkje frå innførselsmeirverdiavgifta og skal dermed svare utgåande meirverdiavgift av det fulle salsvederlaget ved det etterfølgjande salet. Frådragsretten gjer at det i innførselstilfella ikkje vil oppstå nokon kumulativ effekt.

Fleire høyringsinstansar har gått imot departementet sitt framlegg på dette punktet. Det blir vist til at mange vidareforhandlarar har ein liten del av innkjøpa frå privatpersonar og ein stor del import og kjøp frå andre forhandlarar. Avansesystemet vil dermed i liten grad kunne nyttast av desse forhandlarane slik regelverket var lagt fram i høyringsnotatet.

Norges Kunst- og Antikvitetshandlers forening, Norges Mynthandler Forening og Norsk Frimerkehandlerforening meiner at framlegget om at det skal betalast full avgift ved innførsel, vil medføre store kontrollproblem for avgiftsmyndigheitene og mykje ulovleg import. Det blir og vist til at regelverket som gjeld innan EU, inneheld visse særreglar for import av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar frå tredjeland. Det blir peika på at manglande oppfølgjing av dette i Noreg, vil kunne innebere eit brot på EØS-avtalen.

7.4.1.2 Regelverket innan EU

Utgangspunktet i norsk regelverk og i regelverket som gjeld innan EU, er at det skal betalast full innførselsmeirverdiavgift på grunnlag av tollverdien av vara ved innførsel av brukte varer mv frå tredjeland. EU-landa har likevel funne det nødvendig å innføre visse særreglar for innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar frå tredjeland.

For det første skal vidareforhandlarar kunne velje å nytte avansesystemet og ved vidaresal av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar dei sjølv har importert. Det er ein føresetnad at vidareforhandlarane i desse tilfella ikkje skal kunne trekkje frå innførselsmeirverdiavgifta som inngåande avgift.

Vidare kan medlemslanda velje å nytte ein lågare sats eller eit lågare grunnlag for utrekning av innførselsmeirverdiavgifta ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Sverige nyttar ein lågare sats på 12 pst, medan Danmark nyttar eit lågare grunnlag for utrekning av avgifta; 20 pst av ordinært grunnlag.

Særreglane er meint å skulle gi lik avgiftsbelastning på importerte kunstverk mv og kunstverk mv omsett innanlands etter avansesystemet. Utan slike særreglar var ein redd for at mykje av omsetninga av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar ville bli flytta ut av EU. Særreglane omfattar ikkje andre brukte varer. Ved innførsel av andre brukte varer gjeld hovudregelen om full innførselsmeirverdiavgift på grunnlag av tollverdien av vara.

7.4.1.3 Departementet si vurdering og framlegg

Finansdepartementet ser at framlegget i høyringsnotatet på dette punktet kan verke uheldig ved at importerte varer vil kunne bli dyrare enn varer omsett innanlands etter avansesystemet. Departementet har etter ei fornya vurdering komme til at framlegget i høyringsnotatet bør endrast på dette punktet. Sjølv om det vil innebere ei ytterlegare forvansking av avansesystemet, finn departementet at det i Noreg bør innførast tilsvarande særreglar som gjeld innan EU ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar frå tredjeland. Særreglane bør avgrensast på same måten som i regelverket som gjeld innan EU.

Departementet gjer såleis framlegg om at vidareforhandlarar skal kunne nytte avansesystemet ved vidare sal av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar som dei sjølv har importert. Det er i desse tilfella ein føresetnad at det ikkje blir gjort frådrag for innførselsmeirverdiavgifta. Departementet gjer vidare framlegg om at det blir innført reglar om lågare grunnlag for utrekning av innførselsmeirverdiavgifta for kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Nærmare reglar om avgiftsutrekninga ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar vil bli fastsett i forskrift. Reglane vil og gjelde for privatpersonar sin innførsel av kunstverk mv. Ved innførsel av andre brukte varer, vil dei ordinære reglane om full innførselsmeirverdiavgift på grunnlag av tollverdien av vara gjelde.

Avansen ved vidareforhandlaren sitt sal av kunstverk mv som ho/han sjølv har importert, blir forskjellen mellom vara sin innkjøpspris ved innførselen og salsprisen. Innkjøpsprisen i innførselstilfella vil vere grunnlaget for utrekninga av innførselsmeirverdiavgifta etter dei ordinære reglane basert på tollverdi, med tillegg av meirverdiavgifta betalt ved innførselen, utrekna etter eit lågare grunnlag.

7.4.2 Utførsel

Etter framlegget i høyringsnotatet skal dei alminnelege reglane med fakturering utan avgift gjelde for vidareforhandlarane sin eksport av brukte varer mv til utlandet.

Ved samla terminvis avanseoppgjer som nemnt ovanfor i kap 7.3.2, vil det vere rekneskapsmessig umogleg å skilje mellom varer som blir selte i Noreg og til utlandet. Dersom ein vidareforhandlar kjøper ei frimerkesamling, og eksporterer eit enkelt frimerke, må også frimerket som blir eksportert inngå i avansen dersom reglane om samla terminvis avanse blir nytta.

Departementet viser til at slike vidareforhandlarar som har mykje eksport vil kunne velje å rekne ut avgifta etter dei alminnelege reglane.

7.5 Særleg om auksjon

Ei registrert auksjonsverksemd vil etter framlegget vere omfatta av definisjonen av vidareforhandlar, sjå kap 7.3.3. Ei auksjonsverksemd som sel varer på oppdrag frå privatpersonar og verksemder utan frådragsrett, vil kunne nytte avansen som grunnlag for utrekning av avgifta.

Eksempel på auksjonarius si utrekning av avgift ved auksjonssal etter avansesystemet:

Ein antikk vase oppnår ein tilslagspris på kr 100 000 på auksjonen.

Kjøparen:
Tilslagspris 100 000
Salær 10% 10 000
MVA av salær 2 300
Kjøparen betaler 112 300
Seljaren:
Tilslagspris 100 000
Salær til eksempel 10% 10 000
MVA av salær 2 300
Seljaren får 87 700

Auksjonarius betaler meirverdiavgifta kr 4 600 inn til statskassa.

Finansdepartementet arbeider for tida med ein eigen lovproposisjon om endring av meirverdiavgiftsreglane om den omsetning som finn stad i samband med panthavar si overtaking av pant, omsetning av abandonerte varer og ved tvangsdekning i lausøyre. Spørsmålet om meirverdiavgift på varer omsett på tvangsauksjon vil bli vurdert nærmare i samband med dette arbeidet.

7.6 Departementet si vurdering av gjeldande særreglar for omsetning av brukte varer mv

7.6.1 Omsetning av brukte kjøretøy - meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 10

Registreringspliktige næringsdrivande er etter meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 10 fritatt frå plikta til å svare utgåande avgift ved omsetning av kjøretøy som har vore registrerte i motorvognregisteret, og som er omfatta av plikta til å betale omregistreringsavgift ved eigarskifte.

Departementet fann i høyringsnotatet ikkje grunn til å gjere framlegg om endringar i gjeldande ordning.

Ernst & Young og Skattebetalerforeningen meiner at når det no blir innført særlege reglar for omsetning av brukte varer generelt, bør avgiftsfritaket for sal av brukte bilar i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 10 avviklast.

Norges Statsautoriserte Revisorers Forening meiner og at det er prinsipielt uheldig at bruktbilsal skal følgje særreglar. Fordi dette systemet er innarbeidd over lang tid, og er vel kjent og utprøvd av både bransjen og kjøparane, har dei likevel ingen merknader til at ordninga blir opprettheldt.

Finansdepartementet finn ikkje å ville gjere framlegg om endringar i denne ordninga. Departementet legg vekt på at ordninga ut frå omsynet til konkurransenøytraliteten fungerer tilfredsstillande. Ein legg og vekt på at ordninga er vel kjent og innarbeidd i bransjen og hos kjøparane. Framlegget inneber at registreringspliktige næringsdrivande ved omsetning av brukte kjøretøy framleis vil vere fritatt frå plikta til å svare utgåande meirverdiavgift. Det skal såleis ikkje betalast meirverdiavgift av avansen ved slik omsetning.

7.6.2 Omsetning og innførsel frå opphavsmannen av eigne originale kunstverk - meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 1 bokstav a og § 63 andre ledd

Omsetning frå opphavsmannen av eigne originale kunstverk er etter meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 1 bokstav a utanfor det avgiftspliktige området. Det same gjeld for omsetning ved mellommann i opphavsmannen sitt namn. Kunstnaren har såleis ikkje frådragsrett for inngåande meirverdiavgift på sine kjøp og skal heller ikkje svare utgåande meirverdiavgift av sine sal. Det skal ikkje betalast meirverdiavgift ved innførsel av kunstnaren sine eigne kunstverk, jf meirverdiavgiftslova § 63 andre ledd.

I St meld nr 54 (1984-85) Om merverdiavgiftssystemet blei det uttalt blant anna følgjande om unntaket:

«Under sisteleddssystemet ble salg av varer til kunstmalere og billedhuggere til bruk ved fremstilling av egne kunstverk ansett som omsetning i siste ledd. Følgelig påløp det ikke omsetningsavgift på kunstneres etterfølgende omsetning av egne verker. Det må understrekes at denne særordningen ikke var begrunnet i hensynet til kunsten eller kunstnerne - m.a.o. ment som et indirekte støtte tiltak - men i hensynet til avgiftsoppkrevingen og kontrollen den gang. Forholdet var at kunstnere den gang for en stor del omsatte sine egne verker ved selv å reise rundt i landet og fremby dem for salg. Kunstnere utgjorde en ensartet gruppe uten spesielt faste salgskanaler. I dag derimot omsettes kunstneres verker i organiserte former via kunstgallerier, eller som bestillingsverk til utsmykking og liknende. Det registrerte direkte salg fra kunstner for øvrig er av et lite omfang.

Da merverdiavgiftssystemet ble innført, ble fritaket for kunst etter sisteleddssystemet overført nærmest automatisk.

På bakgrunn av dagens godt organiserte omsetningskanaler for kunst har det lovhjemlede avgiftsfritaket for kunstnere egentlig ikke lenger noen berettigelse sett ut i fra lovens intensjoner om en generell avgift.

Departementet vil i denne forbindelse også få bemerke at en i enkelte saker konsekvent har inntatt det standpunkt at støtte til f.eks. kulturelle formål ikke bør gis som særlige avgiftsfritak, men i stedet støttes på annen måte, f.eks. ved direkte bevilgninger.»

Det blei i høyringsnotatet ikkje gjort framlegg om å oppheva unntaket i meirverdiavgiftslova for kunstnarane sin omsetning av eigne kunstverk.

Det har i høyringsrunden ikkje komme fram innvendingar mot departementet sitt standpunkt om å behalde unntaket i lova. Departementet vil derfor i dette framlegget ikkje oppheva avgiftsunntaket for kunstaren sin omsetning av eigne kunstverk.

Definisjonen av omgrepet «kunstverk» er i dag teke inn i meirverdiavgiftslova ved at det er vist til tolltariffen. Etter departementet si oppfatning bør den nærmare definisjonen av kunstverk i staden bli teke inn i forskrift. Sjå kap 7.3.6.

7.6.3 Bør vidareforhandlarar som skaffar kunstverk frå kunstnaren kunne nytte avansesystemet?

Gjennom reglane om utrekning av avgift på grunnlag av avansen ved omsetning av brukte varer, kunstverk mv, oppnår ein at ei vare som er belasta med full meirverdiavgift ein gong, og som i næringsverksemd blir omsett på ny, ikkje skal bli belasta med meirverdiavgift av meir enn avansen ved vidaresalet. Om avgiftspliktige vidareforhandlarar kunne skaffe seg kunstverk som er omfatta av unntaket frå meirverdiavgiftsområdet direkte frå kunstnaren, kan det hevdast at det ikkje er noko behov for å la vidareforhandlarane rekne avgift av berre avansen. Dette fordi det ikkje har oppstått noko full endeleg meirverdiavgiftsbelastning. Det har likevel oppstått ei endeleg belastning av meirverdiavgift for kunstnaren sine innsatsfaktorar, sjølv om desse kan vere små. Det vil dessutan vere meir lønsamt for forbrukaren å kjøpe kunstverket av kunstnaren sjølv, enn å kjøpe det av ein forhandlar dersom forhandlaren måtte krevje opp full avgift. På denne måten kan meirverdiavgiftsreglane påverke omsetningsforma.

Blant anna på denne bakgrunn finn departementet at vidareforhandlarar bør kunne nytte avansesystemet og når dei skaffar kunstverk frå kunstnaren eller mellommann som nemnt i § 5 første ledd nr 1 bokstav a.

7.6.4 Omsetning og innførsel av samleobjekt - meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 6 og § 63 første ledd

Etter gjeldande reglar skal det ikkje reknast meirverdiavgift ved omsetning og innførsel av frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt. Dette gjeld likevel ikkje dersom desse varene blir selte som pakker, sett ol som er spesielt mynta på butikksal, jf meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr 6. Sal av slike pakker, sett ol er såleis avgiftspliktig. Etter meirverdiavgiftslova § 63 første ledd gjeld reglane tilsvarande ved innførsel.

I Ot prp nr 43 (1982-83) blei det uttalt blant anna følgjande om bakgrunnen for denne rettstilstanden:

«Bare en forholdsvis liten del av omsetningen av frimerker til samlerformål foregår gjennom den yrkesmessige handel med frimerker. Samlere driver i meget stor utstrekning direkte bytte eller kjøp og salg seg imellom. Merverdiavgift beregnes ikke av slik omsetning idet salg/bytte av løsøre mellom private faller utenfor avgiftsplikten (ikke næringsvirksomhet). Kjøp og salg mellom samlere skjer også i stor utstrekning på grunnlag av formidling av filatelistforeninger der selgere og kjøpere er medlemmer. Dersom foreningen i slike tilfeller innskrenker seg til å formidle kontakten mellom partene, mens salget reelt gjennomføres mellom disse, kommer salget ikke under avgiftsplikten. Det samme gjelder i tilfeller hvor foreningen ordner med utsendelse av medlemmers merker (hefter) til sirkulering på salg. Når det gjelder frimerkeauksjoner som filatelistforeninger lar avholde for salg av medlemmers merker, skal det ikke beregnes avgift med mindre det blir beregnet provisjon.

Grensen mellom avgiftspliktig og ikke avgiftspliktig virksomhet på det området det her gjelder, må i mange tilfeller bli uklar. En vil vise til at mange samlere kan ha en betydelig virksomhet med omsetning av frimerker uten at de lar seg registrere for slik omsetning. Det har fra bransjehold også vært pekt på at det etter hvert er dukket opp en rekke filatelistklubber som kjøpere og selgere lett kan bli medlemmer av mot en mer eller mindre symbolsk kontingent. Overgangen til avgiftspliktig næringsvirksomhet blir i mange tilfeller glidende. Vanskene med å trekke klare grenser mellom avgiftspliktig og ikke avgiftspliktig virksomhet medfører store kontrollproblemer for avgiftsmyndighetene.

  • Kontrollen med import av frimerker fra utlandet er også et stort problem på grunn av frimerkers størrelse og vekt. Slik import skjer i betydelig utstrekning. Etter merverdiavgiftsloven skal det svares avgift av frimerker som innføres, og tollvesenet kan bare utlevere innførte frimerker avgiftsfritt på vilkår av at eventuell toll og avgifter, herunder merverdiavgift, ikke overstiger kr. 50 pr. sending. For gaver er beløpsgrensen kr. 100. Det er fra tollvesenets side pekt på vanskene med å føre kontroll med at frimerker fra utlandet virkelig blir angitt til fortolling. En del import skjer i vanlig brevpost direkte til vedkommende samler. Frimerker kan for øvrig også medbringes ved innreise til Norge. Mulighetene for kontroll er i slike tilfeller meget små i praksis. Videre er det vanskelig for tollvesenet å fastsette den reelle omsetningsverdien. Mulighetene for å operere med fiktive fakturaer er spesielt store for nettopp frimerker. Nevnes bør også innførsel av såkalte utvalgssendinger. Disse blir avgiftsberegnet i sin helhet ved innførsel. Ved den etterfølgende utførsel av de merker som ikke hadde interesse for samleren, vil avgiften bli refundert for sistnevnte merkers del. Dette skaper både arbeids- og kontrollmessige problemer.

  • Kontrollproblemene fører til at det vanskelig kan gjennomføres noen effektiv beskatning av frimerker utenfor den yrkesmessige handel med disse varer. Henvendelser som departementet har fått fra bransjehold tyder på at det skjer en uheldig konkurransevridning i disfavør av den yrkesmessige handel og med særlig store ulemper for spesialforretningene i denne bransje.

Etter departementets mening kan problemene en her har redegjort for, ikke løses ved en utvidelse av avgiftsplikten. Det ville i tilfelle innebære at en måtte gjøre ren vareformidling - og i sin ytterste konsekvens også salg mellom private - avgiftspliktig. En slik avgrensing er helt uforenlig med den avgrensing av avgiftsplikten som ligger til grunn for merverdiavgiftsloven. Det er videre klart at en slik avgrensing ville bli meget vanskelig å håndheve både administrativt og kontrollmessig. Departementet mener at den beste løsning på disse problemene vil være å unnta omsetningen av frimerker fra avgiftsplikten, dvs. holde slik omsetning utenfor merverdiavgiftsloven.

I Sverige er omsetning av frimerker unntatt fra avgiftsplikt. Dette gjelder dog ikke ved omsetning eller innførsel av frimerke pakker som er spesielt beregnet for vanlig butikksalg, hvor det for øvrig finner sted omsetning som faller inn under merverdiavgiftslovens område. Dette gjelder varehus, kiosker, papirhandlere m.m. Departementet går inn for en tilsvarende begrensning av avgiftsfritaket også her i landet. Dette vil gjelde salg av frimerker i forskjellige typer innpakninger som er egnet for butikksalg. Foruten ulempene ved at nevnte butikker i motsatt fall ville fått omsetning både innenfor og utenfor merverdiavgiftslovens område, vil en nevne at forannevnte kontroll- og konkurranseforvridningsproblemer ikke på langt nær er de samme for innførsel og omsetning av pakker som for enkeltfrimerker. Dessuten er frimerkepakker en massevare, hvor selve mengden av frimerker normalt har stor betydning for beregningen av pakkens verdi. Omsetning av nevnte pakker vil for øvrig være avgiftspliktig også ved omsetning fra frimerkehandlere, på linje med omsetning av album, kataloger og ulike hjelpemidler.»

Under behandlinga i Stortinget blei nr 6, bokstav b om setlar og myntar føydd til meirverdiavgiftslova § 5. Om dette punkt uttalte fleirtalet i Finanskomiteen i Innst O nr 68 (1982-83) at den:

«har vurdert de spesielle avgiftstekniske problemer som gjør seg gjeldende ved omsetning og import av frimerker og mynter som skal tjene som samleobjekt. Flertallet finner ikke tilstrekkelig grunnlag og for å behandle disse to områdene avgiftsteknisk på forskjellig måte. Flertallet har i denne sammenheng lagt vekt på de felles trekk som gjør seg gjeldende med hensyn til omsetningens omfang, omsetningsformer, problemer forbundet med verdiansettelse, kontrollbehov, interesseområdenes karakter og organisasjonsforhold. Etter flertallets mening vil de problemer som knytter seg til en omsetning som ligger delvis innenfor og delvis utenfor avgiftsloven, gjøre seg sterkere gjeldende om frimerker og mynter blir behandlet på forskjellig måte.

Flertallet vil understreke at de forhold som proposisjonen begrunner forslaget med om å frita frimerker for avgift er like relevante ved omsetning og import av mynter. Det er vel kjent at avgiftsbelastningen fører til at en vesentlig del av omsetningen på disse områdene skjer utenom de forretninger som fører slike varer. Norske myntsamlinger kan omsettes avgiftsfritt på svenske auksjoner. Det er påvist at slik omsetning også har et reelt omfang. Flertallet vil på denne bakgrunn fremme forslag om at også mynter blir fritatt for avgift etter de samme retningslinjer som i proposisjonen blir foreslått for frimerkenes vedkommende. Det presiseres i denne sammenheng at en med mynter forstår det samme som mynter og sedler som har vært brukt som betalingsmiddel. Flertallet er av den oppfatning at forslaget vil bidra til å sanere omsetningsformene. Også av slike grunner antas det provenymessige tap for staten å bli meget beskjedent».

Finansdepartementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å oppheva avgiftsunntaket for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, slik at desse varene blir avgiftspliktige på lik linje med andre samleobjekt. Også postverket si omsetning av frimerke som skal tene som samleobjekt vil då bli avgiftspliktig. Registrerte vidareforhandlarar vil då få frådragsrett for inngåande avgift på varer og tenester som dei skaffar til bruk i denne verksemda. Dette er ein rett dei ikkje har etter gjeldande reglar. Frimerke til bruk som frankeringsmiddel og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel, vil etter framlegget framleis vere utanfor det avgiftspliktige området. Det blei gjort framlegg om at regel om dette blei teke inn i meirverdiavgiftslova § 5 nr 6.

Det blei i høyringsnotatet vist til at regelen i meirverdiavgifslova § 5 første ledd nr 6 ikkje har vore enkel å praktisere. Det har særleg oppstått problem når det gjeld avgrensinga mellom avgiftsfritt sal av frimerke, setlar og myntar, og avgiftspliktig sal av dei same varene i pakker, sett ol. Dette skiljet blei innført etter mønster frå Sverige. Skiljet er nå oppheva i Sverige som følgje av Sverige sitt medlemskap i EU. Innan EU er all omsetning av frimerke, setlar og myntar til samleformål avgiftspliktig. Vidareforhandlarar kan nytte avansesystemet ved omsetning av desse samleobjekta.

Frimerke- og myntbransjen går i høyringsrunden imot ei oppheving av gjeldande avgiftsunntak for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt. Det blir vist til at endringa av lova i 1983 har verka etter siktemålet. Den registrerte handelen med frimerke, setlar og myntar har auka etter at unntaket blei innført. Avgiftsunntaket har etter frimerke- og myntbransjen si meining og gjort det mogleg å kjøpe tilbake «kulturskattar» som har vore i utanlandsk eige.

Bransjen meiner at oppheving av avgiftsunntaket for frimerke og myntar vil føre til auka konkurransevriding i disfavør av dei registrerte forhandlarane. Handelen med frimerke, setlar og myntar vil bli flytta frå dei registrerte forhandlarane til andre omsetningskanalar. Det blir vidare vist til at avansesystemet etter framlegget i høyringsnotatet der ein la opp til at avansesystemet ikkje kunne nyttast dersom vidareforhandlaren hadde innført vara frå utlandet, i liten grad vil vere eit alternativ for vidareforhandlarane. Bransjen peikar på at forhandlarane har store innkjøp frå utlandet og andre forhandlarar. Bransjen meiner og at ei oppheving av unntaket vil medføre store kontrollproblem. Det blir og vist til at Noreg ikkje er forplikta til å følgje regelverket innan EU, når det gjeld kva for varer som skal vere avgiftspliktige.

På bakgrunn av høyringsfråsegnene har departementet vurdert spørsmålet om oppheving av avgiftsunntaket for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt på nytt. Departementet har komme til at ein ikkje vil endre framlegget på dette punktet.

Departementet viser til at unntak frå den generelle avgiftsplikta i utgangspunktet er uheldig blant anna fordi det skapar vridingar i økonomien. Meirverdiavgifta er meint å vere ein generell forbruksskatt. Unntak bør ikkje gjerast utan at særskilde omsyn tilseier det.

I si fornya vurdering legg departementet vekt på at innføring av eit nytt regime for omsetning av brukte varer mv vil gjere at den økonomiske forskjellen mellom avgiftsplikt og unntak vil bli mindre enn det var tale om i 1983. Avansesystemet vil såleis redusere forskjellen mellom privat ikkje-avgiftspliktig omsetning og avgiftspliktig omsetning frå registrerte forhandlarar samanlikna med gjeldande system. Som følgje av at frimerke, setlar og myntar blir avgiftspliktige, vil registrerte forhandlarar få frådragsrett for inngåande avgift på varer og tenester dei skaffar til bruk i denne verksemda. Departementet sitt framlegg i kap 7.4.1 om å innføre særlege reglar ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar gjer at avansesystemet og kan nyttast av forhandlarar som gjer innkjøp frå utlandet.

Departementet viser og til at kjøparar av samleobjekt av høg verdi vil ha ein ekstra tryggleik i investeringa ved å kjøpe frå velrenommerte forhandlarar framfor å kjøpe på den private marknaden.

Departementet legg vidare vekt på at framlegget vil føre til at frimerke, setlar og myntar blir behandla avgiftsmessig likt med andre samleobjekt, og at frimerke, setlar og myntar blir behandla avgiftsmessig likt i Noreg som i våre naboland Sverige og Danmark, og i dei andre EU-landa.

Det har i høyringsrunden blitt hevda at framlegget om å oppheva unntaket for frimerke, setlar og myntar vil medføre kontrollproblem ved innførsel av desse varene. Departementet ser at det vil kunne by på vanskar å føre kontroll med at frimerke, setlar og myntar verkeleg blir fortolla. Departementet viser til at dette er eit generelt problem ved innførsel av små gjenstandar som eksempelvis edelsteinar, smykke og klokker. Sjølvdeklareringsprinsippet som meirverdiavgiftssystemet byggjer på, set likevel klare krav til varemottakar om at vara skal fortollast utan omsyn til om den er til bruk i næringsverksemd eller ikkje.

Det har og blitt peika på at vanskane med å fastsetje den reelle omsetningsverdien, gjer moglegheitene for å operere med fiktive fakturaer spesielt store for frimerke, setlar og myntar. Departementet viser til at bruk av fiktive fakturaer vil kunne vere eit problem og ved innførsel av andre små gjenstandar som edelsteinar, smykke mv. Departementet kan ikkje sjå at faren for bruk av fiktive fakturaer er større ved innførsel av frimerke, setlar og myntar enn andre små gjenstandar som nemnt.

Etter departementet sitt syn er dei kontrollproblema som det er vist til ved innførsel av frimerke, setlar og myntar ikkje av ein slik art at desse varene av den grunn ikkje bør vere avgiftspliktige.

Etter meirverdiavgiftslova § 2 siste ledd er setlar, myntar og frimerke varer i meirverdiavgiftslova sin forstand berre når dei skal tene som samleobjekt. Dette inneber at omsetning av frimerke til bruk som frankeringsmiddel, og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova.

Fleire høyringsinstansar har peika på at regelen i meirverdiavgiftslova § 2, gjer det unødvendig å innta ein særskild regel om at frimerke til bruk som frankeringsmiddel og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel, ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova, slik det blei gjort framlegg om i høyringsnotatet. Departementet sluttar seg til denne vurderinga.

Departementet er vidare av den oppfatning at forskrift fastsett av Finansdepartementet den 8. oktober 1984 om avgrensing av merverdiavgiftunntaket for frimerker, sedler og mynter bør opphevast.

Departementet kan i dag ikkje sjå nokon grunn til å særbehandla gullmyntar prega etter 1. januar 1967, jf § 2 i forskrifta.

7.6.5 Fritak for avgiftsplikt ved omsetning av vare frå den som eig vara til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt frådragsrett for inngåande avgift - meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4

Avgiftsfritaket i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4 første punktum gjeld omsetning av vare frå den som eig vara til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt rett til frådrag for inngåande avgift.

Regelen gjeld for det første sal av privat lausøyre av ein kvar slag. Vidare vil regelen omfatte næringsdrivande sine sal av driftsmiddel og andre brukte varer dersom det ikkje har vore mogleg å frådragsføre inngåande avgift då varene blei skaffa.

Avgiftsfritaket gjeld likevel ikkje dersom seljaren omset varer av same slag i si næringsverksemd, jf § 16 første ledd nr 4 siste punktum. Denne regelen inneber til eksempel at ein møbelhandlar skal betale avgift dersom han sel sine private gamle møblar.

Regelen i § 16 første ledd nr 4 siste punktum omfattar og salsvarer som blir teke ut frå avgiftspliktig verksemd til verksemd utanfor avgiftsområdet, og som seinare blir selte. Ved sal av slike varer skal det reknast utgåande avgift. Eit eksempel er ein pianohandlar som tek ut, og reknar avgift, av eit piano til bruk i kursverksemd, og som seinare sel dette. Etter § 16 første ledd nr 4 siste punktum vil salet vere avgiftspliktig.

Den delen av regelen som inneber at til eksempel møbelhandlaren skal betale avgift dersom han sel sine private møblar, vil kunne føre til kumulative effektar.

Eksempel på kumulativ effekt:

Ein privatperson som driv møbelforretning kjøper seg ein salong til privat bruk for kr 15 000 inklusiv meirverdiavgift. Seljaren betaler inn kr 2 805 til staten. Privatpersonen (møbelhandlaren) sel salongen for kr 3 000 til ein annan privatperson. Privatpersonen (møbelhandlaren) blir identifisert med verksemda si og skal svare utgåande meirverdiavgift av sitt sal. Avgifta til staten ved «privatsalet» blir kr 561.

I høyringsnotatet blei det uttalt at den delen av regelen, som inneber at møbelhandlaren i dette eksemplet skal betale full avgift dersom han sel sine private møblar, bør vurderast nærmare. Høyringsinstansane blei bedne om å uttale seg om dette spørsmålet, slik at departementet kunne gjere ei nærmare vurdering når høyringsfråsegnene låg føre.

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet meiner at regelen bør opphevast.

Regelen i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4 siste punktum skal motverke at den avgiftspliktige unnlet å rekne avgift av avgiftspliktige leveransar, ved å vise til at dei har vore til privat bruk.

Oppheving av regelen i § 16 første ledd nr 4 siste punktum vil kunne føre til at enkelte vil prøve å kanalisere ein større del av innkjøpa som private innkjøp, for deretter å selje dei utan å rekne avgift av salet, ved å vise til at dei har vore til privat bruk. Det er likevel grunn til å tru at slike tilfelle, der den næringsdrivande samtidig registrerer omsetninga i næringsverksemda, sjeldan finn stad. Når det gjeld sal som finn stad utan registrering i rekneskapen, er dette ei problemstilling som eksisterer og etter gjeldande regelverk. Oppheving av den aktuelle regelen vil derfor neppe føre til ytterlegare fare for at avgift ikkje blir betalt.

Regelen i § 16 første ledd nr 4 siste punktum gjeld ikkje for verksemder som er organiserte som eit aksjeselskap eller annan juridisk person. Dagleg leiar eller aksjonær i ein møbelforretning blir altså ikkje identifisert med den avgiftspliktige verksemda, og skal derfor ikkje betale avgift ved sal av sine private møblar. Departementet kan vanskeleg sjå at det er reelle grunnar for at dagleg leiar i eit aksjeselskap, som kan hende er eineaksjonær, skal komme i ei anna avgiftsrettsleg stilling enn ein sjølvstendig næringsdrivande.

Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at regelen i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4 siste punktum blir oppheva.

Departementet gjer ikkje framlegg om endring av regelen i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 4 første punktum, som fritar næringsdrivande frå å rekne avgift ved sal av driftsmiddel der frådragsretten har vore avskoren då dei blei skaffa. Sal av slike varer frå ordinære avgiftspliktige er ikkje omfatta av avansesystemet, jf kap 7.3.3 ovanfor, og det er såleis behov for regelen fordi det har oppstått ei endeleg avgiftsbelastning då vara blei skaffa.

7.6.6 Frådragsrett for fiktiv inngåande meirverdiavgift for samvirkeforetak og forhandlarar av handverks- og husflidsarbeid - meirverdiavgiftslova § 44a

Med heimel i meirverdiavgiftslova § 44a har departementet fastsett forskrifter som i ei viss utstrekning inneber frådragsrett for fiktiv inngåande meirverdiavgift ved kjøp frå ikkje-registrerte seljarar. Etter forskrift fastsett av Finansdepartementet den 12. mars 1970 om avregning av inngående avgift for samvirkeforetak m.v., kan samvirkeforetak i visse tilfelle føre opp avgiftsbeløp i avrekningsdokument utan omsyn til om seljaren er registrert i avgiftsmanntallet. Denne fiktive avgifta kan trekkjast frå som inngåande avgift. Same prinsipp gjeld etter forskrift fastsett av Finansdepartementet den 17. oktober 1978 om avregning av inngående avgift overfor hjemmeprodusenter av håndverks- og husflidsarbeider.

Samvirkeforetaka og forhandlarane av husflids- og handverksprodukt vil ikkje bli omfatta av avansesystemet av to grunnar;

  • for det første fordi dei kan trekkje frå inngåande avgift når dei skaffar varer også frå ikkje-registrerte,

  • for det andre fordi desse varene normalt ikkje vil vere brukte varer, kunstverk, samleobjekt eller antikvitetar.

Departementet fann i høyringsnotatet at det no ikkje er grunn til å oppheva ordninga med frådragsrett for fiktiv avgift etter § 44a sidan avansesystemet ikkje kan nyttast på dette området.

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet sluttar seg til departementet sitt framlegg.

Til toppen
Til dokumentets forside